HANDLINGSPLAN MOT MOBBING GOL UNGDOMSSKULE

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "HANDLINGSPLAN MOT MOBBING GOL UNGDOMSSKULE"

Transkript

1 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING GOL UNGDOMSSKULE

2 Forord Gol ungdomsskule ynskjer å fremje eit læringsmiljø som er prega av tryggleik og trivsel. Me vil ha eit miljø der alle partar kan samhandle på ein positiv måte. Opplæringslova set fylgjande krav til elevane sitt psykososiale miljø: Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Opplæringslova 9a-1 (Generelle krav) Dette vert det jobba med i alle samarbeidsorgana ved skulen. (Elevråd, skulemiljøutval, FAU og SU) Ein viktig del av det forebyggjande arbeidet er hindre at det oppstår mobbing. Målet med dette arbeidet er at det ikkje skal finnast mobbing ved Gol ungdomsskule. Det fins fleire måtar å definere mobbing på, og ein av dei fremste ekspertane på mobbing, Erling Roland, har laga fylgjande definisjon: Med mobbing eller plaging forstår vi psykisk og/eller fysisk vold rettet mot et offer, utført av enkeltpersoner eller grupper. Mobbing forutsetter et ujevnt styrkeforhold mellom offer og plager, og episodene gjentas over tid. (Roland og Sørensen Vaaland, 2003) Handlingsplan mot mobbing er Gol ungdomsskule sin beredskapsplan for å avdekke, løyse og førebyggje mobbing. Den skal gjennomgåast og reviderast årleg og er ein forpliktande del av det daglege arbeidet ved skulen. Gol Hallgeir Haugen Rektor 2

3 Innhald 1.0 Innleiing s Skulen sitt arbeid mot mobbing s Førebygging s Relasjon vaksen klasse/gruppe s Relasjon elev elev s Relasjon skule heim s Avdekking s Tiltaksplan s Strategisk jobbing på Gol ungdomsskule s Kontinuitet s. 14 3

4 1.0 Innleiing Mobbing er eit problem for mange. Det er mange som blir utsett for dette ei eller anna gong i løpet skuletida si. Ingen foreldre kan vere sikre på at barna deira aldri vil mobbe eller bli mobba. Mange elevar ber på mobbing som eit hemmeleg mareritt og lir i det stille. Sjølv om det normalt skjer framfor auga på andre, kan det vere vanskeleg å få tak på det. Mobbing har eit vidt spekter, og det går føre seg på mange arenaer. Mobbing kan vere: Verbal (t.d. bruk av kallenamn) Sosial (t.d. å ikkje få vere med, bli halden utanfor) Materiell (t.d. at klede eller andre eigendelar blir øydelagde) Psykisk (t.d. at andre trugar eller tvingar til å gjere noko) Fysisk (t.d. å bli slått eller sparka) Mobbing gjennom sosiale medium (t.d på facebook, twitter, sms ) Kjenneteikn på mobbing kan vere: auka fråvere frå skulen/gymtimar vondt i magen, hovudet, spesielt om morgonen, få vener, går ofte åleine. humørsvingingar, tek lett til tårene, er aggressiv, blir lett deprimert. plutseleg fagleg tilbakegang søkjer ofte kontakt med lærar og er sein med å forlate klasserommet. 4

5 Mobbing føregår ikkje berre på skulen. Skulens innsats i arbeidet mot mobbing blir noko avgrensa i tid, stad og involverte personar, men eit tett og godt samarbeid med heimen vil kunne gje positiv innverknad også på arenaer der skulen ikkje har nokon mynde. Skulen har plikt til å gripe inn viss dei får kjennskap til, eller mistenker at mobbing føregår. Like viktig er det førebyggjande arbeidet skulen gjer, og at dette har ein klar struktur, er forutsigbar og har kontinuitet 5

6 2. 0 SKULEN SITT ARBEID MOT MOBBING Overordna mål: På Gol ungdomsskule skal alle elevar oppleve eit trygt og godt miljø fritt for mobbing. Mål: 1. Gol ungdomsskule skal gjennom førebygging hindre at elevane blir utsett for mobbing. 2. Gol ungdomsskule skal ha rutinar for å oppdage mobbing, og elevar og føresette skal kunne oppleve at dei trygt kan melde frå om mobbing. 3. Gol ungdomsskule skal aktivt følgje opp mobbeoffer og mobbar. 4. Gol ungdomsskule skal ha eit best mogleg samarbeid med føresette i mobbesaker. 5. Mobbing er eit felles ansvar ved skulen. Skulen sitt arbeid mot mobbing byggjer på fire prinsipp: 1. Førebygging 2. Avdekking av mobbing 3. Tiltaksplan 4. Kontinuitet i arbeidet. 6

