1 DETALJREGULERINGSPLAN FOR EGGJAREID HYTTEFELT GNR 147, BNR 3 P-ID 2013001 Voss kommune 791-010- Planskildring- 22.09.14. Arkivsaknr.: Arkiv: 13/17 Sakstittel: Detaljreguleringsplan Eggjareid hyttefelt Planid: 2013001 Utarbeidd av: Anda & Hirth ANS Datert: 22.09.14 Retta: PLANSKILDRING Innhald: 1. Bakgrunn og føremål. Grunneigar og forslagstillar Jens Martin Hovem ynskjer å regulera inn seks nye hytter, ei eksisterande hytte ( 147/41) på Eggjareid og ei eksisterande tomt( 147/26) Tilsaman 7 nye einingar. Planane omfattar og avkøyring frå fylkesveg og ny tilkomstveg/parkering for hyttene. Det skal og etablerast vatn og avløpsanlegg. Planområdet er på ca. 35.5 da. Plankonsulent er Siv.Ark Anda & Hirth Ans.
2 Kart over området Reime- Mjølfjell som syner plassering av planområdet på Eggjareid. 2.Planprosess Det vart helde oppstartsmøte 15.01.2013. Oppstart av reguleringsarbeidet er varsla i Hordaland og ved brev med kartvedlegg til offentlege instansar og naboar. Planområdet som låg inne i kommuneplanen var på ca 23 da, men inkludert areal til avkøyring,tilkomstveg og siktlinjer vert totalt areal på ca 35.5 da. Det er ikkje krav om planprogram eller konsekvensutgreiing. Planen skal utarbeidast som ein detaljreguleringsplan. 3. Planstatus Planområdet ligg inne i kommuneplanen for Voss Kommune. Tilgrensande reguleringsplan: Disposisjonsplan Eggjareide frå 1974.
3 4. Skildring av planområdet 4.1. Området sin historie. Navnet Eggjareid kjem av fjellegg og eit eid. Stadnamnet knyter området til eldre ferdsel gjennom dalen både i frå Granvin og Ulvik og vidare nordover. Lars Kindem skriv i Vossaboki at Eggjareid er først nemnt ut på 1660 talet som ein liten og tungdreven gard. Hytteområdet er ein del av ein landbrukseigedom som grensar til dyrka mark/ beite. Grensar og til eit hyttefelt med ca 12 hytter etablert på 60-70 talet. Planområdet ligg delvis i og inntil eit gamalt gardstun der nokre byggningar står att på nedsida av fylkesvegen. Ein del eldre bygningar er no borte. 4.2. Dagens arealbruk og arealbruken ikring. Området vest og aust for Eggjareid er no i stor grad dominert av hyttebygging. Det har vore kontinuerleg bygging av hytter sidan midt på 1900 talet. Samstundes har det minka på fastbuande og det er for tida berre nokre få personar som bur fast i området Eggjareid Mjølfjell. Det er gode beitetilhøve og ein del kyr og sauer som kjem frå andre delar av kommunen brukar desse områda. Når det gjeld service så går det på brøyting av vegar og parkeringsplassar om vinteren og ein del salg av butikkvarer i periodar. 4.3. Sosial infrastruktur. Det er lite sosial infrastruktur då det nesten ikkje er fastbuande i området. Dei få arbeidsplassane som kan nevnast er ved Mjølfjell Fjelstuer som driv leirskule for ungdommar. Forsvaret har i lang tid hatt ein base på Mjølfjell der dei har dreve militærøvingar i ulike område. 4.4. Landskap Planområdet på Eggjareid ligg ca 550 m over havet. Raundalen ligg stort sett i retning austvest. Akkurat i dette området går dalen i retning nord-sør. Terrenget heller for det meste mot aust/søraust og har gode soltilhøve på ettermiddag og kveld. Området ligg slik til at det er normalt vanskleg å sjå på avstand. Best ser ein området fra jernbanelinja, fylkesvegen og fjellområda rundt. 4.5. Kulturminner og kulturmiljø På sørsida av planområdet ligg det ein del eldre hus og ein del dyrka mark og beitemark. Det er ikkje kjent at det er andre kulturminner i planområdet. jf. www. Askeladden.no.
