VANG KOMMUNE Rådmannskontoret Sjå liste Dykkar ref.: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: SUNHAK - 17/4151 2017001, L12 10.07.2017 Melding om vedteke planprogram - Vang sentrum Kommunestyret behandla i møte 22.6.2017 sak 034/17. I samsvar med forskrift for konsekvensutgreiingar 6 blei følgjande vedtak gjort: Med heimel i plan og bygningslova 4-1 andre ledd og forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven 6 femte ledd vedtek Vang kommune «Planprogram for områderegulering med konsekvensutredning for Vang sentrum». Til orientering legg vi ved kopi av saksprotokollen. I samsvar med forskrift om konsekvensutgreiingar 6 blir det fastsette planprogrammet sendt til dei som har uttalt seg om forslaget. Dei får òg ein kopi av saksframlegget. Sentrale saksdokument er elles tilgjengelege på Internett-sida vår, www.vang.kommune.no, og på servicetorget til kommunen fram til 11. august 2017. Ein kan ikkje setje fram klage på det fastsette planprogrammet. Med helsing Håkon Berg Sundet arealplanleggjar Dir. tlf.: 61369474 E-mail:hakon.berg.sundet@vang.kommune.no Side 1 av 7 Postadresse : 2975 Vang i Valdres Tlf Foretaks nr. : 961 382 246 Fax : 61 36 85 00 : 61 36 85 01 Bank Post : 2146 07 00024 : 0803 53 49600 URL : e-post : http://www.vang.kommune.no vang.kommune@vang.kommune.no
Adresseliste: Fylkesmannen i Oppland, Oppland fylkeskommune, Statens vegvesen, Den norske kyrkje, NVE, Eldrerådet, Ragnhild Lund, Kjell Hagerup, Leif Solemsli, Eivind M Ellingsbø, Elisabeth Hålien, Ingrid Wigdel, Eli Belsheim, Magnus Lajord, Solveig Rønneberg, Ivar Hagerup Side 2 av 7
SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK Behandla av Møtedato Saksnr. Saksansvarleg Hovudutval for utvikling 13.06.2017 047/17 SUNHAK Kommunestyret 22.06.2017 034/17 SUNHAK ArkivsakID JournalID ArkivID Saksbehandler 16/839 17/3246 2017001, L12 Håkon Berg Sundet Behandling av planprogram - Områdeplan for Vang sentrum Vedlegg: Dok. dato Tittel Dok.ID 02.06.2017 Oppdatert planprogram med kommentarer til innspill 107587 02.06.2017 Vurdering av innspill til oppstartsvarsling og høring av 107588 planprogram Saksopplysninger: I januar 2017 starta Asplan Viak med oppdraget frå kommunen om å lage ein ny områdeplan for Vang sentrum. Gjennom områdereguleringa vil vi sjå korleis Vang kan utviklast med et definert sentrum tilrettelagt for eit variert teneste-, kultur- og bustadtilbud. Planen har om anna som mål: å sikre utviklinga av sentrum i Vang i tråd med retningslinene frå Oppland fylkeskommune sin regionale plan for attraktive byer og tettsteder å leggje til rette for attraktive bustadsområder og variasjon i bustadstyper i tilknyting til sentrum å oppheve planen for E16 på fylling i Vangsmjøse og integrere trasé for E16 i ny plan å legge til rette for strandsti langs Vangsmjøse innanfor planområdet Ved oppstart ble det slått fast at planen krev konsekvensutgreiing og planprogram, jf. pbl 4-1 og forskrift om konsekvensutredningerfor planer etter plan- og bygningsloven 2 første punkt bokstav d. Planoppstart vart varsla den 14.3.2017 og planprogrammet låg til høyring frå Side 3 av 7
da til 28.4.2017. Det kom inn 11 innspel. Innspela som gjeld planprogrammet er vurdert og innarbeida i planprogrammet. Dei som gjeld konkrete innspel på arealbruk vil bli vurdert ved utarbeiding av planen. Vurdering: Planområdet Planprogrammet syner ei slik planavgrensing: Planområdet vil bli mindre når ein kjem til den konkrete planen, men ved varsel er det lurt å ha med nok areal og sikre at flest mogeleg blir varsla. Overordna rammer og premiss Planprogrammet tek ei kort og konsis gjennomgang av overordna rammer og premiss i sitt kapittel 4. Det er fire gjeldande reguleringsplanar innanfor planavgrensinga. Desse blir vurdert endra eller oppheva i prosessen mot ny plan. Mogelegheitsstudiene frå 1994 og spesielt den frå 2014 kan gje gode innspel til områdeplanen. Tema i KU Tema som skal omtalast i konsekvensutgreiinga: Risiko- og sårbarheitsanalyse Naturmangfald Kulturminne og miljø Naturressursar Nærmiljø og friluftsliv Landskap Estetikk og byggeskikk Landbruk Flom og skred Byggegrense Støy E16 Boligområde Strandsti Barn- og unges interesser i planlegging Universell utforming Klima og energi Vang kyrkje og kyrkjegard Side 4 av 7
