Side 1 av 5 Fra: Dolvik, Tore[tordol@kvam.kommune.no] Sendt: 12.10.2016 08:54:42 Til: Hildegunn Furdal[hildegunn.furdal@kvinnherad.kommune.no] Tittel: SV: Krav til fastsetjing av tryggleiksklasse for skred Hei Hildegunn. Kvinnherad kommune kan, ut frå argumentasjonen i e-posten, vurdere det slik at skredvurdering ikkje er nødvendig (for eit S1-tiltak). Tiltaket ligg i aktsemdkartet til NGI (snø- og steinskred), men ikkje i det landsdekkande aktsemdkartet til steinsprang. Snøskred er ikkje aktuelt i dette område så lenge skogen står slik den gjer i dag. Då kan ein argumentere for at tiltaket ikkje ligg i eit aktsemdområde. I tillegg, om eg har forstått det riktig, så vert uthuset bygd på grunnmurane til eit tidlegare løa, som har stått på tomta i lange tider. Men, kommune kan òg vurdere det slik at fagkyndig vurdering, ein skredvurdering som viser til TEK10, er nødvendig for tomta, sjølv om me kan argumentere at den ikkje ligg i aktsemdkarta (sjå argumentasjon over). Om ein stipulerer faregrensene frå faresonekartet, om ein ser på trenden i aktsemdkartet til jordog flaumskred, om ein ser på terrenghellinga i skråninga, så viser det at det moglegvis kan vere skredfare ned mot tiltaket. For S2-tiltak, så hadde eg vore klar på at skredfarevurdering som viser til TEK10 er nødvendig, for S1-tiltak så kan kommunen leggje lista lågare. Ut frå samtalen med NGI, så var han eg snakka med ganske sikker på at argumentasjonen for at skredvurdering ikkje er nødvendig for eit S1-tiltak vil holde (tiltaket ligg ikkje i aktsemdkarta slik dei ligg no), men det er sjølvsagt ein liten risiko for kommunen å ikkje ha ein fagkyndig rapport om det likevel går eit skred som tar uthuset. Så er spørsmålet kva kommunen kan og vil i slike sakar. Helsing Tore Dolvik Kommunegeolog Telefon: 56553076 48058500 Epost: tordol@kvam.kommune.no Kvam herad www.kvam.no Fra: Hildegunn Furdal [mailto:hildegunn.furdal@kvinnherad.kommune.no] Sendt: 12. oktober 2016 08:35 Til: Dolvik, Tore Emne: SV: Krav til fastsetjing av tryggleiksklasse for skred God morgon, Tore. Eg ser eg har to ubesvarte anrop frå deg i går, før e-posten vart sendt. Slik eg les e-posten frå deg, er det nok at tiltakshavar sender inn ein fagkyndig analyse for tomta. Takk for hjelpa så langt.
Side 2 av 5 Med venleg helsing Hildegunn Furdal Samfunnsutviklar Kvinnherad kommune www.kvinnherad.kommune.no facebook.com/kvinnherad Tlf.nr.: 906 78 429 Fra: Dolvik, Tore [mailto:tordol@kvam.kommune.no] Sendt: tirsdag 11. oktober 2016 15.17 Til: Reidar Moss <reidar.moss@bkkfiber.no> Kopi: Anbjørn Høivik <anbjorn.hoivik@kvinnherad.kommune.no>; Torill Slåke <torill.slake@kvinnherad.kommune.no>; Hildegunn Furdal <hildegunn.furdal@kvinnherad.kommune.no> Emne: SV: Krav til fastsetjing av tryggleiksklasse for skred Hei Reidar. Eg har snakka med NGI i dag vedr. 113/6 i dag. Dei kan gjere ein kontoranalyse for 10 000,- for tomta (truleg + MVA). Synfaring er ikkje nødvendig, men om du har nokon bilde av område, helst tatt frå sjøen, så kunne det ha vore til hjelp (e-post: ulrik.domaas@ngi.no). Skredvurdering slik saka står no Argument for at utvida skredvurdering er nødvendig: *Tiltaket ligg i aktsemdkartet for snø- og steinskred *Tiltaket ligg i aktsemdkartet for snøskred Tiltaket ligg ikkje i aktsemdkartet for steinskred, men det er område bratt nok til steinsprang lenger vest som ikkje kjem med i aktsemdkartet. *Lia er dekka av fleire aktsemdkart for jord- og flaumskred, og kan då gjelde heile lia og ikkje berre område som er dekka av aktsemdkartet (det er bratt nok i lia til at det kan gå jordskred) *Stipulert faresonegrense dekker tiltaket MEN, NGI var einige om argument som kan brukast for å argumentere for at skredvurdering ikkje er nødvendig *Så lenge skogen står så skal det ikkje vere fare for snøskred *Tiltaket ligg ikkje i det landsdekkande aktsemdkartet for steinsprang *Tiltaket ligg ikkje i aktsemdkartet for jord- og flaumskred *Tiltaket er tenkt bygd på same stad kor det har stått ein gamal løe i lang tid Det ligger litt usikkerheit rundt tolkinga av aktsemdkarta pga. oppløysinga til datagrunnlaget, slik at det kan vere skredfarleg utanfor aktsemdkartet, men her er det snakk om eit uthus og ikkje eit bustadhus/hytte. Eg har ikkje fått snakka med Kvinnherad kommune om dette enno. Dei får ein kopi av denne e-posten. Helsing Tore Dolvik Kommunegeolog Telefon: 56553076 48058500 Epost: tordol@kvam.kommune.no Kvam herad www.kvam.no
Side 3 av 5 Omsøkt tiltak (uthus der det har stått ei løe før). Tiltaket ligg like utanfor faresonegrensene. Tiltaket ligg innanfor S1-grensa om den vert stipulert vestover. file:///c:/ephorte/pdfdocproc/ephorte/452442_fix.html
Side 4 av 5 Tiltaket ligg i aktsemdområde for snø- og steinskred, men ikkje i aksemdkartet for jord- og flaumskred. Ortofoto. Tiltaket ligg ikkje i aktsemdkartet for steinskred (eller jordskred). Snøskred kan sjåast bort i frå så mogleg losneområde er dekka av skog. Fra: Hildegunn Furdal [mailto:hildegunn.furdal@kvinnherad.kommune.no] Sendt: 6. oktober 2016 09:58 Til: Reidar Moss Kopi: Hildegunn Furdal; Anbjørn Høivik; Torill Slåke; Dolvik, Tore Emne: Krav til fastsetjing av tryggleiksklasse for skred Viser til søknad om dispensasjon på gnr. 113 bnr. 9, motteke 08.09.2016. Sjå vedlagt brev. Mvh file:///c:/ephorte/pdfdocproc/ephorte/452442_fix.html
Side 5 av 5 Hildegunn Furdal Rådgjevar Kvinnherad kommune