SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: Arkivsaksnr.: 11/317-2 BUDSJETTRAMMER 2012. GRUNNLAG FOR ØKONOMIPLAN 2012-2015.



Like dokumenter
MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Tingsalen Møtedato: Tid: 13.00

Oversyn over økonomiplanperioden

Tertialrapport 2 tertial 2015

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 11/828-6

Løns- og prisauke i kommunesektoren frå 2018 til 2019 (Kommunal deflator) er i statsbudsjettet rekna til 2,8 % med ein forventa lønsvekst på 3,25 %.

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Budsjett 2012, økonomiplan

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 12/ Budsjett 2012, Økonomiplan (ikkje vedlagt)

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Budsjett Rådmannen sitt framlegg

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Andrea Fivelstad Arkivsak: 2014/558 Løpenr.: 9934/2014. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap Ørsta kommunestyre

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Budsjettnotat frå rådmann datert

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Notat. SOGNDAL KOMMUNE Støtteeining økonomi og personal. Formannskapet Tenesteleiarane. ØP-notat nr 3 Økonomiplan Årsbudsjett 2012

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Fylkesmannen vil gi eit oversyn over hovudpunkta i framlegget til statsbudsjett for 2016.

MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: 08.30

SAKNR. 064/12 BUDSJETT FORMANNSKAPET Handsaming i møtet:


SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

STATSBUDSJETT Skatt og rammetilskot 2012

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

MØTE I REPRESENTANTSKAPET - SOGN BRANN OG REDNING IKS

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 07/350-4

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Jølster kommune Saksutgreiing

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 15/ Budsjett og økonomiplan TILRÅDING:

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 18/

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2017.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 12/1113-6

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 14/1132-1

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 13/999-3

Bremanger kommune kontroll av budsjett 2014 og økonomiplan

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jan Kåre Norberg Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 09/2798

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17. desember 2015.

SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2009

NOTAT. Frå: Rådmannen. Saka gjeld:

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Erikka Torgersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 10/992-31

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1

VEDLEGG 3 TIL MØTEPROTOKOLL FOR SAMNANGER KOMMUNESTYRE

Heradet er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

Kolonne 1 viser rammetilskot til kommunane etter revidert nasjonalbudsjett 2012, eksklusive ufordelt skjønn.

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 14/627-1

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 08/2012 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2011 for Leikanger kommune

Forslag til kommunebudsjett 2019 og økonomiplan

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 08/290-6

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

FORMANNSKAPET

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 23.november 2017.

Oversyn over økonomiplanperioden

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2014 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2013 for Sogndal kommune

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

FINANSFORVALTNINGA I 2011

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Budsjett 2011, økonomiplan og planleggingsprogram

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Budsjettguide Kinn. Felles kommunestyremøte

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Sognefjord Hotel Møtedato: Tid: Tittel

Utrekning av stillingar og heimlar for SOGN PPT.

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 11/2012 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2011 for Sogndal kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.

Leikanger kommune Innbyggjarar

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2012

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 29.desember 2014.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: rådhuset Møtedato: Tid: 12.30

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

SAKSFRAMLEGG. Finansrapport 1.tertial Forvaltning av aktiva. Kortsiktig finansiell aktiva (ikkje del av aktiv forvalting)

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Transkript:

SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: Arkivsaksnr.: 11/317-2 BUDSJETTRAMMER 2012. GRUNNLAG FOR ØKONOMIPLAN 2012-2015. TILRÅDING: ::: Sett inn innstillingen under denne linja Saka vert lagt fram utan tilråding ::: Sett inn innstillingen over denne linja... Sett inn saksutredningen under denne linja DOKUMENT: Budsjett 2011 Kommuneproposisjon 2012- Prop.115S Revidert nasjonalbudsjett Søknader om økonomiske tilskot (vedlagt) SAKSUTGREIING: Budsjett 2012 og økonomiplan 2012-2015 byggjer på budsjett 2011 (inkl. endring) og økonomiplan 2011-2014. Frie inntekter som skatt og rammetilskot er henta frå Kommuneprop.2012. På kostnadssida har ein i hovudsak vidareført budsjett 2011. For dei områda ein alt veit at det kjem vesentlege endringar, så er desse lagt inn i grunnlaget. Av vesentlege endringar i inntekssystemet for kommunar er mellom anna omlegging av finansiering av private- og kommunale barnehagar. Desse midlane vert no lagt inn i rammetilskotet som frie midlar. Dette var nytt fom 2011. Fom 2012 er det i tillegg ny metode for utrekning av tilskot til dei private barnehagane. Fom 2012 vert samhandlingsreformen iverksett. Leikanger kommune er her tildelt 2,3 mill kroner til dette formålet. Kom.prp.2012: For kommunane foreslår Regjeringen ei ramme for vekst i frie inntekter på 3-3 ¾ milliardar kroner.

