Møteinnkalling for Formannskapet

Like dokumenter
Møteprotokoll for Formannskapet

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteinnkalling for Formannskapet

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteinnkalling for Arbeidsmiljøutval

Møteinnkalling for Kommunestyret

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Møteinnkalling for Formannskapet

Møteinnkalling for Formannskapet

Møteinnkalling for Utval for kultur og oppvekst

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Møteinnkalling for Fondstyret

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Møteinnkalling for Fondstyret

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Møteinnkalling for Formannskapet

Saksframlegg Valle kommune

Møteinnkalling for Kommunestyret

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteinnkalling for Utval for kultur og oppvekst

Møteinnkalling for Utval for helse- sosial og omsorg

Møteinnkalling for Utval for Levekår og Kultur

Møteprotokoll for Formannskapet

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

Møteinnkalling for Fondstyret

Møteinnkalling for Kommunestyret

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

Møteinnkalling for Fondstyret

Rådet for eldre og funksjonshemma

Møteinnkalling for Formannskapet

Møteinnkalling for Fondstyret

Møteinnkalling for Formannskapet

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

Møtebok for Utval for kultur og oppvekst

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteprotokoll for Formannskapet

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 43/18 18/ gongs handsaming Felles plan for Idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Møteinnkalling for Partsamansett Utval

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteinnkalling for Fondstyret

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

Budsjett 2019 og økonomiplan

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Møteprotokoll for Formannskapet

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Sognefjord Hotel Møtedato: Tid: Tittel

Møteprotokoll for Formannskapet

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET:

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

Møteinnkalling for Formannskapet

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Møteprotokoll for Kommunestyret

Møteprotokoll for Formannskapet

Økonomiplan

Møteinnkalling for Utval for kultur og oppvekst

Saksnr. utval Utval Møtedato 040/18 Rådet for eldre og menneske med nedsett

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Til medlemene i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteinnkalling for Formannskapet

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

Saksnr. utval Utval Møtedato 112/18 Formannskapet Kommunestyret. Vedlegg i saka: Prisbok

Møteinnkalling for Fondstyret

MØTEBOK - TITTELBLAD - Formannskapet

Møteinnkalling for Kommunestyret

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteprotokoll for Formannskapet

Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Magny Lundeberg Medlem AP Bjørn Håvard Olsen Leiar AP Tone Gulliksen Øy Medlem SP

Møteinnkalling for Kommunestyret

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet /15

JØLSTER KOMMUNE Formannskapet. Møteinnkalling

Møteprotokoll for Formannskapet

Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet /17 MF Kommunestyret /17 MF

Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur

Møteinnkalling for Partsamansett Utval

HARAM KOMMUNE Sakspapir

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Møteprotokoll for Kommunestyret

Møteinnkalling for Partsamansett Utval

Tokke kommune. Møteprotokoll. Oppvekstutvalet. Utval: Møtestad: Kultur, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt:

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma. Møteinnkalling

Transkript:

Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Formannskapet Møtedato: 25.11.2009 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 14:00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 35 02 80 00, slik at varamedlem kan bli kalla inn. Stad Sauland, 25.11.09 Olav Tho ordførar Sakliste Sak nr. Saktittel 057/09 GODKJENNING AV MØTEBOK 058/09 ÅRSBUDSJETT 2010 - ØKONOMIPLAN 2010-2013 059/09 SAULAND BARNE- OG UNGDOMSSKULE - OMBYGGING

Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet 25.11.2009 057/09 IL Saksansvarleg: Ingebjørg Landsverk Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 09/1108 GODKJENNING AV MØTEBOK RÅDMANNEN TILRÅR Møteboka frå f-møte 19.11.09 blir godkjent slik ho ligg føre.

Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet 19.11.2009 056/09 HG Eldrerådet 23.11.2009 010/09 HG Arbeidsmiljøutval 24.11.2009 021/09 HG Formannskapet 25.11.2009 058/09 HG Utval for helse- sosial og omsorg 01.12.2009 020/09 HG Saksansvarleg: Helge Granlund Arkiv: K1-151 Arkivnr.: 09/1068 ÅRSBUDSJETT 2010 - ØKONOMIPLAN 2010-2013 Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 2 I 17.11.2009 Anne-Grete Våle,Anbjørg MERKNADER TIL BUDSJETTFRAMLEGG FOR 2010 Gjerjordet For FAU i Hjartdal v/hilde Østbø 3 I 18.11.2009 Hans Olav Venås og MERKNADER TIL BUDSJETTFORSLAGET Heidi Vidvei 4 I 23.11.2009 FAU Tuddal barnehage 1 BUDSJETT 2010 OG ØKONOMIPLAN 2010-2013 Vedlagde dokument: Dokument nr. 1 INNSPEL FRÅ SU/FAU I TUDDAL BARNEHAGE Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Kommunelova 44 Forskrifter for kommunal og fylkeskommunale årsbudsjett, jfr. kommunelova 46, nr. 8 Saksgang: Formannskapet tilrår i møte den 19.11.09 AMU gir uttale i møte den 27.11.09 Eldrerådet gir uttale i møte den 23.11.09 Kommunestyret 9.12.09 Bakgrunn for saka: Etter Kommunelova skal kommunestyret ein gong i året a) vedta ein økonomiplan for dei fire komande budsjettår ( 44) b) vedta eit årsbudsjett for komande budsjettår I 2009 har administrasjon lagt fram eit utkast til økonomiplan (arbeidsdokument) for perioden 2010-2013 til formannskapet før arbeidet med årsbudsjettet frå administrasjonen si side varti

avslutta. Drøftingane i formannskapet av dette arbeidsdokumentet er ein del av grunnlaget for forslaget til budsjett og økonomiplan. Med økonomiplanen ønskjer ein å realisere mål i kommuneplanen innafor eit 4-årsperspektiv, planleggje nye tiltak og føre kontroll med ressurstilgang og ressursbruk i kommunen. Kommunen er nå godt i gang med rullering av kommuneplanen for perioden 2010-2020. Ein tar sikte på at ny kommuneplan er vedtatt i løpet av hausten 2010. Økonomiplanen er rettleiande. Årsbudsjettet er ein bindande plan for kommunen sine inntekter i budsjettåret og bruk av desse; årsbudsjettet skal vere realistisk fastsett på grunnlag av dei inntekter og utgifter som kommunen kan forvente i budsjettåret. Kommunen vedtek budsjettet på rammenivå. Vurdering: For rådmann har det vore vanskeleg å saldere budsjettet for 2010 utan å foreslå omfattande tiltak. Veksten i frie inntekter ligg for Hjartdal lågare enn for både landet som heilhet og for Telemark. Ikkje minst skuldast dette negativ folketalsutviking. Skatteanslaget for 2010 er forsiktig og justera med dei siste kjende endringane pr. 1.10.2009.. Det er lagt opp til eit svært stramt kostnadsnivå innan alle sektorar. Ramma for pleie- og omsorgssektoren som blir foreslått ligg kr. 2,8 mill høgare enn opprinneleg budsjett for 2009, men ca. kr. 2 mill lågare enn rekneskapsprognosa for 2009. Den foreslåtte ramma vil stille store krav til administrasjon og tilsette. Når det gjeld kultur- og oppvekstsektoren leggast det opp redusert bemanning ved Tuddal Barnehage grunna lågt barnetal. I tillegg samordnast drifts med SFO. Seksjonen for drift og bygg vidarefører tradisjonell drift i 2010. Auken i ramma skuldast tilsynskrav ved kommunale kloakkanlegg, branntilsyn og bemanningsauke knytt til kommunen sin seniorpolitikk. Ei rekkje av kommunen sine gebyr ligg på eit nivå som på langt nær dekker kostnadene med tenestene. Rådmannen har sett det som nødvendig å foreslå omfattande endringar for å tette delar av dette gapet i 2010. Etter rådmannen sin vurdering er investeringsvolumet i økonomiplanperioden for høgt dersom innføring av eigedomsskatt i heile kommunen ikkje blir vedtatt. Investeringane må i hovudsak finansierast med låneopptak då kommunen ikkje lengre har eigenkapital (disposisjonsfond) å delfinansiere investeringane med. Kostnadene til renter og avdrag vil frå 2009 til 2013 auke med 4 mill kr. Eit vedtak om innføring av eigedomsskatt vinteren 2010 vil få inntektsmessig verknad frå 2012. Ein viser forøvrig til vedlagde budsjettframlegg og økonomiplan med fyldigare kommentarar. RÅDMANNEN TILRÅR: 1.0 Kommunestyre vedtek årsbudsjett 2010 slik det kjem fram i budsjettskjema 1Adriftsbudsjett og med den fordeling på rammeområde som går fram av budsjettskjema 1B 2.0 Kommunestyre vedtek investeringsbudsjett slik det kjem fram av budsjettskjema 2A med eigen oversikt over investeringsobjekta.

