Plan for kompetanseutvikling STRATEGI OG TILTAK 2012



Like dokumenter
Plan for kompetanseutvikling Strategi og tiltak 2013

Plan for kompetanseutvikling Strategi og tiltak 2015

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Plan for kompetanseutvikling Strategi og tiltak 2014

Strategi for kompetanseutvikling

Plan for kompetanseutvikling Strategi og tiltak

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Plan for kompetanseutvikling Tiltak

Innhald 1:Innleiing :Vidareutdanning Nasjonal satsing Regionalt samarbeid Regionalt prioriterte

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2014/15

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

IKT-strategi. for opplæringssektoren

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Utviklingsplan

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

TILTAK FOR Å BETRE KVALITETEN I OPPLÆRING I BEDRIFT

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

Vidaregåande opplæring Ditt val!

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

FORVALTNINGSREVISJONEN BRUK AV DIGITALE VERKTØY OG LÆREMIDDEL I VIDAREGÅANDE SKULE ORIENTERING OM NYE TILTAK

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Retten til spesialundervisning

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Rådmannsutvalet Førde

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Mandat for dei faglege nettverka i Møre og Romsdal

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden ::: Sett inn innstillingen under denne linja

Plan for kompetanseutvikling Strategi og tiltak 2011

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

NY ORGANISERING AV OPPLÆRINGSSEKTOREN - HOVUDPROSJEKT

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Påstandar i Ståstadsanalysen (nynorsk)

10. trinn. Foreldremøte

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Plan for arbeid med kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Kompetanseplan for grunnskolen i Berlevåg kommune

Gjeldende per Ditt valg! Videregående opplæring

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Utdanningsprogramma. Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Medium og kommunikasjon Kunst, design og arkitektur

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

OPPNEMNING AV STYREREPRESENTANTAR VED PRIVATE SKOLAR

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Utdrag fra FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA SÆRSKILTE REGLER FOR FAGOPPLÆRINGA FAG- OG SVENNEPRØVE

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLINGA I GRUNNOPPLÆRINGA I VESTNES KOMMUNE

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Plan for kompetanseutvikling for pedagogisk personalet og skoleledere

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

U T V I K L I N G S P L A N

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Kompetanse høyringsuttale frå Møre og Romsdal fylke

Transkript:

Plan for kompetanseutvikling 2012 2015 STRATEGI OG TILTAK 2012

Plan for kompetanseutvikling 2012-2015 Strategi og tiltak 2012 INNHALDSLISTE: 1.0 OVERORDNA FØRINGAR... 2 1.1 OVERORDNA NASJONALE FØRINGAR... 2 1.2 OVERORDNA FYLKESKOMMUNALE FØRINGAR... 2 2.0 MÅL OG STRATEGI FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2012-2015... 3 2.1 NASJONALE OG LOKALE MÅLSETJINGAR... 3 2.2 STRATEGIAR FOR Å NÅ MÅLSETJINGANE... 4 3.0 UTVIKLINGS- OG TILTAKSOMRÅDE 2012-2015... 6 3.1 LEIING... 6 3.2 GJENNOMFØRING... 7 3.3 VURDERING... 8 3.4 DIGITAL KOMPETANSE OG IKT I OPPLÆRINGA... 9 3.5 ANDRE TILSETTE I SKOLE - STØTTESYSTEM... 10 4.0 PRIORITERINGAR 2012... 11 4.1 ETTER- OG VIDAREUTDANNING AV LÆRARAR... 11 4.2 ANDRE TILSETTE I SKOLE - STØTTESYSTEM... 12 4.3 FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA... 12 5.0 OVERSIKT OVER TILTAK FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2012... 13 5.1 5.2 LÆRARAR... 13 ANDRE TILSETTE I SKOLE - STØTTESYSTEM... 14 5.3 FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA... 14 6.0 FINANSIERING... 15 1