Varsla inntekstvekst har samanheng med den demografiske utviklinga i kommunesektoren. Utrekningar frå Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkskommunal økonomi (TBU) indikerer at kommunesektoren kan få meirutgifter i 2012 på om lag 2,5 mrd.kroner som er knytt til den demografiske utviklinga. Av dette må om lag 2,1 mrd kroner finansierast med vekst i frie innekter. Nye oppgåver i kom.prp.2012: Kommunal medfinansiering av spesialisthelsetjenester. 20 % medfinansiering av somatiske pasientar for alle aldersgrupper. 1. Betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar. 2. Øyeblikkeleg hjelp døgntilbod i kommunane. Gradvis oppbygging fram til 2016. FRIE INNTEKTER Generelt Frie inntekter som skatt og rammetilskot er berekna ut frå prognosemodellen til KS. Modellen er basert på kommuneproposisjon 2012 der verknaden av systemomlegging av inntektssystemet er innarbeida. Skatt på inntekt og formue Skatt på inntekt og formue er berekna til 48,6 mill kroner. Ein auke på 1,5 mill kroner i høve budsjett 2011. Skattenivået ligg då på 95,2 % av landsgjennomsnittet. Auke i skatteinntekter vert regulert mot inntektsutjamninga; fom 2011 er inntektsutjamninga 60 % trekk eller tillegg mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Rammetilskot Rammetilskotet er utrekna til 57,7 mill. kroner. Av dette er 0,8 mill inntektsutjamning. Endring i høve 2011; Auke på 3 mill kroner. Samhandlingsreformene er innrekna med 2,3 mill kroner. Tilskot flyktningar Er pt ikkje utrekna pr. person, har gjort ei skjønnsmessig nedtrapping med ca 10 % i året. Eigedomsskatt Ut frå rekneskap 2010 vert eigedomsskatten sett til 4,8 mill kroner. Eigedomsskatt frå bustad/fritider utrekna med 2,5 promille til ca. 2,5 mill kr. Næring/verk og bruk er rekna med 7 promille til ca.2,3 mill kroner. Andre generelle statstilskot (rente- og avdragskompensasjon) Nyttar rekneskap 2010 som grunnlag. Komepensasjon vert gitt på grunnlag av rentenivå på p.t. lån i Husbanken. Rente- og avdragskomp. eldreomsorg kr.868.000,-. Rentekomp. skule, 6-årstilbodet + skule- og symjeanlegg; kr.420.000,-. Kalkulatorisk rente / avskriving Kalkulatorsik rente vert rekna ut frå 3 års statsobl.rente + 1 %. Nyttar rekneskap 2010 som grunnlag (utg. balanse).

