KVINNHERAD KOMMUNE. (ephorte 2009/ ) Kvinnherad kommune side 1

Like dokumenter
PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Pedagogisk plattform

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

Kommunedelplan for oppvekst

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, Ein god stad og læra

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Rapport om måloppnåing og disponering av tildelte prosjektmidlar Høyangerskulen 1-13

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag UDIR: Oppdragsbrev Desentralisert ordning for kompetanseutvikling og oppfølgingsordninga

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Møte i Bergen kommune 10. mai Tema Regelverk for standpunktkaraktersetjing, inkl. klage

Utviklingsplan skuleåret 2017/2018 Bryne skule

Statusrapport for grunnskulen i Kvinnherad 2010

Årsmelding Tellnes skule 2017

Spesialundervisning-haldningar, rammer

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Tysværvåg barne- og ungdomsskule

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

Vår ref. 2013/ Dokumentasjon i samband med tilsyn - retten til særskild språkopplæring for grunnskuleelevar frå språklege minoritetar

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

Årsmelding Misje skule 2018

Strategidokument

Tilstandsrapport for grunnskolen i Kvinnherad

Vidareutdanning kobla til satsinga på vurdering for læring

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND HANDLINGSPLAN Prinsippet om vasshjul og sagbruk blir utprøvd i Sveio barnehage

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Bente Glomset Vikhagen Arkiv: 430 A20 Arkivsak nr.: 10/440

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Påstandar i Ståstadsanalysen (nynorsk)

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Hå kommune Vigrestad storskule

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Rettleiing del 3. Oppfølging av. resultata frå. nasjonal prøve i rekning. 8. steget

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

Årsmelding Bjorøy skule 2016

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Kvinnherad som skuleeigar - styringssystem og rollefordeling.

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

TILSYNSRAPPORT. Skolens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa. Kvinnherad kommune Rosendal ungdomsskule

Transkript:

KVINNHERAD KOMMUNE (ephorte 2009/2621-22) Kvinnherad kommune side 1

Innleiing. Kvinnherad kommunestyre vedtok i mars 2007 utviklingsmål for grunnskulen i Kvinnherad for 2007-2009, jf vedlegg. Måla var resultat av ein omfattande prosess, der tilsette sine organisasjonar var aktive medspelarar. Ved utgangen av perioden er utviklingsmåla evaluert i organisasjonen, jf Statusrapport for grunnskulen i Kvinnherad 2009, og prosess med framlegg til nye utviklingsmål er gjennomført. Grunnlag for grunnskulen. Grunnskulen sitt samfunnsmandat byggjer på føremålsparagrafen for opplæringa, Opplæringslova med forskrifter, i dette læreplanen sin generell del, prinsippa for opplæringa og læreplanane i faga. Kvaliteten i grunnopplæringa vert kjenneteikna av i kva grad dei ulike måla i samfunnsmandatet faktisk vert nådd. Føremålsparagrafen: Legg vekt på at opplæringa skal gje alle barn og unge kunnskapar, haldningar og verdiar som set dei i stand til å meistra eige liv og delta i arbeids- og samfunnslivet. Generell del: Konkretiserer kva føremålet med opplæringa inneber for skulen sin praksis. Prinsippa for opplæringa: Understrekar at opplæringa skal fremja elevane sine kunnskapar og dugleikar, samstundes som det skal takast omsyn til deira ulike føresetnader og behov. Prinsippa legg til grunn ei brei forståing av elevane sitt læringsutbyte, med vekt på elevane si sosiale og personlege utvikling, samstundes som elevane utviklar grunnleggjande dugleikar og fagleg kompetanse i ulike fag. Læreplanane i faga: Konkretiserer kompetansemåla i dei ulike læreplanane for faga, og klargjer kva elevane skal kunna etter avslutta opplæring på dei ulike hovudstega. Utviklingsmål for grunnskulen. Utviklingsmåla for grunnskulen i Kvinnherad dekkjer ikkje breidda i grunnskulen sitt oppdrag, men tar utgangspunkt i dei særlege utfordringar som kjem fram i nasjonale styringsdokument og vurdering av tilstanden i grunnskulen. Framlegg til utviklingsmåla byggjer såleis på nasjonale føringar for grunnskulen, og kva særlege utfordringar grunnskulen i Kvinnherad har. Utfordringar Nasjonalt er det framheva 3 utfordringar: Svake faglege resultat Stort fråfall i vidaregåande skule Lite sosiale utjamning. Av statusrapporten er det særleg desse utfordringane som peikar seg ut i grunnskulen i Kvinnherad: For mange elevar med svake faglege resultat. For stor skilnad mellom gutar og jenter i læringsresultat. Opplæringstilbodet til minoritetsspråklege elevar, elevar med psykiske og alvorlege åtferdsproblem er ikkje tilfredsstillande. Rekruttering av fagkompetanse. Kvinnherad kommune side 2

