Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland"

Transkript

1 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak Arkivnr. 522 Saksh. Alver, Inge Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland Fylkesrådmannen viser til vedtak i Opplærings- og helseutvalet , sak 34/11, der utvalet sluttar seg til Fylkesrådmannens framlegg til satsing på innføring av kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland. Fylkesrådmannen viser også til bakgrunnen for saka og til oversikt over tiltak som er sett i verk, samt planar for vegen vidare. Kina si rolle på verdsbasis både politisk og økonomisk er blitt og er venta å bli endå meir sentral i åra som kjem. Kina har dei siste åra sigla opp som ein stadig viktigare handelspartnar for Noreg. Vestlandet, og særleg Hordaland, har ei rekkje viktige verksemder med sterke band til Kina, og Regjeringa oppmodar til auka satsing på kinesisk språk og kultur på skular og universitet. FORSLAG TIL VEDTAK 1. Hordaland fylkeskommune ønskjer å spela ein sentral rolle i arbeidet med å utvikla nasjonale læreplanar og eksamen i kinesisk på vidaregåande skule nivå. 2. Hordaland fylkeskommune vil bidra til å utvikla og sikra høg fagleg standard gjennom samarbeid med Bergen Konfucius Institutt og andre aktuelle fagmiljø. 3. I samarbeid med Bergen kommune vil Hordaland fylkeskommune setja i gang arbeid med å utvikla ein gjennomgåande læreplan og ei læremiddelpakke for kinesisk på nivå 1 i grunnskulen og vidaregåande skule og nivå 2 i vidaregåande skule. Det vert sett i gang eit prosjekt for å få gjennomført dette arbeidet. Tiltaket er dekt innanfor budsjettet til opplæringssektoren. 4. Hordaland fylkeskommune vil gje følgjande faste opplæringstilbod i kinesisk frå skuleåret : a) For elevar med kinesisk frå grunnskulen: Opplæring på nivå 2 (4+4+0) ved Bergen Handelsgymnasium og Sandsli vidaregåande skule. (Nytt tilbod).

2 b) For elevar som byter framandspråk ved overgangen frå grunnskulen til den vidaregåande skulen: Opplæring på nivå 1 (4+4+0) ved Bjørgvin vgs. (Framhald av eksisterande tilbod). c) For elevar som ikkje har hatt framandspråk i grunnskulen: Opplæring på nivå 1 og 2 (4+4+4) ved Bjørgvin vgs. (Framhald av eksisterande tilbod). d) Programfaget kinesisk (0+5+5) ved Bergen Handelsgymnasium. (Framhald av eksisterande tilbod). Paul Nilsen fylkesrådmann Svein Heggheim opplæringsdirektør 2

3 FYLKESRÅDMANNEN, : A. Bakgrunn for saka 1. Grunngjeving for å satsa på kinesisk språk i vidaregåande skule Kina si rolle på verdsbasis både politisk og økonomisk er blitt og er venta å bli endå meir sentral i åra som kjem. Kina har dei siste åra sigla opp som ein stadig viktigare handelspartnar for Noreg. Vestlandet, og særleg Hordaland, har ei rekkje viktige verksemder med sterke band til Kina. Dette er bakgrunnen for at Regjeringa oppmodar til auka satsing på kinesisk språk og kultur på skular og universitet. Eit uttrykk for kor stor vekt norske styresmakter legg på kontakten med Kina, er at Regjeringa har utarbeidd ein eigen Kina-strategi: (http://www.regjeringen.no/upload/ud/vedlegg/kinastrategi_opplag_to.pdf). Her står det bl.a.: Utviklingen i Kina, landets endrede rolle i verdenssamfunnet, og den østasiatiske regionens økende betydning, økonomisk og geopolitisk, stiller Norge overfor muligheter og utfordringer. Regjeringen har derfor utarbeidet en strategi som klargjør målsettinger og prioriteringer i Norges forhold til Kina. 2. Politiske vedtak På møtet slutta Opplærings- og helseutvalet seg til Fylkesrådmannens framlegg til satsing på innføring av kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland: tiltak på og For å fremja utviklinga av kinesisk som framandspråk i vidaregåande skole er følgjande aktuelle: 1. Etablering og profilering av kinesisk språk som fellesfag og programfag som fast tilbod Bergen Handelsgymnasium og minst ein annan skule i fylket. 2. Sikra fagleg stabilitet gjennom tilsetjing av kvalifiserte lærekrefter. 3. Leggja til rette for kinesisk som gjennomgåande framandspråk i samarbeid med aktuelle kommunar i fylket. 4. Utvikla og sikra høg fagleg standard gjennom samarbeid med Bergen Konfutse institutt evt. andre aktuelle fagmiljø 5. Fylkeskommunen tilbyr seg å ta nasjonalt ansvar for læreplanutvikling og eksamen. B. Dette er gjort 1. Etablering og profilering av kinesisk språk som fellesfag og programfag som fast tilbod på Bergen Handelsgymnasium og minst ein annan skule i fylket. Bergen Handelsgymnasium (BHG) har tilbydd programfaget kinesisk ( ) på utdanningsprogram for studiespesialisering dei siste 4 skuleåra. Rekrutteringa har variert frå 5 til 20 elevar frå Tanks vgs., Bergen Katedralskole og BHG, og elevtalet er aukande. I inneverande skuleår er det 31 elevar som tar kinesisk ved BHG 21 på Vg2 og 10 på Vg3. Hausten 2012 vart det starta opp tilbod i kinesisk på nivå 1 ved Bjørgvin vgs. Dette er eit tilbod til dei elevane som ikkje har hatt framandspråk i grunnskulen og dei elevane som byter framandspråk ved overgangen frå grunnskulen til den vidaregåande skulen. I skuleåret tel denne gruppa 27 elevar. Bjørgvin vgs. tar sikte på å gje dette tilbodet også dei komande skuleåra. 3

