SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 14/627-1 Budsjettendring juni 2014 TILRÅDING: Leikanger kommune sitt driftsbudsjett vert for 2014 endra på netto rammer slik: Rammetilskot, reduksjon i tilskot 298 000 Oppvekst og omsorg (netto utgiftsauke) 2 244 000 Næring og utvikling (netto utgiftsauke) 622 000 Finansiert med: Bruk av disposisjonfond -3 164 000 Auka utgiftsbehov for 2014, kr 3.164.00,- vert å dekka over disposisjonsfond, konto 25699080. DOKUMENT: Budsjett 2014 (ikkje vedlagt) Tertialrapport 2014 (ikkje vedlagt) SAKSUTGREIING: Budsjettendringar juni 2014
Revidert nasjonalbudsjett og reduksjon i frie inntekter I samband med framlegging av revidert nasjonalbudsjett, vart det gjort greie for endringar i rammetilskotet til kommunane. Økning pga. skatte-endringer og deflator 153 000 Endringer barnehage -307 000 Endringer grunnskole -97 000 Endringer barnevern 17 000 Utlemming rustilskudd -70 000 Dobbeltrom sykehjem 6 000 Endring RNB-2014-298 000 Reduksjon i rammetilskot gjeld langt på veg endrinar innafor barnehage og skule. Barnehage: Likebehandling mellom kommunale og ikke-kommunale barnehager (69 mill.), reversert reduksjon makspris i barnehagane (-163 mill.), reversering av opptrapping mot to barnehageopptak (-241 mill.) og redusert etterspørsel etter barnehage som følge av auka kontantstøtte (-344 mill.) vert innbyggjar tilskotet til Leikanger kommune redusert med 307.000,-. Skule SFO: Endringer i innbyggertilskuddet som følge av avvikling av kulturskoletime i SFO (-71,1 mill.) og avvikling av ordningen med frukt og grønt i grunnskolen (-107,2 mill.). Konklusjon: Reduksjon av rammetilskot med kr. 298.000,-. Sogn Barnevern I fylgje tertialrapport frå Sogn barnevern kan det gå mot ei overskriding på utgifter til tiltak i barnevernet i 2014 med kr. 350.000,- Budsjettposten 13507 /245/ 25200 - kjøp av tenester, må aukast med denne summen. Pleie og omsorg Leikanger sjukeheim Tertialrapporten for 1. terial 2014 gjorde oko greie for meirforbruk ved sjukeheimen. Meirforbruket må vurderast opp imot eit svært høgt sjukefråver. Store deler av fråværet er sjukemeldt, men likevel ikkje slik at det vert refundert frå Nav. Høgt sjukefråvær medfører og at ein di enkelte høve pga manglande erfaring og kompetanse må kompensere med ekstra personell på vakt. Vidare ser vi at det ikkje er budsjettert med nok midlar til å finansiere udekka stilligar på helg (vakans). Styrking av budsjettet for sjukeheimen på 2,1 mill. kroner er rekna ut frå medgått løn tom april og deretter er utgiften for april framskriven for resten av året.
