Bø kommune Styre/råd/utval Møtedato Saknr Utval for plan, teknikk og næring 21.06.2016 72/16 Saksansvarleg: Anna Svalbjørg Arkiv: GBN - 10/1, K2 - L33 Arkivsaknr.: 16/3031 Eikavegen gnr. 10 bnr. 1 - Frådeling Rådmannen tilrår: I medhald av Plan- og bygningslova av 27.juni 2008 (pbl) samt Kommuneplanens arealdel 2015-2027 vert det lagt fram fylgjande forslag til vedtak: 1. I medhald av pbl, kap 19, 19-2, gjevast det dispensasjon frå arealføremålet LNF til bustadområde med fylgjande grunngjeving: a. Arealet ligg mellom planlagd bustadområde og FV153, Lifjellvegen. Ein kan ikkje sjå at arealet er særs viktig for nokon av formåla b. Arealet låg i førre kommuneplan som byggeområde og er teke ut i den nye planen. Årsaken er ikkje kjend. c. Arealet vil verta teke med i ny reguleringsplan som byggeområde og er under utarbeiding d. Tomta si plassering vil ikkje verta til hinder for den nye planen så langt ein kan sjå. Ho ligg inntil ei anna tomt og langt nok vekk frå Fv til at eit eventuelt nytt kryss vil kunne etablerast. På nord-aust sida er det ei skråning som ikkje kan byggast på og i sør-vest vil det måtte koma ny veg. e. Eigedomen kan koplast til kommunalt VA-nett 2. I medhald av pbl kap 20, 20-1, m) gjevast det løyve til frådeling av inntil 1daa tomt som omsøkt under fylgjande føresetnadar: a. Det må ikkje koma inn nabomerknadar av vesentleg karrakter innan merknadsfristens utløp b. Tomta må koma innanfor planområde for ny reguleringsplan c. Det må ikkje koma inn merknadar frå landbruksmynde, vegmynde, Telemark fylkeskommune eller Fylkesmannen i Telemark d. Tomta må ikkje koma for nære eksisterande veg inn i bustadområde slik at den skapar problem for ei eventuell utviding av vegen og plass til anna infrastruktur e. Eigedomen må koplast til kommunalt va-nett f. Det må sikrast vegrett til eigedomen g. Det må søkjast Statens vegvesen om utvida bruk av avkjøring til Fv 153
21.06.2016 Utval for plan, teknikk og næring Behandling: Samrøystes PTN- 72/16Vedtak: Vedtak: I medhald av Plan- og bygningslova av 27.juni 2008 (pbl) samt Kommuneplanens arealdel 2015-2027 vert det lagt fram fylgjande forslag til vedtak: 1. I medhald av pbl, kap 19, 19-2, gjevast det dispensasjon frå arealføremålet LNF til bustadområde med fylgjande grunngjeving: a. Arealet ligg mellom planlagd bustadområde og FV153, Lifjellvegen. Ein kan ikkje sjå at arealet er særs viktig for nokon av formåla b. Arealet låg i førre kommuneplan som byggeområde og er teke ut i den nye planen. Årsaken er ikkje kjend. c. Arealet vil verta teke med i ny reguleringsplan som byggeområde og er under utarbeiding d. Tomta si plassering vil ikkje verta til hinder for den nye planen så langt ein kan sjå. Ho ligg inntil ei anna tomt og langt nok vekk frå Fv til at eit eventuelt nytt kryss vil kunne etablerast. På nord-aust sida er det ei skråning som ikkje kan byggast på og i sør-vest vil det måtte koma ny veg. e. Eigedomen kan koplast til kommunalt VA-nett 2. I medhald av pbl kap 20, 20-1, m) gjevast det løyve til frådeling av inntil 1daa tomt som omsøkt under fylgjande føresetnadar: a. Det må ikkje koma inn nabomerknadar av vesentleg karrakter innan merknadsfristens utløp b. Tomta må koma innanfor planområde for ny reguleringsplan c. Det må ikkje koma inn merknadar frå landbruksmynde, vegmynde, Telemark fylkeskommune eller Fylkesmannen i Telemark d. Tomta må ikkje koma for nære eksisterande veg inn i bustadområde slik at den skapar problem for ei eventuell utviding av vegen og plass til anna infrastruktur e. Eigedomen må koplast til kommunalt va-nett f. Det må sikrast vegrett til eigedomen g. Det må søkjast Statens vegvesen om utvida bruk av avkjøring til Fv 153 Bakgrunn for saka: Eigar av eigedomen gnr. 10, bnr. 1 søkjer om å få dele frå ei bustadtomt ved vegen, Stugumoen. Eigedomen ligg på vestsida Stugumoen 6.
