Nynorsk under dobbelpress

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Nynorsk under dobbelpress"

Transkript

1 1 Nynorsk under dobbelpress Lars S. Vikør Oslo Nynorsk har formelt same stillinga som finlandssvensk og færøysk: som eit offisielt nasjonalt skriftspråk jamstilt med eit anna, bokmål. Men som i begge dei to andre tilfella, dekkjer denne formelle statusen over ein realitet som er nokså annleis. Nynorsk blir brukt av mellom 10 og 15 % av folket - eg skal straks komme litt tilbake til grunnlaget for dette talet - og dei er for det meste busette i bygder og tettstader på Vestlandet og fjellbygder i tilgrensande område på Austlandet. I tillegg er det ein god del andre stader som bruker nynorsk, anten fordi dei kjem frå desse landsdelane, eller fordi dei av personlege grunnar føretrekkjer nynorsk. I det såkalla kjerneområdet dominerer nynorsk i skole og lokalpresse og ofte i det lokale næringslivet. På landsbasis har språket ei lovfesta stilling i etermedia, i offentleg administrasjon og i skoleverket i og med at alle elevane må lære begge målformene aktivt og passivt, eitt som hovudmål og det andre som sidemål. Både i etermedia og i offentleg forvaltning har nynorsken likevel eit langt svakare posisjon enn det lova krev, og det har i totre mannsaldrar vore arbeidd og pressa for å betre på denne situasjonen. Men nynorsk har òg ein kulturell posisjon på nasjonal basis ved å vere det språklege uttrykksmiddelet til eit viktig forlag og eitt av dei leiande teatra. I regional og lokal kultursamanheng står nynorsken også sterkt. Nynorsken er altså hardt pressa av bokmål, som dominerer i det meste av landet og i dei ekspansive delane av samfunnet: økonomi og næringsliv, det meste av offentleg teneste, og det meste av kulturen, framfor alt den urbane kulturen. I tillegg kjem presset frå engelsk, som er av ny dato. Dei første varskuropa mot ei anglifisering, eller rettare amerikanisering, av norsk språk og kultur, kom ca. 1960, og dei som tok opp dette da, var leiande nynorskfolk: Alf Hellevik i Norsk språknemnd, som særleg konsentrerte seg om lånordproblemet og korleis ein skulle takle det, og Sigmund Skard, professor i amerikansk litteratur, som skreiv pamfletten Målstrid og massekultur i 1963 og da meir la vekt på kultursida enn den reint språklege sida. Sams for Hellevik og Skard var at dei ikkje einsidig snakka om nynorsk, men om norsk - begge hørte til dei nynorskfolka som ønskte samarbeid med og tilnærming til bokmål. Skard tok såleis opp domenetapet, utan å bruke det ordet, som enno ikkje var oppfunne. Men han tenkte mest på det ungdomskulturelle domenet, som han meinte var det viktigaste for framtida. Ein skepsis og nervøsitet for språkleg og kulturell amerikanisering har rådd seinare, og skaut fart på 1980-talet. No gjekk Språkrådet i brodden, og da representantar for begge målformene. Lånordproblemet og spørsmålet om å fordøye engelske importord ortografisk, vart først teke opp, men rundt 1990 tok merksemda til å konsentrere seg om dette med domene, eit ord som nett i desse åra begynte å komme i bruk. No var det ikkje berre ungdomskultur dei var engstelege for, men enda meir slike "vaksne" domene som næringsliv, forsking og høgare utdanning. Ikkje minst oljesektorens vekst vart ein katalysator for denne frykta i Noreg. Den var amerikanskdominert, også språkleg, og i Statoil sat det folk som ønskte å motverke dette. Dei sponsa eit stort terminologiprosjekt ved Norsk termbank i Bergen, som skulle leggje grunnen til eit norsk olje-fagspråk på Gullfaks-feltet i Nordsjøen.