7 2.1 Førebygging På Gol ungdomsskule vil vi at alle elevar skal oppleve eit godt arbeidsmiljø. Gol ungdomsskule har i samarbeid med elevar og FAU representantar utarbeida trivselsplakatar med overskriftene: -Vis respekt -Vis ansvar -Vis omsorg Det er ein prioritet at vi kontinuerleg jobbar med relasjonar og relasjonsbygging Relasjon vaksen elev Dei tilsette er tydelege vaksne som eleven har tillit til. Det tyder at den vaksne: - Følgjer reglar og rutinar som er bestemt - Respekterer den enkelte elev sine særtrekk og føresetnader - Er hyggelege og venlege i omgang med elevar - Bevisst og aktivt brukar seg sjølv som rollefigur Det tyder på skulenivå: - Jamnleg gjennomgang av visjonar, mål og reglar på skulen - Legge til rette for å skape gode relasjonar mellom elevane og dei vaksne - Legge til rette for gode kollegiale forhold - Legge til rette for eit godt skule-heim samarbeid - Skulen innhentar nødvendig kompetanse ved behov - Ein god struktur og organisering Det tyder på gruppenivå. - Må jobbast kontinuerleg med klassemiljøarbeid - Må jobbast med å oppretthalde eit godt skule-heim samarbeid - At den enkelte elev får vise sine sterke sider 7

8 2.1.2 Relasjon vaksen klasse/gruppe Dei vaksne skal bidra slik at klassen/gruppa skal opplevast som ein trygg stad for alle Det tyder: - Å vere ein klar og tydeleg vaksen - Å vere konsekvent - Å vere forutsigbar og skape tryggleik - Å vere godt førebudd - Å ha ein venleg og god tone i klassen/gruppa - Å handle ut i frå den enkelte sitt behov og nivå Her kan skulen bidra ved å leggje til rette for fagleg utvikling og godt samarbeid for dei tilsette. Gjere dei vaksne bevisst deira rolle. Gje rom for relasjonsbygging og gjennomføre felles aktivitetar Relasjon elev-elev Elevane tek omsyn til kvarandre og bidreg til eit inkluderande fellesskap. Det tyder: - At elevane inkluderer kvarandre i arbeid - At elevane er hyggelege og venlege i omgang med kvarandre - At elevane ikkje skal snu ryggen til nokon - At elevane bryr seg om kvarandre og engasjerar seg i kvarandre Korleis skulen kan leggje til rette og bidra til stimulering av positive relasjonar: - Fellesaktivitetar på tvers av klassetrinn som skaper trivsel og kjensle av å høyre til (t.d balldag, skoleball, jul- og sommaravslutning, juleverkstad, turar ) - Stimulere til eit aktivt, godt og velfungerande elevråd - Bruk av klassens time som eit reiskap for å fremje sosial kompetanse og tilhøyre - Arbeid på tvers av grupper og trinn. Arbeide saman mot eit felles mål. - Haldningskampanjar og bevisstgjering av elever at tull frå den eine si side, kan oppfattast som plaging/mobbing frå den andre si side - Aktiv bruk av ART- kompetansen som skulen har 8

9 2.1.4 Relasjon skule-heim Skulen og dei tilsette har eit aktivt og opent samarbeid prega av respekt, tillit og samarbeidsvilje. Det tyder: - At skulen er open for alle typar førespurnader og tek alle like alvorleg - At det er ein open dialog mellom skule og heim - At både skule og heim er lydhøre for den andres synspunkt - At foreldre veit korleis dei skal forhalde seg til ulike saker dei vil ta opp med skulen - At foreldre snakkar positivt om skulen i barnas påhøyr - At begge partar er imøtekommande overfor kvarandre. Korleis skulen kan bidra til å fremje gode relasjonar med heimen: - Skulen har eit tett og godt samarbeid med FAU - Aktivt og engasjert FAU - Skulens klassekontaktar - Skulen informerer korleis foreldre kan gå fram i ulike saker dei ønskjer å ta opp med skulen - Utviklingssamtalar haust og vår - Foreldremøte haust og vår - Andre enn kontaktlærar kan møte saman med kontaklærar på møte som kan vere vanskelege. T. d sosiallærar, rådgjevar, rektor, inspektør og/eller faglærar. - Ei operativ, brukarvenleg og informativ heimeside - Passe på at tilhøva ligg til rette for god kontakt med heimen o Tilgang til telefonar, møterom og tid til samtalar o Rutinar for fast planlagde møte 9

10 2.2 Avdekking Gol ungdomsskule ønskjer at mobbing som går føre seg i skuletida blir avdekka. I skulen sine prosedyrar vil vi ha jamnlege tiltak for å avdekke eventuell mobbing, og det blir sett opp kva for ansvar dei ulike aktørane har. Aktuelle aktørar kan vere: dei tilsette ved skulen, elevar og foreldre. Heile personalet ved skulen er spesielt merksame på at mobbing kan skje og gir melding til klassestyrar. Førespurnader frå elevar, foreldre/føresette/bussjåfør blir registrert og vidare behandla. Gol ungdomsskule gjennomfører: Ei årleg undersøking av elevanes trivsel på skulen. Sosiallærar førebur undersøkinga og har ansvaret for å handsama resultata, medan kontaktlærar er ansvarleg for gjennomføring og gjere elevar og føresette kjent med resultata. Dei tilsette vil så, i samarbeid med elevråd og FAU, drøfte forslag til tiltak der det er nødvendig, som så blir gjort kjent for elever, føresette og tilsette. Elevsamtalar/utviklingssamtalar med ein klar struktur der trivsel er eit tema kontaktlæraren skal vere innom. Dette gjeld både eleven sin trivsel og eleven sine observasjonar av korleis andre trivst. Ansvarleg: kontaktlærar og faglærar Foreldremøte der trivsel og miljø er eit tema som går att. Ansvarleg: trinnleiar Samarbeid med andre instansar utanfor skulen slik som bl.a. helsesøster og PPT. Ved mistanke om mobbing skal dette behandlast på ein seriøs måte. Skulen må ta ansvar for at dette behandlast etter dei retningslinjer som er nemnt under. Informasjonsinnhenting gjennom observasjonar. Naturlege involverte vaksenpersonar slik som kontaktlærar, sosiallærar, assistentar observerar miljøet. Ansvarlege: alle tilsette som oppdagar noko eller får mistanke om noko, må undersøke saka vidare eller informere kontaktlærar Informasjonsinnhenting gjennom samtale med den som kan ha vore offer. Gjennomføre samtale med den som blir mobba og andre i gruppa. Ansvarlege: Kontaktlærar i samarbeid med sosiallærar og leiinga ved skulen. Ved alvorlege mobbesaker skal leiinga ta ansvaret. 10

