HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Like dokumenter
HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

1. AVDEKKING AV MOBBING

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

HANDLINGSPLAN FOR EIT GODT PSYKOSOSIALT MILJØ

Handlingsplan mot mobbing

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TILTAK MOT MOBBING Geiranger skule og barnehage 2012

Handlingsplan mot mobbing

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

Zero Rom skoles handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot mobbing. for. Stranda ungdomsskule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

Handlingsplan mot mobbing Glomfjord skole. Avdekke, stoppe og forebygge mobbing.

Handlingsplan mot mobbing. Våge skule; siste gjennomgang i kollegiet: mars/april Side 1

Nyplass skole handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ADFERD KYLSTAD SKOLE

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. SAND SKOLE august 2015

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing.

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing.

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

TILTAKSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING GOL UNGDOMSSKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Handlingsplan mot mobbing på Eiganes skole. Er tilstede Er i utvikling Går sammen

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD

Handlingsplan mot mobbing - Gol vidaregåande skule

Føreord side 2. Innhald side 3. Førebyggjande arbeid side 4. Avdekking av mobbing side 5. Problemløysing side 6

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN FOR ET TRYGT OG GODT SKOLEMILJØ

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

ARBEIDET MED BEREDSKAPSTEAM

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ADFERD

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo

Handlingsplan mot mobbing

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANNA KRENKJANDE ÅTFERD

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD

BRUSKANVISNING. Prinsipper for god håndtering ved. mistanke om mobbing eller meldt mobbesak: Skolens mål og arbeid Prosedyrer Lovverk

Godkjent av driftsstyret Handlingsplan mot mobbing

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Melding til Sandved bydelsutvalg /11

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

HELHETLIG PLAN FOR LÆRINGSMILJØ. -arbeid med det psykososiale læringsmiljøet ved Fridalen skole.

Handlingsplan mot mobbing

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HELHETLIG PLAN FOR LÆRINGSMILJØ. -arbeid med det psykososiale læringsmiljøet ved Fridalen skole.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Tertnes skole. Aktiv læring, med varme og tydelighet. Skoleåret 2015 / 2016

PRIVATSKOLESAMLING. Stavanger 7.mars 2013

VENNSKAP. * Me vil at alle skal føla seg trygge på skulen og på skulevegen. * Me vil at alle skal gje melding dersom dei eller andre vert plaga

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING og KRENKENDE ATFERD TUNBALLEN SKOLE

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert oktober 2016

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Transkript:

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING BRATTHOLMEN SKULE mars 2006, rev. haust 2007/2008/2009/2010/2011/2012

Føreord av rektor Brattholmen skule har som visjon: Ein skule der tryggleik, trivsel og toleranse er grunnlag for læring. På ein slik skule som vår kan vi ikkje godta at nokon skal bli plaga av andre. Dette tyder ikkje at alle skal vera like gode vener alltid. Vi skal ikkje ha ein konfliktfri skule. Det er mykje å læra gjennom konfliktar og handtering av desse. Vi treng å læra å leva med konfliktar og å løysa dei på gode måtar. Mobbing er noko anna enn konflikt. Mobbing vert kjenneteikna ved at ein eller fleire blir plaga over tid. Dette kan gjenta seg i periodar. Det er også slik at styrkeforholdet er skeivt: Dei eller den som plagar, er sterkare enn den som blir plaga. Av og til er det ikkje fysisk styrke som gjer utslaget, men at den som er plaga, kjenner seg underlegen. Det er den subjektive kjensla til mobbeoffer av å bli mobba som vert lagt til grunn for handtering av mobbesak etter denne planen. Vi vil i framhaldet spesielt ha fokus på den skjulte mobbinga(tidlegare kalla jentemobbing) og skaffa oss kompetanse på dette området. Planen for vinteren 2013 er å få til eit samarbeid med Senter for adferdsforsking for å fornya kompetansen vår på heile mobbe-problematikken. Samkvem mellom oss på skulen skal alltid vera prega av gjensidig tillit og respekt. Når dette er på plass, vil plaging bli borte! Denne planen er også forankra i Opplæringslova 9a, med særleg vekt på punkta 1, 3 og 4. 9a har eit vidare perspektiv enn berre mobbing. Denne planen er såleis ein del av arbeidet med denne paragrafen i Opplæringslova. På skulen hos oss har vi ingen toleranse for mobbing! Det betyr ikkje at mobbing ikkje fins. Skulen handterer alle saker som vert meldt, slik denne planen skisserer. Arne Bjorøy rektor mars 2006/2012 Rev. Sept. 2007/des. 2008/okt. 2009/okt. 2010/nov. 2011/okt.2012 Handlingsplan mot mobbing 2