2 2 Men i det same Statoil vart engelsk alt da brukt som konsernspråk, og eit brev på engelsk frå eit Statoil-kontor til ein annan norsk etat fekk ein viss berømmelse ved at det kom svar på islandsk - behørig sendt med kopi til Bergens Tidende og oppslag på første side. Det var ein demonstrasjon som den gongen gjorde inntrykk, men som, når alt kom til alt, fekk liten eller ingen effekt. Statoil har seinare gått heilt over til engelsk som konsernspråk, men ute i Nordsjøen, der norske arbeidarar dominerer, er det norske fagspråket i full bruk. Nittitalet og tida heilt fram til i dag har vore prega av sterk aktivitet på domenetapsfronten, i form av fleire utgreiingar om situasjonen ikkje minst i høgare utdanning og forsking, der engelsk har teke over på dei fleste ikkje-humanistiske fagfelta, og ivrige debattar om avveginga mellom behovet for internasjonalisering og vernet om eit norsk fagspråk som del av ein nødvendig integrasjon i det norske samfunnet (med utgreiinga Norsk i hundre frå Språkrådet som siste vektige tilskot). På same tid har nynorskrørsla kjempa trutt for jamstilling med bokmål på sine teigar, ikkje utan suksess; staten har på fleire område intensivert støtta si til nynorske tiltak og saker. Men dette har vore to ulike saksfelt, og det er blitt stilt spørsmål ved om nynorsken eigentleg er under dobbelpress, for engelsk ekspanderer primært på felt der bokmålet har vore fullstendig dominerande før, mens dei meir kulturelle og tradisjonelle felta der nynorsken har stått sterkt, langt på veg har fått vere i fred av amerikaniseringa. Ein kunne oppfatte det slik at bokmålet innanfor sine sterke domene står under eit slags dobbelpress: eit kraftig press ovanfrå, frå engelsk, og eit svakt press nedanfrå, der nynorsk prøver å komme inn på desse felta, men er sjanselaus. Om engelsk ikkje direkte pressar nynorsk, er det i alle fall med på å stengje domene som også nynorskfolk gjerne ville komme inn på. Det ein på lang sikt kan vere nervøs for, er at bokmål blir eit reservatspråk mens nynorsk forblir det i eit enda mindre reservat, og under eit stadig hardare press både frå bokmål og engelsk. Dess tommare krybba blir, dess meir bitst hestane. Noko av det som har halde nynorsken gåande som eit levande språk i alle desse åra, er ein sterk språkvilje og eit språkmedvit blant nynorskbrukarar. Nynorsk har alltid vore kontroversielt, med periodiske kampanjar og mobbing mot seg, noko både nynorskbrukarar som har stukke seg fram i riksmedia har fått merke, og meir vanlege folk som har reist ifrå nynorskdominerte område for å bu og jobbe andre stader i Noreg. Trass og motstand har kjenneteikna nynorskbrukarar, i alle fall mange nok av dei til at språket både har overlevd, blitt ført vidare, dyrka opp og brukt kreativt. Bokmålet har derimot stått ganske trygt og har ikkje behøvd å mobilisere denne språkviljen. Språkstrid frå bokmålshald har stort sett berre vore ein konservativ strid mot endringar i bokmålet, og mot at nynorsken skulle få spreie seg utover reservatet sitt. Meiningsmålinga i prosjektet "Moderne importord i Norden" hadde som eitt av sine mange mål å finne ut noko om korleis tilstanden på dette punktet er i dag, eller i 2002, da målinga vart gjennomført. Spørsmålet er om det var ein forskjell i språkhaldningar mellom bokmåls- og nynorskbrukarar kring dette med engelsk påverknad på språket og språksamfunnet. I tillegg til dei spørsmåla som vart stilte i alle dei deltakande landa, fekk vi i Noreg eitt spørsmål til, spørsmål 1: "Når du skal skrive i private sammenhenger, benytter du da som regel nynorsk, som regel bokmål/riksmål eller begge omtrent like mye?" Da svarte 85,3 % bokmål, 8,8 % nynorsk, og 5,4 % "begge omtrent like mye". Den språksosiologiske realiteten i Noreg er slik at nesten alle bokmålsbrukarar bruker berre bokmål, når dei ikkje har eit arbeid der nynorskbruk inngår som ei plikt. Nynorskbrukarar går derimot ofte over til bokmål heilt eller delvis, til dømes slik at dei bruker begge målformene i ulike livssfærar. Eit typisk