3.0 Auken i gebyrinntekter fastset kommunestyret slik for 2009: a) Årsgebyr vatn aukar med 5% b) Årsgebyr leige vannmåler: kr 80,- / år + mva. c) Årsavgift kloakk aukar med 5% d) Årsgebyr for private avløpsanlegg fritidshus aukar med 5% Tillegg for ekstratøming utanom ordinær tømerunde aukar med 5% Tillegg pr m3 utover 6m3 volum aukast med 5% e) Årsgebyr for slamtømming private kloakkanlegg aukast med 5%. f) Årsgebyr for renovasjon aukar med 10% for bustader og 15 % for hytter. g) Årsgebyr for feiing reduserast med 14%. h) Barnehagebetaling fylgjer statens max-pris satsar. i) Eigenbetaling SFO aukast med 20% j) Eigenbetaling musikk- og kulturskule aukast med 14% k) Eigenbetaling opphald sjukeheimen: nyttar forskrift om eigenbetaling l) Tryggleiksalarm: Leige og tilkopling til alarmtenesta kr 105,- pr mnd ei auke frå kr. 50,- m) Tryggleiksalarm: Tilkopla alarmtenesta (eigen tryggleiksalarm aukst med 5% n) Brukarbetaling heimehjelp aukast med 25%, tilsvarande endringa i Grunnbeløpet frå 2002 som var siste gong gebyrsatsen blei endra. o) Eigenandel psykolog: Kr. 200,- pr konsultasjon (ny) p) Eigedomsskatteøre på 7 promille på verker og bruk q) I tillegg visar rådmann til eigen sak om gebyrregulativ for 2010 når det gjeld øvrige gebyr. 19.11.2009 Formannskapet FOR-056/09 TILRÅDING/: Saka utsetjast. 23.11.2009 Eldrerådet ELDR-010/09 UTTALE: Eldrerådet ber formannskapet om sterkt å vurdere ein struktur som er tilpassa behovet for tenester og investeringar for framtidig skule og eldreomsorg. Dette innebær innføring av eigedomsskatt og strukturendringar i oppvekstsektoren. Samrøystes. 24.11.2009 Arbeidsmiljøutval AMU-021/09 UTTALE: AMU ber formannskapet om å legge opp til eit budsjett der det er rom for å ivareta innhald og kvalitet i kommunalt tenestetilbod. For å lukkast med dette vil AMU tilrå innføring av eigedomsskatt for å kunne gjennomføre dei investeringane som administrasjonen legg opp til.

Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet 05.11.2009 050/09 EB Formannskapet 19.11.2009 054/09 EB Formannskapet 25.11.2009 059/09 EB Saksansvarleg: Egil Birkrem Arkiv: K1-614 Arkivnr.: 09/131 SAULAND BARNE- OG UNGDOMSSKULE - OMBYGGING FINANSIERING Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 16.09.2008 Søndergaard Rickfelt AS OPPDRAGSBEKREFTELSE FOR PROSJEKTERING 2 I 15.12.2008 Søndergaard Rickfelt as VURDERING AV DET AKTUELLE LOKALET - OPPSTILLING OVER PLANLAGTE/NØDVENDIGE ARBEIDER 3 I 19.01.2009 Søndergaard Rickfelt PROSJEKTERINGSMØTE - 16.01.2009 as 4 I 09.02.2009 Søndergaard Rickfelt as OPPRUSTING AV HEIMKUNNSKAPSROM OG SVØMMEHALL - GROVKALKYLE FEBRUAR 2009 PROSJEKTERINGSMØTE - NR 02 11.03.2009 6 I 13.03.2009 Søndergaard Rrickfelt AS 7 I 27.05.2009 Søndergaard Rickfelt PROSJEKTERINGSMØTE - NR 3 26.05.2009 AS 8 I 12.08.2009 Søndergaard Ricfelt PROSJEKTERINGSMØTE - NR 4 12.08.2009 AS 5 U 28.08.2009 Sweco Norge AS SAULANG BARNE- OG UNGDOMSSKULE 9 I 24.09.2009 Sauland skule v/rektor og verneombod TILSETTES MEDBESTEMMING I ARBEIDET MED OMBYGGING BASSENG OG HEIMEKUNNSKAPSROM VED SAULAND SKULE 10 I 15.10.2009 FAU v/sauland Skule FAU V/SAULAND SKULE - SKRIV AD. OMBYGGING 11 I 25.10.2009 Søndergård Rickfelt TILBUDSPROTOKOLL as 13 I 27.10.2009 Sauland skule v/rektor Reidar VEDK. UTBYGGING VED SAULAND SKULE FASE 1 Solberg 14 I 27.10.2009 Thorbjørn Øverbø ANBODPROTOKOLL BYGGEFASE 1