Utviklingsmåla for grunnskulen i Kvinnherad 2010 2012 er meint å styrkja innsatsen på dei nasjonalt prioriterte områda, samstundes som dei lokale utfordringane vert utgangspunktet for særleg ressursinnsats og prioriteringar i grunnskulen i Kvinnherad dei neste to åra. Grunnskulen sitt samla oppdrag, slik det går fram av samfunnsmandatet, er grunnlaget for skulane si verksemd, medan utviklingsmåla skal sikra at det vert særleg fokus på dei områda der grunnskulen har særlege utfordringar og behov. Styringssignal. Kommunestyret er ansvarleg for grunnskulen, og som skuleeigar fastset kommunestyret utviklingsmål for skulane i kommunen, og prioriteringar av ressursar. Utviklingsmåla er såleis styringssignal til skulane. Skulane har gjennom sine fullmakter og pedagogiske fridom handlingsrom til å velja strategiar og tiltak for å oppfylla kommunestyret sine forventningar. Kvalitetssystemet for grunnskulen byggjer på at kommunestyret gjennom årleg statusrapport, og eventuelle dialogmøte, får informasjon om og vurdering av den totale aktiviteten i grunnskulen, og ei særleg evaluering av resultata knytt til utviklingsmåla. Kommunestyret kan på grunnlag av ei slik årleg evaluering om ønskeleg endra kommunale målsetjingar. Struktur utviklingsmåla. Ved utarbeiding av forslag til utviklingsmål er det lagt vekt på at det skal vera få særlege målsettingar, at dei skal hengja saman med tidlegare mål, og at dei skal vera enkle og lette å kommunisera ut i organisasjonen og til foreldre og elevar. Det er utarbeidd indikatorar for kvart av måla, som skal kunna gje skuleeigar informasjon om i kva grad grunnskulen når måla som er sett. Indikatorane er meir presise enn utviklingsmåla, og vil til saman kunna gje dekkja informasjon om måloppnåing. Kommunestyret vedtar utviklingsmåla og kva indikatorar som skal fortelja om i kva grad mål vert nådd. Til hjelp i arbeidet for skulane er det også utarbeidd ei liste over aktuelle tiltak og verkemiddel som skulane og kommuneadministrasjon kan nytta i arbeidet med utviklingsmåla. Kvinnherad kommune side 3

VISJON: Eit godt og inkluderande læringsmiljø med høge ambisjonar for alle elevar, og store forventningar til skuleeigar og vaksenmiljøet i Kvinnherad kommune. OPPDRAG: Elevane skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. UTVIKLINGSMÅL 1: Ei opplæring med høgt læringstrykk og gode faglege resultat med fokus på lesing og tidleg innsats. UTVIKLINGSMÅL 2: Ei opplæring med fokus på sosial kompetanse og elevvurdering for å betre læringsmiljøet for alle elevar. UTVIKLINGSMÅL 3: Ei opplæring tilpassa den enkelte elev innanfor eit sosialt fellesskap og med fokus på gutar og jenter si læring. UTVIKLINGSMÅL 4: Ei opplæring bygd på eit heilskapleg og breitt kunnskapssyn som utfordrar og utviklar elevane som heile menneske. Kvinnherad kommune side 4

