Statens vegvesen Reguleringsplan for Fossatromma Vøringsfossen Fossli i Eidfjord kommune
AKTUELLE TILTAK INNAN PLANOMRÅDET I eit forprosjekt som er utarbeidd av arkitekt CarlViggo Hølmebakk AS, er det foreslått ei utvikling og oppgradering av areal og anlegg både på Fossatromma og på Fossli. Mellom Fossatromma og Fossli er det skissert eit gangsamband med ny bru over juvet. Dette blir ryggraden i prosjektet, med utsiktspunkt nedanfor Fossatromma i den eine enden, og eit nytt utsiktspunkt vest for Fossli i den andre enden. Den nye stien mellom Fossatromma og Fossli og utsiktspunkta blir sikra med gjerde/rekkverk slik at risiko for uhell knytt til ferdsel i området blir redusert i høve til dagens situasjon; ein svært viktig del av prosjektet. Det er førebel usikkert om alle dei skisserte utsiktspunkta vert bygd. Nærare detaljvurderingar skal gi svar på dette. I tillegg kan det vere aktuelt å ruste opp den såkalla Kløvstien, den opphavlege vegen frå Fossatromma og opp til Fossli. På Fossatromma skal ein etter planen etablere eit nytt servicebygg og nye parkeringsanlegg, samstundes er det ønskjeleg å få reparert terrengsåra etter eit eksisterande riggområde, som mellom anna har vore brukt til massedeponi. Ved Fossli er det og skissert nye vegar og parkeringsanlegg, men det er usikkert om dette blir realisert samstundes med dei andre anlegga som er omtalt ovanfor.
Kløvstien
SKT BFR2 BFR1 BFR34 V7 TV2 H NS BFR33 BFR/N1 V6 0 o_ o_v1 GS V4 o_tv1 BFR32 B2 V3 V5 BFR31 P3 AGH o_rp TEIKNFORKLARING o_avg o_p1 B Bustader H370_ BFR H VAR Fritidbusetnad Hotell/overnatting H730 SKT VAR NS Bandlagt etter lov om kulturminner STREKSYMBOLER MV. BFR/N Plangrense AV o_ SAMFERDSELSANLEGG OG TEKNISK G V Bebyggelse som forutsettes fjernet Veg Byggegrense GS Gang/sykkelveg AVG o_ = B1 Parkering RP Rasteplass TV Turveg Offentlig eigedom SYMBOLER AG H o_p2 P av AGH V2 Horisontalt geodetisk grunnlag og kartprosjeksjon: WGS84 UTM sone 32 H370 _1 FO Ekvidistanse =1 og 5m OG REINDRIFT N Planens totale areal = 701 daa NS BFR5 0 G AV o_ G AV o_ NS 40 60 80 100 meter 1 : 2000 BFR6 20 BFR4 PlanID: 12322012001 H730_1 o_ AV G SAKSNR DATO SIGN. Revisjon etter 2.gangs offentleg ettersyn Kommunestyrets vedtak: 3.gangs handsaming i formannskapet Offentleg ettersyn 2.gangs handsaming i formannskapet Offentleg ettersyn 1.gangs handsaming i formannskapet Kunngjering av oppstart av planarbeidet PLANEN UTARBEIDD FOR: 2011.10.05 RN/HAS HANDSAMING ETTER PLAN OG BYGNINGSLOVA BFR7 Revisjon Revisjon etter offentleg ettersyn o_av G o_a V G AV: SAKSNR. TEIK.NR. DATO SAKSBEH. Nasjonale turistveger 2615 LILLEHAMMER +47 61270500 4080044S R01 2013.08.21 HAS
Utsiktspunkt vest (punkt 1) Utsiktspunktet ligg inntil riksvei 7, på ei gamal vegsløyfe i første svingen nedanfor Fossatromma. Utsiktspunktet har Yform og kragar 34 meter utover kanten.