3 3 tilfelle er nynorskbrukarar frå ei bygd som flyttar inn til ein by for utdanning og arbeid, og som ven seg til å bruke bokmål overfor den urbane omgangskrinsen sin, men nynorsk til slekt og i miljø som knyter ein til bygda. Dette er så utbreidd at dei 5,4 prosenta truleg for ein dominerande del består av ulike variantar av slik tilpassing. Derfor er det god grunn til å rekne desse til kategorien nynorskbrukarar, som på grunn av livsomstenda også må bruke mye bokmål (trass i at det også finst dei som flyttar frå bokmålsbyar til nynorskbygder og tilpassar seg der, men dei er vesentleg færre - dei fleste slike innflyttarar vil halde på bokmålet sitt som ein sjølvsagd ting, i alle fall privat). Dei som berre bruker nynorsk, vil for ein stor del vere busette i nynorskbygder, sjølv om mange utflyttarar også held konsekvent på nynorsken, kanskje særleg dei som får intellektuelle yrke. Dette talet stemmer godt med andre målingar av nynorskoppslutning, som alle peikar på området 10 til 15 % - det same gjer demografiske målingar av befolkninga i nynorskområda. Det er ca. 14 % av skoleungane som får nynorsk som opplæringsspråk, ein tilbakegang frå ca. 20 i min ungdom og ca % på sytti- og åttitalet. (Mykje materiale om dette kan ein finne i Ottar Grepstads Nynorsk faktabok 2005, frå Nynorsk kultursentrum i Ørsta). Da skal eg sjå på dei spørsmåla i målinga som gjeld forholdet til engelsk, og som viser signifikante forskjellar mellom bokmåls- og nynorskbrukarar (andre spørsmål ser eg bort frå, men eg bruker den opphavlege nummereringa, derfor ser det ut som det er hol ). Eg framstiller resultata i tabellform og kommenterer dei stutt. Det skriftlege underlaget for undersøkinga var på bokmål, derfor står spørsmåla i bokmålsform. Nummereringa verkar tilfeldig, men det er fordi eg 2: Hvor mange ganger tror du at du har snakket, lest eller skrevet engelsk i løpet av den siste uken? Ikke i det hele tatt 40,9 39,9 59,3 En gang 6,8 10,7 5,6 2 4 ganger 29,5 22,8 24,1 Omtrent hver dag 12,5 16,0 3,7 Mange ganger daglig 10,2 10,7 7,4 Her var det liten forskjell. Nynorskbrukarar er like opne for og fortrulege med engelskbruk som bokmålsbrukarar. Så kom dei første haldningsspørsmåla, der informantane vart bedt om å ta stilling til påstandane "Det brukes altfor mange engelske ord i dag" og "Det bør lages nye norske ord som erstatter de engelske ordene vi får inn i språket". 4a: Det brukes altfor mange engelske ord Helt enig 40,2 33,0 32,1 Nokså enig 34,5 28,4 35,8 Verken enig eller uenig 14,9 14,5 9,4 Nokså uenig 8,0 14,5 18,9 Helt uenig 2,3 9,5 3,8