Motpost avskr. kr.1,0 mill. Kalkulatorisk rente kr.0,5 mill. Årets premieavvik Årets Premieavvik viser seg å vere vanskeleg å budsjettere. Før endeleg budsjett 2012 vert utarbeida, vil kommunen motta aktuaroppgåve frå KLP og SPK der selsapa har gjort berekningar på premie / kostand 2012. I påvente av denne oppgåva har ein valgt å sette Årets premieavvik til kr.0,-. DRIFTSUTGIFTER Lønsvekst: Anslag på kommunal deflator i 2011 er oppjustert frå 2,8 % i Nasjonalbudsjettet 2011 til 3,4 %. Oppjusteringa skuldast forventa høgare lønsvekst enn det som var lagt til grunn hausten 2010. Stipulert lønsvekst 2011 er innarbeida i grunnnlaget i eigen post og er rekna til ca. kr.4.000.000,-. Pensjon Ikkje lagt inn endring på pensjon. Gjort føresetnad om apensjonpremie (% av lønn) vert som i budsjett 2011. Årets premieavvik vert sett til kr.0,- Amortisert premieavvik kostnad på ca. kr.450.000,-.(ingen endring) Sentrale folkevalde organ og revisjon Revisjon forvaltningsrevisjon Det vart avsett ei ekstra ramme til forvaltningsrevisjon med kr 200.000 i 2011. I rammesaka har rådmannen lagt inn ein reduksjon på kr 100.000,- i 2012 og 2014. Kommune- og stortingsval Kommunevalet 2011 er oppsett med ei ramme på 90.000. Det er ikkje val i 2012 men stortingsval i 2013 der kommunen ber storparten av kostnadene. Tilleggsløyving Tidlegare år, jfr innverande syner at det kjem nye saker og oppgåver som treng finansiering. Det bør avsetjast ei høgare ramme som kan nyttast til dekking av kostnadene. Det er ikkje spesielt gunstig med noverande praksis der slike saker med avgjort med formuleringa dekkast ved bruk av disposisjonsfond all den tid ein ikkje har kontroll på om der står midlar på fondet. Sentraladministrasjon og styring / Fellestenester Økonomikontoret I samband med innføringa av nye løns- og økonomiprogram har økonomi behov for styrka bemanning. Kontoret har vori styrka med 90 % stilling i 2010 og 2011.

Nye programløysingar blir nå køyrt lokalt og skal kontoret makte å følgje opp oppgåvene, herunder utvikling- og kontrollrutiner må kontoret bli tilført meir ressursar. Felles ikt Det er sett opp ei uake i ramma for ikt-drift. Der kjem stadig nye programløysingar og endring i kostnadene med eksisternade. Økonomiplanen bør ta høgde for kostnadene. Undervisning År 2012 2013 2014 2015 Sum +317 +317-69 -223 Kommunestyret har vedteke å flytta 7. steget frå barneskulen til ungdomsskulen frå hausten 2011. Midlar knytt til denne endringa må overførast ungdomsskulen ved budsjettendring i 2011. Endringa betyr i utgangspunktet ikkje meirkostnader samla sett. Skulane er ellers ved budsjettendring i 2011 tilført midlar til tiltak omkring elev med særlege behov. Heilårsverknad av dette tiltaket er lagt inn frå 2012. Det skjer ellers ein omfordeling av midlar skulane imellom som fylgje av at elev med særlege behov flytter frå barneskulen til ungdomsskulen. Det er vidare lagt inn auka utgifter til vidareutdanning med kr. 60.000 frå 2012. Dette er heilårsverknad av tiltak som er iverksett i 2011. Samla sett er det lagt inn auka ramme til undervisning med kr. 317.000 for 2012 utover tildelt ramme for 2011 etter budsjettendringa tidlegare i år. Barnehage År 2012 2013 2014 2015 Sum 676 676 806 936 Tilskot til privat barnehage: Frå 2011 gjeld ny finansieringsordning for private barnehagar. Endringa inneber at hovudtyngda av dei statlege tilskota er innlemma i rammetilskotet til kommunane som så etter nærmare reglar tildeler barnehagane offentleg driftsstønad. Budsjetterte kommunale utgifter til tilskot til privat barnehage for 2011 syner seg å vera for låge i høve til det barnehagen har rett på. Summen må difor aukast opp ved budsjettendring i juni 2011. Det er i framlegget lagt opp til at den private barnehagen for 2011 får ein andel på 91 % av den gjennomsnittlege offentlege finansieringa av tilsvarande kommunale barnehagar. Dette inneber eit kommunalt tilskot i 2011 på om lag kr.3.980.000,- Prosentsatsen er så gradvis auka opp slik at den i 2015 utgjer 100 % slik reglane krev. Dvs. at for i 2012 og 2013 vert det ein kostandsauke i høve 2010på 130. Deretter ein kostnadsauke på kr.260 i 2014 og 390 i 2015. (Endring i høve budsjett 2010). Auka pedagogdekning: Det er varsla ei presisering av forskrift om pedagogbemanning i barnehagane i næraste framtid. Rådmannen kjenner ikkje det endelege innhaldet her. Rådmannen legg i denne omgang til grunn ei endring som inneber at det ved fleire plassar enn 18 per avdeling skal det tilsetjast ein pedagog ekstra i barnehagen. Samtidig reduserer ein assistentressursen tilsvarande med fråtrekk for ca 10 % stilling som tilsvarar

