Tormod Haugland MØRK MATERIE

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Tormod Haugland MØRK MATERIE"

Transkript

1

2 Tormod Haugland MØRK MATERIE Roman FORLAGET OKTOBER 2015

3 TORMOD HAUGLAND Mørk Materie Forlaget Oktober AS 2015 Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg Exil Design hos OZ Fotosats AS Tilrettelagt for ebok av eboknorden, 2015 ISBN (epub) ISBN (trykk)

4 Eg heitte Atle Vilder, var femtito år og budde i eit eldre hus ein stad på Vestlandet. Og staden heitte Gran. Og eg hadde budd i huset i tjueåtte år. Og eg var heime i huset mitt i Gran, eg stod på kjøkenet og såg ut vindauget. Og på bordet låg det eit brev. Det var eit brev frå Lise, kona mi. Eg hadde ikkje sett henne på år og dag. Eg hadde vore ute i postkassa og henta posten, og på vegen tilbake til huset hadde eg sett kven brevet var frå, og då eg kom inn, hadde eg lagt det på kjøkenbordet utan å opne det. Eg hadde ikkje sett eller høyrt frå henne på mange år. Og aldri før hadde ho sendt noko til meg i posten. Og no eit brev i ein konvolutt? Og eg stod ved vindauget og såg ut og tenkte på brevet som låg bak meg på bordet. For brevet sette tankane i sving, det fekk meg til å sjå tilbake. Tjueåtte år tilbake, då eg flytta frå Nordre til Gran. Det var også alderen på dottera mi, Beate Vilder. Tjueåtte år. Eg kjøpte huset det året ho vart fødd. Då reiste eg saman med Beate og mor hennar, Lise, frå Nordre til Gran. For tjueåtte år sidan. Beate, dottera mi, og Lise, som eg sidan gifta meg med, og som tok namnet mitt, Vilder. Ho skifta namn frå Lise Davidsen Hellsted, etter mor si, Else Davidsen, og faren, Raymond Hellsted, til Lise Vilder, etter meg. Eg hadde namnet mitt etter far min, Bernhard Vilder, som no var gift med Else Davidsen, mor til Lise. Og framleis var det eit skilt på ytterdøra mi der det stod Her bur Familien Vilder, frå den tida då Lise, Beate og eg budde saman i huset eg kjøpte for tjueåtte år sidan. Og under Familien Vilder stod førenamna våre: Lise, Atle og Beate. Eg hadde ikkje endra det eller teke det ned. Eg hadde ofte tenkt på det, at eg skulle skru skiltet ned, for det kjendest ikkje riktig å ha det der. Men det kjendest ikkje riktig å skru det ned heller, så kvar gong eg hadde tenkt å skru det ned, så utsette eg det. Beate, dottera mi, var no for lengst ute av huset. Ho budde i nærleiken, dreiv sin eigen klesbutikk, var gift og hadde to døtrer. Dette var ein tysdag i mars. Eg stod på kjøkenet i det gamle huset mitt i Gran, i Sjøvegen, og på bordet låg det eit brev frå Lise, kona mi. Eit brev med namnet mitt, Atle Vilder, og adressa mi, Sjøvegen i Gran. På baksida

