Logistikk av frukt og bær til heile Norges frukostbord
Om Lerum Det starta på kjøkenet i 1907 på Sørheim i Luster Sysselsett 125 personar og har ein omsetnad på 495 millionar kroner 4. generasjon Lerum er eigarar Har 3 anlegg i Sogn Produserte i 2016 39,2 mill. liter drikke, og 7,2 mill. kg. syltetøy
Samlokalisering 2017-18
Utfordringar Lokalisering i indre Sogn midt i fruktfatet Vareflyt retnings-ubalanse Infrastruktur veg, fly, bane, internett Leveringsevne prognose-/planleggings-system og kommunikasjon Distribusjon korleis få safta og syltetøyet inn i hus og heim?
Lokalisering i indre Sogn, nasjonalt sal Ferdigvarer ut: Store avstandar til kunde/grossist i Norge Sør for Namsos levering direkte med bil Nordover kombinert bil/båt/bil via Bergen Råvarer/emballasje inn: Norske leverandørar direkte med bil Frå utland ulike løysingar: Frysetransport direkte Container via terminalløysing i Oslo Mykje vert omlasta på terminal i Oslo Vinterkøyring i Norge er utfordrande, vi set strenge krav til transportør og set pris på hyppige myndigheitskontrollar
Vareflyt retnings-ubalanse, korleis utnytte kapasitet? Fokus på transport og -kostnadar vil alltid vere viktig når ein skal levere frukt og bær til heile Norges frukostbord, spesielt med utgangspunkt i Sogn. Viktig for oss å ha kontroll på transport inn/ut. Lerum AS hadde eigen transport, men etablerte i 2007 saman med transportørane Lerum Frakt SA. Lerum Frakt SA er Lerum AS sin faste transportør og skal levere kvalitet til rett pris. Fokus i kvart ledd på det ein skal vere best på, men samstundes sjå alt i samanheng for beste total-løysing.
Infrastruktur veg, fly, bane? Kva med internett? Veg er absolutt viktigast for oss. God vegstandard med rett kapasitet = Føreseieleg framføring av varer. Timelevering hjå våre kundar, bra for effektivitet, men krevjande med store avstandar. Vintervedlikehald er viktig, men det finst transportørar som burde sleppe å køyre på Norske vintervegar. Internett med høg hastigheit og stor kapasitet er også svært viktig, spesielt i forhold til å redusere effekten av fysisk avstand. EDI både mot kunde og leverandør. Samhandling/informasjonsdeling over nett når det gjeld prognosar/planar/bestillingar og oppfølging i forhold til leveringar. Service/feilsøk frå maskinleverandørar, effektivt over nett. Driftssikkerheit og tryggleik kritisk.
Leveringsevne prognose-/planleggings-system kommunikasjon internt i eiga bedrift, men også i verdikjeda Alt startar med salsprognose, kva trur vi om forbrukaren sin preferanse for våre produkt? Med lange ledetider, krav om effektivitet og samstundes oppretthalde 98% leveringsevne, blir planlegging og verktøy på alle områder viktig. Produksjon, bemanning, vedlikehald, transport, leverandør Verdien av informasjonsdeling kan ikkje overvurderast. Skape forståing for kvarandre sine daglege utfordringar og dermed legge grunnlag for bidrag til kontinuerleg forbetring heile vegen. Vi kommuniserer med kunde via EDI. Ordre-pakkseddel-faktura, og bidreg til effektivitet ved å tilpasse oss STAND - både system og fysisk. Med leverandør meir konvensjonelt og førebels lite integrert system-messig. Krav og oppfølging
Distribusjon korleis få safta og syltetøyet inn i hus og heim? Lerum AS er grossistdistribuert. Vi produserer og leverer til grossistlager. Vi har seljarar som kvar dag er i butikkar, opptekne av at våre varer skal vere synlege. Dette er ein viktig, men kanskje ikkje like synleg del av logistikken for å få frukt og bær på frukostbordet. Til sjuande og sist er det forbrukaren som er konge. Vi kan gjere kva vi vil om ikkje den som er på handel plukkar med seg vara og faktisk tek den heile vegen heim til kjøleskåpet og matbordet. Marknadsføring vert dermed eit viktig bidrag for å smørje logistikken og skape volum.
Oppsummering Lerum lever av å produsere og få selt dei beste produkta av frukt og bær = logistikk. Logistikken er kompleks og utfordrande, mange skal bidra for at produkta når forbrukar. Samhandling er nøkkelen til at våre produkt når frukostbordet. Informasjonsdeling er nøkkelen til samhandling. Alle som deler informasjon og bidreg for å få våre produkt på frukostbordet er viktige brikker i logistikken. Når logistikken fungerer er det eit resultat av samhandling på mange plan og områder.
Takk for merksemda