planleggingstida for den 4. pedagogen. Meirkostnaden for denne endringa åleine utgjer om lag kr. 108.000,- for ein barnehage. For begge barnehagane vil dette då utgjera kr. 216.000,- Auka kostnad kr.216.000,- er lagt inn i grunnlaget. Eventuelle tiltak innan barnehage som ikkje er med i grunnlaget: Redusert barnetal: Det har vore gjennomført ei brukarundersøking mellom foreldra og ei kartlegging mellom dei tilsette etter gjennomførte innsparingstiltak i barnehagane. Foreldra ynskjer redusert barnetal per avdeling og reduksjon av sommarstenginga som i dag er 4 veker. Rapporten frå undersøkinga er lagt fram for kommunestyret. Tilsette i barnehagane har gjennom kartlegginga og elles avviksmeldingar meldt attende at talet barn per avdeling bør reduserast. Grunngjevinga for dette er først og fremst at det høge barnetalet ein no har med inntil 21 plassar per avdeling går ut over tryggleiken til barna, at det fører til eit redusert pedagogisk tilbod og eit større arbeidspress for dei tilsette. Når det gjeld meirkostnader ved evt. å redusere tal ungar per avdeling er dette vanskeleg å berekna eksakt. Det kjem mellom anna an på det totale talet på barn som skal ha plass i dei kommunale barnehagane, og korleis ein greier å organisera tilbodet ut frå eit vekslande tal barn gjennom året. Dersom ein går frå i dag maks 21 plassar til 20 plassar per avdeling samtidig som ein behald dei samla stillingsressursane, vil dette kunne utgjera om lag kr. 20.000,- per avdeling. I Henjahaugane barnehage med 3 avdelingar vil dette utgjera 60.000,- Går ein frå 21 til 19 plassar kan ein dobla dette talet. Dersom ein legg desse tala til grunn vil ein for dei 2 barnehagane kunne rekna med meirkostnader med å redusere maks tal barn frå 21 til 20 på kr. 120.000,- og frå 21 til 19 plassar kr. 240.000,- Sommarstenging i barnehagane: Innsparinga ved å utvida sommarstenginga til 4 veker i dei kommunale barnehagane er tidlegare rekna til kr. 50.000,- Kapasitet ved barnehagane Mulig innsparingstiltak vil vere ei strengare praktisering av inntak av nye born i barnehagane. Slik det er i dag, vert kapasiteten langt på veg tilpassa etterspurnaden ved at ein tek inn born som pr. definisjon ikkje har rett på barnehageplass. Dette har vore eit prioritert tiltak i kommunen for å legge til rette for tilflytting. Denne praktiseringa kostar kommunen ca. kr. 500.000,- i året. Helseteneste År 2012 2013 2014 2015 Sum +175.000 +175.000 +175.000 +175.000 Frå og med 2012 og ut økonomiplanperioden er det lagt inn ein auka på samla kr. 175.000,- kvart av åra. Kr. 140.000 utgjer styrking av fleire einskildpostar på legetenesta og legevaktsamarbeidet. Resten av summen skriv seg frå justering av lønsbudsjettet på fysioterapitenesta.