Nytt serviceanlegg på Fossatromma (punkt 2) Det er planlagt eit nytt servicebygg på Fossatromma med informasjon, suvenirsalg, kafé, publikumstoalett, og nye parkeringsplassar for bussar og personbilar. I tillegg er det planlagt eit frittståande toalettbygg som eventuelt kan vere ope også utanfor turistsesongen. Noverande avløpspumpestasjon ligg innanfor framtidig parkeringsplass. Denne må bli flytta til ein ny stad, eventuelt kan denne bli ein del av toalettbygget. I vinnarutkastet til arkitektkonkuransen var det nye servicebygget vist som i illustrasjonen nedanfor. Det er no ganske sikkert at bygget ikkje vert bygt ut på kanten mot vest slik illustrasjonen viser, men det er førebels noko usikkert kva plassering, storleik og innehald bygget får. Fossatromma Nytt servicebygg
Utsiktspunkt Fossatromma (punkt 3) På vegen opp mot hovudutsiktpunktet på Fossatromma er det skissert eit utsiktspunkt ved at stien er lagt på utsida av ein fjellknaus (skywalk). I tillegg er det aktuelt å etablere eit nett av turstigar på Fossatromma, for å kunne tilby gangturar med varierande lengde og utfordringar.
Hovudutsiktspunkt, Fossatromma (punkt 4) Dette er eit punkt som er brukt i noko grad allereie i dag, kor ein kan sjå ned mot fossen ved å lene seg utover, eventuelt kombinert med å halda seg fast i eit tre, dvs noko utrygt. Det nye utsiktspunktet kragar ut over kanten av juvet og gjer det mogleg å sjå Vøringsfossen frå denne sida, på ein sikker måte.
Ny gangbru over Bjoreio (punkt 5) Den nye gangbrua ligg ca 100 meter sør for og ovanfor sjølve Vøringsfossen. Brua bind saman Fossatromma og Fossli, og styrkar samanhengen i tiltaka på båe sider av Bjoreio. Brua er vist som ei trappebru med ein høgdeforskjell på 18 meter og eit bruspenn på ca 42 meter.
Hovudutsiktspunkt, Fossli (punkt 6) På Fossli er det ønskje om ei oppgradering av noverande utsiktspunkt, nye utsiktspunkt, og betre parkeringstilbod. Framfor Fossli hotell er det i dag fleire eksisterande utsiktspunkt i stein og betong. Planen viser her ei utvikling av punktet, med universell utforming og universell tilkomst. Konstruksjonane følgjer geometrien til landskapet og den arkitektoniske løysinga baserar seg på dei same prinsippa som er vist på Fossatromma.
Fossli utsiktspunkt i nordvest (punkt 7) Terrengslitasjen viser at det er stor trafikk her sjølv om stien bort hit er fysisk avsperra fordi sti og punkt er heilt utan sikring i dag. Herifrå har ein best utsikt til Vøringsfossen og Fossli. Punktet markerer avslutning av attraksjonen mot nord. Det nye utsiktspunktet strekker seg både mot fossen og utsikten utover Måbødalen.
Noverande tippområde På Fossatromma er det ei oppgåve å fjerna noverande tippområde/lagerområde og tilbakeføre området til meir opphavleg tilstand. Delar av området, inn mot riksvegen, vert regulert til parkering. Resten av området skal om mogleg bli restaurert og ført tilbake til opphavleg terreng/natur.
Den gamle Kløvstien Det kan bli aktuelt å gjennomføre nokre tiltak knytt til Kløvstigen, i hovudsak sikringstiltak, men det kan òg vere ønskjeleg med tiltak for å sikre betre tilgjenge. Det blir og vurdert om ein skal gjere tiltak på rekkverk og dekke på Vøringsfoss bru, ei tidlegare kjørebru, for å få denne til å bli meir ei gangbru enn ei bilvegbru.
Andre tiltak innan planområdet I reguleringsplanen inngår fleire område for fritidsbustader og eit område for utleigehytter. Innehald og utvikling av desse område er ikkje klarlagt, og det er difor stilt krav om at seinare detaljregulering skal fastsette rammene for utvikling av desse område. Det same gjeld til dels for Fossli hotell med omliggjande areal. Her er vist forslag til løysingar for ein del av areala, mellom anna ei utviding av parkeringsplassen, medan anna arealbruk ikkje er fastlagt.