Det er i tillegg gjort sjølvstendige vurdering på høgtidsstillegg og ferievikar. Tidlegare erfaring tilseier at budsjettet for ferievikar må aukast pga ein også i ferietida må kompensere for manglande erfaring med fleire på vakt. Fellesutgifter pleie og omsorg. I budsjettet for 2014 vart det sett av kr. 950.000,- til å dekka evt. utgifter knytt til oppfølging av RO-rapporten i pleie og omsorg. Oppfølgingsarbeidet har så lang skjedd i eigen regi og det er til no ikkje konkludert med at ein må iverksetja konkrete tiltak eller engasjere ekstern hjelp som krev ekstra ressursar. Rådmannen meiner difor ein for 2014 kan redusere budsjettposten 14900/200/25302 tilleggsløyvingar, frå kr. 950.000,- til kr. 200.000,-. Dersom ein i det vidare arbeidet kjem til at tiltak må iverksetjast som krev ekstra ressursar framover, vert dette å koma attende til i budsjettarbeidet for 2015. Heimebasert omsorg Etablering av nytt særtiltak (J) i pleie og omsorg. Det vert for tida arbeidd med etablering av tiltak omkring 2 ungdomar som treng omfattande støttetiltak. Vurdering av hjelpetiltaka skjer i nært samarbeid med ulike faginstansar. Forventa oppstart er 01.09.14. Ein ser føre seg at tiltaka for dei 2 ungdomane kan samordnast med felles personale og organiserast som eitt tiltak. Heilårskostnad med tiltaket for 2015 er lagt inn i rammesaka. Utgiftene til drift av tiltaket frå 1. september i år er ikkje budsjettert, og det vil ikkje vera rom for omdisponeringar innanfor tenesteområdet for å dekka meirkostnadane. Det vil vera naudsynt å tilføra midlar til etablering av nytt særtiltak (J) frå 01.09.14 med kr.220.000,-. Helse Medfinansiering Leikanger kommune har motteke ny prognose for medfinansiering av utgifter til spesialisthelsetenesta i 2014. Det er her lagt inn ein utgiftsauke på 324.000,-. Posten aukar frå kr.2,4 mil til vel 2,7 mill. kroner. Ordninga med medfinansiering for somatisk sjuke i spesialisthelsetenestaer reversert i kommuneprp. for 2015 og vert avvikla frå 1. januar 2015. Byggforvaltning Tinghus II/III Behov for budsjettendring skuldast mellom anna ny leigeavtale med Statens Vegvesen samt endra ordning for reinhald (kjøp av tenester) ved tinghus II/III. Fram tom mai 2014 vart reinhaldet utført av Leikanger kommune med refusjon frå Statens Vegvesen. Når no denne testa er opphøyrt, må budsjettet endrast tilsvarande. Deler av inntektstapet vert dekka av redusert utgift. Meirinntekt ved å administrere tiltaket må derimot dekkast inn.
Ny leigeavtale for tinghus IIog III fekk og nytt forfallstidspunkt, 1.12.2013 og dermed vart 5 mnd. husleige for 2014 samt refusjon for sal av reinhaldstenester for tilsvarande periode, innbetalt alt i 2013. Husleige tinghus II/III Husleige for Tinghus II/III inntektsført i 2013 (gjeld 2014) kr. 542.000,-. Endra husleigeavtale 2014 gir ei meirinntekt på kr. 323.000,-. Behov for inndekking husleige 2014: kr. 219.000,-. Refusjon reinhald Vask inntektsført i 2013 (gjeld 2014): kr. 272.000,-. Endra avtale for reinhald i tinhus II/III: Redusert inntekt sal av reinhaldstenester kr. 376.000,- Reduksjon innekter sal av reinhaldstenester kr. 648.000,- Redusert lønsutgifter reinhald kr. 245.000,- Inndekking budsjettert inntekt kr. 403.000,- Manglande sals- og leigeinntekter for 2014 vedrørande tinghusanlegget må vurderast oppimot rekneskapen for 2013 der det var ei meirinntekt på 1,2 mill. kroner. Konklusjon: Til å dekke opp for inntekter ført i 2013 samt bortfall av avtale om reinhald i tinghus II/III vil område mangle kr. 622.000,- for 2014. Då dette er langt på veg er inntekter som no ligg i overskotet for 2013, vert det foreslått å dekke manglande inntekter med bruk av disposisjonsfond for avsett overskot (etter at overskot for 2013 er avsett).
Samlesoppstilling av endringar i budsjett juni 2014 Auka utgift /red. inntekt Redusert rammetilskot 298 000 Auka inntekt / red. utgift Sogn Barnevern 350 000 Leikanger Sjukeheim, drift 2 100 000 Fellesutgifter Pleie og omsorg 750 000 Nytt tiltak i heimebasert omsorg 220 000 Tinghus II/III - redusert husleige 219 000 Tinghus II/III -Reinhald 648 000 Redusert utgift reinhald 245 000 Medfinansiering somatisk sjuke 324 000 Sum endringar 4 159 000 995 000 Behov for inndekking 3 164 000