4 Elevar og tilsette ved BHG har ved to høve vore på to-vekers reiser i Kina; også enkeltelevar ved BHG har fått fullfinansiert turar til Kina ved tre ulike høve for å demonstrera dei kinesiske språkkunnskapane sine på tilstellingar i regi av Konfucius-institutta. Kinesisk-elevane ved BHG deltek også ofte på ulike sosiale tilstellingar i regi av Bergen Konfucius Institutt (BKI). 2. Sikra fagleg stabilitet gjennom tilsetjing av kvalifiserte lærekrefter. Lærar i programfaget kinesisk ved BHG er Haifeng Sun, som har spesialutdanning i læreplanutvikling og i å undervisa i kinesisk for utlendingar. Han har også utdanning frå Universitetet i Oslo, og snakkar flytande norsk. Haifeng Sun er no tilsett i full stilling i HFK, og han har også ansvaret for undervisninga i kinesisk ved Bjørgvin vgs. Det er heilt avgjerande for faget at det er tilgang på norsktalande lærarar som er kvalifiserte til å undervisa i kinesisk. Her er faget avhengig av at Universitetet i Bergen (UiB) og/eller Høgskulen i Bergen (HiB) realiserer planane sine om å oppretta lærarutdanningsprogram i kinesisk. 3. Leggja til rette for kinesisk som gjennomgåande framandspråk i samarbeid med aktuelle kommunar i fylket. Bergen kommune (BK) gir no grunnopplæring i kinesisk ved 4 skular på ungdomstrinnet (Skranevatnet, Rå, Ytrebygda, Gimle) og ved 3 skular på barnetrinnet (Skranevatnet, Hjellestad, Skjold). På 4 ulike årstrinn er det no om lag 215 elevar som får opplæring i kinesisk i grunnskulen i BK. Det vert ikkje gitt opplæring i kinesisk i andre kommunar i Hordaland, og BK har ikkje planar om å starta opplæring i kinesisk ved andre skular enn dei som alt har dette tilbodet. Det første kullet med elevar med kinesisk på nivå 2 frå grunnskulen vil søkja seg til vidaregåande opplæring i HFK frå hausten Det dreiar seg om 29 elevar med god motivasjon for å halda fram med faget i vidaregåande skule. Kvart av dei følgjande skuleåra vil truleg elevar med kinesisk frå grunnskulen i BK søkja seg til vidaregåande utdanning. Fylkesrådmannen understrekar at elevar med kinesisk språk må konkurrera om plass på desse vidaregåande skulane på lik linje med andre elevar; kinesisk gir ikkje elevar med kinesisk frå grunnskulen fortrinnsrett til plass på bestemte vidaregåande skular. 4. Utvikla og sikra høg fagleg standard gjennom samarbeid med Bergen Konfutse institutt og evt. andre aktuelle fagmiljø Ei gruppe, der m.a. Haifeng Sun og Maria Sanchez Olsen er medlemmer, har utarbeidd ein lokal læreplan og ei komplett læremiddelpakke for programfaget kinesisk (0+5+5). Dette arbeidet er gjort særs grundig, og dei har fått mykje ros for kvaliteten på både læreplanen og læremiddelpakka. Saman dannar desse eit framifrå grunnlag for vidare utvikling av undervisninga i kinesisk. BKI har også stilt betydelege ressursar til rådvelde i samband med etableringa og drifta av opplæringa i kinesisk ved BHG. Eit prov på at arbeidet med læreplanen og læremiddelpakken vert lagt merke til internasjonalt er at The International Society for Chinese Language Teaching på møtet sitt framheva arbeidet som BKI driv med opplæring i kinesisk språk - og plasserte dei i sin øverste divisjon. The International Society for Chinese Language Teaching er basert i Hanban, Kina og består av 4218 medlemsforeiningar i 67 land. 5. Fylkeskommunen tilbyr seg å ta nasjonalt ansvar for læreplanutvikling og eksamen Samanlikna med andre fylke er Hordaland i ein gunstig posisjon når det gjeld å få til ei langsiktig satsing på kinesisk språk i den vidaregåande skulen: Både HiB og UiB har konkrete planar å satsa på kinesisk, og BKI er solid etablert i Bergen. BKI har stilt betydelege ressursar til rådvelde i samband med etableringa og drifta av opplæringa i kinesisk ved BHG. BKI er det einaste instituttet av sitt slag i 4