11 2.3 Tiltaksplan Gol ungdomsskule tek ansvar og initiativ for å stoppe mobbing. Dette skal bli gjort på måtar som i neste omgang kan førebyggje mobbing ved skulen. Felles strategi ved skulen skal sikre at tilsette og/eller føresette som tek opp ei mobbesak, veit at ho blir seriøst behandla etter retningsliner ein er blitt einige om. Ansvarleg for saka er kontaktlærar til eleven. Denne skriv logg om alt frå saka. Ansvarleg kontaktlærar støttar seg gjerne til sosiallærar eller skulens rektor/inspektør. Prosedyren skal gå utan ugrunna opphald. Skulens strategi når tilfelle av mobbing er meldt eller avdekka: 1. Undersøkingar for å sikre faktainformasjon Snakk med den som blir mobba, andre i gruppa som kan vite noko, andre på skulen, ta kontakt med heimen for å undersøke og informere. Ansvarleg: kontaktlærar 2. Informasjon til rektor og føresette Kontaktlærar varslar rektor og føresette. Informasjonsinnhenting også frå heimen. Føresette skal alltid informerast om at barnet deira er involvert i ei mobbesak. Det skal vurderast i kvar einskild sak om føresette skal ha ei aktiv rolle. 3. Fyrste samtale med den som blir mobba Gjennom samtalen få tilbakemelding om konkret mobbing. Kva har skjedd når, kvar, kor ofte og av kven. Kartlegg venneforhold. Ansvarleg: kontaktlærar til den som blir mobba 4. Fyrste samtale med plagar Gje beskjed om at konkret åtferd ikkje er tillate, og at denne åtferda straks skal slutte. Ikkje gå inn i diskusjonar om skuld og liknande. Alvoret skal tydeleggjerast. Notat om mobbinga skal leggjast i plagarens mappe. Ansvarleg: kontaktlærar til den som blir mobba og kontaktlærar til den som plagar. 11

12 5. Oppfølgingssamtale med den som blir mobba Sjekk om mobbinga er stoppa og korleis eleven har det no. Ansvarleg: kontaktlærar 6. Oppfølgingssamtalar med plagar Har eleven slutta med mobbinga? Jobbe for å finne alternative aktivitetar som gjer at ein ikkje kjem opp i situasjonar der ein kan bli freista til å plage andre. Ansvarleg: kontaktlærar til den som blir mobba og kontaktlærar til den som plagar. 7. Samtalar med føresette til den som blir mobba Kva kan føresette bidra med slik at den som blir mobba, ikkje kjem opp i situasjonar der mobbing kan skje? Ansvarleg: Kontaktlærar til den som blir plaga 8. Samtalar med føresette til den som plagar Kva kan føresette bidra med for at mobbing ikkje skal skje? Ansvarleg: kontaktlærar til den som plagar Ved all grov og/eller gjenteken mobbing, skal dei impliserte elevane kallast inn til konfrontasjonsmøte. Rektor kallar inn til møte og deltek saman med kontaktlærar. Det skal lagast ei avtale mellom elevane som og blir lagt fram for føresette. Kontaktlærar er ansvarleg for at avtalen blir oppfylt. Sanksjonar bør ikkje brukast i fyrste omgang, men må vere klarlagde slik at dei kan takast i bruk om nødvendig. Avklarast i kvart enkelt tilfelle. Rektor avgjer om det er behov for at dei tilsette ved skulen bør informerast om hendingane. Ved brot på avtalen avgjer rektor i samråd med kontaktlærar vidare behandling. Det skal og drøftast om andre partar som PPT, barnevern, politi og konfliktråd skal inn i saka. Etter at ei mobbesak er løyst eller at nokon har gripe inn for å endre situasjonen, må skulen jobbe strategisk i forhold til dei ulike partane: den som blir mobba, dei som plagar og tilskodarane. Målet med dette arbeidet må vere å førebygge at dei ikkje hamner i nokre av desse rollene seinare. 12