Innhald 0. Mobbing, definisjon og mål for arbeid mot mobbing 1. Førebygging Relasjon lærar/assistent elev Relasjon lærar/assistent - klasse/gruppe Relasjon elev elev Relasjon tilsett føresette Skulestart Klasse/gruppestart: Skule og SFO Sikring av arenaer som skuleplass, gym.avdeling, SFO og skuleveg 2. Avdekking Årleg undersøking av omfanget av mobbing ved skulen Vakt og tilsynsordningar Kommunikasjon lærar elev foreldre Ved mistanke om mobbing 3. Problemløysing Prosedyre når mobbing er meldt eller avdekka Samarbeid med andre instansar ved mobbing Arbeid i etterkant av ei mobbesak arbeid med elevane Arbeid i etterkant av ei mobbesak organisasjonsarbeid 4. Kontinuitet Ansvarskjede Faste tiltak i eit årshjul Årleg gjennomgang og revisjon av planen Handlingsplan mot mobbing 3

Skulen sitt arbeid mot mobbing Mål: Alle elevar skal oppleva eit trygt og godt arbeidsmiljø fritt for mobbing på skulen (jf. Opplæringslova 9a-1: Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.) Med mobbing eller plaging forstår vi psykisk og/eller fysisk vald retta mot eit offer, utført av enkeltpersonar eller grupper. Mobbing føreset eit ujamt styrkeforhold mellom offer og plagar, og episodane vert gjentekne over tid. (Roland og Sørensen Vaaland, i Zero, SAFs program mot mobbing. Lærerveiledning, 2003). Helsedirektoratet: Vi identifisere tre viktige kjennetegn ved mobbing; mobbingen foregår over en lengre tidsperiode, handlingene må finne sted gjentatte ganger, og det må være en opplevd ubalanse i styrkeforholdet mellom mobber og offer. Ubalansen i styrkeforholdet kan være både av fysisk eller psykologisk karakter. Men den som utsettes for mobbingen makter altså ikke å ta igjen eller forsvare seg. (Indikatorer psykisk helse 2009) Nokre vanlege kjenneteikn hos elev som vert mobba: Psykosomatiske plager (vondt i hovudet, magen mest vanleg), søvnvanskar, skulevegring, dårleg appetitt. Dersom eleven har symptom/kjenneteikn på at han/ho vert mobba, må føresette ta kontakt med skulen straks. Skulen sitt arbeid mot mobbing vert skildra i denne planen. Planen byggjer på fire prinsipp: Førebygging Avdekking av mobbing Problemløysing av mobbesaker Kontinuitet i arbeidet Handlingsplan mot mobbing 4

