HALVTÅRSRAPPORT, GRØN GRUPPE. VÅREN 2017. Personalet på grøn gruppe: Ingelin Eide ped.leiar. Gunnhild M. Hope, assistent. Det er 10 barn på gruppa, 5 gutar og 5 jenter. Dei 7 fagområda: 1.Kommunikasjon, språk og tekst. 2.Kropp, rørsle og helse. 3. Kunst, kultur og kreativitet. 4. Natur, miljø og teknikk. 5. Etikk, religion og filosofi. 6. Nærmiljø og samfunn. 7. Tal, rom og form. 1. Kommunikasjon, språk og tekst: Har hatt små lesegrupper inne på språkoteket, der me vaksne leste bøker med store, klare bilder og tekst til bilda. Etter å ha lese boka, hadde me ein samtale rundt det barna såg på bildene. Benytta og boka «Mine første tusen ord», der barna skulle leiter etter gjenstander på bilda som den vaksne sa.
2. Kropp, rørsle og helse: Barna var ute kvar dag. Gjekk på tur ein fast dag i veka i nærmiljøet. Då gjekk dei i ulendt terreng. Lagde varm mat på turane. Kvar dag øvde barna med å kle på seg sjølv. Barna la på plass klærna sine på sin plass i «fingarderderoben» og dei hengte opp regnkler og dress på sin knagg i «grovgarderoben». For å nå opp til sin knagg, stod dei på ein trekrakk. Det siste barna gjorde før dei satt seg ved måltidsbordet, var å vaske seg på henda. Og barna vaska alltid henda etter toalettbesøk. 3. Kunst, kultur og kreativitet: Me vaksne har vore opptatt med at barna skal skapa sjølv. Då har barna teikna etter ein dyrefigur. Barna fekk sjå og kjenna på dyre figuren, før dei teikna denne. Barna har brukt malerpensel og malt med forskjellige fargar. Haustfargar (rødt, gult, oransj og grønt), vinterfargar (malt med kvit farge på blått ark). Gruppa blei delt inn i små lesegrupper. Har lese mykje for barna med forskjellige bøker. Har og hatt fokus på eventyr: «Geita som kunne telle til ti» og «Ulven og dei sju geitekillingane». Barna fekk høyre eventyra fortald med hjelp av figurar. Barna fekk så leike eventyret nokre gonger etterpå med figurane. Barna har brukt saks til å klippe ut av blader. Barna på grøn gruppe har fått gjort forskjellige eksperimenter. 1.Barna har fargelagd papirblomar. Etter det, bretta dei blomane., for så å legga dei på vatn. Til stor overraskelse hos barna, opna blomen seg! 2. Barna blei delt i små grupper og kvar av gruppene fekk utdelt kvar sitt kar med vatn. Gruppene fekk forskjellige ting/små leiker som dei skulle prøve om tinga flaut eller sank i vatnet. 3. Ein dag det var snø, tok Gunnhild snø oppi ein iskremboks. Då skulle me finne ut kva som skjedde med snøen om me tok snøen oppi ei panne og varma den opp. 4. Barna blei delt opp i to grupper. Dette eksperimentet gjekk ut på om me kunne få rosiner til å «danse». Me fylte to store, gjennomsiktige glas med vanleg farris. Så fekk barna hiva ei og ei rosin nedi i glaset. Kva skjedde? Rosinene «dansa», eller som barna sa: «rosinene for opp og ned».
4. Natur, miljø og teknikk Gunnhild laga til eit «værhjul» (ho klippte ut ein runding i farga papir, og laga regn, og delte inn hjulet i fire like store deler: sol, regn, snø og skyer. I samlingstundene, snakka me om kva vær me hadde dei forskjellige dagane ved å sjå ut av vindauget. Var det t.d.fint ver, satte me pila på sola på «værhjulet». Etter at me hadde funne ut kva vær me hadde den dagen, snakka me om kva for klær me måtte ha på oss når me skulle ut. 5. Etikk, religion og filosofi Me hadde små spelegrupper, der barna øvde seg på å venta på tur. Barna fekk og støtte på å sjå andre barna sitt perspektiv i leiken. Barna undra seg heile tida i lag med vaksne, ved at barna fekk svar frå oss vaksne på undrande spørsmål. Barna blei delt i små leikegrupper,. 6. Nærmiljø og samfunn Omtrent kvar dag hadde grøn gruppe samlingstund som gjorde sitt til at det blei danna ei gruppekjensle hos barna. Me vaksne gjorde kvart barn synleg ved å framheva kvart barn ved bursdagar. Då fekk bursdagsbarnet sitje på bursdagsstol, me sang bursdagssang for bursdagsbarnet og han/ho fekk først kake, is eller det som bursdagsbarnet hadde med seg til feiringa. Eit barn skulle slutte i barnehagen. Då sa dei andre noko fint om det barnet som skulle slutte. Dette skreiv me vaksne ned på nokre fine papir kort som barna hadde teikna på og pynta med klistremerker. Gunnhild og nokre barn lagde ei fin eske til å ha desse papirkorta oppi. Denne eska fekk dette barnet som skulle slutte.
Me vaksne på gruppa laga til ei markering for dette barnet, der me kosa oss med gele, saft og saltstenger. Under denne markeringa, leste ein vaksen på gruppa opp kva som stod på dei forskjellige papir korta. 7. Tal, rom og form Me hadde rim og regler: «Ti små spøkelser», «5 små apekatter». Eventyra hadde teljing: Geita som kunne telje til ti og Ulven og dei sju geitekillingane. Dramatisering: barna dramatiserte ti små spøkelser.
Bursdagsfeiring på grøn gruppe. Grøn gruppe sitter ved måltidsbordet. Grøn gruppe på tur.
Grøn gruppe malar på lampeskjermer. Grøn gruppe leiker eventyret «Ulven og dei sju geitekillingane». Grøn gruppe maler med klinkekuler
Grøn gruppe dramatiserer «Ti små spøkelser». Ei lita leikegruppe Ei lita spelegruppe. Grøn gruppe klipper med saks.
Fargelegger blomen, bretter blomen, og til slutt legg blomen på vatn Flyte/synke. Snø oppi iskremboks.. Rosiner oppi farris. Rosinene «dansa».
Markering for barnet som skal slutte. Papir korta som barna laga til det barnet. Værhjulet som Gunnhild laga til grøn gruppe.