Sosial og barnevern År 2012 2013 2014 2015 Sum -11.000-111.000-161.000-261.000 Ved budsjettendring tidlegare i år, er budsjetta for økonomisk sosialhjelp, kvalifiseringsstønad og flyktningar justert noko for 2011. Frå og med 2012 er den samla er ramma gradvis redusert slik at ein i 2015 set av kr. 201.000 mindre samla sett enn justert ramme for 2011. Utgifter til økonomisk sosialhjelp er for 2012 auka oppatt til same nivå som ein hadde som utgangspunkt i 2011 og uendra resten av perioden. Frå og med 2012 er det samla sett rekna med ein årleg gradvis reduksjon av utgifter til busetjing av flyktningar. Dersom ein i perioden skulle busetja nye flyktningar må desse tala justerast igjen. Budsjettet til tiltak for funksjonshemma må aukast med kr. 60.000 til eit utvida avlastningstiltak. Sosial- og barnevern er elles eit område der trongen for tenester fort kan endra seg, og dermed og kommunen sine utgifter. Pleie og omsorg År 2012 2013 2014 2015 Sum +600.000 +551.000 +551.000 +551.000 Ved budsjettendring tidlegare i år, sak K-11/11 og K- 15/11 er ramma for 2011 auka med kr. 370.000,- Kr. 150.000 gjeld vidareføring av eldreprosjektet og kr. 250.000,- gjeld drift av eit nytt omsorgstiltak deler av 2011. Heilårsverknad med drift av dette tiltaket er lagt inn frå 2012. Ramma er ellers frå 2012 auka med eitt årsverk, kr. 340.000,- for at heimetenestene skal kunne gje forsvarleg hjelp og tilby tilfredsstillande arbeidsforhold for dei tilsette. Til slutt er det lagt inn heilårsverknad av eit utvida omsorgstilbod i eigen heim med kr. 160.000 frå 2012. Ved eitt mindre særtiltak ventar ein reduserte kostander utover i perioden. Andre tiltak som er melde inn frå pleie- og omsorgstenesta (ikkje med i grunnalget): Multidosesystem Innføring av multidosesystem i heimetenestene inneber at ein inngår avtale med eit apotek som lagar til medisinen til alle brukarane i tenesta i staden for at sjukepleiar i kommunen brukar ca. ein dag i veka på å gjera den same jobben. I tillegg til å frigjera sjukepleieressursar i eigen organisasjon til anna arbeid, vil ei slik omlegging styrka kvaliteten på tenesta. Årleg brutto kostnad for Leikanger kommune vil vera om lag kr. 150.000,- Frigjort arbeidstid for sjukepleiar til andre oppgåver vil utgjera om lag kr. 50 % av dette, altså kr. 75.000,- Dette er eit tiltak som sektoren sjølv ynskjer å prioritere. Reinhald Det er og eit prioritert ynskje frå sektoren at ein får til ei er styrking av reinhald ved sjukeheimen. I tider med hard prioritering av ressursane har det gått utover kvaliteten på reinhaldet. Dette er i dag ikkje tilfredsstillande og tenesta burde vore styrka med 50 % stilling noko som utgjer om lag kr. 200.000,-

Tiltak mot ufrivillig deltid Per i dag er det 9 tilsette som ynskjer å auka opp sine stillingar. Dette utgjer 3,25 årsverk dersom alle skulle auka opp til 100 % stilling. Eit slikt tiltak ville betra bemanninga i vekedagane og dermed redusere trongen for å nytta vikar ved sjukdom og anna fråvær. Det vil likevel ikkje løysa ut problemet med innleige på vakante vakter og sjukefråvær i helgane. Styrka bemanning på dementavdelinga Trongen for personell på dementavdelinga har auka. Talet demente aukar, og andelen yngre demente aukar. Dette er pasientar som ofte vandrar meir og krev meir tilsyn. På nokre områder kan ein til viss grad ta i bruk tekniske hjelpemiddel, men desse skal ikkje erstatte trongen for tilstrekkeleg bemanning. Ei styrking av bemanninga frå 2 til 3 på dagtid i vekedagane vil eksempelvis utgjera kr. 450.000,-. Frivilligheitssentral Leikanger kommune mottok før årsskifte søknad om medverknad til oppstart av frivilligheitssentral i kommunen. Innspelet kom for seint til at ein då kunne ta det med inn i budsjettarbeidet for 2011. Konseptet innebar eit samarbeid mellom kommunen og ein privat aktør. Leikanger kommune sitt økonomiske bidrag ville innebera eit driftstilskot på om lag kr. 200.000,- Initiativtakarane opplyser at det framleis er interesse for å etablera tiltaket etter denne modellen, og at det kan skje frå neste år dersom kommunen ynskjer det. Byggforvaltning Henjahaugane barnehage treng beising utvendig. Vedlikehaldskostnadene er oppført med kr 125.000 i 2013. Straum og oppvarming Årlege kostnader til straum og oppvarming av kommunale bygg har hatt større auke dei to siste åra enn det som ligg inne i budsjettgrunnlaget. Det må takast høgde for at prisane også blir høgare i 2012 og utover. Det er lagt inn ein generell kostnadsauke på kr.500.000,-. Brannvern Leikanger gjekk inn i avtale om felles brann- og redning frå 01.05.11. Kommunen må pårekne ein auke i kostnad med brannvernet som følgje av auka krav til standard og oppfylling av gjeldande forskrifer. Behova knyter seg til opplæring av mannskap og nye krav til utstyr og materiell. Årelg kostnadsauke på kr.200.000,- er lagt inn i grunnlaget. Miljø, areal og næring Kart og oppmåling Gjennom Sogn Regionråd har Leikager avtale saman med dei øvrige kommunane om felles dataløysing innan kart, oppmåling og eigedomsregistrering. Dei årelge kostnadene er på om lag kr.200.000 i drift og lisensar.