1. FØREBYGGING MÅL: Alle elevar skal oppleva eit godt skule-/arbeids-miljø, jf Opplæringslova 9a-4. 1.1 Relasjon lærar/assistent - elev Lærar/assistent er ein tydelig og støttande vaksen som eleven kan ha tillit til. Mål: Klasse-/gruppe-leiar er grensesetjar, bryr seg, viser omsorg, er tilgjengeleg og har tid til eleven. Tiltak skulen set i verk for å hjelpa til med at lærarar/assistentar si relasjonsbygging til einskildelevar held fram kontinuerleg og har høg kvalitet: Dette kan skje gjennom systematiske elevsamtalar, vi helsar på elevane elevrådsarbeid, sosiale arrangement som ballturneringar, aktivitetsdag, fellessamlingar, turar og utflukter. miljøbyggande aktivitetar på skuleplass, i gym.sal, klasserom i storefri (m.a. trivselsleiing). 1.2 Relasjon lærar/assistent - klasse/gruppe Mål: Lærar/assistent utøver tydeleg, støttande leiing på ein slik måte at klassen/gruppa opplevest som ein trygg stad for alle elevane (etter prinsippa i TSK). Det betyr: Å ha klåre grenser, prosedyrar og rutinar og å ha kjente strategiar for problem- og konfliktløysing. Bruk av Ditt val skal vera med å ansvarleg-gjera eleven. Tilsette set seg inn i og brukar metoden. Tiltak skulen set i verk for å hjelpa til med at lærarar/assistentar si relasjonsbygging til klassen/gruppa held fram kontinuerleg og har høg kvalitet: sørgja for at vi skaffar oss kompetanse om korleis ein set grenser og lagar rutinar. 1.3 Relasjon elev - elev Mål: Elevane i klassen/gruppa tar vare på kvarandre og er opptatt av at alle har det trygt. Det kan vera å ha opplegg som (lista gir berre døme): hemmeleg venn (tiltak best eigna frå 1.-4.klasse) fadderordningar fellesaktivitetar klassens time trivselsleiarar (eige system utvikla av Trivselslederne ) Tiltak skulen set i verk for å hjelpa til med at lærarar/assistentar stimulerer til positive relasjonar mellom elevane, held fram kontinuerleg og har høg kvalitet: å sørgja for at elevane har tilgjengeleg leikeutstyr til bruk i friminutta: ballar, hoppetau, spader og spann og liknande. å sørgja for at leikeutstyr, ballmål, ballkorger sklie osv. vert vedlikehaldne vera leiarar for trivselsleiarar (TL-kontaktar) setja av tid til fri leik ute og inne Handlingsplan mot mobbing 5

kjøpa spel til klassane/utlån ved behov gripa inn i leiken når dette er nødvendig 1.4 Relasjon tilsett - føresette Mål: Relasjonen mellom lærar/assistent og den enkelte elev sine føresette er prega av respekt, tillit og samarbeidsvilje Det betyr: Å ha lav terskel for å ta kontakt. Tiltak skulen set i verk for å bidra til at lærarane/assistentane sitt arbeid med å byggja gode relasjonar til føresette pågår kontinuerleg og har høg kvalitet: tilretteleggja for eit godt informasjonsnivå invitera foreldra med på ulike arrangement 1.5 Skulestart Mål: Skulestarten skal være føreseieleg og trygg og gi alle elevar ei positiv oppleving. Det betyr at skulen arrangerer førskuledag(ar) har fadderordning gjer elevane kjent med bygningar, tilsette, skuleområde innfører skulerutinane alt frå 1. klasse 1.6 Klasse-/gruppe-start: Skule og SFO Mål: Lærar/assistent møter klassen/gruppa på ein måte som signaliserer trygg leiing, ivaretaking som basis for gjensidig tillit. Det vil seia å innarbeida faste enkle, felles rutinar og å tydeleggjera grenser etter prinsippa i TSK. Dette betyr: sørgja for at alle elevar blir kjende med ordensreglane ved skulen/i SFO (inkl. konsekvensar ved brot på dei). laga gode klasse-/gruppe-reglar vera ein tydeleg, støttande klasse-/gruppe-leiar. 1.7 Sikring av arenaer som skuleplass, gym.avdeling, SFO og skuleveg Dette får vi til ved å ha god inspeksjonsordning i friminutta. vera synleg for elevane (bruk av vest) og vera tilstades. kartleggja av det fysiske utemiljøet, der det kan førekoma mobbing, og setja inn ekstra tilsyn der. følgja 1. - 4. klasse til skulebuss. 2. AVDEKKING AV MOBBING MÅL: Mobbing som føregår i og ved skulen, blir avdekka. Skulen har prosedyrar for jamleg å avdekke eventuell mobbing av og blant elevar. I tillegg til prosedyrane set skulen og opp kva for ansvar ulike aktørar har i denne samanhengen. Aktuelle aktørar er: Leiing, lærarar, assistentar (evt. andre tilsette), elevar og foreldre. 2.1 Årleg undersøking av omfanget av mobbing ved skulen Prosedyre ved årlige undersøkingar, vår (april/mai): Handlingsplan mot mobbing 6