Vedlagde dokument: Dokument nr 13 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Ingen Saksgang: Formannskapet tilrår i møte 05.11.09. Kommunestyre vedtek i møte 09.12.09. Bakgrunn for saka: I kommunestyresak 13/09 vart det gjort vedtak om prosjektering og oppstart rehabilitering av Sauland skule. Vedtaket omfattar ei rekkje tiltak såkalla fase 1, kostnadsrekna til 5 250 000. Vedtak i K-sak 13/09: 1. Opprustingsarbeid ved Sauland skule prosjekterast og startast opp snarast råd jfr. Faseplanen sitt punkt 1. ENOVA-relaterte tiltak leggjast inn i denne fasen med skifte av vindauge og ventilasjonsanlegg for denne bygningsdelen. Samla kostnadssum 5.250.000 (inventar 150.000) dekkjast inn slik: Disposisjonsfond jfr. tidlegare vedtak: 900.000 Mva.kompensasjon: 1.050.000 ENOVA-tilskot: 803.000 Lån, jamfør tidlegare vedtak i 2008, unytta: 500.000 Disposisjonsfond: 1.997.000 2. Kostnader til prosjektering av fase 2 og 3 anslagsvis kr. 300.000,- vil ein kome attende til i samband med budsjettregulering og økonomiplan. Kommunen fekk ikkje godkjent søknaden om Enova-tilskot (krisepakka knytt til enøk-tiltak). Finansieringa vart difor tatt opp i ei ny kommunestyresak 27/09 Vedtak i K-sak 27/09: 1. Opprustingsarbeid ved Sauland skule prosjekterast og startast opp snarast råd jfr. Faseplanen sitt punkt 1. Del A omfattar tiltak i svømmehalldelen. Disposisjonsfond jfr. tidlegare vedtak: 900.000 Mva.kompensasjon: 350.000 ENOVA-tilskot: 0 Lån, jamfør tidlegare vedtak i 2008, unytta: 500.000 2. Finansiering av arbeida i del B vert vurdert lagt inn som del av arbeidet med budsjettet for 2010. 3. Kostnader til prosjektering av fase 2 og 3 anslagsvis kr. 300.000,- vil ein kome attende til i samband med budsjettregulering og økonomiplan.