5 landet og vil etter utsegner frå kinesisk hald bli det einaste også i framtida. Med dette som utgangspunkt ligg alt til rette for at Hordaland fylkeskommune kan ta ei førande rolle på landsbasis i innføringa av kinesisk språk i den vidaregåande skulen. C. Vegen vidare 1. HFKs vidare planar om opplæringstilbod i kinesisk Elevane med kinesisk frå grunnskulen vil ha krav på opplæring i kinesisk som på nivå 2 i den vidaregåande skulen. I tillegg kjem dei elevane som ønskjer å byta frå eit anna framandspråk til kinesisk på nivå 1, og dei elevane som ønskjer programfaget kinesisk. HFK legg opp til å ha følgjande tilbod til desse elevane: a. Ved BHG Vidaregåande opplæring i kinesisk som framandspråk på nivå 2 (4+4+0). Dette tilbodet vil starta opp hausten 2013, og det vil koma i tillegg til programfaget kinesisk (0+5+5) som BHG alt gir. I skuleåret er det 21 elevar i programfaget kinesisk på Vg2 og 10 elevar på Vg3. b. Ved Sandsli vgs. Vidaregåande opplæring i kinesisk som framandspråk på nivå 2 (4+4+0); oppstart hausten Alle elevane med kinesisk frå grunnskulen kjem frå Ytrebygda bydel i Bergen, og erfaringsmessig søkjer mange av dei seg til Sandsli vgs. Skulen har også eit sterkt ønskje om å gje dette opplæringstilbodet. c. Ved Bjørgvin vgs. Hausten 2012 vart det starta opp tilbod i kinesisk på nivå 1 (4+4+0 og 4+4+4), og skulen ønskjer å vidareføra dette tilbodet. 2. Utvikling og kvalitetssikring av opplæringa i kinesisk Sjølv om det ved BHG alt er utvikla ein lokal læreplan og ei læremiddelpakke for faget, må det understrekast at dette materiellet er tilpassa programfaget i vidaregåande skule. Sjølv om mange element også kan nyttast i læreplanane og undervisningsmateriellet både i grunnskulen og vidaregåande skule, så skal planane tilpassast det aktuelle nivået, og dei skal lagast og materiellet skal utviklast og produserast. I tillegg kjem det didaktiske elementet: Kva skal vera standarden for opplæringa i kinesisk, og korleis skal ein undervisa i dette faget? Og korleis sikrar ein god samanheng mellom opplæringa i grunnskulen og den vidaregåande skulen? Det står såleis att ein god del arbeid i samband med utviklinga av faget kinesisk både i grunnskulen og den vidaregåande skulen. HFK ønskjer å vidareføra det arbeidet som alt er gjort ved BHG. Fylkesrådmannen vil i løyva 0,5 mill. kroner til dette føremålet og føreset at BK bidrar tilsvarande. 3. Rekruttering av kvalifiserte lærarkrefter Det er ei utfordring å skaffa norsktalande lærarar som er kvalifiserte til å undervisa i kinesisk. Ved både UiB og HiB er det planar om å oppretta lærarutdanningsprogram i kinesisk, noko som vil avhjelpa behovet på noko sikt. 5

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200910136-1 Arkivnr. 523 Saksh. Lisen Ringdal Strøm, Janne Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 10.11.2009 18.11.2009-19.11.2009

Detaljer

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201209189-1 Arkivnr. 522 Saksh. Krüger, Ragnhild Hvoslef Saksgang Yrkesopplæringsnemda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 04.12.2012 04.12.2012 PÅBYGG

Detaljer

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201002086-1 Arkivnr. 112 Saksh. Viken, Karl Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 23.03.2010-24.03.2010 FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR SAMANDRAG

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200800581-42 Arkivnr. 027 Saksh. Fredheim, Ingeborg Lie, Gjerdevik, Turid Dykesteen, Bjørgo, Vigdis, Hollen, Sverre Saksgang Møtedato Vestlandsrådet 02.12.2008-03.12.2008