4 Dyrka marka som ligg vest for planområdet. 4.6. Naturverdier. Naturen i og rundt planområdet er typisk vestlandsnatur med ein dalbotn og høge fjell ikring. Like forbi planområdet går den varig verna Raundalselva. Her er fine fiske og badeplassar då elva renn gjennom eit relativt flatt parti. Ein bekk som går gjennom heile planområdet vert bevart som den er bortsett frå eit lite parti som vert lagt om. 4.7. Barn og unge sine interesser. Planområdet ligg med tilknytning til turterreng og utmark. Det er kort avstand til Raundalselva der ein kan fiska og bada. Tilgang til turterreng er god og det er fint terreng å gå på ski etc. 4.8. Landbruk Området som skal regulerast til hytter er eit tett granskogsfelt som ligg aust for dyrkamarka på bilete over.
5 Norheimstølen på andre sida av Raundalselva.
6 Området der hyttene skal plasserast med den eks. hytta i framgrunnen. 4.9. Trafikktilhøve Fylkesveg 307 til Mjølfjell går gjennom planområdet med avkøyring til hytteområdet. På vestsida av fylkesvegen langs plangrensa ligg jernbanelinja til Oslo. Haldeplassen på Eggjareid er nyleg lagt ned. Skal ein ta toget så må ein til Reimegrend eller Mjølfjell. Avstanden til Reimegrend er ca 5.5 km og til Mjølfjell ca 4 km. Fylkesveg 307 frå Palmafossen til Mjølfjell Fjellstuer på Kårdal er ca 40 km. For tida går det bussar berre til Reimegrend. Det er ikkje bygd ut noko gang og sykkelvegar då det er relativt lite trafikk. Vegen er ein blindveg som går ut til Mjølfjell Fjelstuer.. Det er dårleg med parkering for dagbesøkjande, spesielt om vinteren. Avstanden frå Palmafossen til Eggjareid er ca 26 km. Frå Eggjareid til Mjølfjell er det ca 4 km og til enden av vegen ved Mjølfjell Fjellstuer er det ca 10 km.
7 Fv 307 gjennom planområdet. Bilete syner fylkesvegen og den nedlagde haldeplassen på Bergensbanen.
8 4.10. Energiløysingar og straumforsyning. Voss Energi AS leverer straum til området og dei føreset at det er trong for utviding av trafo, forsyningsanlegg og skap i mast. Det er god tilgang på ved i området og oppvarming vil basere seg på vedfyring i tillegg til straum. 4.11. Vatn og vassdrag. Terrenget er noko kupert. I hovedtrekk fell terrenget mot aust og mot Raundalselva som renn i dalbotnen. Elva renn i eit flatt og ope område utan stryk eller fossar. Nord og aust for området er det ein del myrar. I sjølve planområdet er det berre mindre myrfelt. Det går ein bekk gjennom planområdet. Bekken kryssar jernbanelinja, fylkesvegen og den private vegen to stader. Det er lagt ein omsynsone på 4 m langs bekken og den er lagt litt om i ca 30 m. Sjå ROS-analysen under flaumfare.
9 Bilete av elva og hengebrua aust for planområdet. 5.Skildring av planforslaget 5.1. Estetikk, nær og fjernverknad. Ved byggesaker skal vurdering av estetikk ved tiltaket vera ein del av søknaden. Landskapselement som kulturlandskap, landskapssiluettar, åsprofilar skal vernast. Dette planområdet ligg i ei senkning i landskapet og kan ikkje sjåast frå særleg lang avstand. Alle bygningar og installasjonar vert liggjande lågt i terrenget og ingen kjem i siluett. Det skal stillast krav til arkitektur, fargeval og terrengtilpasning av bygningar og vegar som innarbeidast i reguleringsføresegnene. Eksisterande vegetasjon må fjernast der hyttene skal plasserast Vegskråningar skal ikkje væra brattare enn 1:2 og skal tilsåast. Eventuelle murar utførast av naturstein.