Kostnadene har hittil ikkje vori budsjettert særskilt. Det er ikkje lenger rom for dekking av utgiftene på teneste 12002 Felles ikt. FINANS INNTEKTER OG UTGIFTER Renteutgifter lån Samla låneportefølje: 127 mill kroner. (Ca 57 pr. innbyggar) Har berekna renter med buffer på 1 %-p; 4,5% i 2012, 5% i 2013, 5,5% i 2014 og 6% for 2015. Årleg rentekostnad på eksisterande lån; År 2012 År 2013 År 2014 År 2015 5 749 000 5 900 000 6 102 000 6 421 000 Avkastning fond Vanskeleg å anslå korleis verdipapirmarknaden vil utvikle seg det komande året. Leikanger kommune har ca. 31 mill kroner i aksjar og ein må pårekne svingingar i marknaden. Annslår verdiauke på 3 mill kroner for 2012 på heile porteføljen som vert forvalta gjennom Pareto. 3 mill er lagt inn som bruk i 2012. Avdrag Held fast på tidlegare avdragsprofil og tilpassar minimumsavdrag etter forenkla metode. Avdrag 4,5 mill kroner. ANDRE TILTAK SOM IKKJE ER MED I GRUNNLAGET 1. Leikanger sjukeheim har ikkje vore beisa sidan innflyttinga i 2003. Tiltaket er kostnadsrekna til kr. 225.000 og er tenkt utført i 2014. (Heller ikkje med i øk.plan 2014). 2. Andre næringsformål næringskonsulent. Formannskapet har over tid drøfta spørsmålet om ei sterkare satsning på nærings- og utviklingsarbeidet og måtar dette kan organiserast på. I møte 5. mai vedtok formannskapet å få utarbeidt ei sak som går på oppretting av ei eiga prosjektleiarstilling, herunder definering av arbveidsoppgåver, organisering og økonomi. Dei årlege kostnadene med stillinga må reknast til om lag 1 mill kr. 3. Vegar.

Leikanger kommune har eit slite vegnett og rådmann meiner det burde vore avsett midlar til årleg vedlikehald. Budsjetterte midlar held berre til faste kostnader med brøyting og grusing og føreslår at vegbudsjettet vert auka opp med kr.500.000,-. Vedlikehald veg: kr.500.000,-. Samla økonomisk framstilling over tiltak som ikkje er med i grunnlaget: År 2012 År 2013 År 2014 År 2015 Redusert barnetal frå 21-20 (240' 21-19) 120000 120000 120000 120000 Redusert sommarstening ved barnehagane 50000 50000 50000 50000 Endra praksis i høve "full barnehagedekning" -500000-500000 -500000-500000 Multidosesystem v/heimetenesta 150000 150000 150000 150000 Auka reinhaldsst. v/sjukeheimen 200000 200000 200000 200000 Styrka bemanning ved dementavd. 450000 450000 450000 450000 Ytre vedlikehald sjukeheimen, måling 225000 Næringskonsulent 1000000 1000000 1000000 1000000 Vedlikehald vegar 500000 500000 500000 500000 Frivilligheitssentral (ev. støtte i høve søknad) 200000 200000 200000 200000 Sum 2 170 000 2 170 000 2 395 000 2 170 000 INNKOMNE SØKNADER - IKKJE MED I GRUNNLAGET 1. Søknad frå Elise Thorsnes om økonomisk støtte for å utvikle seg til å bli ein internasjonal toppspelar i fotball. 2. Leikanger kommune mottok før årsskifte søknad om medverknad til oppstart av frivilligheitssentral i kommunen. Innspelet kom for seint til at ein då kunne ta det med inn i budsjettarbeidet for 2011. Konseptet innebar eit samarbeid mellom kommunen og ein privat aktør. Leikanger kommune sitt økonomiske bidrag ville innebera eit driftstilskot på om lag kr. 200.000,- Initiativtakarane opplyser at det framleis er interesse for å etablera tiltaket etter denne modellen, og at det kan skje frå neste år dersom kommunen ynskjer det. 3. Søknad frå Luster kommune om tilskot til nytt badeanlegg, kr.200.000,-. 4. Søknad frå idrettslaget Syril om støtte til legging av nytt kunstgras ved ungdomsskulen, kr.100.000,-. Mottekne søknader er lagt ved saka