Plan for kompetanseutvikling 2012-2015 Denne planen viser målsetjingar, strategiar og tiltak som skal medverke til langsiktig og planmessig utvikling av kompetanse for skoleleiarar, undervisningspersonale, andre tilsette og sentrale aktørar i fag- og yrkesopplæringa 1. Strategiperioden går frå 2012-2015, men planen vil bli rullert årleg i perioden. Planen vil vere ein reiskap for å nå vedtekne nasjonale og fylkeskommunale mål. I løpet av strategiperioden blir det laga fire årlege tiltaksplanar. Denne planen vil avløyse Plan for kompetanseutvikling 2009-2012. Strategidokumentet definerer tre sentrale omgrep knytt til kompetanseutvikling: kompetanse, etterutdanning og vidareutdanning. Kompetanse er kunnskap som er omsett til dugleik, gjennom handling og erfaring (jf. Fylkesplan for Hordaland). Ei form for kompetanseutvikling er etterutdanning, som femnar all utdanning som ikkje gir kompetanseutvikling i form av studiepoeng, men som styrkjer den enkelte sin realkompetanse. Etterutdanninga skal vere praksisnær, vare over noko tid og innebere refleksjon og utprøving mellom samlingane med bruk av arbeidsplassen som læringsarena. Ei anna form er vidareutdanning, som gir ny formell kompetanse på universitets- og høgskolenivå. Dette er tilrettelagte enkeltemne eller vidareutdanningsprogram på lågare eller høgare grad. Vidareutdanning er underlagt eksamens- og vurderingsordningar og gir utteljing i form av studiepoeng. 1.0 Overordna føringar Plan for kompetanseutvikling 2012-2015 tar utgangspunkt i nasjonale og lokale dokument. I den årlege rulleringa vil planen bli justert ved eventuelt nye føringar. 1.1 Overordna nasjonale føringar Stortingsmelding 16 (2006-2007) og ingen stod igjen. Tidlig innsats for livslang læring Stortingsmelding 30 (2003-2004) Kultur for læring Stortingsmelding 31 (2007-2008) Kvalitet i skolen Stortingsmelding 44 (2008-2009) Utdanningslinja NOU 2008:18 Fagopplæring for framtida Kompetanse for kvalitet. Nasjonal strategi for videreutdanning av lærere 1.2 Overordna fylkeskommunale føringar Fylkesplan for Hordaland Budsjett, økonomiplan Strategi for leiarutvikling i Hordaland fylkeskommune Styringsdokument frå Opplæringsdirektøren Mål og strategiplan med handlingsplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland Tilstandsrapport vidaregåande opplæring. Hordaland fylkeskommune Plan for tilpassa opplæring og spesialundervisning 1 Andre tilsette er rådgivarar, miljøarbeidarar, merkantilt tilsette, reinhaldspersonale og bibliotekansvarlege. Sentrale aktørar i fag- og yrkesopplæringa er dagleg og fagleg leiar i bedrift, instruktørar og prøvenemnder. 2

2.0 Mål og strategiar for kompetanseutvikling 2012-2015 Kapittelet vil gi ei oversikt over nasjonale og lokale målsetjingar og strategiar for etter- og vidareutdanning. Ved den årlege rulleringa av planen må ein ta høgde for at målsetjingane og strategiane kan ha blitt endra. Planen vil då bli tilpassa dei politisk og administrativt vedtekne føringane. 2.1 Nasjonale og lokale målsetjingar 2.1.1 Nasjonale målsetjingar for etter- og vidareutdanning Etterutdanning Delmål for perioden 2009-2012 med særleg relevans for vidaregåande opplæring er: auka kompetanse for lærarar i fag ut frå lokale og nasjonale behov (fysikk, kjemi, yrkesfaglege programfag), fortrinnsvis for lærarar i vidaregåande opplæring, og i praktiskestetiske fag og rådgiving. For etterutdanning vil Utdanningsdirektoratet sørgje for at det blir utvikla tilbod og materiell ved universitet, høgskolar og andre fagmiljø. Fylkeskommunane kan søkje om midlar til etterutdanning hos Fylkesmannen. Målgruppa for tildeling av midlane er lærarar og rådgivarar og sentrale aktørar innan fag- og yrkesopplæringa. Dei prioriterte områda for 2012 vil først bli gjort kjent i februar 2012. I 2011 var det desse områda som var prioriterte: leseopplæring rekneopplæring vurdering klasseleiing fag- og yrkesopplæring Vidareutdanning Strategien Kompetanse for kvalitet er utarbeidd i samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet, KS, lærarorganisasjonane og Universitets- og høgskolerådet. Målsetjinga er å styrkje elevane si læring og motivasjon med å auke læraren sin faglege, fagdidaktiske og pedagogiske kompetanse gjennom målretta og landsdekkjande gjennomføring av vidareutdanning. Strategien skal medverke til å auke statusen til læraryrket, og styrkje tilliten til skolen sin kvalitet. Strategien skal reviderast fyrste gong i 2012. På sikt skal ulike fagområde og alle skoleslag bli gitt prioritet. 3