Detaljer

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200801229-5 Arkivnr. 540 Saksh. Haugen, Birthe Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 16.11.2010 24.11.2010-25.11.2010 FØRESPURNAD

Detaljer

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201307419-2 Arkivnr. 545 Saksh. Mjelstad, Torbjørn Saksgang Møtedato Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013

Detaljer

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011

Detaljer

OPPNEMNING AV STYREREPRESENTANTAR VED PRIVATE SKOLAR

OPPNEMNING AV STYREREPRESENTANTAR VED PRIVATE SKOLAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201209024-1 Arkivnr. 5 Saksh. Haugen, Birthe Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 13.11.2012-14.11.2012 OPPNEMNING AV STYREREPRESENTANTAR VED

Detaljer

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Drift- og utviklingsseksjonen Arkivsak 201112362-76 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Hordaland fagskulestyre Opplærings- og helseutvalet Møtedato

Detaljer

Retten til spesialundervisning

Retten til spesialundervisning Retten til spesialundervisning Elevens individuelle rett til spesialundervisning Gunda Kallestad OT/PPT Opplæringslova 5-1, første ledd Elevar som ikkje har, eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte

Detaljer

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200600700-17 Arkivnr. 135 Saksh. Gilberg, Einar Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 20.06.2006 22.06.2006 VAL AV PILOTPROSJEKT

Detaljer

Internasjonal vidaregåande skule

Internasjonal vidaregåande skule Internasjonal vidaregåande skule Tilbod om eit skuleår i utlandet Elevar som tek Vg1 på Studiespesialiserande utdanningsprogram i år, kan ta Vg2 i Skottland neste år. Møre og Romsdal fylkeskommune 1. Innleiing

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

HØRINGSUTTALE NOU 2007 : 11 STUDIEFORBUND - LÆRING FOR LIVET

HØRINGSUTTALE NOU 2007 : 11 STUDIEFORBUND - LÆRING FOR LIVET HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200606870-3 Arkivnr. 201 Saksh. Mørk Karlsen, Per Willy Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 29.01.2008 13. - 14.02.2008 HØRINGSUTTALE

Detaljer

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Arkivsak 201112362-44 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Hordaland fagskulestyre Fylkesutvalet Møtedato 05.06.2012 21.06.2012 FAGSKOLETILBOD PÅ STORD -

Detaljer

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/5369-4 Saksbehandlar: Sunniva Schultze-Florey Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet 18.08.2015 Fylkesutvalet 27.08.2015 Oppmoding om

Detaljer

Sauda vidaregåande skule skuleåret 2011-2012. Regionalt kompetansesenter

Sauda vidaregåande skule skuleåret 2011-2012. Regionalt kompetansesenter Skuletilbod Sauda vidaregåande skule skuleåret 2011-2012 Ein skule ska ver Eit fyrtårn i brottsjø når skoddå står tett tt Ei stjerne ein blink i det fjerne eit vink Som blir sett Det e det me ska få te

Detaljer

HØYRING AV FORSLAG OM ENDRINGAR I FORSKRIFT OM TILDELING AV UTDANNINGSSTØTTE FOR 2013-2014

HØYRING AV FORSLAG OM ENDRINGAR I FORSKRIFT OM TILDELING AV UTDANNINGSSTØTTE FOR 2013-2014 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201210128-2 Arkivnr. 143 Saksh. Roksvåg, Berit Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 12.02.2013 20.02.2013-21.02.2013 HØYRING

Detaljer

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD - Tilleggsakliste Kultur- og ressursutvalet Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Kultur- og ressursutvalet... 2 Tilskot til utgreiing av lokalisering av Hordaland

Detaljer

OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE - VURDERING AV NYBYGG

OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE - VURDERING AV NYBYGG HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Arkivsak 200405151-13 Arkivar. 171.52 Saks. Haavardtun, Helge Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 07.02.2006

Detaljer

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret TELEMARK FYLKESKOMMUNE Saksframlegg Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret Arkivsaksnr.:13/1766 Arkivkode:A44 Saksbehandlar:

Detaljer

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk Kunnskapsdepartementet: Læremiddel i tide Kunnskapsdepartementet vil vidareføre tiltak frå 2008 og setje i verk nye tiltak for å sikre at nynorskelevar skal

Detaljer

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule Bergen 8.september 2015 Geir T. Rønningen Avdelingsleiar YF Innleiing til prosjekt hospitering for y-lærarar Prosjektet vart initiert som ein

Detaljer

TILSKOT TIL FAGSKULEUTDANNING INNAN HELSE- OG OPPVEKSTFAG - HAUSTEN 2013

TILSKOT TIL FAGSKULEUTDANNING INNAN HELSE- OG OPPVEKSTFAG - HAUSTEN 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Drift- og utviklingsseksjonen Arkivsak 201202560-20 Arkivnr. 135 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 16.04.2013 TILSKOT TIL

