Skolen sitt namn: Ikkje offentleg, Jfr. off. lov 13, Fvl 13 Individuell opplæringsplan IOP Halvårsevaluering Årsevaluering med evalueringar Hei på deg! Dette er ei hjelpefil for deg som lurer på kva du skal skrive i nokre av felta i skjemaet. Eg håper den kan vere til hjelp. Gjeldande for skoleåret: Heimel for krav om utarbeiding av IOP og vurderingar er 5-5 i Opplæringslova som lyder: «Unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa Reglane om innhaldet i opplæringa i denne lova og i forskrifter etter denne lova gjeld for spesialundervisning så langt dei passar. For elev som får spesialundervisning, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan. Planen skal vise mål for og innhaldet i opplæringa og korleis ho skal drivast. Også avvikande kontraktvilkår for lærlingar kan fastsetjast i den individuelle opplæringsplanen. Skolen skal kvart halvår utarbeide skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven. Skolen sender oversikta og vurderinga til eleven eller til foreldra til eleven og til kommunen eller fylkeskommunen» Kravet om IOP og vurderingar er altså knytt til om det blir gitt spesialundervisning. I så fall skal det utarbeidast individuell opplæringsplan. Med omgrepet «spesialundervisning» meinast her dei pedagogiske og/eller organisatoriske tiltaka som vert sett i verk for å stette krava i 5-1, 1. ledd: «Rett til spesialundervisning Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning» Elevdata: Eleven/ lærlingen sitt namn: Fødsels- og personnummer: Adresse: Skole/ bedrift: Klasse: Fagkode og programområde: Vi viser til vedtak om rett til spesialundervisning.
Har eleven individuell plan etter helselovgiving og sosialhelsetenestelova? JA NEI Er det oppretta ansvarsgruppe for eleven? Eventuelt namn på koordinatoren for IP og/ eller leiar for ansvarsgruppa: Eventuelle samarbeidande instansar: (BUP, Statped., o.a.) JA NEI Kartlegging: Ta utgangspunkt i sakkyndig vurdering, enkeltvedtak og eventuelt siste IOP. Planlagt kompetanse: 3-årig vidaregåande opplæring fram mot studiekompetanse Fag-/ sveinebrev eller yrkeskompetanse Kompetanse på lågare nivå Langsiktige mål og visjonar: Her skal det stå noko kort om kva langsiktige mål eleven har, - med tanke på tida etter vgo. For eksempel vidare utdanning på høgskole eller universitet, arbeid i verna bedrift osb. Kort om eleven sine vanskar: Ta utgangspunkt i sakkyndig vurdering og eventuelt siste IOP. Bruk konkrete og målbare faktorar, t.d. summert resultat frå testar/ observasjonar. Innhaldet her skal vere relevant i forhold til sjølve IOPen -> den faglege opplæringsplana. Skriv konkret og unngå synsing Bruk sakkyndig vurdering aktivt. Dette punktet skal vere til hjelp for faglærar sitt planleggingsarbeid. Eleven sine sterke sider og forutsetningar: Konkret informasjon som t.d. meistringsstrategiar, motivasjonsfaktorar og korleis eleven lærer best. Her er det også viktig å tenke matnyttig og få med det som er relevant i forhold til den faglege tilrettelegginga. Dette kan vere verdifull informasjon for faglærar. Kva motiverer eleven? Kva er gode læringsstrategiar for eleven? Tilretteleggingstiltak organisering av skoletilbodet: Har eleven behov for t.d. kortare arbeidsøkter, mindre grupper, særskilt læremateriell, eige rom, spesialstol eller liknande? I denne delen av skjema handlar det om den praktiske tilrettelegginga. Fag og fagansvarleg(e): Kva for fag gjeld IOP Faglærarar
Kontaktlærar: Assistent/ miljøarbeidar:
B Del 2 For elev med IOP i enkelte fag/ full kompetanse Kontaktlærar og faglærar fyller ut Denne delen er særs viktig for her er det Mål for opplæringa, arbeidsmetode, læremiddel, organisering og evaluering: faglege innhaldet i den individuelle Denne sida er ikkje låst. Kontaktlærar og faglærar kan kopiere/ hente inn så mange fagtabellar som trengs. Sjå rettleiing opplæringsplana for forklaring. -> sjølve IOPen Fag: Faglærar: Skal eleven ha vurdering med karakter i faget? JA / NEI (fjern eit alternativ) Mål for opplæringa Arbeidsmåte/ metode, organisering og læremiddel Halvårsevaluering og årsevaluering Kompetansemål frå læreplana som eleven skal ha: Her skal læreplanmåla inn. Hent dei inn frå udir.no eller tilsvarande. Skal eleven ha karakter i faget, må det gis opplæring i alle læreplanmåla. Måla kan brytast ned, sjå punktet Individuell målformulering Individuell målformulering: Kva skal det fokuserast på? Her skal det formulerast mål som er individuelle for eleven med utgangspunkt i kompetansemål frå læreplana. Måla kan brytast ned og eleven vil fortsatt kunne få vurdering med karakter i faget. Eks: I enkelte læreplanmål skal eleven både skildre, gjere greie for og drøfte eit tema. Dei fleste elevar kan lære å skildre og gjere greie for, men kanskje ikkje lære drøfting. Sjølv om det blir fokusert på delar av læreplanmåla, vil eleven kunne oppnå vurdering med karakter i faget, fordi målet ikkje er tatt vekk, men brote ned for å kunne tilpassast eleven. Læremiddel/ hjelpemiddel: Brukar eleven særskilte tilrettelagte læremiddel? For eksempel spesiell programvare, eiga lærebok eller tekniske hjelpemiddel av ulike slag. Organisering: Kordan blir undervisninga organisert; i lita gruppe, med to-lærar eller ein-til-ein-undervisning? Har eleven f.eks. kortare dagar eller kortare undervisningsøkter? Arbeidsmåte/ metode: Bruk tilrådinga frå den sakkyndige vurderinga frå PPT og enkeltvedtaket som skolen har utarbeidd. Her skal faglærar skrive evalueringa si. Kva tilrettelegging har fungert godt og i kor stor grad har eleven hatt måloppnåing i faget? Kva fungerte mindre bra, og kva kan endrast for å betre dette? Her er det viktig å skrive slik at det er greitt å lese for eleven sjølv og eleven sine føresette.
B Del 3 For elev med IOP i enkelte fag/ full kompetanse Kontaktlærar fyller ut Til halvårsevaluering og årsevaluering: Oppsummering/ rapport: Her skal kontaktlærar summere opp og beskrive det som gjeld eleven på tvers av fag. Forslag til vidare tiltak: Det kan vere at faglærarar oppfattar situasjonen ulikt og dermed vil ha forskjellige evalueringar. Årsakene kan vere mange, - for eksempel at faga er ulike og eleven har større forutsetningar og høgare motivasjon i det eine faget enn det andre. Her er det viktig at alle involverte samarbeider, slik at kontaktlærar får eit godt bilde av eleven og situasjonen. Her er basisgruppemøte ein god arena for slike drøftingar. Underskrifter: For skolen: Stad og dato: Skolen ved kontaktlærar/ avdelingsleiar: Elev/ føresette: Vi har gjort oss kjend med og sett oss inn i plana: Stad og dato: Elev og føresett(e): Vi håper utfylling og bruk av skjema gjekk greitt. Skulle det vere noko du lurer på, som du ikkje fekk svar på her, så høyr med spes.ped.-ansvarleg på skolen din eller kontakt ein av oss på utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune: Kari Volden Wenche M. Windstad Jorunn Dahle Anita Sæther