2.1.2 Lokale målsetjingar for etter- og vidareutdanning Fylkeskommunen sin visjon for kompetansepolitikken (jf. Fylkesplan for Hordaland) er: Hordaland skal vere ein lærande region der kompetanse vert systematisk utvikla og nytta i eit samspel mellom dei som tilbyr utdanning og opplæring, arbeidslivet, organisasjonane og den enkelte innbyggjar. Opplæringsavdelinga sitt hovudmål for lokale satsingar for skoleåret 2011/12 er: auka læringsutbytte og fullføring Plan for kompetanseutvikling skal medverke til å nå målet om auka læringsutbytte og fullføring. Kompetanseutviklinga blir systematisert, og skal fornye og utvide den faglege og pedagogiske kompetansen hos skoleleiarar, lærarar, andre tilsette og sentrale aktørar i fag- og yrkesopplæringa. HFK skal forankre den nasjonale strategien for vidareutdanning i organisasjonen, og sikre samanhengen mellom statleg satsing og eigne satsingsområde. 2.2 Strategiar for å nå målsetjingane Både Stortingsmelding 30 (2003-2004) og Stortingsmelding 31 (2007-2008) har vektlagt kompetansen i skoleverket som ein avgjerande faktor for å få betre tilpassa opplæring og for å styrkje dugleikane i elevmassen. Høg fagleg og pedagogisk kompetanse hos lærarane er difor ein sentral føresetnad for elevane si læring. I planperioden 2012-2015 har Hordaland fylkeskommune (HFK) følgjande strategiar for kompetanseutvikling: Skolane skal vidareutvikle ein kultur for kontinuerlig kollektiv læring gjennom innsikt i, og vurdering av eigne resultat. Dette krev ei tydeleg og inkluderande leiing. Gjennom å styrkje formell leiarkompetanse skal skoleleiarane utvikle analytisk og pedagogisk kompetanse, evne til å handtere motsetningar og interessekonfliktar og evne til å kommunisere godt med ulike aktørar, internt og eksternt. Styrkje og vidareutvikle dei faglege utvala (FAU) som reiskap for å nå breitt ut med kvalitetssikra etterutdanningstilbod retta mot lærarar, sentrale aktørar i fag- og yrkesopplæringa og andre tilsette i vidaregåande skolar. Skolen skal leggje til rette for at lærarar og andre tilsette utviklar og deler kunnskap og erfaringar i eit profesjonsfellesskap på skolen, og gjennom det oppnå ein felles kunnskapskapital. Etterutdanning innan fag- og yrkesopplæringa skal organiserast slik at alle aktørar i fag- og yrkesopplæringa får muligheit til å utvikle felles forståing for eit heilskapleg opplæringstilbod i skole og bedrift. Gjennom den nasjonale strategien for vidareutdanning, Kompetanse for kvalitet, auke den faglege, fagdidaktiske og pedagogiske kompetansen til lærarane gjennom målretta gjennomføring av vidareutdanning. 4

Den viktigaste strategien for kompetanseutvikling vil dreie seg om å nå breitt ut, der hovudvekta vil vere på etterutdanning og deling av kompetanse. Ein viktig del av etterutdanninga vil gå føre seg på skolane og i FAU. HFK vidareførar systemet med 17 FAU: - Bygg- og anleggsteknikk - Design og handverk - Elektrofag - Helse- og sosialfag - Medium og kommunikasjon - Naturbruk - Restaurant- og matfag - Service og samferdsel - Teknikk og industriell produksjon - Særskilt tilrettelagt opplæring - Formgjeving - Framandspråk - Idrettsfag og kroppsøving - Musikk, dans og drama - Norsk - Realfag - Samfunnsfag og økonomiske fag FAU- leiinga har ein tidsressurs til å drifte fagområda på It s learning og for å arrangere fagsamlingar for lærarane på tvers av skolane. Dette skal fremje ein delingskultur, eit tolkingsfellesskap om læreplanar, og ein lik vurderingspraksis. FAU vil få føringar frå Opplæringsdirektøren om særskilte satsingsområde. Dei skal òg kartleggje lærarane sine behov for fagleg påfyll innafor fagområdet, og gi tilbod om kurs i tråd med kartleggjinga. Etterutdanningstilbod som blir utvikla med støtte frå Utdanningsdirektoratet, kan skolane ta i bruk til sine interne utviklings- og etterutdanningstiltak. HFK vil og følgje opp den nasjonale strategien for vidareutdanning. I tillegg vil HFK jobbe for å dekkje lokale behov som skolane har, som ikkje blir omfatta av statlege tilbod. Opplæringsavdelinga vil i 2012, samstundes som den nasjonale strategien blir revidert, på nytt kartleggje skolane sine vidareutdanningsbehov. I samarbeid med universitets- og høgskolesektoren vil lærarar få skreddarsydde vidareutdanningstilbod etter prioriteringar gjort av opplæringsavdelinga. 5