13 2.3.1 Strategisk jobbing på Gol ungdomsskule Døme på strategisk jobbing i etterkant er: - kontaktlærar jobbar med klassemiljøutvikling - etter to veker snakkar ansvarleg for saka med plagar, mobbeoffer og eventuelle tilskodarar for å høyre om det er slutt på mobbinga. Dette gjentek ein etter ytterlegare to veker, så etter ein månad. - Skulen går igjennom saka med dei tilsette med tanke på kva saka viser når det gjeld organisering og rutinar som ikkje fungerer godt nok. Ansvarleg: rektor/leiinga ved skulen Moglege tiltak som kan settas i verk for ein som plagar er: - Ekstra tilsyn i friminutt - Bortfall av friminutt - Plagar må gå saman med inspiserande lærar - Plagar sit ved rektor sitt kontor i friminutta - Plagar må kome/gå før eller etter skuletid - Plagar får ikkje delta på klasseturar/fellesarrangement - Nedsett åtferdskarakter - Bortvising i inntil 3 dagar - Følgje av foreldre/føresette på skulen 13

14 2.4 Kontinuitet Arbeide med å førebygge, avdekke og stoppe mobbing skal vere eit kontinuerleg arbeid ved Gol ungdomsskule. Det settast opp ei oversikt over kven som har ansvar for kva som skal gjerast når det gjeld mobbing: Prinsippet er at problem skal løysast på lågast mogleg nivå, men at tilsette veit når saker skal meldast vidare og veit kven dei kan melde frå til dersom problemet ikkje kan løysast på deira nivå. 1. Kontaktlærar 2. Kontaktlærar sosiallærar 3. kontaktlærar sosiallærar rektor For å sikre kontinuitet i tiltak som skal førebyggje og avdekke mobbing, set ein inn faste tiltak som skulen har inn i eit årshjul over skuleåret. Oversikta følgjer skuleåret og viser aktivitet og kven som er ansvarlege for gjennomføringa av dei ulike aktivitetane. 14

15 Årshjul Tidspunkt Aktivitet Ansvarleg Aug.- sept Bli kjent tur 8. trinn Rundatur 9. trinn Aurlandsdalen 10. trinn Kantinedrift Foreldremøte MOT Kontaktlærere og faglærarar 10.klasse Kontaktlærara, Helen Jensen Sept. - okt Trivselsundersøking MOT Aktivitetsdag Hallingdalsleikane Sosiallærar legg til rette. Kontaktlærarar gjennomfører Kontaktlærara, Helen Jensen Kø-seksjonen Oktober Utviklingssamtalar Kontaktlærarar November MOT Helen Jensen Desember Januar Februar Mars Mai Juni Balldag Juleverksted Felles juleavslutning i basen Skoleball Kantinedrift MOT Skidag Utviklingssamtalar TINE-Stafett Oslo tur 9.trinn Klasseaktivitetar Ekskursjon 10.trinn Køv seksjon K&H seksjon Kontaktlærere 10. trinn elever og lærere 9. trinn Kontaktlærarar KØ-lærarar Kontaktlærarar/faglærarar Kontaktlærar Kontaktlærarar Kvar veke Klassemøte Kontaktlærar Kvar månad Elevrådsmøte Elevråd/Elevrådskontakt 15

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Definisjon: Ein person er mobba eller plaga når han eller ho, gjentekne gonger over tid, vert utsett for negative handlingar

Detaljer

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE HAMRAMYRA 20 5363 ÅGOTNES Tlf. 55 09 63 00 Epost: TranevagenUngdomsskule@fjell.kommune.no TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING DEFINISJON: Det er mobbing/plaging

Detaljer

1. AVDEKKING AV MOBBING

1. AVDEKKING AV MOBBING 1. AVDEKKING AV MOBBING MÅL: Mobbing som skjer i og ved skulen og på skulevegen blir avdekka. Med mobbing forstår me psykisk og/eller fysisk vald retta mot eit offer, utført av einskildpersonar eller grupper.

Detaljer

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Plan for eit trygt og godt skulemiljø Plan for eit trygt og godt skulemiljø Ved Sviland skule skal alle elevar og føresette føle seg velkomne og tatt vare på. Vi jobbar for å verkeleggjere målet frå opplæringslovens 9A - at den enkelte elev

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING INDRE BARNE- OG UNGDOMSSKULE 1 FORORD Alle barn har rett til skulegang, og dei har rett til å eit godt og trygt skulemiljø, fritt for mobbing og krenkjande handlingar. Frå våren

Detaljer

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET 1. AVDEKKING AV MOBBING MÅL: Mobbing som skjer i og ved skulen og på skulevegen blir

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING 2016-2019 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Bø skule, Høyland skule, Motland skule, Nærbø ungdomsskule HANDLINGSPLAN MOT MOBBING INNHALD Alle barn og unge har rett til eit arbeidsmiljø utan mobbing... 3 Kva er

Detaljer

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring ( 9A-2). Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing,

Detaljer

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ Saman for læring og trivsel Radøy kommune INNHALD Plan for psykososialt arbeid for elevar og tilsette på 3 Samanheng med Radøy kommune sin overordna plan

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor. VISJON Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. Partar: Rektor Elevråd FAU HANDLINGSPLAN MOT MOBBING 2016-17 Samarbeidsutvalet Mål Alle elevar skal oppleve eit trygt

Detaljer

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule. Opplæringslova 9a-3 første ledd, seier følgjande: Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte

Detaljer

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING A. Førebyggjande arbeid i skuletida 1. Elevsamtaler 2. Klassemøter 3. Sjå ulike videoar om mobbing v/skulehelsesyster 4. Lese bøker om emnet 5. Turar med ei eller fleire

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skulen skal ved førebyggjande tiltak forhindre at elevar blir utsett for mobbing. Skulen sine rutinar skal avdekkje om mobbing føregår Skulen skal følgje opp mobbar og mobbeoffer

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING BRATTHOLMEN SKULE mars 2006, rev. haust 2007/2008/2009/2010 Føreord av rektor Brattholmen skule har som visjon: Ein skule der tryggleik, trivsel og toleranse er grunnlag for læring.