10 Planområdet sett i frå aust. Hyttene skal plasseast i skogen midt på biletet. 5.2. Vassforsyning, avløp og overvatn. Det skal borast etter vatn til dei tomtene som ligg innanfor planområdet. Det skal og byggjast eit kloakkanlegg med slamavskiljar i området sør for hyttene som ligg litt lågare i terrenget. Overvatn vil her gå til terreng. Sjå vedlegg nr. 2 om VA av Ing. Odd Bakketun AS. 5.3. Renovasjon. Det er sett av eit område for renovasjon i planen i samråd med IHM. Her skal det byggjast ei bosbu i samråd med IHM sine krav. 5.4. Universell utforming. Området er relativ flatt og avkøyring, vegar, parkering etc ligg slik i terrenget at det ligg godt til rette for universell utforming. Det er og sett krav til at stiar inn til sjølve hyttene skal ha stigning maks 1:12. 5.5. Radon. Det skal monterast radonsperre i alle nye hytter. 5.6. Barn og unge. Det er ikkje opparbeidd noko leikeplassar eller ballbanar i nærområdet. Dette området har relativt få hytter og det er mange andre mogelegheiter for aktivitetar i nærområdet. Sjå pkt. 4.7.
11 6. Konsekvensar av planforslaget 6.1 Landskap, estetikk I planområdet skal det hoggast ut ein del skog som åpnar opp for dei nye hyttene. Ein kan ikkje sjå at dette vil verta skjemmande i terrenget då området ligg litt lågt i høve til omkringliggjande terreng. Lauvskog og furutre vert teke vare på. I føresegnene er det sett krav om at hyttene skal utformast med tanke på heilskap og gode arkitektoniske kvalitetar. Det skal vera tradisjonell utforming med krav til takvinklar og mønehøgd, men samstundes avspegla moderne og tidsriktige detaljar. 6.2. Kulturminner og kulturmiljø. Utbygginga vil ikkje berøra nokon kulturminne så langt ein har registrert. 6.3 Naturmangfald- naturverdiar. Tiltaket, som ligg ved sida av eit eksisterande hytteområde, vil slik me ser det, ikkje skapa uheldige konsekvensar for det biologiske mangfaldet i området. Området rundt kan fortsatt nyttast som beiteområde og noko innverknader på viltet vil det ikkje ha. Ein har og sjekka Naturbase på Miljødirektoratet si heimeside. 6.4. Risiko og sårbarheit. Sjå ROS-analyse. -Flaum. Ut frå samtalar med grunneigar/ tiltakshavar så har det ikkje vore observert noko flaum frå elva på dei områda som ligg mellom hyttefeltet og elveløpet. Elva renn på eit flatt parti og renn rett fram forbi heile hyttefeltet. Sør for hyttefeltet utvidar elva seg yttarlegare slik at vatnet ikkje fløymer opp og stig mot hyttene. Frå den markerte hengebrua går det ein markert rygg langs elva på vestsida som skjermar mot hytteområdet og som gjer det lite sansynleg at det vil fløyma vatn den vegen. Planen, bileta frå vestsida V1- V8, frå austsida A1-A6 og snitta underbyggjer dette og me meiner at ein kan konkludera med at hyttefeltet ligg utanfor flaumfare. Sjå vedlegg nr. 4. og pkt. 6.4 i planskildringa. -Skredfare. Det er ikkje registrert tidlegare skred i området for denne reguleringsplanen. Ein kan heller ikkje sjå at det er noko skredfare på aktsemdkart hjå NGI. Sjå vedlegg 5. -Trafikktryggleik. Ved å leggja avkøyringa på denne staden som gjev gode sikttilhøve så ivaretek ein trafikktryggleiken rundt fylkesvegen. Sjå vedlegg 1 Statens Vegvesen. - Høgspent. Det går to høgspentlinjer gjennom planområdet. Voss Energi AS har sett avstanden frå yttarste leidning til byggningsdel til 4 m på på den eine og 6 m på den andre.det nye hyttefeltet utløyser trong for større trafo i mast og utviding av forsyningsanlegget, skap etc. Voss Energi AS må varslast dersom kran eller gravemaskin skal brukast nærare enn 30 m