INVESTERINGAR 2012 2015 Forslag budsjett 2012 Økonomiplan 2013 Økonomiplan 2014 Økonomiplan 2015 Felles datasystem 500000 300000 300000 300000 Symjehall 0 0 40000000 0 Omsorgsbustader 0 5000000 5000000 0 Hamrevegen, asfalt 500000 0 0 0 Riverdalen VAR 0 1200000 0 0 1000000 6500000 45300000 300000 1. Felles datasystem Kommunen sitt felles dataanlegg må jamleg oppgraderast med nytt utstyr og nye programløysingar. Vi kjem ikkje utanom ein årleg sum på mellom kr 300 500 000. Ei slik ramme må enten setjast opp under drift eller investering. For å lette trykket på driftsbudsjettet har rådmannen lagt ramma på investeringsbudsjettet. 2. Symjehall Kommmunestyret har ennå ikkje teki stilling til om Leikanger skal bygge ny symjehall eller ikkje. Rådmannen har likevel ført opp ny symjehall på investeringsbudsjettet i 2014. Renter er rekna for heile 2014, medan avskriving er med fom 2015. I tillegg må ein pårekne driftutgifter av symjehallen. Under konsekvensar av investering i driftsoversikten, er det lagt inn kr.1500.000,- i årlege driftutgifter fom 2015. 3. Omsorgsbustader I økonomiplanen for 2011 2014 vart det lagt inn 0,3 mill til planlegging av nye omsorgsbustader lokalisert til Leikanger sjukeheim i 2011. Venteleg kan bygginga av nye omsorgsbustader starte opp i 2013. Det er lagt inn ei samla investring på 10 mill kr fordelt på åra 2013 og 2014. 4. Hamrevegen asfaltering Kommunestyret har signalisert at ein ønskjer å få lagt nytt dekke på Hamrevegen. Tiltaket er lagt inn i budsjettgrunnlaget med kr.500.000,- 2012 5. Riverdalen veg, vatn og avlaup Saften AS og Leikanger kommune har vedteki ein tilleggsavtale til samarbeidsavtalen om Saften og utearealet. Med tilleggsavtalen skal kommunen stå for bygging av ny veg på område P1 samt legging av nytt leidningsnett for vatn- og kloakk medan Saften AS står for grunnerverva.

Kostnadene med veg og leidningsnett er stipulert til 1 mill kr. Dersom Byggsenteret Hundere bygger nytt leilighetsbygg i Riverdalen må kommunen pårekne å få refundert om lag 50 % av kostnadene. Refusjonen er ikkje lagt inn i finsansieringsgrunnlaget ennå.