4 4 4b: Det bør lages nye norske ord Helt enig 42,4 28,0 38,9 Nokså enig 30,6 23,7 24,1 Verken enig eller uenig 9,4 10,4 11,1 Nokså uenig 11,8 17,0 13,0 Helt uenig 5,9 21,0 13,0 Her viser forskjellane seg: Nynorskfolk er meir puristiske enn bokmålsfolk. Forskjellen er størst på den andre påstanden, fordi mange bokmålsfolk er einige i at det blir brukt for mange engelske ord, men vik tilbake for å krevje at det blir laga nye norske ord. Dei som bruker begge målformene, legg seg midt imellom dei to andre gruppene. Blant dei "reine" nynorskfolka er det like stor oppslutning om begge påstandane. 5: "Hvilket ord foretrekker du å bruke: mail eller e-post, design eller formgiving?" 5a: Mail eller e-post Mail ( ) 13,6 35,9 20,4 E-post 73,9 46,7 63,0 Begge 8,0 12,4 14,8 Ikkje sikker 4,5 5,0 1,9 5c: Design eller formgiving Design 34,1 62,0 51,9 Formgiving 51,1 28,0 27,8 Begge 9,1 6,4 14,8 Ikkje sikker 5,7 3,5 5,6 Her er det signifikante forskjellar, med nynorskfolk som klart meir puristiske enn bokmålsfolk. Dei som bruker begge målformene like mye, føretrekkjer klart design, men e- post. 8: "I en del norske bedrifter er engelsk blitt arbeidsspråket. Hva er din holdning til dette, er du positiv eller negativ?" Positiv 24,4 43,5 24,1 Verken positiv eller negativ 20,7 19,3 22,2 Negativ 54,9 37,2 53,7 Her viser forskjellen seg igjen, og da slik at både dei reine nynorskfolka og dei som bruker begge målformene like mye er klart negative, mens bokmålsfolk er meir splitta, men dei som er positive til engelsk som arbeidspråk er i eit lite fleirtal.

5 5 Samanfattande kan vi seie at det er ein samanheng mellom val av norsk målform og haldninga til engelsk påverknad, og at det ligg ein realitet bak det førestillinga at det er ei høgare bevisstheit rundt språkpress og språkleg maktkamp blant nynorskfolk enn blant bokmålsfolk, som gir seg utslag i synet på dei spørsmåla vi drøftar her. Men denne konklusjonen kan modifiserast, ikkje når det gjeld nynorskfolk, men når det gjeld bokmålsfolk. For denne store majoritetsgruppa er splitta når det gjeld desse spørsmåla - det viser tala også. Det finst altså inga bokmålshaldning når det gjeld engelskvennlegheit, men deriblant ei ganske klar og fokusert nynorskhaldning. Om ein ser på ein annan variabel i denne samanhengen, ser vi dette klart; det gjeld landsdel. Eg har ikkje tid til å gå detaljert inn på den her, men resultata ved denne variabelen viser at det går eit skilje i haldninga til engelsk påverknad går mellom Austlandet, særleg Oslo, på den eine sida og dei andre landsdelane, særleg Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg på den andre. Vestlandet er nynorskens kjerneområde, mens dei andre landsdelane er sterkt bokmålsdominerte. Dermed ser vi at haldningsspennet blant bokmålsbrukarane er langt større enn blant nynorskbrukarane. Konklusjonen blir at nynorskfolk lever under eit språkleg dobbelpress og er bevisste på det, mens bokmålsfolk, i alle fall i dei sentrale austlandsområda, dvs. dei mest dominerande i det norske samfunnet, ikkje er like bevisste på at dei også lever under eit språkleg press, eller i alle fall ikkje er spesielt engasjerte i det. Det vil vere interessant å gjere ei liknande undersøking om ca. ti år.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Nynorsk som hovudmål større norskkompetanse

Nynorsk som hovudmål større norskkompetanse Arbeidsrapport nr. 233 Anne Steinsvik Nordal Nynorsk som hovudmål større norskkompetanse VOLDA 2008 Forfattar Ansvarleg utgjevar ISBN ISSN Sats Distribusjon Anne Steinsvik Nordal Høgskulen i Volda 978-82-7661-276-9

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Finansiering av søknaden

Finansiering av søknaden Hei, Dei føreslegne endringane er i orden for oss. Mvh Bjarte Lofnes Hauge Den 3. jun. 2016 kl. 11.02 skrev Guro Høyvik : Hei igjen, og takk for nye vedlegg. Eg har gått gjennom den

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Ditt val! Vidaregåande opplæring 2007 2008 Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse- og sosialfag Medium og kommunikasjon Naturbruk

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben Planseksjonen her For kunngjering av planvedtak Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2007/865 2907/2007 L12 SAM/ PH 11.04.2007 _ E39 VOLDA

Detaljer

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD Utgangspunktet for saka er budsjettvedtak i KOM 21.12.2011 der innsparing ved nedlegging av Helstad skule ligg som føresetnad for balanse i framlagt budsjett.