Visjon Eit godt og inkluderande læringsmiljø med høge ambisjonar for alle elevar, og store forventningar til skuleeigar og vaksenmiljøet i Kvinnherad kommune. Godt og inkluderande læringsmiljø: -alle elevar har rett til læring og skal føle seg velkommen på skulen. -alle elevar skal oppleve eit sosialt fellesskap og har rett til å vere forskjellig innanfor fellesskapet. Godt og inkluderande læringsmiljø: -læringsmiljø omfattar td. trivsel, fysisk læringsmiljø, elevvurdering, klasseleiing, elevmedverknad og relasjonar mellom elevar og mellom lærar og elev, og legg grunnlaget for gode læringsresultat. Høge ambisjonar for alle elevar: -alle elevar har rett til å nå dei måla som er realistiske for dei. -alle elevar tileignar seg grunnleggande dugleikar(lesing, skriving, rekning ), som gjer dei i stand til å fullføre vidaregåande opplæring. Store forventningar til skuleeigar og vaksenmiljøet: -skuleeigar stiller nødvendige ressursar til rådvelde -skuleeigar evaluerer resultata -skuleeigar følgjer opp resultata Store forventningar til skuleeigar og vaksenmiljøet: -vaksenmiljøet er lærarar og assistentar, føresette, politikarar og vaksne i lokalsamfunnet. -vaksenmiljøet må ha tru på og forventning om godt læringsutbyte for elevane. -vaksenmiljøet må bidra til at skule og utdanning får høgare status. Oppdrag Elevane skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Teksten i oppdraget er henta frå Opplæringslova, 1-1 Formålet med opplæringa. Oppdraget eller samfunnsmandatet peikar framover og utover grunnskulen. Grunnskulen fokuserer på grunnleggande dugleikar som lesing, skriving og rekning som basis for vidare skulegang og arbeidsliv. Ved å gi barn og unge god fagleg og sosial kompetanse, tru på eiga framtid og trygge rammer på skulen, vil dei kunne få eit godt fundament å byggje vidare på. Kvinnherad kommune side 5

Oversikt over aktuelle tiltak og verkemiddel UTVIKLINGSMÅL 1: Ei opplæring med høgt læringstrykk og gode faglege resultat med fokus på lesing og tidleg innsats. Aktuelle tiltak og verkemiddel for den enkelte skule: - har systematiserte lokale leseprøver for å kunne følgje elevane si utvikling gjennom heile grunnskulen. - har systematiserte rutinar for oppfølging av elevar under kritisk grense/på dei lågaste meistringsnivå på kartleggingsprøvene og nasjonale prøver. - lagar ein leseopplæringsplan som omfattar alle trinn i skulen, med særleg vekt på begynnaropplæring, lesing som grunnleggande dugleik i alle fag og gutar og lesing. - arbeider medvite med lesing spesielt i munnlege fag som naturfag, samfunnsfag, RLE og norsk - prioriterer etter- og vidareutdanning av tilsette i lesing - har lesing som tema på fellesmøte/tid til fagleg drøfting om lesing - lærer elevane gode lese- og læringsstrategiar for meir effektiv læring - har gode rutinar for overføring av relevant informasjon om elevar i heile opplæringsløpet; frå barnehage til vidaregåande skule -tidleg innsats ved å prioritere 1.-4.trinn ved ressurstildeling -tidleg innsats ved å gi minoritetsspråklege elevar fleire timar til særskilt norskopplæring første året. -tidleg innsats ved å auka spesialundervisninga på dei lågaste trinna i skulen - tilbyr foreldreskule med lesing som tema - bruker fag elevane likar medvite som motivasjonsfaktor for å auke det totale læringsutbyte. Dei mest populære faga i følgje Elevundersøkinga er dei praktiskestetiske faga kroppsøving, mat og helse og kunst og handverk og musikk Kvinnherad kommune side 6