5 stod namnet til Lise Vilder og ei kjend adresse på Nordre, i Fjordvegen. Brevet var sendt frå adressa til det huset far min kjøpte til Lise og meg for tjueåtte år sidan. Det huset vi takka nei til. Og no eit brev frå Lise frå den same adressa. Framleis kalla ho seg Lise Vilder. Etter tjuesju år. Vi hadde flytta frå Nordre til Gran for tjueåtte år sidan, og året etter hadde vi gifta oss. Eg hadde laga meg ein kopp te, eg stod med tekoppen i handa og såg ut vindauget på kjøkenet. Det var sol. Eg prøvde å kome inn i det, setje meg inn i korleis det var. Eg prøvde å setje meg inn i korleis det hadde vore, og kva som hadde fått det til å bli slik det no var. Etter så mange år. Eg prøvde å forstå. Eg ville prøve å finne ut av kven eg hadde vore, og kva som hadde fått meg til å verte den eg no var. Og kven var eg? Det var tysdag den 18. mars. Og eg stod og tenkte på kona mi, Lise Vilder. Og eg måtte tenkje på at ho var seksten og eg var tjuetre då ho vart med barn. For tjueni år sidan. Eg stod ved bordet, med tekoppen i handa, og såg ut vindauget. Kanskje eg smakte på teen. Eg stod der, i huset mitt i Gran, og eg måtte tenkje på det at eg ein gong hadde budd på Nordre, at eg ein gong hadde vakse opp på Nordre, og at eg hadde fått eit barn med ei jente på Nordre for tjueåtte år sidan. Lise heitte ho, ei vakker jente som hadde fødd Beate. Vakre, gode Beate. Ho som likna slik på mor si. Mi dotter, som no var vaksen. Lise var sytten og eg var tjuefire den gongen. Og eg som då hadde sagt at eg kjende meg klar for det, sjølv om det var mange ting som ikkje var klargjorde. Som til dømes kvar vi skulle bu. Eg budde på ein hybel på Nordre og jobba i eit stillasfirma, og dette måtte eg tenkje gjennom. Før lunsj. Eg var turr i munnen, difor tekoppen i handa. Eg trur eg smakte på teen. Og eg hadde brote kontakten med far min. Det var ein del av biletet, at relasjonen mellom far min og meg ikkje var den beste. Og eg kunne ikkje la vere å tenkje på det, der eg stod og såg ut vindauget for å tenkje på kona mi, Lise, og dottera mi, Beate. Eg kunne ikkje la vere å tenkje på far min, Bernhard Vilder. Han hadde vore ein av dei store innan lakseoppdrett, ein av dei som hadde fått det til, ja, ein av dei største. Ein

6 av dei som hadde gjort alt for å lukkast. Og ein av dei som hadde lukkast i å verte rik. Ein av dei som såg at det var mogeleg. Han må ha sett kva han måtte gjere for å verte rik, og at det var mogeleg å verte det. Han må ha sett at tidene var i endring, at det var mogeleg å ekspandere, utvide, eksportere til ein marknad som i prinsippet var umetteleg. Ein verdsmarknad. Han hadde vore oppteken av det, å kome seg inn på verdsmarknaden. Berre det å tenkje i slike perspektiv, tenkte eg, berre i måten å tenkje stort på, skilde han seg ut. Og han må ha hatt svært god kjennskap til korleis bransjen fungerte, han må ha vore ein av dei som bygde bransjen, som utvikla han, ein av dei som var i fremste linje, og som visste kva som måtte til for å sikre seg dei beste avtalane og tilhøva for omsetnad og inntening. Eg var eit barn medan han var ein mann. Han var ein enkel mann som brukte evnene på det han kunne best, å styre og gje ordrar. Og mor var heime. Inga, mor mi. Eg kunne ikkje la vere å tenkje på henne. Det var ho som tok seg av meg, som oppdrog meg og lærte meg å lese. Mor som kunne snakke med meg, som gav meg tid, men som ikkje var i stand til å stanse far, få han til å stoppe opp og sjå henne. Bernhard. Han med sine idear og sin vilje, som ville ha meg til å arbeide, lære meg å vaske golv, spyle golv, vaske benkar, diskar, vaske merdar, spyle merdar, for å lære meg kva det ville seie å arbeide. Han ville lære meg å halde tida, å arbeide etter klokka. Gutungen måtte lære seg å verte ein skikkeleg arbeidskar. Kvar ettermiddag, etter skulen, skulle eg gå i arbeid i to timar, for å lære meg kva det ville seie å vere ein arbeidskar. Mor var annleis, ho var meir flytande. Ho såg meg som eit barn, eit barn som måtte få gjere som det ville, som trong tid for seg sjølv. Ho hadde ei meir organisk tilnærming til dagane. Ho meinte at dei ikkje var like, at dei ikkje trong å vere like. Altså heilt motsett av far. Han som ville tene pengar, som trong arbeidsfolk som følgde klokka. Som ville at alt skulle gå jamt som ein motor, i ein fast og stødig dur. Eg vart turr i munnen av å tenkje på det. Ein tralt, alt skulle inn i den same tralten. Min far sin tralt. Ein jamn straum av inntekt, av