I denne k-sak vart fase 1 delt, del A og B. Del A er ombygging av svømmehalen og del B er ombygging av heimkunnskapavdelinga. Dette vart gjort for at ein kunne då finansiere del A med disponible midlar i 2009- budsjettet. Det er då ikkje naudsynt å ta opp nye lån for å komme i gang med byggearbeida i 2009. Låneopptak kan berre vedtas i samband med budsjetthandsaming. I samband med handsaming av kommunedelen av tiltakspakkavart det gjort følgjande vedtak. Vedtak i K-sak 08/09; 1. Vedlikehald, asfaltering, kommunal veg (vestsida/hjartdalsbygda, den vegen/den delen som ikkje blir dekt av budsjettløyvingar 2009) kr. 500.000 2. Servicekontoret, kommunehuset, toaletter kr. 350.000. Av dette dekkast kr. 100.000 ved bruk av auka rammetilskot. 3. Vedlikehald/utbetringar ved skular/barnehagar kr. 522.000. Utval for kultur og oppvekst kan gjera endeleg vedtak om bruk. Utval for kultur og oppvekst gjorde i møte den 05.05.09 vedtak om endeleg bruk av midlane. Vedtak i KOO-sak 07/09; Utval for Kultur og oppvekst ynskjer slik bruk av krisepakkemidlane: Kommunal andel av Krisepakka, kultur og oppvekstutvalet sin andel jfr. k-vedtak i sak 08/09, kr 547.000 nyttast til flg. opprustingstiltak: - Inngangsparti: SFO/småskulen Sauland skule - Inngangsparti: Hjartdal skule/barnehage Kyrkjekrinsen skule Administrasjonen såg det difor naturleg at Fase 1 og nytt inngangsparti ved SFO/småskulen vart slått saman til eit tiltak med samla budsjett på kr 5 550 000 ( Fase 1 kr 5 250 000 og inngangsparti SFO/barneskulen kr 300 000). Tilbodskonkurranse på byggearbeida vart gjennomført i haust med tilbodsfrist 20.10.09. Tek vi omsyn til lågaste tilbod er kostnadsramma nå auka til kr 5 960 000. Vurdering: Det syner seg at kostnadsramma, etter at det er gjennomført ein tilbodskonkurranse på byggearbeida, nå er auka til kr 5 960 000, dvs ein auke på kr 410 000. Kostnadane for utarbeiding av forprosjektet for fase 2 og 3 jfr K-sak 27/09 er nå medtatt. Vidare syner det seg at det tidlegare var medtatt for lite kostnader for arkitekt og konsulentar. Tilboda for sjølve byggearbeida er heit i tråd med tidlegare framlagt investeringskostnadar. Som nemnt er arbeida med nytt inngangsparti til SFO/småskulen tatt med i kostnadsramma og arbeida er medtatt i tilbodsgrunnlaget for byggarbeida. Dersom dette tiltaket ikkje blir starta på i år, vil kommunen miste dessa statlige overføringane. Tiltaket må vera ferdig i løpet av vinteren 2010. Kostnadane med tiltaket er nå på kr 485 000 med bakgrunn i innkomne tilbod. Kostnadsaukinga på kr 185 000 må dekkast inn over driftsregnskapet. Leiinga og dei tilsette ved Sauland skule har deltatt på planlegging av investeringa. Rekkjefølgja for gjennomføringa og innhaldet i dei ulike fasane (1, 2 og 3) er gjort i samråd med leiinga og dei tilsette, jfr vedlegg. Finasiering: Vedtak i K-sak 27/09, pkt 1 om finansiering endras. Dette gjaldt berre for symjehalldelen, del A av fase 1. Nytt forslag til finansiering for heile fase 1 og ombygging av inngangsparti SFO/småskulen blir: Lånebehov: kr 4 380 000

Kommunal tiltakspakke kr 300 000 Tilskudd frå driftsbudsjett kr 185 000 Mva- kompensasjon: kr 1 095 000 Tidlegare unytta lån, jamfør tidlegare vedtak i 2008 på kr 500 000 brukast. Nytt låneopptak blir kr 3 880 000. Låneopptaket er endra då tidlegare vedtak berre omhandla del A og bruk av disposisjonsfond. I ny finansieringsplan brukast ikkje midlar frå disposisjonsfondet. Kommunal tiltakspakke er uendre, jfr tidlegare vedtak. Kostnadane med nytt inngangsparti SFO/småskule vert noko høgare enn fyrst antatt. Det er difor naudsynt at auka kostnader vert finansiert av driftsbudsjettet. Mva-kompensasjonen er auka då finansieringa nå omfattar heile fase 1. RÅDMANNEN TILRÅR: 1. Ombyggingsarbeida ved Sauland skule startast opp så snart som råd. Dette gjelder fase 1 og inngangsparti ved SFO/småskulen med følgjande finansieringsplan; Lånebehov: kr 4 380 000 Kommunal tiltakspakke kr 300 000 Tilskudd frå driftsbudsjett kr 185 000 Mva- kompensasjon: kr 1 095 000 Tidlegare unytta lån, jamfør tidlegare vedtak i 2008 på kr 500 000 brukast. 2. Nytt låneopptak på kr 3 880 000 vedtas i samband med budsjett for 2010. 3. Kostnader til prosjektering av fase 2 og 3 anslag kr 500 000 vil ein kome attende til i samband med budsjett for 2010 og økonomiplan. 05.11.2009 Formannskapet Forslag frå Olav Tho: Saka utsetjast til handsaming av budsjett 2010 og økonomiplan 2010-2013 FOR-050/09 TILRÅDING: Saka utsetjast til handsaming av budsjett 2010 og økonomiplan 2010-2013. Vedatket var samrøystes. 19.11.2009 Formannskapet FOR-054/09 TILRÅDING: Saka utsetjast.