12 frå høgspentlinjene. Sjå vedlegg 1 Voss Energi AS. -Friluftsliv. I heile dalen frå Reimegrend til Mjølfjell er mange hytter. Dette hyttefeltet ligg og inntil fleire hytter etablert frå 1970 fram til i dag. Det vil såleis ikkje vera noko konflikt med friluftsliv i dette området. 7. Innkomne merknader og kommentarar Det er kome fylgjande innspel til denne kunngjeringa, sjå vedlegg nr. 1. Voss Energi AS, brev av 24.06.14 og 25.06.14. Merknader: Hyttefeltet utløyser større trafo i mast og utviding av forsyningsanlegget, skap o.l. Det må og leggjast inn faresonar ved dei 2 høgspentlinene gjennom feltet. Kommentar: Det har vore møte med Voss Energi AS ved Egil Selvåg og ein har teke omsyn til deira merknader. Statens Vegvesen, Mail av 01.07.13. Merknader: Det var presisert at ein måtte ta med nok areal innan for plangrensa for å få med heile siktsona i begge retningar. Kommentar: Det var synfaring med H. Stenseth 11.06.13 på Eggjareid. Ein såg på plassering av avkøyring og på sikt i begge retningar. Planen er no basert på dei innspela som Statens vegvesen kom med. Hordaland Fylkeskommune, breva av 26.09.14. Merknader: Det vert bede om å ta omsyn til ein del punkt i planarbeidet. Vidare vert det presisert at det ikkje er kjend informasjon om automatiske freda kulturminne i området. Kommentar: Desse nemde punkta samsvarar i stor grad med viktige tema som er lista opp i referatet frå oppstartsmøtet av 30.10.13. og vert såleis teke opp i utgreiinga. Jernbaneverket. Brev av 19.08.2013. Merknader: Jernbaneverket påpeikar at ein ikkje kan føreta utgraving, oppfylling, oppføring av bygningar etc, nærare enn 30 m frå næraste spors midtlinje.utan avtale. Kommentar: Det er lite sansynleg at det vert utført noko arbeid i denne 30 m sonen. I tilfelle det skal skje må Jernbaneverket kontaktast. NVE Brev av 12.09.14.
13 Merknader: NVE oppmoar om å unngå utbygging på lågpunkt i terrenget og halda dei naturlege vassvegane opne. Dei påpeikar dette med flaum, erosjon og skredfare og at Raundalselva er eit verna vassdrag. Kommentar: Ein har vore i kontakt med NVE undervegs og me legg ved mail av 27.06.14 der dei kjem med ein del kommentarar i samband med problematikken rundt flaum og skredfare. Dette er utreda nærare i pkt. flaumfare og skredfare i ROS-analysen og i pkt.6.4 i planskildringa. 8. Avsluttande kommentarar Området er pr i dag prega av hytter med tilhøyrande avkøyringar, parkeringar, vegar etc. Det er naturleg at dette bør forsetja med vidareutvikling, fortetting og supplering av hytter. Det er lite nytt areal som vert teke i bruk og føremålet er hytter slik som områda i kring. Ein har konkludert med at hyttefeltet ligg utanfor flaumfare og skredfare. Når det gjeld trafikkfare så er tilhøva ved avkøyringa frå fylkesvegen basert på dei gjeldande krava som Statens vegvesen legg til grunn. Avstanden til dei to høgspentlinjene er definerte i plankartet og hyttene ligg eit godt stykke utanfor denne sonen. Magnetfeltet gir i fylje Statens strålevern liten fare. Konklusjonen må då vera at risikoen ved å etablera eit hyttefelt her er akseptabel. Vedlegg. Vedl. 1 Diverse innspel etter kunngjeringa. Vedl. 2 Utgreiing om VA av Ing. Odd Bakketun AS Vedl. 3 ROS- analyse. Vedl. 4 Tegningar og bilete for flaumvurdering. Vedl. 5 Skredkart. Voss, 22.09.14 Anda & Hirth ANS