3.0 Utviklings- og tiltaksområde 2012-2015 I det følgjande kapittelet blir dei prioriterte utviklings- og tiltaksområda for perioden 2012-2015 presenterte. Alle områda stør opp om hovudmålet auka læringsutbytte og fullføring. 3.1 Leiing 3.1.1 Leiing i skolen Ei spesiell og langsiktig satsing på kompetanseutvikling for skoleleiarar er eit sentralt verkemiddel i Kunnskapsløftet. God og kvalifisert oppfølging av nasjonale og lokale kvalitetsvurderingssystem krev høg kompetanse. Det faglege og pedagogiske leiarskapet skal styrkast, og fokus og innhald må vere retta mot leiaraktivitetar som kan medverke til skoleutvikling og auke elevane sitt læringsutbytte. Strategi for auka formell skoleleiarkompetanse i HFK 2012-2015 I tråd med intensjonane i Stortingsmelding 30 er det no etablert fleire tilbod om formell utdanning innanfor skoleleiing. Eitt av desse er rektorskolen som gir 30 studiepoeng og kan inngå i ein mastergrad. Tilbodet er fleirfagleg, men hovudvekta er lagt på faglegpedagogisk leiing. Rektorar som har gjennomført utdanninga gir gode tilbakemeldingar, og det er aukande interesse for deltaking i fylket. På lang sikt har HFK eit mål om at alle skoleleiarar i fylket skal ha formell skoleleiarkompetanse tilsvarande minimum 30 studiepoeng. Høg deltaking frå HFK i rektorskoleprogrammet i Hordaland vil inngå som hovudelement i opplæringsavdelinga sin strategi for 2012-15 når det gjeld formell leiarskolering. Rektorar og avdelingsleiarar vil bli prioriterte, men studiet er opna for lærarar frå hausten 2011. Strategi for utvikling av faglegpedagogisk leiarkompetanse for pedagogiske skoleleiarar i HFK 2012-2015 Skoleeigar skal aktivt medverke til å etablere og vedlikehalde ein læringsarena knytt til faglegpedagogisk kvalitetsutviklingsarbeid. Strategien skal medverke til systematisk erfaringsdeling mellom skolar, og skal vidareutvikle skoleleiarane sin kompetanse på følgjande område: Analysekompetanse/fortolkingskompetanse (kompetanse til å tolke resultat, forskingsfunn, felles forståing av pedagogiske styringsdokument frå sentralt og lokalt hald) Kunnskap om elevane sine læringsprosessar, læringsutbytte, vurdering Organisasjons- og leiingsteori med hovudvekt på leiing av lærande organisasjonar 6

3.1.2 Leiing i lærebedrifta Lærebedrifta skal ha fagleg leiar, det vil seie ein fagleg kvalifisert person i det enkelte lærefaget. Fagleg leiar har ansvaret for og tilsynet med at opplæringa skjer i høve til opplæringslova og forskrifta. For å kunne gi bedriftsleiinga betre kompetanse i kva krav bedrifta må fylle som lærebedrift, vil fagopplæringskontoret gi tilbod om kurs til nye lærebedrifter. Målgruppa her er dagleg leiar og fagleg leiar, og hovudtema er rolle og ansvar som lærebedrift. Fagopplæringskontoret vil òg følgje opp lærebedriftene gjennom møte, der leiinga vil bli oppdatert på plikter og rettar som lærebedrift. 3.2 Gjennomføring 3.2.1 Nasjonal strategi I 2011 etablerte Kunnskapsdepartementet eit nasjonalt prosjekt, Ny GIV (2011-2013), som også har auka fullføring som mål. Den konkrete målsetjinga er at gjennomføringstala nasjonalt skal auke frå 70 % til 75 % innan 2015. Prosjektet omfattar tre delområde: 1. Ny GIV overgang med fokus på samarbeid ved overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring 2. Ny GIV oppfølging med fokus på å etablere tilbod til elevar som har falle ut, eller står i fare for å falle ut av opplæringa, i samarbeid med NAV og andre eksterne aktørar 3. Ny GIV teljeprosjektet knytt til å utforme indikatorar for eins teljing av fråfall og gjennomføring nasjonalt Strategiar i gjennomføring av prosjektet er gjennomgang og utvikling av rutinar for overgang og oppfølging av elevar i opplæring. Eit viktig delområde er styrkjing av basiskompetansen hjå elevane, i lesing, skriving og rekning. For å nå dette målet er kompetanseheving av nøkkelpersonar med kompetanse i lesing, skriving og rekning sentral. Denne er sett i gang sentralt og vil bli utvida regionalt i Hordaland i skoleåret 2011-2012. Eit anna viktig område er satsing på yrkesretting av fellesfaga i yrkesfaglege utdanningsprogram. Det blir sett av midlar til utvikling av gode opplegg lokalt for undervisning i norsk, matematikk og engelsk, og til kompetanseutvikling av lærarar. 3.2.2 Lokale målsetjingar Auka gjennomføring/fullføring er forankra i heile vårt utdanningssystem. I styringsdokumentet for 2011-2012 i Hordaland er hovudmålet framleis auka læringsutbytte og fullføring Resultatmål i budsjettframlegget for 2012 er: 1. Redusere tal på elevar med Ikkje greidd i matematikk, kroppsøving og naturfag med 5 % 2. Redusere bortvalet ved dei vidaregåande skolane med 5 % 3. Redusere talet på lærlingar som ikkje greier fagprøva med 5 % 4. Betre resultatet på spørsmål om fagleg rettleiing i elevundersøkinga med 5 % over nivået i 2010 7