7 rikdom. Eg kunne ikkje la det vere. Han ville gjere bekken om til ei stor elv. Det var det det handla om. Han må ha vore i gang med det alt på den tida, då eg var ein liten gutunge, i gang med utvidinga, gjennombrotet og erobringa av marknaden. Alle reisene, møta, fartinga, styringa. Og eg stod der med ein kopp te i handa og såg ut vindauget. Mot sjøen. Mor. Mor, som var borte for alltid. Og Else, som jobba for far, som gjorde meir enn å jobbe for han. Ho gav han det han ville ha. Else, med den vakre dottera, Lise, ho som eg seinare skulle få eit barn med. Og no eit brev frå Lise. Handa mi rista svakt. Eg måtte setje koppen ned i vindaugskarmen. Etter så mange år. Og mor, som ikkje fekk tida til å gå opp, som ikkje heldt orden på tida. Eg kunne ikkje halde det vekke. Ho som måtte ha ro for å puste, som måtte ha fred. Mor. Inga. Som tenkte. Som prøvde å gjere dei rette tinga, som prøvde å halde det gåande. Eg såg for meg ei kvinne som kjende seg framand og ufri. Som prøvde å finne ein veg. Og tanken på at denne kvinna var mor mi, ho som gjekk bort. Ei mor som prøvde å snakke til sonen sin, men som ikkje kunne snakke om det som var vanskeleg, som berre ville snakke om det lette, det som hadde lys i seg. Ho viste meg mørket gjennom det som fanst i bøkene, i romanane. Ho lærte meg å lese romanar, ho trudde eg kunne lære av det som stod i romanar. Ho prøvde å lære meg å leve. Ho som ikkje makta det. Og eg såg henne i det eg las, eg såg mørket hennar i romanane. Ho som forsvann. Eg såg mot sjøen, eg såg ei krusing på overflata, ei svak uro. Som om alt handla om mor mi, om tida som hadde gått. Som om vinden og sjøen hadde med mor mi å gjere. Ho som hadde vore vekke så lenge. Ei mor som opplevde at livet gjekk for fort for henne, ho såg ingen veg, og ho greidde ikkje halde seg vaken, ho greidde ikkje sove. Ho ville vekk frå tankane. Frå dagane. Ho sovna inn, ho la seg på senga og vakna ikkje. Ho vart lagd i ei grav. Mor. Inga heitte ho. Ho ville ikkje meir, ho ville vekk. Ho la seg på senga, oppå dyna, og lét hjarta stanse. Ho må ha visst det, kva ho gjorde, og likevel gjorde ho det. Ho døydde då eg var