Tomta ligg i Kommuneplanens arealdel som LNF-område der det heiter: 1.1 KRAV OM REGULERINGSPLAN I område avsett til bygg og anlegg (framtidige og eksisterende) kan det ikkje utførast tiltak etter 20-1 før området inngår i reguleringsplan. LANDBRUKS-, NATUR OG FRILUFTSOMRÅDE Jordlova 9 og 12 gjeld innanfor føremålet. 20 OMFANG, LOKALISERING OG UTFORMING AV TILTAK ( 11-11 PKT 1) Berre tiltak som er naudsynt for drift av næringsmessig landbruk, inkludert gardstilknytta næringsverksemd basert på ressursgrunnlaget til garden, og tilretteleggingstiltak for friluftsliv er tillate. Erstatningsbustad, tilbygg og påbygg til eksisterande bustad og fritidsbustad kan tillatast. Tilbygg skal ikkje plasserast nærare vatn enn eksisterande bygg. Eit bygg i eit gardstun skal ikkje delast frå tunet som eiga tomt. Når landbrukseigedomar vert selt som tilleggsareal, kan bustaden delast frå som bustadeigedom. Bustadeigedomen skal ikkje vere større enn kva som vert vurdert som tilstrekkeleg for føremålet med delinga og maksimalt 5 dekar. Driftsbygning i landbruket, kårbustad og våningshus som er naudsynt og tenleg for drift på brukseininga er tillate byggetiltak innanfor LNF-føremålet. 21 LNF-OMRÅDE MED SPREIDD BUSTAD- ELLER NÆRINGSBYGGING ( 11-11 PKT 2) 21.1 SPREIDD BUSTADBYGGING Innanfor LNF-område sone B/N kan det innanfor kvart delområde tillatast nye bustadar jf. fordeling i tabell under. Kvar bustad kan bestå av 1 bueining og evt. 1 sekundærleilegheit. Spreidd bygging av fritidsbustadar tillatast ikkje. Nr Namn B/N1 Sanda 4 B/N2 Vreimsida 4 B/N3 Skoe 4 B/N4 Eikjabygda 4 B/N5 Folkestad 4 B/N6 Valen Flatin 4 B/N7 Reskjemvegen 4 B/N8 Liheia 2 Tal nye bustadar
Saksomtale: Som ein ser av Kommuneplanens arealdel 2015-2027 er det ikkje tillete å byggje fleire bustadar på eigedomen utan at ein set i gang ei regulering. Arbeide med reguleringsplan er sett i gang, men tek noko tid. Ein av dei aktuelle søkjarane har imidlertid bestemt seg for å byggje. For at han skal koma i gang snarast råd, er det ynekjeleg med ei snarleg avgjersle. Det vil ta noko tid utover hausten før ein kan sjå føre seg at ein reguleringsplan er vedteke. Dersom ein tillet ein slik dispensasjon, kan dette skape presidens i liknande saker, sjølv om ein ikkje ser nokon slike no. Arealet har falt ut av den nye kommuneplanen som byggeområde. Ein veit ikkje sikkert kvifor då det låg inne i arealplanen fram til revidering i 2015. I og med det har vert inne som byggeområde før, og det ikkje er nokon klår grunn til at det er teke ut, kan ein ikkje sjå at det nokon store problem med eventuelt å bygge på den nye eigedomen. Den planlagde planen er ennå i ei startfase. Eigar av omsøkte eigedom har munnleg sagt at planen komer til å bli gjennomført. Søknaden må sendast rørde mynde for endeleg avgjersle. Vedlegg: 10.06.2016 Søknad om frådeling av bustadtomt på gbn 10/1 313806 10.06.2016 Situasjonskart 313808 10.06.2016 Søknad om dispensasjon fra krav i kommuneplans areal 313809
del