Strategien for å nå desse måla er ei brei satsing i tråd med sentrale forskingsresultat, mellom anna frå stiftinga NIFU, som har forska på fråfall på nasjonalt nivå frå 2001. Dei viktigaste områda for ei positiv utvikling er: Styrkjing av elevane sitt grunnlag for val av utdanning og yrke gjennom styrkjing av rådgivingstenesta Fokus på overgang mellom grunnskole og vidaregåande opplæring Auka fleksibilitet i tilbodet i vidaregåande opplæring I prosessen med å sikre eit meir heilskapleg opplæringsløp i skole og bedrift, vil det bli arbeidd med å leggje til rette for at representantar frå arbeidslivet (opplæringskontor/lærebedrift) kjem inn og deltek i dei yrkesfaglege fagutvala. Felles forståing av opplæringa vil vere sentralt i arbeidet med å auke gjennomføringa hos elevar og lærlingar. Tema som læreplanarbeid og vurdering vil vere sentralt. Dette krev spesielt kompetanseheving av bedriftsrepresentantar i fagutvala. 3.2.3 Klasseleiing Klasseleiing blei innført som eit nytt tiltaksområde med særskilt merksemd i styringsdokumentet for 2011-2012, og er lagt til for å styrkje innsatsen retta mot læringsmiljø. Klasseleiing vil vere eit prioritert område i heile planperioden, og i skoleåret 2011-2012 vil det bli gjennomført kompetansehevande tiltak retta mot kontaktlærarar på Vg1. 3.3 Vurdering 3.3.1 Vurdering i skolen HFK har i strategiperioden 2009-2012 gjennomført eit pilotprosjekt med seks skolar i samarbeid med UiB. Dette samarbeidet held frem også i eit nytt prosjekt gjennom skoleåret 2011-2012. Fem skolar og tre opplæringskontor deltek i det nasjonale prosjektet Vurdering for læring, pulje 2. Når dette prosjektet er avslutta våren 2012 er det ikkje planlagt nye omfattande prosjekt innanfor feltet vurdering. I strategiperioden 2012-15 er det framleis behov for å ha merksemd retta mot læringsaspektet ved vurdering, men behov for vidare oppfølging og kunnskapsutvikling på området må bli vurdert og følgt opp innanfor dei ordinære arenaene for kvalitetsutvikling i skolen: System for verksemdbasert vurdering FAU- systemet Samlingar for skoleleiarar 3.3.2 Vurdering i lærebedrifta Etter Kunnskapsløftet har instruktøren i lærebedrifta fått eit større ansvar. Både lærlingen sine prestasjonar og bedrifta si opplæring skal vurderast. Det er naudsynt at instruktøren er fagleg oppdatert, kjenner læreplanverket, og er i stand til å planleggje, rettleie og vurdere opplæringa 8

undervegs. Fagopplæringskontoret vil gi tilbod om kurs for instruktørar, faglege leiarar og yrkesfaglærarar. Prøvenemnda har ansvaret for utforming av fag- og sveineprøva, og gjennomfører denne sluttvurderinga. HFK skal sikre at prøvenemnda har tilfredsstillande vurderingsfagleg kompetanse, og har ansvaret for å gi nemnda den opplæringa som skal til for å gjere dei i stand til å utføre arbeidet sitt i tråd med krav i forskrifta. Nye nemnder blir oppnemnde frå 2012, og må lærast opp i dei grunnleggjande elementa snarast etter oppnemning. Det er også behov for vidare opplæring i oppnemningsperioden. 3.4 Digital kompetanse og IKT i opplæringa 3.4.1 Digital grunnkompetanse/fagretta kompetanse hjå skoleleiarar og lærarar Hausten 2011 blir den digitale grunnkompetansen hjå alle skoleleiarar og lærarar i HFK kartlagt for fyrste gong. Opplæringsavdelinga har i denne samanhengen definert ein minstestandard for kva som er digital grunnkompetanse for skoleåret 2011/12. Vidare er dette eit fyrste forsøk på å sikre at elevane får digital kompetanse gjennom vidaregåande opplæring, jf. Kunnskapsløftet. Parallelt med at den digitale grunnkompetansen blir sikra, må også den fagspesifikke digitale kompetansen aukast. Dette er ein kompetanse som ikkje er statisk, då det stadig blir utvikla fagspesifikke program, tenester, media og nettstader. Det pedagogisk digitale støttesystemet (PDS) 2 må difor vidareutviklast i planperioden for å sørgje for at den naudsynte kompetansen når alle ledd i organisasjonen. Den digitale satsinga er relativt ung i skolesamanheng, noko som tydar at når det gjeld god pedagogisk bruk av IKT- verktøy er vi heilt i byrjinga. For å utnytte potensialet i læring ved hjelp av IKT- verktøy i større grad, må lærarar utvikle metodisk kompetanse i bruk av nye media. Eit døme på dette er omvendt undervisning, kor elevane oppdaterer seg på nytt fagstoff heime ved hjelp av vodcast/podcast og liknande 3, i staden for at dette skjer i klasserommet. Dermed blir det mogleg å nytte tida på skolen til å praktisere ny kunnskap, og drive med til dømes meir tilpassa opplæring. Generelt blir det viktig i komande planperiode å vidareutvikle pedagogiske praksisar på den einskilde skole, og vidare dele desse gjennom ulike nettverk/arena digitale og analoge. 3.4.2 Leiarar og lærarar i digitale omgivnadar nye utfordringar Bruk av digitale verktøy og media i undervisninga blir viktig i komande planperiode. Dei gjer det mogleg å nå målsetjingar om auka elevmedverknad, eigenvurdering for elevane, tilpassa opplæring osb på ein annan måte enn tidlegare. Dette føreset at skoleleiarar og lærarar har kompetanse i høve til korleis det er mogleg å nytte ulike digitale verktøy og media på ein metodisk god måte, på bakgrunn av tankar rundt kva som er viktig å lære. Det blir viktig for skolane, med hjelp frå opplæringsavdelinga, å bu seg på endringane som kjem ved å i større 2 PDS består av IKT- konsulentar, e-pedagogar, e-koordinatorar og superbrukarar, etablert for å bidra til drift, kompetanseheving og for å støtte utviklinga av pedagogisk bruk av digitale læringsmidlar. 3 Sjå video om Flipped classrom ( omvendt undervisning er norsk oversetjing) - http://www.youtube.com/watch?v=2h4rkudfzlc eller nettstaden https://sites.google.com/site/omvendtundervisning/ 9