8 seksten, for trettiseks år sidan. Og far var ein mann på trettini, ein mann med ei kvinne som venta. Else. Og eg kunne ikkje tole det, eg kunne ikkje forstå det. Eg kunne ikkje greie meg utan henne, og likevel hadde eg greidd meg. Men eg kunne ikkje la vere å tenkje. Eg tenkte på måten eg hadde overlevd på, ved å bli som far min. Ved å bli hard og sterk som far min. Ved å følgje mine eigne idear og ikkje gå av vegen for motstand. For det bygde seg opp ein sterk motstand i meg, og denne motstanden var retta imot far min, Bernhard. Den må ha kome gradvis, bygd seg opp over tid. Ein sterk motstand mot far og alt det han stod for. Og det må ha vore eit sterkt hat der, som eg ikkje heilt kunne definere, som eg ikkje kunne forklare. Som eg aldri hadde prøvd å forklare. Eit uforklarleg hat. Fordi det var eit urimeleg hat. Når eg såg tilbake på det, kunne eg også sjå at det låg noko urimeleg i det, samstundes som eg tenkte at hatet ikkje var der lenger, på same vis som før. Det må ha smuldra opp, tenkte eg. Hatet var heilt borte, tenkte eg. Og eg kjende også ein snev av skam over dette å ha hata min eigen far. Det var noko skamfullt over det. Eg hadde ei kjensle av at det var noko pinleg over å skulle innrømme det, for meg sjølv, og for andre, at eg ein gong hadde hata min eigen far. For eg la ikkje lenger noko skuld på far, det var eg ferdig med. Det var ikkje noko å snakke om, ikkje noko å bry seg med. Og difor hadde eg aldri innrømt det for nokon, ikkje eingong for meg sjølv, for det var ikkje noko å gjere med det. Det var slutt. Og samstundes låg skamma der, som ein ulmande loge. Ho låg og brann på noko som ikkje lét seg brenne opp. Og det var eit brev, det låg der bak meg på bordet. Eit brev eg ville brenne, eit brev eg ikkje ville ha. Det var eit brev frå Lise, kona mi. Eg hadde tenkt på henne, men aldri venta å få sjå henne igjen, for eg visste at eg hadde fått Beate. Ho var ei erstatning for alt eg hadde mista, ho var grunnen til at alt hat var borte, til at eg hadde mjukna og vorte mild. Takka vere Beate hadde eg overlevd. Og på same tid var det ho som fekk meg til å hugse, eg hugsa kor redd eg var for å miste henne. Og no var ho vaksen og gift, ho var

9 mor til to jenter, og eg kunne sleppe skuldrene ned og la henne leve slik ho ville. Eg trudde nesten eg var ferdig med det. Men det var ikkje borte, det skulle ikkje meir enn eit brev til, så kom alt tilbake. Det var berre til å stille seg ved vindauget og sjå ut, så såg eg rett inn i det. Lise hadde gjeve meg Beate, og i henne såg eg Lise. Dei var så like. Og kvar dag sidan Lise reiste frå oss, hadde eg tenkt på henne, ho var med meg i tankane og i alt eg gjorde fordi eg såg henne i dottera mi. Eg hadde fått Beate, eg hadde fått sjå henne vekse opp. Og eg var ein mann på femtito. Og eg tenkte på alderen min, og på fortida, eg tenkte på korleis fortida virka i meg, korleis den låg der som ein mørk materie, som eit stoff som ikkje kunne reflektere lys, og at det var slik det var. Eg tok ein sup av teen og tenkte at eg var klår over korleis fortida framleis heldt tak i meg, og eg var klår over mine eigne vanskar med å få gjort noko med det, fordi ho stod for noko mørkt og bortgøymt. Noko tapt. Og difor hadde eg slege meg til ro med at det var uråd å endre på noko. Fortida hadde eit mørke over seg som eg prøvde å slå meg til ro med. Og framtida såg heller ikkje spesielt lys ut, det kunne eg vel innrømme. Den låg der som noko uføresett, ei ulming. Noko spekulativt og uvisst. For det var sterke kjensler involvert, sterke kjensler som batt fortid og notid saman. Sterke kjensler som gav irrasjonelle responsar. Retta mot far og Else. Mor til Lise. Og desse kjenslene måtte eg prøve å styre, prøve å styre unna. Slik eg såg det for meg, måtte det ha bygd seg opp over år. Eg var seksten då mor døydde, men eg må ha budd heime ei stund etter det. Og etter kvart vart far sitt forhold til Else meir offisielt og Else flytta inn i huset vårt saman med Lise, dottera, som då var rundt elleve. Eg var atten. Og far fekk ein sambuar i hus, to år etter at mor var død. Mor mi, Inga. Eg tenkte ofte på henne, at ho låg i ei kiste i jorda. Og eg tenkte på korleis ho hadde det. Fraus ho? Og eg hadde vanskeleg for å snakke med henne, den nye kvinna i huset, Else. Eg hadde vanskeleg for å godta hennar posisjon. Men overfor Lise var eg annleis. Ho var meir skjør og usikker, gjorde aldri som ho fekk beskjed om. Eg kjende ein sympati for det, for