Eiga spørjeundersøking og elektronisk undersøking frå SAF(Senter for Adferdsforskning, Universitetet i Stavanger) vert gjennomført skiftesvis kvart anna år Eiga undersøkjing (partalsår): Spørjeskjema ligg i Handboka til skulen. SAF-undersøkjinga (oddetalsår): 3. 7. klasse gjer denne elektronisk. Ansvar i samband med gjennomføring og oppfølgjing av den årlige undersøkinga: Leiarteamet finn tidspunkt og legg til rette for gjennomføring av undersøkinga. Leiarteamet tilrettelegg og planlegg gjennomgangen av resultatet for lærarplenum, som konkluderer med eventuelle tiltak. Tiltaka må vere felles ansvar og springe ut frå felles haldning. 2.2 Vakt- og tilsynsordningar Sjekkpunkt for vakt- og tilsynsordningar: Vi følgjer ei oppsett vaktliste for alle friminutt. Ansvar: Inspektør Elevane skal vite kor det er vakt og vaktområde. Ansvar: Kontaktlærar. Alle som har vakt, har på vestar som gjer dei synlege i uteområde. Elevane må gå til vakt. Vakt/vaksenperson informerer kontaktlærar ved mistanke om mobbing 2.3 Kommunikasjon lærar elev føresette 1. Mobbing er tema på foreldremøte og på alle faste utviklingsamtalar med elevar og føresette. Det blir gjennomført minst 2 elevsamtalar, 2 utviklingsamtalar og 1 klasseforeldremøte/felles foreldremøte kvart skuleår. Ansvarleg: Kontaktlærar/leiing (med timelærarar på felles foreldremøte). 2. Mobbing som tema blir tatt opp på informasjonsmøte med 1. klasseforeldre i samband med førskuledag om våren, og med nye foreldre. 1. klasse deltek i Zippys vener. Ansvarleg: Rektor 3. Antimobbereglar blir tatt opp i klassen ved starten på kvart skuleår Ansvarleg: Kontaktlærar 4. Ei årleg Zero-samling for alle elevane før haustferien. Ansvarleg: 6.+ 2. klasse. 5. Årleg revisjon av denne planen involverer heile skulesamfunnet, inkl. aktuelle råd og utval (Elevråd, FAU, SMU). 2.4 Ved mistanke om mobbing 1. Melding om mobbesak via eige skjema, vedlegg til denne planen og tilgjengeleg på heimesida til skulen. (Kan brukast av alle aktører som nemnt over: Leiing, lærarar, assistentar, evt andre tilsette, elevar/foreldre). 2. Informasjonsinnhenting gjennom observasjon kontaktlærar er ansvarleg til vanleg. Ansvarleggjering og involvering av heile personalet info på personalmøte. Ansvar: Kontaktlærar. Vurdering om vaksenressurs må omdisponerast for kortare eller lengre tid ansvar: Leiing i samråd med involvert(e) lærar(ar). 3. Informasjonsinnhenting gjennom samtale med offer. Ytterlegare konkretisering: Kontaktlærar/lærar klargjer for eleven at ho/han veit kva som truleg skjer og at skulen ikkje kan akseptere dette. Føresette blir kontakta Handlingsplan mot mobbing 7