Aktuelle tiltak og verkemiddel for skuleeigar: -samarbeider regionalt om lesing, og utvekslar erfaringar og planar -lager døme og stikkordliste for skulane i arbeidet med lokal leseopplæringsplan -har lesing og elevvurdering som tema på leiarsamlingar og nettverkssamling for pedagogiske koordinatorar -tilbyr kurs i bruk av skulearena/ PAS/ Skoleporten/ Extens -gir hjelp og støtte i arbeidet med førebuing, gjennomføring og etterarbeid av obligatoriske prøver og eksamen -gir støtte til etter- og vidareutdanning i leseopplæring -kjøper inn kommunelisens og heimlånslisens på det elektroniske leseverktøyet Askiraski -tar initiativ til etter- og vidareutdanning i lesing gjennom regionalt samarbeid i FOS (Forum for oppvekst i Sunnhordland) -tidleg innsats ved å styrke timetildelinga til 1.-4.trinn i samsvar med statlege føringar for å auke vaksendekkinga. -tidleg innsats ved å opprette innføringsklasse for minoritetsspråklege elevar, for raskast muleg få dei i stand til å følgje ordinær undervisning. -tidleg innsats ved å etablere TIBIR og PMTO i eigen kommune. Tiltak og teneste for barn og unge får eit verktøy for å kunne kartleggje og hjelpe barn i risikosonen i ein tidleg fase, TIBIR -tidleg innsats ved å etablere eit ressursteam som tar seg av elevar med store psykiske problem/alvorlege åtferdsvanskar -tilbyr elevar med store psykiske problem/alvorlege åtferdsvanskar eit alternativt opplæringstilbod i periodar -gir studiestøtte til vidareutdanning av lærarar for å auke den faglege kompetansen i basisfaga; norsk, matematikk og engelsk -tilset lærarar med god fagkompetanse og oppfyller statlege krav om 60 stp fordjuping for lærarar i skriftlege fag på ungdomstrinnet. -løfter fram verdien av aktivitetar og tiltak som utedagar, revy, turar, temadagar for motivasjon, sosialt fellesskap og som bidrag til eit auka læringsutbyte -utarbeider sjekklister for gjennomføring av kartleggingsprøver, nasjonale prøver og eksamen -legg til rette for at verksemdsleiar får naudsynt tid / høve til å verkeleg ta ansvar som pedagogisk leiar. -gir hjelp og støtte til enkeltskular ved behov Kvinnherad kommune side 7