10 denne opposisjonen ho viste. Det var eit eller anna som var feil der, i hennar tilhøve til mora, og denne feilen var noko som tiltrekte meg. Så eg tok meg meir av henne. Det må ha vore slik det var. Og det må ha vore ein intimitet innblanda, ein nærleik som ingen av oss hadde opplevd før. Noko heilt på grensa. Ein spesiell type nærleik må det ha vore. Som det var umogeleg å forklare og umogeleg å forstå. For andre. Og for oss. Lise og meg, vi skjøna det ikkje. Ein type kjærleik, kanskje. For to som ikkje visste kva det var. Var det slik? To som ikkje skjøna kva krefter og rørsler slike kjensler kunne setje i sving. Og eg, som var så mykje eldre enn henne, eg kunne ikkje forklare det, og eg kunne ikkje la vere å tenkje på det. Og eg flytta for meg sjølv, inn på ein liten hybel sentralt på Nordre. Og etter ei stund tok Lise til å kome på besøk. Og eg tenkte på det. At ho var fjorten og eg var tjueein. Ho stod utanfor døra mi og spurde om ho kunne få kome inn. Ei fjorten år gammal jente. Ei ung kvinne, det var det ho var. Ho visste å bruke blikket sitt, det var noko vakse i det, og munnen, måten munnen hennar snakka på, måten han heldt seg lukka, og så, når ho opna den for å spørje om ho kunne få kome inn. Ho var ikkje noko barn. Året etter var ho femten og eg var tjueto. Alle kunne sjå at ho ikkje var noko barn. Og neste år var ho seksten år og eg var tjuetre. Ho var sytten og eg var tjuefire då Beate vart fødd. Og det einaste vi hadde felles, var denne motstanden. Vi kjende oss ikkje heime. Men det må ha vore noko meir enn det, noko mellom oss, noko som var der då, men som sidan løyste seg opp, noko som ikkje lèt seg definere, noko det ikkje finst ord for. Det kunne ha hatt noko å gjere med far hennar, han som reiste frå henne og Else og busette seg i Australia. Ho sakna far sin, slik eg sakna mor. Det kunne vere noko der, at vi hadde noko til felles, noko som heldt oss saman, som ei forståing. Og eg fekk Lise med på å flytte saman med meg. Eg sa vi skulle reise til Gran og kjøpe eit hus der. At eg skulle slutte å spele for Nordre og melde overgang til Gran. At eg skulle spele for Gran. A-laget til Gran. Og så kunne vi gifte oss der, i Gran. Og så kunne vi leve der, i

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

Brannsår, rus eller friheit?

Brannsår, rus eller friheit? Brannsår, rus eller friheit? Eg la hendene bak ryggen og kneip meg sjølv i armen. Eg hadde førebudd meg på dette. Førebudd meg for den vonde heksa. Ho sat der, i sofaen, rusa. Alt var gitt opp, og no var

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Tor Arve Røssland. Oslo

Tor Arve Røssland. Oslo Tor Arve Røssland Svarte-Mathilda Oslo Om denne boka Ei ung jente blir funnen knivdrepen i heimen sin. Mordet blir aldri oppklart. Leilegheita som var åstaden for mordet, står tom i 20 år. Når Elisabeth

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SUNDAG Morgonbøn (Laudes) SUNDAG Morgonbøn (Laudes) Inngang L Herre, lat opp mine lepper! A Så min munn kan lovprisa deg. A no og alltid og i alle Song Sal 93 I Herren råder, * han har kledd seg i høgd. II Herren har kledd seg

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s.