Medverknad Medverknad skal skje gjennom prosessane som pbl legg opp til. I tillegg er det allereie heldt eit ope møte for innbyggjarane der dei ble utfordra på spørsmål knytt til bruk og framtida til Vang sentrum. Om lag 40 personar deltok på dette møtet. Hovudutval for utvikling har også hatt eit arbeidsmøte med utfordringar knytt til bustader i samband med denne planen. Når planen er lagt ut på høyring vil det bli halde eit nytt ope møte. Innspel Det kom inn 11 innspel på planen. Innspela kom både frå regionale- og statlege myndigheiter, men også i frå eldrerådet og privatpersonar. I vedlagt notat synleggjer Asplan Viak hovudmomenta i innspela, og korleis dei er vurdert. Eldrerådet og dei private innspela går mykje på arealbruk. Dei blir med vidare i prosessen og blir vurdert når ein går konkret til verks med arbeidet med sjølve planen. Fleire undrar seg over planen si avgrensing, og seier at Vang sentrum er «meir» enn dette, ei avgrensing frå Mjøsvang/Bøaflata i vest og Synshagen i aust er foreslått. I tillegg er det foreslått å gjere tiltak med E16. Rådmannen hadde ein intensjon om å få løyst fleire utfordringar med planen, men når arbeidet skrider fram, så ser ein at ein må gjere prioriteringar. Rådmannen ynskjer å få ein så god sentrumsplan som mogeleg. Og foreslår difor å gjere ei slik avgrensing som figuren over synar. Det er fleire årsaker til dette: 1. Riksantikvaren og kulturarveininga hjå fylkeskommunen vil krevje undersøkingar i heile arealet som ligg i områdeplanen, jf. kulturminnelova 9. Dette er kostnadskrevjande arbeid (slik planavgrensinga er i figuren over er kostnadane til dette stipulert til om lag 1,5 millionar kroner). 2. Bustadsundersøkinga hjå fylkeskommunen syner at det er eit behov på sju nye bustads einingar i Vang kvart år fram mot 2030. Fire av desse er leilegheiter og småhus. Rådmannen vil difor prioritere å finne sentrumsnære tomter for desse. Tomter for einebustader må ein jobbe med å finne på anna vis enn i denne planen (denne planen bør likevel gis fyrsteprioritet mtp. arealdisponeringar som krev omdisponering av landbruksjord i kommunen). 3. Ved Bøaflata er bustadsfeltet så å sei fylt opp. I dette området er det potensielle utfordringar knytt til snøskred og jord- og flaumskred. Å skulle gjere endringar med eksisterande reguleringsplan ville krevje undersøkingar frå geolog. Samstundes vil ei utviding råke landbruksjord. Rådmannen ynskjer å halde inngrep på landbruksjord så små som mogeleg. Dersom ein skal omdisponere landbruksjord, meiner rådmannen at dette bør gjerast så sentrumsnært som mogeleg, og nyttast godt (høg utnyttingsgrad). Med omsyn til E16 så vil ei eventuell endring av denne liggje noe fram i tid. Dette vil krevje politisk påverknad på nasjonale politikarar og deira arbeid med nasjonal transportplan. For å få løyst nokon av utfordringa i dag, meiner rådmannen at ein må ta utgangspunkt i at E16 ligg der den gjer i dag. Med å fylgje råda frå vegvesenet om byggjegrense, så vil dei ha tilstrekkeleg plass får å gjere tiltak i framtida, samstundes som vi kan utvikle Vang sentrum i dag. Samla vurdering Side 5 av 7
Planprogrammet er godt gjennomarbeida. Det tek tilstrekkeleg høgde for overordna rammer og premiss. Innspela som har kome på planprogrammet er godt innarbeida. Planprogrammet vil, slik det føreligg no, vere eit godt utgangspunkt for den vidare jobben med sentrumsplanen. Innspela som gjeld arealdisponeringar vil bli vurdert i neste fase av planarbeidet. Framlegg til vedtak: Med heimel i plan og bygningslova 4-1 andre ledd og forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven 6 femte ledd vedtek Vang kommune «Planprogram for områderegulering med konsekvensutredning for Vang sentrum». Saka vart behandla i Hovudutval for utvikling 13.06.2017 HU-047/17 Vedtak: Som framlegget, samrøystes. Saksordførar: Erik Martinsen Dalåker Saka vart behandla i Kommunestyret 22.06.2017 Behandling: Saksordførar Erik Martinsen innleidde om saka. Håkon Berg Sundet svara på spørsmål i saka. Framdrift: Vedtak i saka kan i beste fall skje før nyttår. KS-034/17 Vedtak: Som framlegget, samrøystes. Side 6 av 7
Side 7 av 7