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar Kva er vilbli.no? vilbli.no er søkjaranes hovudkjelde til informasjon om vidaregåande opplæring. På vilbli.no skal søkjarane til ei kvar tid finne oppdatert og kvalitetssikra

Detaljer

Vegvisar til vilbli.no

Vegvisar til vilbli.no Vegvisar til vilbli.no Kva er vilbli.no? vilbli.no er di hovudkjelde til informasjon om vidaregåande opplæring. På vilbli.no skal du til ei kvar tid finne oppdatert og kvalitetssikra informasjon. På grunnlag

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Saksframlegg Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Christian Frøyd - Søknad om oppføring av ny garasje og fasadeendring, gbnr. 21/48 -Ny handsaming. * Tilråding: Forvaltningsutvalet

Detaljer

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk GSI'09 Voksenopplæring (Vo) rettleiing nynorsk Datert 01.10.2009 Side 1 av 11 Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) GSI09, Vo-eining Generelt A. Deltakarar i vaksenopplæring på grunnskoleområdet. Alle

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Arve Bakke, leiar i Fellesforbundet Innleiing konferanse Fafo-Østforum 14. november 2007. Erfaringar med allmenngjering og om veien vidare.

Arve Bakke, leiar i Fellesforbundet Innleiing konferanse Fafo-Østforum 14. november 2007. Erfaringar med allmenngjering og om veien vidare. 1 Arve Bakke, leiar i Fellesforbundet Innleiing konferanse Fafo-Østforum 14. november 2007 Erfaringar med allmenngjering og om veien vidare. Eg skal på den korte tida eg har fått til disposisjon seie litt

Detaljer

Demens i familien. Demenskonferansen 2015 12.mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Demens i familien. Demenskonferansen 2015 12.mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda Demens i familien Demenskonferansen 2015 12.mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda Korleis er det å leve med demens i familien? Finst mykje kunnskap

Detaljer

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter. KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

Saksbehandling kva er no det?

Saksbehandling kva er no det? Saksbehandling kva er no det? Rådgjevar Ole Knut Løstegaard Eforvaltningskonferansen 2012, Oslo, 16/2-2012 Innleiing «Saksbehandling»: ubestemt omgrep Brukt ei rekkje stader i lov- og forskriftsverket

Detaljer

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Matematisk samtale og undersøkingslandskap Matematisk samtale og undersøkingslandskap En visuell representasjon av de ulike matematiske kompetansene 5-Mar-06 5-Mar-06 2 Tankegang og resonnementskompetanse Tankegang og resonnementskompetansen er

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR

BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR Meløy kommune ordførar rådmann 8150 Ørnes 03.12.2014 BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS) arbeider med denne saka på oppdrag frå Foreldrerådet (FAU) ved Neverdal skule

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200600700-17 Arkivnr. 135 Saksh. Gilberg, Einar Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 20.06.2006 22.06.2006 VAL AV PILOTPROSJEKT

Detaljer

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS S-200504339-4/135.3 RAMMEAVTALE og Som del av denne avtalen følgjer: Vedlegg l: Samarbeidavtale med spesifikasjon av tilskot. 1. Definisjonar Tenestar knytt til tilskot: Som nemnt i punkt 3.1 og vedlegg

Detaljer

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål VINJE SKOLE SOM MUSEUM Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål Vinje skole som museum Innleiing Dette notatet er laga etter at eg på vegne av Sparbyggja fortidsminnelag (av Fortidsminneforeninga)