grad definere kva pedagogisk plattform ein vel å følgje i tida framover. Til dømes vel fleire skolar no å leggje opp til eit sosiokulturelt læringsperspektiv 4 i høve til læringsarbeidet, der mellom anna samarbeid, dialog og delingskultur er nøkkelord. Den pedagogiske plattforma må vere godt kjent blant leiarar og pedagogisk tilsette på skolane. Gjennom å vidareutvikle rollene til skoleleiarar og lærarar vil skolane bli i betre stand til å takle dei behova og utfordringane som gjer seg gjeldande framover. Skoleleiarane må auke sin pedagogiske kompetanse for å leggje til rette for at lærarar kan skape ein kollektiv læring gjennom deling av digital kompetanse og pedagogisk bruk av IKT- verktøy. Lærarane må vidareutvikle sine metodekunnskapar i lys av skolen sine målsetjingar for læringsarbeidet, slik at elevane får ein større plass i planleggjing, produksjon og vurdering av faglege opplegg. 3.5 Andre tilsette i skole - støttesystem Opplæringsavdelinga har eit særskilt ansvar for å sikre felles skolering av andre grupper enn lærarane. Skoleleiarane og rådgivarane er særleg prioriterte, men det er og andre grupper støttesystem som er viktige for å sikre kvaliteten i opplæringa. Dette er miljøarbeidarar, bibliotekarar, merkantilt tilsette og reinhaldspersonale. Rådgivinga som elevane har tilgang til skal medverke til å gi ei opplæring som er tilpassa den enkelte sine føresetnader og gi muligheiter for å klare seg i arbeidslivet. Vidare vil god rådgiving kunne føre til færre omval og gi betre gjennomføring. Styrking av rådgivartenesta har vore eit prioritert område, og vil og vere det i strategiperioden 2012-2015. Rådgivartenesta i Hordaland er delt i to hovudområde, sosialpedagogisk rettleiing og utdannings- og yrkesrettleiing. Rådgivarar får tilbod om vidareutdanning gjennom den nasjonale strategien, Kompetanse for kvalitet, og gjennom lokale prioriteringar. Mellom anna skal nytilsette rådgivarar gjennomføre vidareutdanning innan tre år etter tilsetting. HFK skal betre rekrutteringa av, og auke kompetansen hos miljøarbeidarar. For å sikre at denne gruppa har den naudsynte kompetansen, skal det leggjast til rette for at fleire får tilbod om å ta fagbrev innan relevante utdanningar. FAU for særskilt tilrettelagt opplæring sørgjer mellom anna for etterutdanningstilbod for miljøarbeidarane med arbeidsplass i grupper med redusert elevtal. Arbeidet med bibliotekutvikling i vidaregåande opplæring er forankra i eit eige plandokument, Strategisk plan for bibliotek i vgs i Hordaland 2012-2015. I planperioden vil det bli satsa breitt på kompetanseutvikling, og på å gjennomføre kompetansehevande møte, kurs og konferansar. I denne perioden er det nettverksbygging som er hovudsatsinga. Den faglege oppdateringa av merkantilt tilsette og reinhaldspersonale skal aukast gjennom at fleire får tilbod om å ta fagbrev innan relevante utdanningar. Gruppene har òg høve til å søkje opplæringsavdelinga om midlar til etterutdanning. OT/PPT skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Lærlingar og lærekandidatar skal ha same tilgang på pedagogisk-psykologisk teneste som elevar i vidaregåande skole. OT/PPT skal vere sakkunnig instans der Opplæringslova krev det. OT/PPT har ein eigen kompetanseplan for dei tilsette. I 2012 vil det vere fokus på kursing og nettverksarbeid. 4 Sjå mellom anna Dysthe (2001): Sosiokulturelle læringsperspektiv på kunnskap og læring. Frå: Dialog, samspill og læring, Abstrakt Forlag AS eller Mattias Øhra (2004): Sosiokulturelt læringsperspektiv. 10