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 1 INNHALDSLISTE 1. Forord s. 2 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 6 3. Ein av foreldra/føresette eller syskjen

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte Personalia: Testpersonens namn:... Fødselsdato:... Norm:.. Skule/Institusjon:... Klasse:.... Testleiar:... Dato:.. Merknadar: 1. Leseflyt og leseforståing

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

1. Fritid og bibliotek... 1. 2. Hos legen... 7. 3. Høgtider... 12. 4. Mattradisjonar... 18. 5. Sunnheit og kosthald... 25. 6. Arbeidsliv...

1. Fritid og bibliotek... 1. 2. Hos legen... 7. 3. Høgtider... 12. 4. Mattradisjonar... 18. 5. Sunnheit og kosthald... 25. 6. Arbeidsliv... Innhald 1. Fritid og bibliotek... 1 2. Hos legen... 7 3. Høgtider... 12 4. Mattradisjonar... 18 5. Sunnheit og kosthald... 25 6. Arbeidsliv... 30 7. Jobb i sikte... 35 8. Skule og utdanning... 40 9. Familie

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

I N N H O L D. Forord

I N N H O L D. Forord BOKVENNEN 2012 I N N H O L D Forord Annlaug Selstø «Aläng» Ero Karlsen «Slutten på nysgjerrighet» Kjersti Kollbotn «Rom null-trettiåtte: Trøyst» Kristian Bjørkelo «Spegelen» Siri Katinka Valdez «Alle er

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9 Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9 Om denne boka Tidleg ein sommar flyttar Agnes og dottera Maja

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben Jon Fosse Trilogien Andvake Olavs draumar Kveldsvævd bokklubben Det Norske Samlaget 2014 Trilogien inneholder titlene Andvake (2007), Olavs draumar (2012) og Kveldsvævd (2014) De norske Bokklubbene AS,

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Runar Dahle. Bak auga er det natt. Roman

Runar Dahle. Bak auga er det natt. Roman Runar Dahle Bak auga er det natt Roman Til Guri Del 1 Eg heldt på å vakne. Ei kvinne gjekk rundt i rommet, eg kunne lukte henne, og ein augneblink fekk eg leve i trua på at ingenting av det som har skjedd,

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?

Detaljer

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii KoønnWEK v/sidgr.1- or 11(0I: iii &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. Opplysningar om søkjaren: Namn:Jorun Larsen Adresse: Seimsvegen 73 Postnr./stad: 5472 SEIMSFOSS Telefon: 91398512 Organisasjonsnr:

Detaljer

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Jon Fosse. Andvake. Forteljing Jon Fosse Andvake Forteljing 2007 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Stian Hole/Blæst design Printed in Denmark Trykk og innbinding: Nørhaven Paperback AS, 2008 Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia,

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen Å dyrke rettferd. Manden kommer gående mot nord. Han bærer en sæk, den første sæk, den indeholder niste og nogen redskaper. ( ) Hvad går han efter? Efter land, efter jord? ( ) Han kom en dag med sin tunge

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Matematisk samtale og undersøkingslandskap Matematisk samtale og undersøkingslandskap En visuell representasjon av de ulike matematiske kompetansene 5-Mar-06 5-Mar-06 2 Tankegang og resonnementskompetanse Tankegang og resonnementskompetansen er

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål VINJE SKOLE SOM MUSEUM Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål Vinje skole som museum Innleiing Dette notatet er laga etter at eg på vegne av Sparbyggja fortidsminnelag (av Fortidsminneforeninga)

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav Duun: Menneske og maktene. Utgave ved Bjørg Dale Spørck. ISBN: 978-82-93134-46-6 (digital, bokselskap.no), 978-82- 93134-47-3 (epub), 978-82-93134-48-0