Detaljer

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201210112-3 Arkivnr. 520 Saksh. Sandvik, Tor Ivar Sagen Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 12.02.2013 20.02.2013-21.02.2013

Detaljer

Prognoseinntaket 2013: Orientering frå opplæringsavdelinga

Prognoseinntaket 2013: Orientering frå opplæringsavdelinga Prognoseinntaket 2013: Orientering frå opplæringsavdelinga Samandrag av dei viktigaste punkta i prognoseinntaket 2013. Totalt søkjartal frå Hordaland 19 173 Søkjarar med Ungdomsrett: 18 021 Total auke

Detaljer

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING HORDALAND FYLKESKOMMUNE Oppfølgings- og pedagogisksykolo isk teneste Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo KD 20 OKL Vår ref.:201108485 Dykkar ref.:201101650-/abh Bergen, 14. oktober 2011

Detaljer

NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND MED REGULERINGSPLAN.

NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND MED REGULERINGSPLAN. HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Arkivsak 201002106-7 Arkivnr. 171 Saksh. Haavardtun, Helge Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 31.01.2013 NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-18 Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter 3-9 i opplæringslova

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-18 Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter 3-9 i opplæringslova Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-18 Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter 3-9 i opplæringslova Skule Kontaktperson Namn på søkjar Kommune Telefon Personnummer

Detaljer

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne Skule Kontaktperson Namn på søkjar Kommune Personnummer 6-17 Fortrinnsrett for søkjar med sterkt

Detaljer

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Søknad om vidareføring av prosjektet Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Prosjektansvarleg: Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Sunnhordland Prosjektleiar: Trond Haga, Kværner

Detaljer

AVTALE OM MUSIKKSAMARBEID NOREG KINA 2013

AVTALE OM MUSIKKSAMARBEID NOREG KINA 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201209179-1 Arkivnr. 643 Saksh. Skaar, Ronny B. Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 13.11.2012 21.11.2012-22.11.2012 AVTALE

Detaljer

Velkomen til dykk alle!

Velkomen til dykk alle! Velkomen til dykk alle! Kvalitetsgrupper VGS Oppland Oppstartsamling Lillehammer hotell, 29 august 2014 RHP Skuleleiing og undervisningsleiing!!! Fylkestinget/skuleeigar: Vil ha kvalitetsutvikling i vidaregåande

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724. Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.html#map004 I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg

Detaljer

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg Framlegg til vedtak frå fylkesrådmannen: 1. Følgjande reglar skal gjelde for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg,

Detaljer

TILBODSSTRUKTUR FOR FAGSKULANE I HORDALAND FOR SKULEÅRET 2012/13

TILBODSSTRUKTUR FOR FAGSKULANE I HORDALAND FOR SKULEÅRET 2012/13 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Drift og utviklingsseksjonen Arkivsak 201013633-100 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Hordaland fagskulestyre Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

Detaljer

BRUK AV KONSESJONSKRAFTMIDLAR TIL REGIONAL UTVIKLING - SØKNAD FRÅ ULVIK HERAD OM FORLENGING AV TILSEGN TIL GNIST HARDANGER

BRUK AV KONSESJONSKRAFTMIDLAR TIL REGIONAL UTVIKLING - SØKNAD FRÅ ULVIK HERAD OM FORLENGING AV TILSEGN TIL GNIST HARDANGER HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200800096-49 Arkivnr. 135 Saksh. Torgersen, Matti Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 22.01.2009 BRUK AV KONSESJONSKRAFTMIDLAR TIL REGIONAL UTVIKLING

Detaljer

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10 Elevvurdering, eksamen og klagebehandling Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis

Detaljer

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane. Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane. 2013-2015 Innleiing Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane i Hordaland

Detaljer

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda. Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Informasjonstenesta 5020 Bergen Telefon55 23 99 42 Telefaks55 23 99 49 Voss 10. juni 2008 Hordaland fylkesting sitt møte på Voss 10. juni 2008: Byggjer

Detaljer

REKRUTTERING TIL SPRÅKFAGA

REKRUTTERING TIL SPRÅKFAGA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201207193-1 Arkivnr. 522 Saksh. Sandvik, Tor Ivar Sagen. Borthen, Petter Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 18.09.2012 REKRUTTERING TIL SPRÅKFAGA

Detaljer

Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar. Retningsliner for grunnskulane i Lindås kommune

Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar. Retningsliner for grunnskulane i Lindås kommune 0 Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar Retningsliner for grunnskulane i Lindås kommune 1 Innhald Innleiing... 3 Mål for særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar

Detaljer

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2015-2019

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2015-2019 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 22.04.2015 27706/2015 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 30.04.2015 Yrkesopplæringsnemnda 28.05.2015 Fylkesutvalet 27.05.2015 Fylkestinget

Detaljer

FINANSRAPPORT PR. AUGUST 2010

FINANSRAPPORT PR. AUGUST 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-1 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 29.09.2010-30.09.2010 12.10.2010-13.10.2010 FINANSRAPPORT PR.