Ansvarleg: Kontaktlærar (til vanleg) 4. Informasjonsinnhenting gjennom samtale med mobbar(ar) Kontaktlærar/lærar klargjer for eleven at ho/han veit kva som skjer og at skulen ikkje kan akseptera dette. Føresette blir kontakta Ansvarleg: Kontaktlærar (til vanleg) I situasjonar der foreldra ikkje ynskjer å ta til på tiltaksplanen, skal skulen ha skriftleg dokumentasjon på dette. Handlingsplan mot mobbing 8

3. PROBLEMLØYSING I MOBBESAKER Mål: Skulen tek ansvar og initiativ for å stoppa mobbing. Dette skal gjerast på måtar som i neste omgang førebyggjer mobbing. Skulen sin fellesstrategi skal sikra at lærarar eller føresette som tek opp ein mobbesak veit at ho blir handtert etter retningslinjer som ligg i denne planen. Rektor fattar ev. enkeltvedtak etter 9a i Opplæringslova. I sin yttarste konsekvens kan vedtaket omfatta flytting av mobbar til annan skule. 3.1. Prosedyrar når mobbing er meldt eller avdekka Prosedyrar ved ei mobbesak: I særlege tilfelle kan leiinga gå inn som ansvarleg i ei konkret mobbesak. Leiinga skal i alle høve vera orientert om situasjonen og om tiltak som blir sette i verk. Alle tiltak skal dokumenterast med vurdering av kva som verkar etter kvart. Kontaktlærar er ansvarleg for dette. Alle saker startar med utfylt skjema, Melding av mobbesak. 1. Undersøkingar for å sikra faktainformasjon Kontaktlærar organiserer kollektiv innsamling av informasjon og fakta omkring mobbinga hos personale på skulen(lærarar, assistentar, SFO). Den som arbeider med problemet, avgjer kven som skal kontaktast i samråd med leiinga. Føresette får informasjon om sin elev. Føresette kan ha med seg talsperson i samtale med skulen. Ansvarleg: Kontaktlærar 2 Første samtale med offer etter prosedyre skildra i Zero. SAFs program mot mobbing, Lærarveiledning. Ansvarleg: Kontaktlærar. 3. Første samtale med plagar etter prosedyre skildra i Zero. SAFs program mot mobbing. Lærarveiledning. Ansvarleg: Kontaktlærar 4. Oppfølgingssamtalar med offer Ansvarleg: Kontaktlærar 5. Oppfølgingssamtalar med plagar Ansvarleg: Kontaktlærar 6. Samtale med leiinga, informasjon og avtale om vidare saksgang. 7. Samtalar med foreldra til offer Ansvarleg: Kontaktlærar 8. Samtalar med foreldra til plagar Ansvarleg: Kontaktlærar Desse samtalane skal ikkje nødvendigvis gjennomførast i rekkefølgja over, men må tilpassast det i enkelte tilfellet. Alle samtalane skal gjennomførast. 3.2 Samarbeid med andre instansar ved mobbing Aktuelle samarbeidspartar er: Føresette, PPT, BUP, barnevern, fastlege, skulehelseteneste (barnehage) Dersom kontakt med føresette ikkje fører fram, er det aktuelt å kontakte PPT og eller barnevern. Handlingsplan mot mobbing 9

