Jondal kommune Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saknr Plan- og driftsutvalet 24.04.2017 025/17 Saksbehandlar Arkiv: Journalpostnr. Haugen, Sigbjørn N - 504 17/1679 1. gongs utlegging til høyring og offentleg ettersyn - reguleringsplan Årvikneset Dokument i saka: Dok.dato Tittel Reguleringsplan for Årvikneset Telefonsamtale med NVE - Handsaming av plan Spørsmål til reguleringsplan i Jondal kommune VS Planframlegg Fritidsbustader Årvikneset - Vassforsyning Planframlegg 03-08-2016 Fritidsbustadar Årvikneset. Reguleringsplan for Årvikneset, del av gbnr 42/1 og gbnr 43/5 m.fl Gjeld reguleringsarbeidet for Gausvik gard nr 42 i Jondal Kommune Tilbakemelding på detaljregulering for del av gnr/bnr 42/1 og gnr/bnr 43/5 m. fl Uttale - ingen merknad til utviding av planområdet. Merknadar til detaljreguleringsplan Årvikneset. Årvikneset hyttfelt, detaljreguleringsplan Kommentar til oppstart reguleringsplan.
Tilbakemelding etter varsel. Innspel frå Årviknes Hyttegrend Velforening Kommentar til varsel om oppstart reguleringsarbeid Årvikneset, Kvinnherad kommune. Varsel om oppstart privat reguleringsarbeid Årvikneset, Kvinnherad kommune. Saka blir avgjort av:. Plan- og driftsutvalet Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m. Plan- og bygningslova 12-11. Kommunedelplan for Maurangerområdet Saksopplysningar: Geoplan as, 5600 Norheimsund har på vegne av tiltakshavar, Asbjørn T. Rognaldsen og Hans-Olav Flatebø Gausvik, utarbeidd framlegg til detaljreguleringsplan for del av gnr 42 bnr 1 4 og gnr 43, bnr 5, Årvikneset, 20 km sør for Jondal sentrum. Planområde er omlag 470 daa. Føremål med planarbeidet er å legga til rette areal for oppføring av nye fritids-bustader med tilhøyrande infrastruktur. Det er 39 fritidsbustader i planområdet i dag, bygd på 1980 talet. Planframlegget omfattar 38 nye tomter for fritidsbustader med tilhøyrande infrastruktur. Flyfoto Årvikneset. Denne delen av Jondal kommune var fram til 2013 ein del av Kvinnherad kommune. Kvinnherad kommune godkjende oppstart av planarbeid i desember 2011 og mindre
endring av plangrenser i mai 2012. Oppstart av planarbeid vart varsla i november 2012. Kommunedelplanen for Maurangerområdet vart vedteken av Kvinnherad kommunestyre 29.03.06, og er framleis gjeldande i Jondal kommune. Utsnitt for det aktuelle planområdet er vist i fig. 2.1.a. Området på land er sett av til noverande byggjeområde (mørk gul farge) og framtidig byggjeområde (F-04) for fritidsbustader. Lys grøn farge er Landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område) utan føresegner om spreidd utbygging. Raud stipla strek er grense for gjeldande reguleringsplan. Blå heiltrekt strek er skredfaregrense. Svart stipla strek på land og i sjøen er plangrense for ny reguleringsplan. I sjøen er arealbruken Natur- og friluftsområde i sjø og vassdrag (NF) og område for kast/låssetting (KL).
Framlegg til detaljreguleringsplan for fritidsbustader Årvikneset. Planframlegget består av: Plankart Føresegner Planomtale ROS-analyse Skredfarevurdering Virkning på naturmiljøet. Når det gjeld detaljar vert det vist til dokumenta i saka. Vurdering: Planframlegget er i samsvar med overordna plan og inneheld informasjon og opplysningar i samsvar med plan- og bygningslova. Utgreiingsplikta i høve naturmangfaldslova 8-12 er oppfylt. Det er utarbeidd ROS-analyse og skredfarevurdering. Jondal kommune har merknader til planføresegnene pkt. 4.1.1, når det gjeld gesimshøgde på 4,5 meter og mønehøgde på 7,5 meter. Tilsvarande godkjende planar for fritidsbustader i kommunen har bestemmingar om mønehøgde på 5-6 meter. (1 etasje + hems). Det er planlagt vassforsyning med uttak av grunnvatn frå fjellbrønnar. Planen er at nytt vassforsyningsanlegg med høgdebasseng skal forsyne både eksisterande og nye
fritidsbustader. Eksisterande fritidsbustader har i dag vassforsyning frå ein felles fjellbrønn. Uttak av grunnvatn er konsesjonspliktig når uttaket går ut over grunneigar si eiga hushaldning, eller «overstiger det omfang som er naturelig å drive på slike eiendommer», jf. Vassressurslova 45 2.ledd b). Planskildringa gjev ikkje grunnlag til å konsesjonshandsame planlagt uttak av grunnvatn etter vassresurslova. Konsesjon for uttak av grunnvatn må difor handsamast som eiga sak. Planføresegnene inneheld krav om godkjent vassforsyning før tiltak vert sett i gang. Det er kome innspel og merknader til varsel om oppstart av planarbeid som planleggjar har kommentert og dels teke omsyn til i planframlegget. Kommunen ventar med å ta stilling til innspel og merknader til etter at planen har vore til høyring og offentleg ettersyn. Planframlegget kan leggjast ut til offentleg ettersyn og sendast på høyring. Tilråding frå rådmann: 1. Plan- og driftsutvalet vedtek med heimel i PBL 12 11 at privat forslag til detaljregulering for del av gnr. 42, bnr. 1 m. fl. og gnr 43 bnr 5, fritidsbustader Årvikneset, Jondal kommune. PlanID 12272012001, dagsett 03.08.2016 vert sendt til høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. 2. Utlegging av planframlegget skal kunngjerast i Hordaland folkeblad og kommunen si heimeside. Berørte partar og instansar skal varslast. Ragnvald Joakimsen/ass. rådmann 24.04.2017 Plan- og driftsutvalet Røysting: Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteke. PDU- 025/17 Vedtak: 1. Plan- og driftsutvalet vedtek med heimel i PBL 12 11 at privat forslag til detaljregulering for del av gnr. 42, bnr. 1 m. fl. og gnr 43 bnr 5, fritidsbustader Årvikneset, Jondal kommune. PlanID 12272012001, dagsett 03.08.2016 vert sendt til høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. 2. Utlegging av planframlegget skal kunngjerast i Hordaland folkeblad og kommunen si heimeside. Berørte partar og instansar skal varslast. Ragnvald Joakimsen/ass. rådmann