Detaljer

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den 22.09.2005

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den 22.09.2005 Masfjorden kommune Kompetanseutviklingsplan for grunnskulen 2005 2008 Kultur for læring Vedteke i kommunestyret den 22.09.2005 Innleiing. Grunnlagsdokument: Generell del av L-97. St.melding nr 30 (03-04)

Detaljer

FINANSFORVALTNINGA I 2011

FINANSFORVALTNINGA I 2011 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-13 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 22.02.2012-23.02.2012 13.03.2012-14.03.2012 FINANSFORVALTNINGA

Detaljer

Referat frå møte i Arbeidsutvalet for foreldre ved Hafslo barne- og ungdomsskule 17.03.15

Referat frå møte i Arbeidsutvalet for foreldre ved Hafslo barne- og ungdomsskule 17.03.15 Referat frå møte i Arbeidsutvalet for foreldre ved Hafslo barne- og ungdomsskule 17.03.15 Til stades: Wenche Sollid, leiar (6B) Elin Hilleren (1.-kl.) Sigfrid Ahlin Søvde (3.-kl.) Nina Cirotzki (4B) Jan

Detaljer

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01 Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01 Noen aktuelle presiseringer i forhold til ny forskrift til opplæringslova kapittel 6 Jeg redigerte bort det som ikke er så aktuelt for dere.. Søknadsfrister unntak Søkjarar

Detaljer

Rådgjevarkonferansen 2009

Rådgjevarkonferansen 2009 Rådgjevarkonferansen 2009 Dei neste 15 min. Tørre facts om HSF Utfordringar for HSF HSF - ein attraktiv høgskule? Utdanningar ved HSF og spennande planar Ta med elevane på besøk til HSF! Tørre facts Høgskulen

Detaljer

Handlingsprogram 2015 2018

Handlingsprogram 2015 2018 Handlingsprogram 2015 2018 AVDELING 27 Gol skule med Herad Glitrehaug og SFO ANSVAR: 3111-3112 Gol kommune Internt notat Til: Hege Mørk/Rådmannen Dato: 28.10.2014 Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 14/01623-30

Detaljer

VEDTEKT av februar 2007

VEDTEKT av februar 2007 IKS VEDTEKT av februar 2007 Vedteken i følgjande kommunar: Bokn Etne Haugesund Tysvær Vindafjord Vedtekt av februar 2007 Side 1 av 5 INNHALD Side 1. Heimel... 2 2. Deltakarar... 2 3. Føremål... 2 4. Hovudkontor...

Detaljer

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009 1 av 5 Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009 Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo Regionalt samarbeid om utvikling av fireårig grunnskulelærarutdanning

Detaljer

HØYRINGSUTTALE TIL RAPPORTEN "BELØNNINGSORDNINGA FOR BEDRE KOLLEKTIVTRANSPORT OG MINDRE BILBRUK - FORSLAG TIL NY INNRETTNING"

HØYRINGSUTTALE TIL RAPPORTEN BELØNNINGSORDNINGA FOR BEDRE KOLLEKTIVTRANSPORT OG MINDRE BILBRUK - FORSLAG TIL NY INNRETTNING HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200507791-161 Arkivnr. 831 Saksh. Eriksrud, Marte Hagen Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 23.01.2013 31.01.2013 HØYRINGSUTTALE TIL

Detaljer

REGISTRERINGSSKJEMA FOR PERSONOPPLYSNINGAR SKULEÅRET 2015/2016 (leverast barneskulen innan 10.april)

REGISTRERINGSSKJEMA FOR PERSONOPPLYSNINGAR SKULEÅRET 2015/2016 (leverast barneskulen innan 10.april) TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE HAMRAMYRA 20 5363 ÅGOTNES Tlf. 55 09 63 00 Epost: TranevagenUngdomsskule@fjell.kommune.no Konfidensielt REGISTRERINGSSKJEMA FOR PERSONOPPLYSNINGAR SKULEÅRET 2015/2016 (leverast

Detaljer

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-21 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 26.09.2012-27.09.2012 16.10.2012-17.10.2012 FINANSRAPPORT 2.