4.0 Prioriteringar 2012 Prioriteringane for 2012 byggjer mellom anna på ei undersøking om skolane sine kompetansebehov som opplæringsavdelinga gjennomførte i 2009. Det var undersøkt kva fag/fagområde skolane vurderte som mest aktuelle for vidareutdanning i tråd med den nasjonale strategien, Kompetanse for kvalitet. Prioriteringane frå 2011 vil i stor grad også gjelde i 2012. Når den nasjonale strategien blir revidert i inneverande planperiode, vil opplæringsavdelinga på ny gjennomføre ei undersøking blant skolane. Fagutvala vil og kontinuerlig kartleggje behova for fagleg etterutdanning for lærarane som bakgrunn for sine prioriteringar. Skolane kartlegg og held sjølve oversyn over kva kompetanse og kompetansebehov skolane har. Skolane sine satsingsområde kan dei innarbeide i eigne utviklingsplanar. 4.1 Etter- og vidareutdanning av lærarar 4.1.1 Etterutdanning av lærarar Fagutvala skal arrangere fagsamlingar i tråd med denne kompetanseplanen og føringane frå Opplæringsdirektøren. Tiltaksområda er vurdering av eleven si læring, bruk av IKT i læringsog vurderingsarbeidet, og klasseleiing. Desse kan endre seg frå skoleåret 2012/13. FAU skal leggje til rette for delingskultur hos lærarane. Arbeidet skal ha ei slik prioritering: Vidareutvikling av vurderingskultur og -praksis. Kjenneteikn på måloppnåing i faga, og læreplanarbeid (inkludert Vg3 yrkesfag og prosjekt til fordjuping). Bruk av digital kompetanse i opplæringa. Skolering i bruk av aktuell programvare. Opplæring i, og spreiing av NDLA sine læringsressursar. Fagspesifikk etterutdanning som lærarane har behov for. 4.1.2 Vidareutdanning av lærarar Den nasjonale satsinga på vidareutdanning av lærarar fører med seg at fylkesmannsembeta får tildelt eit bestemt tal studieplassar innan bestemte fag, jf. Kompetanse for kvalitet. Desse studieplassane er gratis, men vil ha store kostnadar knytt til krav om å dekkje vikarutgifter. Då det her er snakk om få studieplassar, vil HFK òg halde fram med andre studietilbod. For å nå andre lokale behov, vil skolane kunne søkje om å få dekt studieavgift for lærarar som tar vidareutdanning i fag skolen har behov for. Det skal arbeidast for at fleire lærarar kan få fullført yrkesteori ved dei fylkeskommunale fagskolane. Kompetanse for kvalitet gir ikkje føringar på kva yrkesfag som er prioritert. HFK har ut frå ei heilskapleg vurdering valt å prioritere utdanningsprogramma TIP og Bygg og anlegg i 2012. HFK har gjort ei slik prioritering av fag: Yrkesfag gjennom Kompetanse for kvalitet Fagskoletilbod for yrkesfaglærarar utan godkjent yrkesteori. Teknikk og industriell produksjon er prioritert. Yrkesretting av matematikk, engelsk og norsk Spesialpedagogikk Rådgiving/ karriererettleiing 11

Fysikk 4.2 Andre tilsette i skole støttesystem Av dei tilsette i skolen som ikkje blir gruppert under lærarar, er det skoleleiarar og rådgivarar som blir prioriterte. Skoleleiarar: Leiargruppeutvikling, leiarsamling, rektorutdanning. Rådgivarar: Utdannings- og yrkesrådgiving, sosialpedagogikk. Kontaktlærarar: Regional skolering, klasseleiing. Miljøarbeidarar: Fleire skal få tilbod om fagbrev. Merkantilt tilsette og reinhaldspersonale: Tilbod om fagbrev, midlar til etterutdanning. Bibliotekansvarlege: Skolering av fagbibliotekarane. Nettverk for bibliotekansvarlege i regi av fagbibliotekarane. Opplæringsavdelinga: Tilsette kan søkje om økonomisk tilskot for kompetansehevande kurs. 4.3 Fag- og yrkesopplæringa Målgruppa er bedriftsleiinga, faglege leiarar, instruktørar, prøvenemnder og yrkesfaglærarar. Følgjande område er prioriterte: læreplanforståing og kompetanse på vurdering og rettleiing. Opplæring av prøvenemnder, med særleg fokus på vurderingskompetanse Instruktøropplæring med vekt på vurdering og rettleiing Gjennomføring av innføringskurs for nye lærebedrifter Konkretisering av læreplanane for Vg3 ut frå heilskapen i det fireårige løpet Hospitering mellom skole og bedrift Lærekandidatordninga 12