Detaljer

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7 1 Innhold 1. Forord fra rektor s. 3 2. Bakgrunn og definisjoner s. 4 3. Avdekking av mobbing s. 5 4. Problemløsning av mobbesaker s. 7 5. Forebygging av mobbing s. 8 6. Kontinuitet s. 9 2 1. Forord fra

Detaljer

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Hafslo barne- og ungdomsskule - Tiltaksplan mot mobbing Revidert juni 2012 9 A opplæringslova: Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Utdrag frå Opplæringslova: Kapittel 9a. Elevane sitt skulemiljø 9a-1. Generelle krav Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt

Detaljer

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule Handlingsplan mot mobbing ved Åheim skule Godkjent i SU 02.10.2013 Førebygging På skulenivå: Årleg spørjeundersøking blant elevane i 4. 10. klassene o Vi vaksne skal vite omfanget av mobbing ved Åheim

Detaljer

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen. Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen. Innhald 1. Formål 2. Innleiing 3. Opplæringslova 9a 4. Definisjonar 5. Førebygging 6. Avdekking av negativ åtferd 7.

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR Ogna skule 2018 2021 Innleiing Kapittel 9 A i opplæringslova skal bidra til at elevane har det trygt og godt på skulen, slik at elevane trivs og kan læra best

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Velkommen til Dalane vg. skole! Gjennom fleire år har vi ved skulen hatt følgjande motto: Vi bryr oss eller Me bryr okke. Det betyr at du som elev skal vita at vi vil gjera det

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved Handlingsplan mot mobbing og anna krenkjande åtferd ved Åheim skule Godkjent i SU 26.10.2015 Førebygging På skulenivå: Årleg spørjeundersøking blant elevane i 5. 10. klassene o Vi vaksne skal vite omfanget

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I VINDAFJORDSKULANE Utgåve oktober 2010 (tilrådd i samla rektormøte vedteke av rådmann) Lokalt tilpassa Sandeid skule pkt 4 (vedtatt i Skulemiljøutvalet 17.11.10) FØREORD Det

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot mobbing 2013-2016 Handlingsplan mot mobbing Skulane på Nærbø: Bø, Høyland, Motland, Vigre, Nærbø ungdomsskule 4 reglar mot mobbing 1. Me skal ikkje mobbe andre 2. Me skal forsøke å hjelpe andre elevar som vert

Detaljer

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skulen har nulltoleranse i forhold til mobbing, både verbalt, non-verbalt, digitalt og fysisk. Skulen aksepterer heller ikkje rasisme, vald,

Detaljer

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet. Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2014 2015 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing Glomfjord skole. Avdekke, stoppe og forebygge mobbing.

Handlingsplan mot mobbing Glomfjord skole. Avdekke, stoppe og forebygge mobbing. Handlingsplan mot mobbing Glomfjord skole Avdekke, stoppe og forebygge mobbing. FORORD Glomfjord skole har utarbeidet en tiltaksplan mot mobbing, denne planen ivaretar bestemmelsene som er gitt i Opplæringslovens

Detaljer

TILTAKSPLAN MOT MOBBING

TILTAKSPLAN MOT MOBBING TILTAKSPLAN MOT MOBBING GALLEBERG SKOLE En person er mobbet eller plaget når han eller hun, gjentatte ganger, og over en viss tid blir utsatt for negative handlinger fra en eller flere andre personer.

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Folkestad skule 2011 1 Mål : Alle elevar skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø på skulen, fritt for mobbing. Planen bygger på 4 prinsipp: 1.Avdekke mobbing: - bevisstgjere

Detaljer

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Rubbestadneset skule 1. HMS PLAN Det er utarbeida ein eigen plan for helse, miljø og tryggleik som skal vere med å sikre alle

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing på Eiganes skole. Er tilstede Er i utvikling Går sammen

Handlingsplan mot mobbing på Eiganes skole. Er tilstede Er i utvikling Går sammen Handlingsplan mot mobbing på Eiganes skole Er tilstede Er i utvikling Går sammen Revidert 27.06.2018 Skolens mål: Alle elever skal oppleve et trygt og godt klasse- og skolemiljø uten mobbing. Læringsmiljøet

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR ET TRYGT OG GODT SKOLEMILJØ

HANDLINGSPLAN FOR ET TRYGT OG GODT SKOLEMILJØ HANDLINGSPLAN FOR ET TRYGT OG GODT SKOLEMILJØ ÅL VIDAREGÅANDE SKOLE 2019 INNHOLD 1. INNLEDNING (Mål og definisjon) 2. SKOLENS HANDLINGSMØNSTER 2.1 Antimobbeteamet 2.2 Handlingsmønsteret i praksis 3. UTFYLLENDE

Detaljer

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule. HELLAND SKULE Plan for trivsel ved Helland skule VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule. Godkjent av SU 30.11.11 1 Innhald. Side

Detaljer

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. 2014 Manifest mot mobbing 2014-2018 Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. Barnehage, skule og kultur i Bjerkreim kommune Rune Andersen

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule Bakgrunn/Lovgrunnlag april 2012, justert 26.06.15 og 21.08.17 Retten til eit trygt og godt skulemiljø etter opplæringslova 9a 1, gjeld for alle elevar på barnetrinn,

Detaljer

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Rubbestadneset skule 1.0 Plan for å sikre elevane eit godt og trygt miljø Opplæringslova kap. 9A handlar om elevane sitt skulemiljø.

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING FOLDNES SKULE FJELL KOMMUNE KUNNSKAP MEiSTRING BEGEISTRING TRYGGLEIK TRIVSEL HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skiftedalsvegen 1 Tlf 55 09 69 50 5353 Straume Fax 55 09 69 51 E-post: FoldnesSkuleAdministrasjon@fjell.kommune.no

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I VINDAFJORDSKULANE Utgåve oktober 2010 (tilrådd i samla rektormøte vedteke av rådmann) FØREORD Det er nulltoleranse når det gjeld mobbing i Vindafjordskulane. Denne planen skal

Detaljer

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017 Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017 Klepp ungdomsskule, målet med denne planen: - Sørge for oppfylling av hensikt i Opplæringslova kap 9, at elevane på

Detaljer

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar.

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar. ORDENSREGLAR FOR TJØDNALIO SKULE: Elevane sin rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø er blitt styrka gjennom opplæringslova 9a.I opplæringslova 2-9 er konsekvensar for dei som bryt reglane blitt

Detaljer

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014 KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014 1 INTRODUKSJON AV VERKSEMDA Ågotnes skule ligg på Ågotnes, og er ein av seksten skular i Fjell kommune i Hordaland fylke. Skulen er ein middels stor barneskule om

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot mobbing Rosten skole Lære å leve lære å fly Handlingsplan mot mobbing 1 INNHOLD: 1. Handlingsplan mot mobbing s.2 1.1 Avdekking av mobbing s.2 1.2 Problemløsning av mobbesaker s.2 1.2.1 Aktuelle samarbeidspartnere

Detaljer

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur Manifest for eit positivt oppvekstmiljø 2019-2023 Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for krenkande åtferd. Barnehage Skule - Kultur Kommunestyret

Detaljer

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE Vedlegg: Noen rutiner i Zero (siste side i planen) Sist revidert vår 2014 1 Innleiing Lone skule ønskjer å motarbeide mobbekultur og arbeide aktivt for at kvar elev skal

Detaljer

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt Ordensreglar Sæbø skule. Gjeldande frå 31.03.2014 Reglane for skulen gjeld på skulen sitt område i heile opningstida til skulen: 07:30 16:30. Reglane gjeld og ved undervisning utanfor skulen sitt område.

Detaljer

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret LEIRVIK SKULE I dette heftet finn de: Velkomen til skuleåret 2017 2018 - Informasjon om skulen sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø - Trivselsreglar - Innkalling til foreldremøte i veke 35 og

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Utarbeidet av skolen i samarbeid med elevrådet, foreldrenes arbeidsutvalg (FAU) og samarbeidsutvalget (SU) høsten 2007 HANDLINGSPLAN FOR Å FOREBYGGE, OPPDAGE OG STOPPE MOBBING

Detaljer

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. Elevane sin rett til eit godt fysisk og psykososialt læringsmiljø er blitt styrka og konsekvensar for dei som bryt reglane er blitt skjerpa i Opplæringslova. Også krava

Detaljer

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging Side 1 av 5 1.0 Mål Målet med denne retningslinja er å kvalitetssikre korleis den enkelte skole skal førebygge og handtere vald og trusselhandlingar som elevar utøvar mot tilsette på skolane. 2.0 Omfang

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Tertnes skole. Aktiv læring, med varme og tydelighet. Skoleåret 2015 / 2016

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Tertnes skole. Aktiv læring, med varme og tydelighet. Skoleåret 2015 / 2016 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Tertnes skole Aktiv læring, med varme og tydelighet Skoleåret 2015 / 2016 Definisjon på mobbing: (Oleweus) En person er mobbet når han eller hun, gjentatte ganger og over tid,

Detaljer

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A Ostereidet barneskule 1 INNHALD Plan for psykososialt arbeid for elevar og tilsette på Ostereidet barneskule s.3 Samanheng med Lindås kommune sin

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Paradis skole 01.09.2015 Skolens overordnete mål: Alle elever skal oppleve et trygt og godt arbeidsmiljø fritt for mobbing på skolen Definisjon på mobbing: Gjentatt negativ eller

Detaljer

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS) PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS) GRUNNLEGGJANDE DEFINISJON AV MOBBING. Ein person er mobba eller plaga når han eller ho, gjentekne gonger og over ei viss tid, blir utsett for negative handlingar

Detaljer

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE. 2016 KVINNHERAD KOMMUNE SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE Bringedalsbygda.oppvekstsenter@kvinnherad.kommune.no «Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk

Detaljer

Lærdal kommune. Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø

Lærdal kommune. Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø Lærdal kommune Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø 1 Lærdal kommune Innhald Opplæringslova, kapittel 9a 1. Innhald Side 3 1.1 Heimel og virkeområde 3 1.2 Lovparagrafane 3 1.3 Formål 4 2. Omgrepsavklaringar

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. SAND SKOLE august 2015

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. SAND SKOLE august 2015 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING SAND SKOLE august 2015 Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv. Arnulf Øverland Hva er mobbing? Vi oppfatter det som mobbing når en person eller en

Detaljer

VENNSKAP. * Me vil at alle skal føla seg trygge på skulen og på skulevegen. * Me vil at alle skal gje melding dersom dei eller andre vert plaga

VENNSKAP. * Me vil at alle skal føla seg trygge på skulen og på skulevegen. * Me vil at alle skal gje melding dersom dei eller andre vert plaga VENNSKAP * Me vil at alle skal bry seg om kvarandre * Me vil at alle skal føla seg trygge på skulen og på skulevegen * Me vil at alle skal gje melding dersom dei eller andre vert plaga * Me vil at alle

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Handlingsplan for å forebygge, oppdage og stoppe mobbing ved Hommelvik ungdomsskole

Handlingsplan for å forebygge, oppdage og stoppe mobbing ved Hommelvik ungdomsskole Handlingsplan for å forebygge, oppdage og stoppe mobbing ved Hommelvik ungdomsskole Målsetting: Skape et trygt og godt læringsmiljø for alle elevene ved skolen ved å: Forebygge og avdekke mobbing Følge

Detaljer

Forord --------------------------------------------------------------------

Forord -------------------------------------------------------------------- BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER 9A OPPVEKSTSENTERETS HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Forord Side 2 1. Kva er mobbing Side 3 2. Oppvekstsenterets arbeid for eit trygt barnehage og skulemiljø Side 5 3. Avdekking av

Detaljer

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den.. + Handlingsplan Elevane sitt skulemiljø ved Åheim skule Godkjent i SU den.. Kapittel 9 A. Elevane sitt skulemiljø 9 A-1.Verkeområde for kapittelet Kapittelet her gjeld for elevar i grunnskolen og den vidaregåande

Detaljer

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing. Tiltaksplan mot mobbing og rasisme Oma skule Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing. Innhald 1. Visjon s. 3 2. Hovudmål s. 3 3. Føresetnader s. 3 4. Definisjon s. 3 5. Førebyggjande arbeid

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot mobbing Handlingsplan mot mobbing Definisjonen på mobbing «En person er mobbet eller plaget når han eller hun, gjentatte ganger og over en viss tid blir utsatt for negative handlinger fra en eller flere personer».

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING 1 INNHOLD: Hva sier loven om mobbing? s. 3 Hva er mobbing? s. 3 Teori og kompetanse s. 4 Målsetting s. 4 Forebyggende arbeid s. 4 Tiltak for avdekking av mobbing s. 5 Samarbeid

Detaljer

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT KVITESEID SKULE 9A SKULENS HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Planen er handsama i FaU 10.02.2011, Samarbeidsutvalet 06.04.2011 og i TPO team med PPT 29.04.2011. Denne handlingsplanen er utarbeida i medhald til

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING - MOSTER SKULE - Del I Del II Elev- elev Lærar- elev Forord av rektor Elevane har rett til eit lærings- og oppvekstmiljø utan mobbing. Skulen har difor plikt til å gripa inn dersom

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule 2015 2018

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule 2015 2018 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Ogna skule 2015 2018 Reglar mot mobbing 1) Me skal ikkje mobba andre 2) Me skal hjelpa andre som vert mobba 3) Me skal vera saman med elevar som er aleine 4) Viss me veit at nokon

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder Det psykososiale skolemiljøet til elevane Til deg som er forelder Brosjyren gir ei oversikt over dei reglane som gjeld for det psykososiale skolemiljøet til elevane. Vi gir deg hjelp til korleis du bør

Detaljer

Heilt einig. Litt einig

Heilt einig. Litt einig Trivsel Korkje eller u u u Barnet mitt trivst på skolen Barnet mitt har medelevar å være saman med i friminutta https://elfu.udir.no/administrasjon/order/preview.aspx?acid=1003&sid=364&bid=124660&did=1933&roleid=57&ugid=861002&qid=0&aid=0&lid=1&demo

Detaljer

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra Fotlandsvåg skule 5283 Fotlandsvåg TLF.56 19 23 30 Faks. 56 19 23 31 Rektor: Kjell Haugland 56 19 23 55 Personalrom 56 19 23 50 fotlandsvag.skule@osteroy.kommune.no Ein trygg stad å vera ein god stad å

Detaljer

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. Vårt ynskje: Alle barn skal ha eit trygt miljø i barnehagen utan mobbing.

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Aronsløkka skole Roligheten 3, 3029 Drammen Roligheten 3, 3029 Drammen HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Aronsløkka skole Opplæringsloven 9a-3. Det psykososiale miljøet Skolen skal aktivt og systematisk arbeide

Detaljer

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Retningslinjer og Rutineskildring Oktober 2015 INNHALD Innleiing... 2 Lovgrunnlag... 3 Opplæringslova... 3 Elevane sitt fysiske skulemiljø...

Detaljer

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016 Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING Fedje kommune 2015/2016 Vedteken i Samarbeidsutvalet våren 2015 Innhald 1. Innleiing rektor har ordet... 2 2. Kva er mobbing?... 2 3. Førebyggjande

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ADFERD

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ADFERD HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ADFERD MÅL FOR SELVIK SKOLE Alle elever på Selvik skole skal oppleve et trygt skolemiljø uten mobbing og krenkende adferd Planen er godkjent av FAU (dato) og SMU

Detaljer

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Føreord av rektor Mobbing skal ikkje skje, verken i skuletida eller på fritida. Born og unge har rett til å kjenne seg trygge og bli

Detaljer

Hvordan håndtere mobbesaker? Prosedyre i mobbesaker ved Montessoriskolen i Bergen

Hvordan håndtere mobbesaker? Prosedyre i mobbesaker ved Montessoriskolen i Bergen Hvordan håndtere mobbesaker? Prosedyre i mobbesaker ved Montessoriskolen i Bergen Opplæringsloven Kapittel 9a Første avsnitt; Generelle krav Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter

Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter 1. Korleis følgjer skulen opp resultata etter Elevundersøkinga? Resultata frå Elevundersøkinga vert gjennomgått og drøfta

Detaljer

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul 2014 2015 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

BRUSKANVISNING. Prinsipper for god håndtering ved. mistanke om mobbing eller meldt mobbesak: Skolens mål og arbeid Prosedyrer Lovverk

BRUSKANVISNING. Prinsipper for god håndtering ved. mistanke om mobbing eller meldt mobbesak: Skolens mål og arbeid Prosedyrer Lovverk BRUSKANVISNING Prinsipper for god håndtering ved mistanke om mobbing eller meldt mobbesak: Skolens mål og arbeid Prosedyrer Lovverk Utarbeidet etter ulike refleksjoner høsten 2016 - våren 2017, tatt i

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing. HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD Horpestad skule Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing. Med mobbing eller plaging forstår vi psykisk og/ eller

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Godkjent av driftsstyret 3.6.2013. Handlingsplan mot mobbing

Godkjent av driftsstyret 3.6.2013. Handlingsplan mot mobbing Godkjent av driftsstyret 3.6.2013 Handlingsplan mot mobbing Skoleåret 2013-2017 Innledning Mål: Alle elever skal oppleve et trygt og godt klasse- og skolemiljø uten mobbing Elever som føler seg mobbet

Detaljer

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Kapittel 9a. Elevane sitt skolemiljø Kapitlet føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735).

Detaljer

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10 Elevvurdering, eksamen og klagebehandling Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis

Detaljer

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle. Retningslinjer for saker vedkomande opplæringslova 9a Rundskriv Udir-2-2010 Formål: Retningslinjene skal sikre god sakshandsaming i saker som vedkjem retten til eit godt fysisk og psykososialt miljø etter

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing. for. Stranda ungdomsskule

Handlingsplan mot mobbing. for. Stranda ungdomsskule for Stranda ungdomsskule 2015/2016 Føreord av rektor Stranda ungdomsskule ynskjer å markere tydeleg at mobbing ikkje vert tolerert på skulen vår. Vi vil signalisere at vi tar arbeidet for eit trygt og

Detaljer

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø. Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø. «Voksne som jobber i skolen har et særskilt ansvar for å sørge for at elever har et trygt skolemiljø» Fra innst.302 L(2016-2017) Målet med planen er å ivareta

Detaljer

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

DEL I: REGLAR OVERORDNA: DEL I: REGLAR OVERORDNA: ALLE ELEVAR I GRUNNSKULEN OG VIDAREGÅANDE SKULE HAR RETT TIL EIT GODT FYSISK OG PSYKOSOSIALT MILJØ SOM FREMJAR HELSE,TRIVSEL OG LÆRING. 9a-3.ledd i Opplæringslova. 1.ÅTFERD: På

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR arbeid med skulemiljø ved Stord vidaregåande skule

HANDLINGSPLAN FOR arbeid med skulemiljø ved Stord vidaregåande skule HANDLINGSPLAN FOR arbeid med skulemiljø ved Stord vidaregåande skule INNLEIING Alle elevar ved Stord vidaregåande skule skal oppleve eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Arbeidet

Detaljer

Øystese barneskule. Plan og tiltak ved mobbing og anna uønskt elevåtferd

Øystese barneskule. Plan og tiltak ved mobbing og anna uønskt elevåtferd Øystese barneskule Plan og tiltak ved mobbing og anna uønskt elevåtferd Definisjonar: -Mobbing -Åtferdsproblem Kva gjer me? - Tiltak - Mal for tiltaksplan 2011-15-03 1 MOBBING Definisjon: Same elev/elevar

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD Aronsløkka skole Roligheten 3, 3029 Drammen Roligheten 3, 3029 Drammen HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD Aronsløkka skole Opplæringsloven 9a-1 og 9a-3. Det psykososiale miljøet Skolen skal

Detaljer