Detaljer

Balestrand kommune Sagatun skule

Balestrand kommune Sagatun skule Balestrand kommune Sagatun skule Balestrand kommune Oppvekst 30.10.2012 BUDSJETT 2013 Skulen la fram i første omgang fram eit utkast til budsjett innafor reduserte rammer på 600 000 kr. Dette inneber ein

Detaljer

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring www.sfj.no Innleiing: side 3 Arbeidskalender: side 5 Søknadsskjema for vidaregåande opplæring side 6 Vedleggsskjema for minoritetsspråklege

Detaljer

Prosedyrar og rettleiar for NSSU

Prosedyrar og rettleiar for NSSU Prosedyrar og rettleiar for NSSU - Nettbasert sakshandsaming av søknad om spesialundervisning Innleiing Det er utvikla i Hordaland eit nettbasert program for sakshandsaming av søknadar om spesialundervisning.

Detaljer

MIDLAR TIL REKRUTTERING, LIKESTILLING OG KOMPETANSEHEVING I LANDBRUKET - FORVALTNING 2013-2015

MIDLAR TIL REKRUTTERING, LIKESTILLING OG KOMPETANSEHEVING I LANDBRUKET - FORVALTNING 2013-2015 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Arkivsak 201210523-1 Arkivnr. 015 Saksh. Jordet, Håkon Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 31.01.2013 MIDLAR TIL REKRUTTERING, LIKESTILLING OG KOMPETANSEHEVING I LANDBRUKET

Detaljer

Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag

Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 16. januar 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde

Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde Sogn og Fjordane Prosjektleiarane Sissel Espe og Inger Marie Evjestad Frå Ny GIV til Gnist Auka gjennomføring i vidaregåande opplæring Prosjektkoordinator Ny GIV Sissel Espe

Detaljer

TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Voss ungdomsskule

TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Voss ungdomsskule TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Voss ungdomsskule 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Voss kommune, Voss ungdomsskule. Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av skulen. Tilsynet

Detaljer

Utval Saknr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet 02.12.2014 Fylkesutvalet 04.12.2014 Fylkestinget 09.12.2014

Utval Saknr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet 02.12.2014 Fylkesutvalet 04.12.2014 Fylkestinget 09.12.2014 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/10030-15 Saksbehandlar: Odd Bjarne Berdal Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet 02.12.2014 Fylkesutvalet 04.12.2014 Fylkestinget 09.12.2014

Detaljer

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET Ikkje offentleg jf. Forvaltningslova 13 Skulens navn RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET Namnet til eleven Adresse Dato: VEDTAK OM SPESIALUNDERVISNING SKULEÅRET Namnet til eleven: Født: Utdanningsprogram:

Detaljer

ANSKAFFING AV BYBANEVOGNER OG FORLENGING AV EKSISTERANDE VOGNER - BYGGETRINN 3

ANSKAFFING AV BYBANEVOGNER OG FORLENGING AV EKSISTERANDE VOGNER - BYGGETRINN 3 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201000943-25 Arkivnr. 831 Saksh. Vedvik, Anne Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 05.06.2013 10.06.2013 11.06.2013-12.06.2013

Detaljer

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201208607-8 Arkivnr. 025 Saksh. Jon Rune Smørdal Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 25.09.2013-26.09.2013 15.10.2013-16.10.2013 NY PENSJONSORDNING

Detaljer

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat Møre og Romsdal fylkeskommune Att. Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Fylkeshuset 6404 MOLDE Saksnr Løpenr Dato 2014/409 9233/2014 26.09.2014 MELDING OM VEDTAK UTVIKLINGSPLANAR

Detaljer

Rekruttering til marin sektor 2011-2014. Rådgjevarsamling 24.01.2012 Trond Wahl

Rekruttering til marin sektor 2011-2014. Rådgjevarsamling 24.01.2012 Trond Wahl Rekruttering til marin sektor 2011-2014. Rådgjevarsamling 24.01.2012 Trond Wahl Et nasjonalt rekrutterings- og kompetanseprosjekt for marin sektor i regi av Fiskeri- og kystdepartementet Om Sett Sjøbein

Detaljer

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane Forord Skuleeigar skal ha oversyn over tilstanden i dei vidaregåande skulane, ha kapasitet til å gjere nødvendige endringar

Detaljer

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013 Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013 Informasjon og utfordringar sett frå Fylkeskommunen og dei vidaregåande skulane si side Adeline Landro - rådgjevar for fagskulane Annbjørg Laupsa -

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

IB-tilbod i SFJ, eit samarbeidsprosjekt mellom Red Cross Nordic United World College og Dale vidaregåande skule

IB-tilbod i SFJ, eit samarbeidsprosjekt mellom Red Cross Nordic United World College og Dale vidaregåande skule Vedlegg 7 1 OPPDRAG: Oppdatert 09.04.13 Skulebruksplan - arbeidsdokument 5-12 26.09.12: Planutvalet sluttar seg til fylkesrådmannen sin konklusjon om å ikkje greie ut etablering av eit eige IB-tilbod ved