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje Vinje kommune Næringskontoret Ånund Åkre Granåsen 66 B 1362 HOSLE Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato THORCH 2011/2495 6636/2015 64/15 26.03.2015 Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman Trude Teige Lene seg mot vinden Roman Om forfatteren: Trude Teige (f. 1960) har jobbet som politisk reporter, nyhetsanker og programleder i TV2. I 2002 debuterte hun med Havet syng, oppfølgeren Lene seg

Detaljer

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman Carl Frode Tiller Innsirkling 3 Roman OM FORFATTEREN: Carl Frode Tiller (f. 1970) er ein av dei fremste forfattarane i norsk samtidslitteratur. For dei fire romanane Skråninga (2001), Bipersonar (2003),

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Ordenes makt. Første kapittel

Ordenes makt. Første kapittel Første kapittel Ordenes makt De sier et ord i fjernsynet, et ord jeg ikke forstår. Det er en kvinne som sier det, langsomt og tydelig, sånn at alle skal være med. Det gjør det bare verre, for det hun sier,

Detaljer

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Det var ein gong ein liten geitekilling som hadde lært å telje til ti. Da han kom til ein vasspytt, stod han lenge og såg på spegelbiletet sitt i vatnet,

Detaljer

Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset. Omsett av Bodvin Rovde

Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset. Omsett av Bodvin Rovde Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset Omsett av Bodvin Rovde 2012 H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), Oslo www.aschehoug.no Tilrettelagt for ebok av Type-it AS, Trondheim 2012 ISBN 978-82-03-35198-3 Bibliotekutgave

Detaljer

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer leseser ie Nynorsk Julius Cæsar Norsk for barnetrinnet slaget Ved alesia Den mest berømte av motstandarane til Cæsar under gallarkrigen var gallarhovdingen

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim 30.01.2010. Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim 30.01.2010. Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp Vi treng større fokus på rekruttering! Kvifor? Trondheim 30.01.2010 Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp -Leiar i Barne- og ungdomsutvaletwww.bjarnehuseklepp.com Plan for dagen min i Sør-Trøndelag

Detaljer

Rom ved havet, rom i byen

Rom ved havet, rom i byen Frode Grytten Rom ved havet, rom i byen Noveller Oslo 2012 Det Norske Samlaget 2007 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8441-9 4. utgåva Om denne boka

Detaljer

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Innledning Eg valde å tolke oppgåva slik at ein skulle framstille ein «historie» kun ved hjelp av bilete. Eg tolka det òg slik

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon

Detaljer

Eit vennskap Ellingsøy, 20.februar 2013

Eit vennskap Ellingsøy, 20.februar 2013 Eit vennskap Ellingsøy, 20.februar 2013 Frå eg var så lita at eg mest ikkje kan hugse det, likte eg at mor eller far leste høgt for meg. Eg ville gjerne høyre forteljingar og dikt om att og om att, til

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald Innhald Introduksjon... 1 Teori... 2 Den første beskrivelsen... 2 Den sekundære betydinga... 2 Assosiasjonar... 3 Målgruppa... 4 Kvifor har dei gjort det slik, og kvifor seier bildet kva det seier?...

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016 www.stavanger-kulturhus.no Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016 Eksempel på eksamenssvar 2 1 LES NYNORSK I 30 MINUTT KVAR DAG DEN NESTE VEKA 2 SKRIV PÅ

Detaljer

Originalens tittel: Cœur de Lion 2007, 2011 Ariana Reines/Fence Books Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no

Originalens tittel: Cœur de Lion 2007, 2011 Ariana Reines/Fence Books Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Originalens tittel: Cœur de Lion 2007, 2011 Ariana Reines/Fence Books Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Jesper Egemar Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8837-0

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Notat om historie og kulturlandskap

Notat om historie og kulturlandskap Notat om historie og kulturlandskap på del av g.nr. 40, br.nr. 1 og 13 Hauge i Kvinnherad planlagt regulert til bustadføremål. Tunet 2012 Hatlestrand november 2012 Karin Rabben Vangdal og Svein-Åge Vangdal

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer