2016-2017 Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage
HØGTLESING SOM FOKUSOMRÅDE Bakgrunn for val av metoder: Lesing og samtalar rundt bøker har stor verdi for språkutviklinga til barn. For å lukkast i arbeidet med språket til barna er det avgjerande å lage rom for språk- og leseaktiviteter i barnehagen. Skramsmarka barnehage har eit aukande tal minoritetspråklege barn, og det er ei stor oppgåve å skape eit godt språkmiljø for alle barna som er der. Det er behov for auka kompetanse på dette området. Barnehagen er med i ei regional satsing på Resultatleiing som metode for kvalitetsutvikling. I 2016/2017 er fokusområdet for alle barnehagane i Vågsøy: HØGTLESING. Det er utarbeida følgjande standard og indikatorar for fokusområdet. Den profesjonelle vaksne har god kvalitet i høgtlesing for barna når: 1. Det er tid og rom for lesing 2. Barnet opplever medbestemming 3. Barnet vert språkleg utfordra 4. Barnet opplever leseglede For å innfri dette har avdelingane i barnehagen utarbeida kvar sin BESTE PRAKSIS som dei skal øve på i denne perioden. Når ein legg dei tre Beste praksisane i lag vert dette eit felles resultat:
Det er tid og rom for lesing når EG setter av tid og avtaler når og kven som skal lese med barna deler inn barna i små grupper så det blir rolege omgivelser tar med bok/eventyr på tur har planlagte og spontane lesestunder legg frå meg det eg held på med når eit barn vil lese Barnet opplever medbestemmelse når EG spør barnet om kva det vil lese lar barna fortelje om det som har blitt lest veljer bok/eventyr i lesestund/samling veljer tema som barnet er oppteken av leggjer til rette for at bøker er tilgjengelege slik at barnet skal kunne velje ei bok Barnet vert språkleg utfordra når EG dramatiserer kjente bøker/eventyr med barna gjenforteljer med eigne ord saman med barna kva vi har lest snakker om boka/ eventyret vi har lest les same eventyret /boka fleire gonger legg tilrette slik at det vert tid til kvart enkelt barn Barnet opplever leseglede når EG blir med barna å finne bøker for å sikre at bøkene er på deira nivå viser barna at eg liker å lese, smiler og forteller med innlevelse. blir med på biblioteket og leser bøker tar initiativ til å lese for barna (engasjert og tilstede) Ha dei same bøkene tilgjengelige over tid
supplerande verktøy for å auke kompetansen i personalgruppa. Vi vil bruke Språkløyper som Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking har utvikla nettstaden sprakloyper.no Nettstaden er ein del av strategien Språkløyper nasjonal satsing for språk, lesing og skriving 2015 2019. Kompetanseutviklingspakken har tre kjernekomponenter, fordelt på 10 økter: Språklæring Ulike måtar å lese på Lesing for alle Barna si språkutvikling Språk og lesing Samtalen som arbeidsform Å lese fleire gonger Å lese bilder Leselyst Leselogg Foreldresamarbeid Konkreter og ordforrådet Å lese tekster med gjentakande mønster Hovudmålet: Å styrke barnehagen sitt daglege arbeid med barna si språklæring gjennom ulike leseaktiviteter. Delmål: Vaksne og barn skal oppleve glede ved å lese bøker Økt kunnskap om barna si språklæring hos dei tilsette Økt erfaring med og kunnskap om korleis ulike måtar å lese på kan brukast til å stimulere barna sitt språk Tryggleik i å gjere rette val for å lukkast med lesing for alle Forståing for kor viktig språktrening er
Kva kjenneteiknar arbeidet med språktrening i Skramsmarka barnehage: Dei tilsette bruker bøker dagleg Alle tilsette leser for og med barna Barna tek ofte initiativ til å verte lest for Dei tilsette er bevisst i val av bøker Barn som strever med språket vert fanga opp på eit tidlegare tidspunkt «Den gode samtale» Tiltak: Lesegrupper Lage gode læringsmiljø der ein innbyr til lesing og gode samtaler Bruke konkreter (samle dei på ein plass) Få oversikt over kva bøker vi har, gjere nyinnkjøp Gjere bøkene tilgjengelege for barna Språk og lesing tema på foreldresamtaler og foreldremøter (Sjumilsteget) Fagleg påfyll og refleksjon Lage bokpostkasser ute (våren 2017) Metoder Språkløyper er nettbasert. Dei 10 kompetanseutviklingspakkene består av ei rekke økter på 45-60 minutter med fagtekst, film, videoforelesning, refleksjonsspørsmål og oppgåver til mellomarbeid. Vi vil bruke Individuell-, gruppe og plenumsrefleksjon som ein grunnleggjande arbeidsform (IGP). Underveis har personalet i oppdrag å øve på beste praksis for sin avdeling. Roller og ansvar Vi jobber ut i fra modellen om Resultatleiing Mehlum Stølan, tenesteleiar - Leie prosjektet - Gje støtte og feedback til sine tilsette - Delegere ansvar - Skape utvikling i organisasjonen - Halde seg fagleg oppdatert. - Gjere prioriteringar - Vere en rollemodell - Skape høge forventningar til entusiasme, motivasjon og arbeid. - Følgje og etterspørje arbeidet. - Planarbeid, personalmøter/planleggingsdag.
Francesca Goll Rasmussen, pedagogisk leiar Linn Kristin Gjerde, pedagogisk leiar Tonje Lothe Fjugstad, pedagogisk leiar Ingunn Rutledal Vabø, pedagogisk leiar - Motivere og følgje opp arbeidet på avdelingane. - Hovudansvar for oppfølging av tilsette og tilrettelegging for trening på sin eigen avdeling - Følgje og etterspørje arbeidet. - Gje tilbakemeldingar på innhald, metode, tempo og motivasjonen blant tilsette. - Vere ein rollemodell og vere fagleg oppdatert. - Legge til rette det fysiske læringsmiljøet, slik at barna kan få bade i språk. - Samarbeide og være en støttespiller for tenesteleiar. - Saman med tenesteleiar, bidra på personalmøte/planleggingsdagar. - Delta på pedagogmøter med andre barnehagar der ein fastset fokusområde, standard og indikatorar Den enkelte tilsette: - Ansvar for å auke eigen kompetanse på ulike tema som blir presentert på personalmøter/ planleggingsdagar, avdelingsmøter og leseliste. - Trene på BESTE PRAKSIS. PERSONALMØTENE OG AVDELINGSMØTENE ER FOR ALLE TILSETTE. Ressurser: Samarbeid med biblioteket Nettverk med andre barnehagar i kommunen, der ein t.d. har avlevering av felles fokusområde. Andre eksterne og interne foredragshaldarar, t.d. eige personale som tek vidareutdanning innan temaet. Mange gode nettsider t.d.: http://nafo.hioa.no/ http://www.fremmedspraksenteret.no/nor/fremmedspraksenteret/larings--- ressurser/barnehage http://lesesenteret.uis.no/
FRAMDRIFTSPLAN VINTER 2016/VÅREN 2017 DATO KVA TEMA ANSVAR Innan 07.12. Oppfølgingsamtale Styrar - pedagogisk leiar Fokusområde Man 12.12 Personalmøte Språk og minoritetsspråklege Linn og Tonje Innan 15.01. Oppfølgingsamtale ped.leiar - assistent Fokusområde Tonje Ingunn Francesca Linn Kristin Tors 26.01. Personalmøte Språk og lesing Samtalen som arbeidsform Tors. 26.01. Avdelingsmøte Justering av beste praksis Starte arbeidet med presentasjon Tonje Ingunn Francesca Linn Kristin Innan 31.01.17 Evaluering personale, barn og eventuelt foreldre Tonje Ingunn Francesca Linn Kristin Ons 22.02. Personalmøte Å lese fleire gonger Å lese bilder Man 13.03. Personalmøte Konkreter og ordforådet Å lese tekster med gjentakande mønster Tors 27.04. Personalmøte Leselyst
????? Avlevering Fokusområde: Høgtlesing Heile personale Tirs 30.05. Personalmøte Leselogg Ons 14.06. Personalmøte Foreldresamarbeid
Del 1 Barna si språkutvikling (november 2016) Quiz og film Gruppearbeid med bakgrunn i filmen: Det var mange like svar, og av det konkluderer ein med at det er like problemstillingar /forståing i heile barnehagen. Her er eit samandrag av momenta gruppa synes er dei viktigaste eller mest overraskande: Viktig å vere bevisst på å hjelpe barna og sette ord på «ting» Ekstra støtte til dei som trenge det gjennom gruppedeling, ro og gode læringsmiljø Ordforståinga er ofte ikkje god nok, og ikkje så god som barnet gjer uttrykk for Viktig med involverte og engasjerte vaksne Gode rollemodeller gjennom tydeleg uttale, bruk av korte setningar og bevisst kroppsspråk Involvere seg i barna sin leik (vere oppmerksam på bruken av språk i gutane sin leik) Her vil det bli skrevet inn nye resultat frå gruppearbeida på personalmøtene etterkvart.