Driftsoversikt 2012-2015 (Tal i 1000 kr) B 2011 År 2012 År 2013 År 2014 År 2015 Perioden Skatt på inntekt og formue 47 100 48 635 48 635 48 635 48 635 Rammetilskot 54 700 57 722 57 722 57 722 57 722 Tilskot flyktningar 1 595 2 100 1 890 1 700 1 530 Eigedomsskatt 4 800 4 850 4 850 4 850 4 850 Rentekompensasjon eldreomsorg 809 868 851 881 861 Rentekompensasjon skule 420 380 364 373 355 Avskriving / kalk.renter 1 679 1 580 1 474 1 430 1 350 SUM FRIE INNTEKTER 111 103 116 135 115 786 115 591 115 303 462 815 Renteinntekter 405 401 401 401 401 Renteutgifter eksisterande lån -4 804-5 769-5 920-6 122-6 441 Aksjeutbyte 629 629 629 629 629 Avkastning fond 2 500 3 000 3 000 3 000 3 000 Meklarhonorar -350-350 -350-350 -350 Netto renteutgifter/-inntekter -1 620-2 089-2 240-2 442-2 761 Avdragsutgifter eksisterande lån -4 500-4 500-4 500-4 500-4 500 Netto avdragsutgifter -4 500-4 500-4 500-4 500-4 500 0 Netto rente- og avdragsutgifter -6 120-6 589-6 740-6 942-7 261 TIL FORDELING 104 983 109 546 109 046 108 649 108 042 435 283 Til driftsråmer: Sentrale folkevalde organ og revisjon -2 155-2 150-2 343-2 150-2 250 Sentraladministrasjon og styring -6 048-6 418-6 418-6 418-6 418 Fellestenester -5 201-4 863-4 863-4 863-4 863 Undervisning -22 156-22 763-22 763-22 377-22 223 Barnehage -12 240-12 916-12 916-13 046-13 176 Helsetenester -4 679-4 854-4 854-4 854-4 854 Sosial og barnevern, psykiatri -8 770-9 060-8 960-8 910-8 810 Pleie og omsorg -25 812-26 562-26 513-26 513-26 513 Kultur og bibliotek -2 162-2 177-2 177-2 177-2 177 Kulturskulen i Sogn -889-889 -889-889 -889 Byggforvaltning -7 364-7 946-8 071-7 946-7 946 Vegar -1 559-1 559-1 559-1 559-1 559 Brannvern -1 176-1 376-1 376-1 376-1 376 Vatn, avløp og Renovasjon (VAR) 0 0 0 0 0 Miljø, areal og næring -1 297-1 497-1 497-1 497-1 497 Livssyn -1 431-1 467-1 467-1 467-1 467 Avsett til fond -2 372-2 372-2 372-2 372-2 372 Lønsreserve (auke 2011) -3 500-4 000-4 000-4 000-4 000 Sum driftsutgifter -108 811-112 869-113 038-112 414-112 390-450 711 ETTER FORDELING -3 828-3 323-3 992-3 765-4 348-15 428 Finansiering av underbalanse 3 323 3 992 3 765 4 348 15 428 Resultat 0 0 0 0 Konsekvensar av investeringar i peridoden: Drift av symjehall 0 0 0-1 500 Renter nye investeringar -45-375 -2 904-3 186 Avdrag nye investeringar 0-125 -412-1 638 Sum frå investering -45-500 -3 316-6 324-10 185 Bruk inkl. konsekvens av investering: -3 368-4 492-7 081-10 672 Finansiering av underskot- bruk av fond 3 368 4 492 7 081 10 672 25 613 Resultat 0 0 0 0

Framføring av budsjett 2010, med dei tillegg og føresetnader som er omtala i sakstilfanget, vil i år 2012 medføre ein underbalanse i drifta på kr. 3,3 millionar kroner. For heile økonomiplanperioden vil dette medføre ein underbalanse på 15,4 mill kroner. Investeringsprosjekta vil i perioden påføre drifta ein kostnad på 10,2 mill kroner og inklusiv konsekvensar frå investering, vil ein i perioden få ei underdekning på 25,6 mill kroner som må dekkast ved bruk av fond. Leikanger kommune har i hovudsak tre fond som kan nyttast i drift. Tek ein omsyn til planlagt bruk i år 2011 samt tilføring av overskot frå 2010, vil fonda ha ein saldo på: Avsett overskot: kr.900.000 Sal av aksjar Sognekraft: kr.11.887.000 (del av grunnkapitalen) Kursreguleringsfond: kr.16.595.000 Kursreguleringsfondet er etter årsoppgjersdisposisjonane på det nivået som er kravet i iflg. Leikanger kommune sitt Finansreglement.... Sett inn saksutredningen over denne linja