Detaljer

ENØK-TILTAK 2012 - BUDSJETTENDRING 1

ENØK-TILTAK 2012 - BUDSJETTENDRING 1 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Arkivsak 201113465-25 Arkivnr. 111 Saksh. Orvedal, Roald Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 24.05.2012 ENØK-TILTAK 2012 - BUDSJETTENDRING 1 SAMANDRAG

Detaljer

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 09/1467-19413/09 Saksbeh.: Jofrid Fagnastøl Arkivkode: PLAN soneinndeling Saksnr.: Utval Møtedato 109/09 Formannskap/ plan og økonomi 05.11.2009 SAMLA SAK - DETALJREGULERINGSPLAN

Detaljer

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule Kroppsøvingsseksjonen og kunnskapsløftet Kroppsøving - Fysisk aktiv skulekvardag/fysisk

Detaljer

REVIDERING AV REGLEMENTET FOR FAGSKOLANE I HORDALAND

REVIDERING AV REGLEMENTET FOR FAGSKOLANE I HORDALAND HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Drift- og utviklingsseksjonen Arkivsak 201112362-74 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 20.11.2012 REVIDERING AV REGLEMENTET

Detaljer

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012 Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Ungdomsskolane i Møre og Romsdal Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 63838/2010/A49 Jane Anita Aspen,71 25 87 75 21.12.2010 - Informasjon

Detaljer

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Fråsegn om norskfaget og nynorsken Fråsegn om norskfaget og nynorsken På landsstyremøtet i helga vedtok SV ei rekkje innspel til korleis ein kan styrkje nynorsken både som hovud- og sidemål i arbeidet med ny læreplan i norsk. Denne gjennomgangen

Detaljer

HØYRINGSUTTALE - TIL RAPPORT OM REGIONALE BOMPENGESELSKAP

HØYRINGSUTTALE - TIL RAPPORT OM REGIONALE BOMPENGESELSKAP HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201210399-2 Arkivnr. 810 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 23.1.2013 31.1.2013 HØYRINGSUTTALE - TIL RAPPORT

Detaljer

- ein tydeleg medspelar

- ein tydeleg medspelar - ein tydeleg medspelar Velkomne til møte! Felles: Orientering om skolen Delt: Samling i undervisnings-/ basisgrupper Utdanningsprogram og årssteg Samtalar med lærarar Romliste (reservasjon på døra) Kaffi

Detaljer

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga Arkivsak 201202564-2 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 25.04.2012 HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR SAMANDRAG

Detaljer

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200803028-19 Arkivnr. 81 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Valnemnda Fylkestinget Møtedato 11.11.2009 18.11.2009-19.11.2009

Detaljer

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring 2 Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring Førebygging på tre nivå OT/PPT sin førebyggjande

Detaljer

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-27 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 24.05.2013 11.06.2013-12.06.2013 FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL

Detaljer

SAK OM INNFØRING AV TIDSDIFFERENSIERTE BOMPENGAR (KØPRISING) I BERGEN

SAK OM INNFØRING AV TIDSDIFFERENSIERTE BOMPENGAR (KØPRISING) I BERGEN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201000250-7 Arkivnr. 810 Saksh. Øivind Støle Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 08.06.2010 16.06.2010 SAK OM INNFØRING AV TIDSDIFFERENSIERTE

Detaljer

MIDLAR TIL FOLKEHELSEARBEID 2012

MIDLAR TIL FOLKEHELSEARBEID 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Utviklingsseksjonen Arkivsak 201112778-4 Arkivnr. 407 Saksh. Torgersen, Matti Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 14.02.2012 22.02.2012-23.02.2012

Detaljer

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Fra Forskrift til Opplæringslova: Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.

Detaljer

DEN DIGITALE SKOLEN I HORDALAND FYLKESKOMMUNE - SPØRJEUNDERSØKING VÅREN 2009

DEN DIGITALE SKOLEN I HORDALAND FYLKESKOMMUNE - SPØRJEUNDERSØKING VÅREN 2009 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200800146-30 Arkivnr. 520 Saksh. Breivik, June Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 01.09.2009 23.09.2009 12.10.2009-13.10.2009

Detaljer

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 16. januar 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024 Saksprotokoll Organ: Møtedato: 28.05.2013 Hovudutval for opplæring Sak nr.: 12/752-129 Internt l.nr. 18035/13 Sak: 7/13 Tittel: Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024 Behandling:

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Kap. 228 Tilskott til private skolar o.a.

Kap. 228 Tilskott til private skolar o.a. Kap. 228 Tilskott til private skolar o.a. (i 1 000 kr) Post Nemning Rekneskap 2012 Saldert budsjett 2013 Forslag 2014 70 Private grunnskolar, overslagsløyving 1 345 278 1 397 510 1 606 363 71 Private vidaregåande

Detaljer