5.0 Oversikt over tiltak for kompetanseutvikling 2012 5.1 Lærarar Målområde Tiltak Kostnadsrammer Etterutdanning FAU, frikjøp 5 200 000 Delingskultur Læreplanarbeid Lokalt gitt eksamen Fagsamlingar/kurs i regi av FAU Felles vurderingskultur Eksamensoppgåver, yrkesfag Matematikkutvikling i nettverk (MUN) 30 000 Elevvurdering Vurdering for læring, pulje 2 300 000 Bruk av IKT i lærings- og vurderingsarbeidet Fagsamlingar PDS 3 950 000 Skolering på skolane v/ e-koordinatorar Konferanse Dei gode døma Løn til e- pedagogar Arenasamlingar, område i utviklingsplan i-pad, omvendt pedagogikk i undervisninga, mobilspel, frikjøp, deling av fag i Bergen vest Skoleleiing i informasjonssamfunnet Vidareutdanning Kompetanse for kvalitet, 30 studiepoeng 1 420 000 Vidareutdanning, ulike fag/skolane sitt behov Tilpassa opplæring og spesialpedagogikk Rådgivarutdanning Studie- og reisestipend Lærarar kan søkje individuelt 870 000 Faglegpedagogisk dag, UiB Lærarar kan delta på førelesingar ved UiB Samarbeid med fagskole om Fagskoleutdanning (TIP- prosjektet) yrkesteori Kompetanseheving av lærarar Grunnleggjande dugleikar i fellesfag 845 000 Tilrettelagt opplæring og spesialpedagogikk SUM 12 615 000 13

5.2 Andre tilsette i skole støttesystem Målområde Tiltak Kostnads -rammer Skoleleiarane 1 320 000 Leiarskapsutvikling Pedagogisk leiing, regionale leiarsamlingar Leiarsamling for rektorane Rektorutdanning Deltaking i tilbodet om skoleleiarutdanning (statleg) Rådgivingsfeltet 720 000 Kontaktlærarar Klasseleiing Div andre 60 000 Bibliotekansvarlege Nettverk, samlingar Reinhaldarar Fagbrev til fleire SUM 2100 000 Kr. 230 000 har blitt overført til Fusa vidaregåande skule i samband med fagbrev til miljøarbeidarar. 5.3 Fag- og yrkesopplæringa Målområde Tiltak Kostnadsrammer Læreplanarbeid Læreplanar Vg3-yrkesfag 460 000 Samarbeid skole- Hospiteringsordning/utveksling av personale mellom skole og 12 500 arbeidsliv bedrift Lærebedrifter Skolering av nye lærebedrifter/opplæringskontor 241 000 Instruktørar/ faglege leiarar i bedrift/yrkesfaglærarar Prøvenemnder, yrkesutval og klagenemnder Lærekandidatar Kvalitet i opplæring i bedrift Opplæring av instruktørar, faglege leiarar og yrkesfaglærarar 430 000 Kurs i høve til Kunnskapsløftet og kvalitetssikring/dokumentasjon 3 055 000 av innhaldet i fag-/sveineprøva Samarbeid med prøvenemnder i andre fylke Informasjonsarbeid om lærekandidatordninga. Målgruppe: 275 000 bedrifter, ungdomsskolar, vgs, elevar, OT/PPT og NAV SUM 4 473 500 14

6.0 Finansiering 2012 Kostnadar Kroner Lærarar 12 615 000 Andre tilsette og støttesystem 2 100 000 Fagopplæringa 4 473 500 SUM 19 188 500 Finansiering for 2012 Kroner Kommentar Statlege midlar vidareutdanning, lærarar 400 000 Søknad, svar frå FM april-2012 Statlege midlar etterutdanning, skole 1 215 000 Søknad, svar frå FM juni- 2012 Statlege ubrukte midlar, fag- og yrkesopplæringa 3 916 000 Løyvd tidlegare år Statlege ubrukte midlar, skole 917 500 Løyvd tidlegare år Statlege midlar, NY GIV 1 690 000 Eigenbetaling frå skolane 1 550 000 Faglegpedagogisk verksemd 8 500 000 Frå ordinært budsjett Frå ordinært budsjett merka Prøvenemndsopplæring 1 000 000 SUM 19 188 500 Tiltaka vil bli finansiert ved hjelp av statlege midlar til kompetanseutvikling og midlar frå opplæringsavdelinga sine budsjett. Midlane dekkjer aktivitetar for 2012. Det er ikkje rekna med eigeninnsats i form av faste stillingar ved opplæringsavdelinga og skolane. Heller ikkje skolane sine vikarutgifter i samband med lærarane si etterutdanning, er rekna med. Desse ressursane er betydelege. Kor stort beløp Hordaland fylkeskommune vil få av statlege midlar for 2012 er framleis usikkert. Berekningane i budsjettet er med utgangspunkt i føregåande år. Frå hausten 2011 er det blitt innført eigenbetaling frå skolane for etterutdanningskurs i regi av FAU. Statlege Ny GIV- midlar finansierar kompetanseheving av lærarar i grunnleggjande dugleikar i fellesfag, og klasseleiing. Den varige strategien for vidareutdanning av lærarar vil halde fram i fleire år, slik at det blir færre midlar til etterutdanning. For kvar normert halvårseining (30 studiepoeng) gir staten 100 000 kr. til å dekkje vikarutgifter, og skoleeigar forpliktar seg til å dekkje tilsvarande 100 000 kr. Storleiken på eige utviklingsbudsjett vil difor vere avgjerande for kor sterkt Hordaland fylkeskommune kan delta i denne satsinga. 15

Agnes Mowinckels gt 5 Postboks 7900 N-5020 BERGEN Telefon: 55 23 90 00 www.hordaland.no