UTVIKLINGSMÅL 2: Ei opplæring med fokus på sosial kompetanse og elevvurdering for å betre læringsmiljøet for alle elevar. Aktuelle tiltak og verkemiddel for den enkelte skule: -utarbeider sosial handlingsplan med sosiale læringsmål, og arbeider systematisk for at alle elevar skal få vener Relasjonen mellom elevane -læraren arbeider systematisk for å oppnå gode relasjonar til elevane sine Relasjon mellom lærar og elev -har rutinar for å utvikle gode relasjonar mellom skule og føresette Samarbeid heim - skule -læraren arbeider systematisk for god klasseleiing med god struktur på timane Klasseleiing -reviderer ordensreglement klassereglar med sosiale målsettingar Reglar og handheving av desse -utarbeider/reviderer handlingsplan mot mobbing og tar i bruk verktøy som Steg for steg, Olweus. Alle elevar får kjennskap til kjenslemessige mekanismar knytt til mobbing. Alle kan lære å bli meir robuste i høve uønska åtferd frå andre. Mobbing -har lokale trivselsundersøkingar -har gode system for å avdekke/kartleggje mobbing; lokale undersøkingar, observasjon, elevsamtalar, klagar -tar i bruk ulike verktøy for å auke elevane sin sosiale kompetanse, td. PALS Sosial kompetanse og læringsmiljø -informerer føresette og elevar om rettar og saksgang i samband med elevane sitt læringsmiljø. Elevane sitt skulemiljø -følgjer lovverket i kap.9a i samband med sakshandsaming knytt til elevane sitt læringsmiljø -tilbakemeldinga til elevane inneheld: a)kva har du lært, b)kva står att for å nå målet og c) korleis kan du nå målet -elevane får utviklingssamtalar med fokus på fag og læring -har tett oppfølging av nytilsette, t.d. ved mentorordning Aktuelle tiltak og verkemiddel for skuleeigar: -baserer tiltak på kunnskap om tilstanden og forsking om kva som verkar, og vidareformidlar dette til skulane -tar initiativ til etterutdanning/kurs og konferansar gjennom regionalt samarbeid i FOS (Forum for oppvekst i Sunnhordland) -arbeider for å rekruttere gode lærarar til grunnskulen i Kvinnherad; Kom heim, Yrkesmessa på Husnes, Partnarskapsskule/praksisskule for lærarutdanninga på HSH (Høgskule Stord-Haugesund) - arbeider for å få fleire praksisskular i kommunen -gir tilbod til nyutdanna om å vere med i prosjektet Ny i Hordaland -er pådrivar i arbeidet med å få til eit godt samarbeid med føresette; tema på leiarsamlingar, KFU (kommunalt foreldreutval) og spreier gode erfaringar -utarbeider sjekkliste for gjennomføring av Elevundersøkinga -gir hjelp og støtte til enkeltskular ved behov Kvinnherad kommune side 8

UTVIKLINGSMÅL 3: Ei opplæring tilpassa den enkelte elev innanfor eit sosialt fellesskap og med fokus på gutar og jenter si læring. Aktuelle tiltak og verkemiddel for den enkelte skule: -gir tilpassa opplæring/spesialundervisning i klassen, evt.mindre grupper -tilpassar retting av elevarbeid etter fagleg nivå hos elevane -tilpassar oppgåver i vanskegrad/omfang og ved å gi elevar ekstra tid Tilpassar innanfor fellesskapet ved å : - bruke varierte undervisningsmetodar - tilby konkretiseringsmateriell og praktiske oppgåvar - la elevane bruke fleire ulike sansar i læringsarbeidet - gi elevane eit repertoar av læringsstrategiar - vurdere bruk av arbeidsplan, då dette ikkje passar for alle elevar - gjere avtalar om omfang på lekser på utviklingssamtalane - kunne velje mellom mange ulike typar oppgåver t.d. i samband med ein felles tekst - ha tett oppfølging t.d. gjennom utviklingssamtalen - samarbeide med føresette -føreta ei grundig kartlegging av elevane sine dugleikar/kunnskapar - bruke ulike kartleggingsverktøy som t.d. Askiraski - ha tilgang til mange ulike typar litteratur, både skjønn og faglitteratur - la elevane vere aktiv i eiga læring (Litteratur: Lære å lære ) -registrerer læringsresultat på gutar og jenter på kartleggingsprøver, NP og eksamen, og set i verk tiltak spesielt for gutar dersom det er behov for det. Aktuelle tiltak og verkemiddel for skuleeigar: -formidlar litteratur og forskingsresultat om gutar og jenter si læring -har gutar og jenter si læring som tema på leiarsamlingar og skuleleiarkonferansar i FOS Utarbeider kommunale rapportar/oversikter for å synleggjere tilstand og utvikling over tid: - bruk av spesialundervisningstimar; tal elevar, tal timar - læringsresultat for gutar/jenter, skilnader - minoritetsspråklege; tal elevar, tal timar -elevar med psykiske problem/alvorlege åtferdsvanskar -bruk av assistentar -prioriterer etterutdanning i klasseleiing -lagar oversikt over arbeidsoppgåver med minoritetsspråklege elevar -gir hjelp og støtte til enkeltskular ved behov Kvinnherad kommune side 9

UTVIKLINGSMÅL 4 Ei opplæring bygd på eit heilskapleg og breitt kunnskapssyn som utfordrar og utviklar elevane som heile menneske. Aktuelle tiltak og verkemiddel for den enkelte skule: -bruker Utdanningsdirektoratet si elektroniske Ståstadanalyse i skulen sitt kartleggingsarbeid, særleg Prinsippa for opplæringa - Læringsplakaten -fokuserer på dei ulike mennesketypane i Generell del i periodar -har rutinar og opplegg for å oppfylle 3-8 i vurderingsforskrifta, Dialog om anna utvikling Aktuelle tiltak og verkemiddel for skuleeigar: -etterspør og følgjer opp skulane i kartleggingsarbeidet, td. ståstadanalysen -tema på nettverks- og leiarsamlingar -gir hjelp og støtte til enkeltskular etter behov Oversikt over indikatorar for måloppnåing Indikatorane vil gi informasjon om i kva grad grunnskulen i Kvinnherad når dei måla som skuleeigar har vedteke. I den årlege kommunale statusrapporten for grunnskulen, vil indikatorane bli omtalt og evaluert. Resultat på obligatoriske kartleggingar og prøver vil berre bli vurdert på kommunenivå i statusrapporten. Det er likevel viktig at den enkelte skule kjenner indikatorane, då det kommunale resultatet er summen av resultata på den enkelte skule. UTVIKLINGSMÅL 1: Ei opplæring med høgt læringstrykk og gode faglege resultat med fokus på lesing og tidleg innsats. Indikatorar på måloppnåing: -tal elevar under kritisk grense på kartleggingsprøvene i lesing og rekning for 2.trinn, skal liggje under det nasjonale snittet -tal elevar som presterer på lågaste nivå i lesing, rekning og engelsk på dei nasjonale prøvene på 5. og 8.trinn, skal liggje under det nasjonale snittet -tal elevar som får karakteren 1 i standpunkt/eksamen, skal liggje under det nasjonale snittet -grunnskulepoenga skal liggje minst på snitt for landet -tidleg innsats ved at større del av spesialundervisninga blir brukt i barnehagen og dei 4 første åra i grunnskulen Kvinnherad kommune side 10

UTVIKLINGSMÅL 2: Ei opplæring med fokus på sosial kompetanse og elevvurdering for å betre læringsmiljøet for alle elevar. Indikatorar på måloppnåing: -elevar som trivst er minst på snitt for landet i Elevundersøkinga - elevar som opplever mobbing er under snitt for landet i Elevundersøkinga -andelen elevar som får god fagleg rettleiing er minst på snitt for landet i Elevundersøkinga UTVIKLINGSMÅL 3: Ei opplæring tilpassa den enkelte elev innanfor eit sosialt fellesskap og med fokus på gutar og jenter si læring. Indikatorar på måloppnåing: -nivå på spesialundervisning skal ikkje vere over landssnittet -skilnaden i resultat på lågaste nivå for gutar og jenter, skal ikkje vere større enn 10% på nasjonale prøver. UTVIKLINGSMÅL 4: Ei opplæring bygd på eit heilskapleg og breitt kunnskapssyn som utfordrar og utviklar elevane som heile menneske. Indikatorar på måloppnåing: -årleg tilbakemelding om kor vidt opplæringa gir rom for eit heilskapleg kunnskapsog elevsyn ved hjelp av alternativa: Opplæringa gir i større grad/i same grad/i mindre grad rom for eit heilskapleg kunnskaps- og elevsyn enn førre skuleår. Kvinnherad kommune side 11