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015 Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap Saka gjeld: LENGING AV TORVMYRVEGEN - ALTERNATIV TRASE TILRÅDING

Detaljer

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: 14.12.2015 FORSLAG TIL VEDTAK

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: 14.12.2015 FORSLAG TIL VEDTAK STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYRESAK: 88/15 O STYREMØTE: 14.12.2015 FORSLAG TIL VEDTAK Styret

Detaljer

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten. Rapport. Innbyggjarundersøkinga 2015 Ulvik herad. Generelt om spørsmåla: Spørsmåla kunne graderast på ein skala frå 1-6, kor 1 var dårlegast. Eit gjennomsnitt på 3,5 vil seie ein vurderingsscore midt på

Detaljer

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Nordland fmnopost@fylkesmannen.no 24. mai 2016 Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Vi viser til vedtak i sak 2016/2718 den

Detaljer

2013/3219 25. Rapport fra kurs i. høvelmaking

2013/3219 25. Rapport fra kurs i. høvelmaking 2013/3219 25 Rapport fra kurs i høvelmaking på Buskerud bygningsvernsenter 7. 9. mars 2014 Mål for kurset: Kurs 7. 9. mars 2014 Målet med kurset er å gi en forståelse av kvaliteten og egenskapene til en

Detaljer

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest Landbruk Nordvest Hovsvegen 25, 6600 Sunndaløra Vedlegg 1 E-post rådgiving: nordvest@lr.no Org.nr:NO984 468 822MVA E-post tenester: tenester@lr.no Telefax 935 77 019 Bankgiro nr: 4202.20.16347 Sunndalsøra

Detaljer

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Krav ved godkjenning av lærebedrifter OPPLÆRINGSAVDELINGA Fagopplæringskontoret - OPPL AVD Notat Dato: 20.01.2015 Arkivsak: 2015/727-1 Saksbehandlar: aseloh Til: Yrkesopplæringsnemnda Frå: Fagopplæringssjefen Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Luranetunet Møtedato: 26.10.2004 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING

Detaljer

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå. 13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

Vurdering av allianse og alternativ

Vurdering av allianse og alternativ Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no

Detaljer

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST... BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST... 2 KVEN KAN SØKJE/BRUKE DET ELEKTRONISKE SØKNADSSKJEMAET?... 3 STARTSIDE...

Detaljer

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015 Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO Gjeld frå 1. januar 2015 1 Innhald Innleiing... 3 Del 1: Reglar om inhabilitet... 4 1.1. Automatisk

Detaljer

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00 Møteinnkalling Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00 Eventuelt forfall må meldast snarast. Vararepresentantar møter etter nærare beskjed.

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013

Detaljer

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet SPRÅKRÅDET Utdanningsdirektoratet Postboks 2924 Tøyen 0608 OSLO REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006 Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Detaljer

Eksamen 23.05.2014. MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 23.05.2014. MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål Eksamen 23.05.2014 MAT1013 Matematikk 1T Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Framgangsmåte: Rettleiing om vurderinga: Andre opplysningar:

Detaljer

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate 34 4608 Kristiansand. Førde, 14.

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate 34 4608 Kristiansand. Førde, 14. Partilovnemnda v/leiar Ørnulf Røhnebæk Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Postboks 14 6801 Førde Kontaktpersonar: Turid Digernes Eikås Tlf. 57 72 32 33 Sylvi Hjelmeland Lone Tlf. 57 72 32 52 E-post: olitiske

Detaljer

Kystekspressen - Hurtigbåtsamarbeid fylkeskryssande rute

Kystekspressen - Hurtigbåtsamarbeid fylkeskryssande rute saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 20.01.2016 3743/2016 Magne Hanestadhaugen Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Kystekspressen - Hurtigbåtsamarbeid fylkeskryssande rute Bakgrunn Problemstilling

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Styringsgruppe for kommuneplanarbeid 03.01.2011 001/11 ANB Styringsgruppe for kommuneplanarbeid 22.02.2011 005/11 ANB Sakshandsamar: Annbjørg Bue