Ansvar for å etablera kontakt med eksterne instansar: Rektor 3.3 Arbeid i etterkant av ei mobbesak arbeid med elevane Etter at ein mobbesak er løyst, eller at det er tatt affære for å endre situasjonen, vil det vera nødvendig å jobbe strategisk i forhold til dei ulike partane: mobbeofferet, mobbarane og tilskodarane. Målet med dette arbeidet må vera å førebyggja at dei kjem i slike rollar seinare. Prosedyrar for jobbing i etterkant med enkeltelevar og klasse/gruppe: Oppfølging med jamlege samtalar. Haldningsskapande arbeid i klassen. Ansvar for arbeidet: Kontaktlærar 3.4 Arbeid i etterkant av ei mobbesak organisasjonsarbeid Problemløysing på individuelt nivå og etterarbeid etter ei mobbesak kan avdekka veikskapar i systemet som bør endrast for å verka førebyggjande. Det er difor viktig at kvar mobbesak vert avslutta med ei evaluering der leiing og involverte lærarar drøftar kva ein i organisasjonen kan læra av den aktuelle saka med tanke på å førebyggja mobbing. Dette blir gjort ved: 1 Gjennomgang av saka med tanke på kva den syner av organisering og rutinar som ikkje fungerer godt nok (leiing og involverte lærarar). Dette skal nedfellast i denne planen. Skriftleggjering Ansvarleg: Rektor 2 Informasjon til andre tilsette basert på det som kjem fram i prosedyren, punkt 1. Personalmøte Ansvarleg: Rektor, SFO-leiar 3 Føresette kan levera ein avsluttande, skriftleg rapport om korleis dei har opplevd saka. Ei slik tilbakemelding vil vera verdfull for skulen i vidare arbeid med denne planen. 4. SMU (Skulemiljøutvalet) får informasjon om saker gjennom året på generelt grunnlag på vårmøtet for å kunna bidra til å betra skulemiljøet og førebyggja mobbing, og for å vera med i prosessen med å vidareutvikla denne planen. 5 Oppheving av enkeltvedtak etter 9a i Opplæringslova. Når grunnlaget for vedtaket er falle bort, er vedtaket oppheva. Unnatak er vedtak om flytting til annan skule. Føresette får informasjon om dette. Unnatak er her også vedtak om flytting til annan skule. Ansvareleg: Rektor Handlingsplan mot mobbing 10

4. KONTINUITET Mål: Skulen sitt arbeid med å førebyggja, avdekka og stoppa mobbing føregår kontinuerleg. Handlingsprogrammet for ZERO vert gjennomgått/revidert årleg med alle tilsette. FAU blir også invitert til å koma med innspel. 4.1 Ansvarskjede Problem vert løyst på lågast mogleg nivå. Lærar/assistent veit når saker skal meldast vidare og veit kven dei kan vende seg til, dersom problem ikkje kan løysast på deira nivå. (Det vil altså vere som ei trapp, der problema søkjest løyst lågast mogleg, men der ein går lenger opp i trappa når nødvendig). (Sjå kap. 2) 4.2 Faste tiltak i eit årshjul For å sikre kontinuitet i tiltak for å førebyggja og avdekka mobbing vert faste tiltak på skulen sett inn i ein kalender over skuleåret: Årshjul Månad: Aktivitet Ansvarleg August: gjennomgang av tiltaksplan leiing fadderordning 5. og 6. klasse oppstart, trivselsleiarar TL-kontaktar September: zerosamling 6. og 2. kl felles foreldremøte rektor klasseforeldremøte kontaktlærarar Oktober: solidaritetsaksjon komite elevsamtalar kontaktlærarar November: utviklingssamtalar kontaktlærarar Desember: fellesaktivitetar/julelunsj (aldersblanda) team tilstelling kring jul team Januar: kanonball turnering elevrådskontakt nye trivselsleiarar valde TL-kontaktar Mars: ski-dag 5.-7. kl April: elevsamtalen kontaktlærar evaluering /tiltak av trivselsundersøkinga leiarteam Mai: utviklingssamtalar kontaktlærar fadderordning 4. klasse(førskuledag) fotballturnering elevrådskontakt gjennomføring av trivselsundersøking kontaktlærarar Brattis-stjerne elevråd Handlingsplan mot mobbing 11

Juni: aktivitetsdag komité Tyssøy-tur, 1.- 4.kl komité sommaravslutning 6. klasse 4.3 Ansvarleg for gjennomgang og revisjon av planen For å gjera planen til eit aktivt verktøy i organisasjonen vil det vera nødvendig med ein årleg gjennomgang for å vurdera om planen fungerer tilfredsstillande eller om det er nødvendig med revisjon. Frist for revidert plan: Oktober/november, i samband med gjennomgang av rutinar, reglar osv. Planen vert lagt fram for SMU ved større endringa. ansvarlig for at årlig gjennomgang av planen blir gjort: Rektor Handlingsplan mot mobbing 12