Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 027/15 Plan- og Miljøutvalet PS 26.05.2015 036/15 Bystyret PS 09.06.2015 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Kjell Aage Udberg ARP - 20110119, K2 - L12 11/1515 Detaljreguleringsplan - Grov, Deler av Gbnr. 83/3 og 83/5-1 Motorsport. Planvedtak Framlegg til vedtak: Plan- og Miljøutvalet - 027/15 PMUV - handsaming: Hallgeir Helland går frå som ugild i saka. Tillegg til vedtak: Fylkesmannen har motsegn mot område 8 i planen. Kommunen tar kontakt med fylkesmannen for mekling når det gjeld område 8. Framlegg til vedtak med tillegg vart samrøystes vedteke. PMUV - vedtak: Fylkesmannen har motsegn mot område 8 i planen. Kommunen tar kontakt med fylkesmannen for mekling når det gjeld område 8.
Bystyret - 036/15 BYST - handsaming: Anne Lise Midtbø og Hallgeir Helland fråtrer som ugilde. Framlegg til vedtak frå plan og miljøutvalet vert samrøystes vedteke. BYST - vedtak: Fylkesmannen har motsegn mot område 8 i planen. Kommunen tar kontakt med fylkesmannen for mekling når det gjeld område 8.
Saksopplysingar: Kva saka gjeld: Innleiing: Det er utarbeidd framlegg til privat detaljreguleringsplan for Motorsport på Grov, del av gbnr. 83/3 og 83/5. Planarbeidet vert utført i regi av Florø Motorsport Klubb. Planframlegget er utarbeidd av Siv.ark. Kjell Hareide. Området som primært er tiltenkt motorsport ligg mellom sjøen og riksvegen nordvest for regulert skytebane på Grov. Planavgrensinga er noko større enn det som ein antek skal nyttast til motorsport, men som utgangspunkt kan det vere fornuftig å sjå på samspelet mellom aktivitetane i området. Den nye traseen for kraftleidninga Fardal-Ørskog har mast for fjordkryssinga lengst vest i området. Planframlegget er sist datert 22.08.2014. Planframlegget er ikkje i samsvar med overordna plan. Dette er vurdert av Plan og Miljøutvalet i møte 18.10.2011 som planspørsmål. Plan og miljøutvalet gjorde føljande vedtak: "Plan- og miljøutvalet er svært positiv til at dette området på Grov vert disponert og regulert til motorsportsaktivitetar. Med heimel i Plan- og bygningslova går Plan- og miljøutvalet inn for at det skal kunne startast opp arbeid med regulering av området, og godkjenner vidare at forslaget til planprogram kan leggast ut til offentleg ettersyn." Det er utarbeidd planprogram etter PBL 4-1. Planprogrammet beskriv dei ulike tema som skal utgreiast, og som det evt. skal vurderast konsekvensar av i planen. Bakgrunnen for dette er at området ligg i LNF-område i overordna arealdel til kommuneplanen. Dette er vedtatt av Plan og Miljøutvalet i møte 31.05.2012. Plan og miljøutvalet gjorde føljande vedtak: " Plan- og miljøutvalet godkjenner med heimel i Plan- og bygningslova 4-1 Planprogram for utarbeiding av privat detaljreguleringsplan for motorsport på Grov, dat. 24.05.2012." Kommunen har imidlertid ikkje vurdert planarbeidet til å ha eit omfang eller på annan måte komme under kriteria for handsaming etter forskrifta om konsekvensutgreiing, jmf. forskrifta 4, a) k). Som det går fram av forskrifta 5 skal kommunen før planen vert kunngjort oppstarta ta stilling til kva for kriterie som utløyser krav om konsekvensvurdering etter forskrifta. Når kommunen ikkje har krevd konsekvensvurdering etter forskrifta, burde dette sjølvsagt ha gått fram av planvarselet slik det går fram forskrifta 5. Vurdering av behov for konsekvensutgreiing er også gjort av kommunen i samband med at det vart gitt dispensasjon frå plankravet for å sette i gang tiltak i området. Dette vedtaket er ikkje påklaga. Det er utarbeidd planomtale med ROS analyse. Støyrapport og vurdering av naturmangfaldet er tillegg til planomtalen. Merknader i samband med at saka har vore lagt til offentleg ettersyn er vurdert i eige vedlegg. Det går fram at fylkesmannen har motsegn til område 8 i planframlegget. Dette er kommentert nærare i
rådmannens vurdering av saka. Administrasjonen har hatt kontakt med eigar av Gbnr. 83/5 som ikkje har innvending til at planen blir lagt ut slik den nå er utforma, men han vil vurdere anan bruk av arealet dersom det ikkje vert brukt til motorsport. Vurdering: Etter administrasjonen si vurdering er området svært godt eigna til det omsøkte føremålet. Det er allereie store inngrep i området med fylkesveg, bru over fjorden, skytebaneanlegg og ny konsesjonsgjeven kraftleidning Fardal-Ørskog. Rådmannen ser difor svært positivt på at motorsporten skal få eit nytt og godt tilgjengeleg område, og området på Grov peikar seg ut som svært godt til denne bruken. Motorsport er ein aktivitet som kommunen ynskjer å ha på ein sentral plass i kommunen og samstundes vekk frå dei tettast befolka områda med omsyn til mellom anna støyproblematikk. Tiltaket er av søkjar og kommunen vurdert etter naturmangfaldlova 8-12, jfr. 1 og 7. Det er ikkje funne registreringar av særskild natur- eller miljøverdiar i området som tilseier at tiltaket står i mot prinsippa i naturmangfaldlova. Rådmannen har ei anna vurdering av restverdien av skogen i område 8 enn det fylkesmannen har, og rår til at planen vert vedtatt slik den nå er utforma. Motsegn medfører at kommunen ikkje kan eigengodkjenne saka, som må sendast til departementet for endeleg avgjerd. Rådmannen vil ta kontakt med fylkesmannen for å mekle i saka. Annan bruk av Gbnr. 83/5 kan avklarast gjennom endra plan dersom dette vert aktuelt. Økonomiske konsekvensar: Miljømessige konsekvensar: Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm:
Vedlegg: Føresegner plan 1025 planomtale Biologisk mangfold Rapport Grovastà ylen Skredfare Grov Støyvurdering_A (1) 98868001_RIAKU01_Sunnfjord Motorsportsenter. Oppsummering fråsegner med rådmannens kommentarer