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 25.03.2014 Fylkestinget 07.04.2014

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 25.03.2014 Fylkestinget 07.04.2014 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 10.03.2014 14659/2014 Henny Margrethe Haug Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 25.03.2014 Fylkestinget 07.04.2014 Ny pensjonsordning for folkevalde frå

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

Nynorsk i nordisk perspektiv

Nynorsk i nordisk perspektiv 1 Nynorsk i nordisk perspektiv Språk i Norden I dei nordiske landa finn vi i dag desse språka: 1. Grønlandsk 2. Islandsk 3. Færøysk 4. Norsk (bokmål og nynorsk) 5. Dansk 6. Svensk 7. Samisk 8. Finsk Av

Detaljer

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN vedteke av kommunestyret 29.01.1998 1. HISTORISK BAKGRUNN Dei første skulekrinsane i Samnanger gjekk over til nynorsk («landsmål») i 1909. Sidan 1938 har nynorsk vore einerådande

Detaljer

http://ojs.statsbiblioteket.dk/index.php/sin/issue/archive

http://ojs.statsbiblioteket.dk/index.php/sin/issue/archive Sprog i Norden Titel: Forfatter: Kilde: URL: Datamaskinell språkbehandling og nordisk samarbeid Kolbjørn Heggstad Sprog i Norden, 1972, s. 103-107 http://ojs.statsbiblioteket.dk/index.php/sin/issue/archive

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

TIL REKTORANE PÅ KNUTEPUNKTSKOLANE 29.08.2012

TIL REKTORANE PÅ KNUTEPUNKTSKOLANE 29.08.2012 1 TIL REKTORANE PÅ KNUTEPUNKTSKOLANE 29.08.2012 Velkommen til FYR-samling. Eg vel å tru at FYR er noko av det viktigaste som skjer her i landet, og dermed at de - som leiarar på knutepunktskolane, har

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.05.2016 35308/2016 Åge Ødegård Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE 1 Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR INFORMASJONSHEFTE 2 forord Informasjonsheftet omhandlar 10 spørsmål som foreldre ofte stiller om den fleirspråklege utviklinga

Detaljer

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar. Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar. Trude Bukve Institutt for lingvistikk, litteratur og estetiske fag Kort om masteroppgåva.. Ei undersøking av finansterminologi

Detaljer

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Utval for Oppvekst og Helse 04.11.2008 037/08 MO Kommunestyret 13.11.2008 072/08 MO Saksansvarleg: Eirik Natvik

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Addisjon og subtraksjon 1358 1357 1307-124-158-158 =1234 =1199 =1149

Addisjon og subtraksjon 1358 1357 1307-124-158-158 =1234 =1199 =1149 Addisjon og subtraksjon Oppstilling Ved addisjon og subtraksjon av fleirsifra tal skal einarar stå under einarar, tiarar under tiarar osb. Addisjon utan mentetal Addisjon med mentetal 1 212 357 + 32 +

Detaljer

Høring - finansiering av private barnehager

Høring - finansiering av private barnehager Høring - finansiering av private barnehager Uttalelse - Giske kommune ved formannsakapet Status: Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Bekreftet av høringsinstans via: gufr@giske.kommune.no Innsendt av:

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon

Detaljer

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE Sogndal kommune Utval: MØTEINNKALLING SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 02.06.2008 Tid: 1200-1400 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter

Detaljer

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER LES DETTE NØYE FØR DU FYLLER UT SKJEMAET Alle postane i skademeldinga må fyllast ut fullstendig og så nøyaktig som mogleg, og om du beskriv legemiddelskaden og følgjene av

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Kl. 09.00: Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Kl. 09.00: Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere. RINGSAKER KOMMUNE BRUMUNDDAL UNGDOMSSKOLE Mai 2014 Til elever og foreldre på 10. trinn Informasjon om eksamen og klagerett Dette skrivet inneholder følgende informasjon: om skriftlig eksamen våren 2014

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer