VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 143 Arkivsaksnr.: 2012/2257 Saksbehandlar: Jan Rune Jacobsen Dato: 19.02.2013 Kommunedelplan Møreaksen Utval Møtedato Utvalssak Planutvalet 05.03.2013 21/2013 Saksprotokoll i Planutvalet - 05.03.2013 Vedtak: 1. I medhald av Plan- og bygningslova 11-14 vedtek Planutvalet at forslag til kommunedelplan for E39 Vestnes-Molde blir lagt ut til offentlig ettersyn. 2. Høyringsfrist er 1. mai 2013 Avrøysting: Innstillinga frå administrasjonssjefen vart samrøystes vedteken. Administrasjonssjefen si innstilling 1. I medhald av Plan- og bygningslova 11-14 vedtek Planutvalet at forslag til kommunedelplan for E39 Vestnes-Molde blir lagt ut til offentlig ettersyn. 2. Høyringsfrist er 1. mai 2013
SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Med Møreaksen AS som tiltakshavar er det igangsett plan- og utgreiingsarbeid for ny E39 på strekninga mellom Vestnes, Midsund og Molde kommunar med arm til Aukra kommune. Strekninga er tenkt som ein del av ny og ferjefri kyststamveg mellom Kristiansand og Trondheim. For å sikre framdrift i det vidare planarbeidet for E39 på den aktuelle strekninga har det vore ønskeleg å få fastlagt korridorane for den nye vegen gjennom kommunedelplanar for Midsund, Aukra, Molde og Vestnes. Med Rambøll som konsulent er det utarbeidd forslag til felles kommunedelplan med konsekvensutgreiing for heile strekninga. Kommunedelplanen blir fastsett i kommunestyret i kvar kommune. Planprogram for kommunedelplanen vart sendt ut på høyring 29.6.2012, og vedtatt i Vestnes kommunestyre i oktober 2012. I tillegg til å avklare kva for vegløysing som skal utgreiast, fastsett planprogrammet kva for tema som konsekvensutgreiinga skal innehalde av prissette og ikkje-prissette konsekvensar. I samband med utarbeiding av planforslaget og konsekvensutgreiinga er det også gjennomført formelle drøftingar med regionale myndigheiter (planforum). Planforslaget og konsekvensutgreiinga vil bli lagt ut på heimesida til kvar kommune. I perioden med offentleg høyring av forslaget til kommunedelplanen vil det bli lagt opp til informasjonsmøte i kvar kommune. Generelt Kommunedelplanen omfattar ny veg med nødvendig sideterreng på strekninga mellom Vik i Vestens kommune og Julbøen i Molde kommune. I tillegg omfattar planen ny veg frå Nautneset i Midsund kommune til Tangen på Gossen. Tiltaket er omfatta av plan- og bygningsloven sine føresegner om konsekvensutgreiing. Det skal utgreiast prissette og ikkje-prissette konsekvensar. I konsekvensutgreiinga er det for kvart utgreiingstema definert eit influensområde; det området som vil bli påverka av vegutbygginga. Konsekvensutgreiinga omfattar eit hovudalternativ i tillegg til 0- alternativet. Alternativet tilsvarar i stor grad konsept K2/K3 slik det var definert i Statens vegvesens konseptvalutgreiing. Vestnes kommune Kommunedelplanen er i sør avgrensa til rundkjøring med Fv 661. Tilsvarande på Julbøen i Molde. Sjølv om kommunestyret i Vestnes har tilrådd vidare trase sørover etter konsept 2 (K2), er dette enno ikkje fastlagt i samferdselsdepartementet. Det er derfor ikkje ønskeleg å legge føringar i denne planen, som avgrensar handlingsrommet for planarbeidet lenger sørover. Framtidig planarbeid vil derfor kunne medføre endra kryssløysingar både på nord og sørsida. Frå planlagt rundkjøring på Vik går vegen ca 1,5 km i dagen fram til tunnelpåhogget ved Neråssetra. Deretter 15,5 km tunell under fjorden/tautra med største djup om lag 350 m. Tunnelen får 2 løp med rømmingsvegar mellom, stigning på maks 5% og kjem ut att like før hengebrua over Julsundet.
Ikkje prissette konsekvensar: Denne delen av utgreiinga dreier seg om korleis landskapsbilete, kulturminne, naturmiljø, naturressursar og friluftsliv blir påverka av tiltaket. I området rundkjøringa på Vik og tunnelpåhogget er det rekna med små konsekvensar. Beiteområdet for hjortedyr blir naturleg nok påverka og dermed også jaktterrenget. Landskapsbiletet blir sjølvsagt også endra av ein ny veg. Det er nærføringa til Vidåna som kan ha mest negativ effekt for eventuelt liv i elva, dersom dette fører til nedslamming av elva og spreiing av borestøv og sprengstein. Avbøtande tiltak er skildra på side 56 og 57 i dokumentet. Prissette konsekvensar: Tema under dette kapitlet er trafikkanalyse, støy, luftforureining, kommunal infrastruktur, kostnad, samfunnsøkonomisk nytte/kostnad. Prognosane for kor mykje trafikken vil auke er naturleg nok usikre. Støykonsekvensane er likevel rekna å vere små. Langs den nye traseen er det 2 bustader i Vestnes som ikkje vil få tilfredsstillande støynivå på uteområdet. Når det gjeld luftforureining viser utrekningane ein marginal nedgang for klimautslepp samla sett, men det er presisert at utrekningane er svært usikre. Den totale kostnaden er rekna til nær 15 milliardar NOK. Samfunnsøkonomisk nytte etter tradisjonelle reknemetodar er lavare enn investeringskostnaden, men det er presisert at desse metodane berre delvis tek høgde for ringverknader som vil oppstå som følgje av ferjefri veg. Andre konsekvensar Tiltaket vil sjølvsagt ha påverknad på omgivelsane i anleggsfasen, både med tanke på støy, anleggstrafikk, forureining etc. 300 000 lastebillass med sprengt fjell skal fraktast ut av tunnelen. Kommunane må i denne samanheng framskaffe planer for deponering av massane slik at dei kan kome mest muleg til nytte til nye næringsareal eller anna utnytting. Påhogget for tunnelen på Vestnessida er utfordrande pga muleg lang forskjæring i lausmassar og ukjent fjelloverflate. Her er ikkje påvist fjell i dagen. Usikkerheita med dette og grunntilhøva generelt for sjølve tunneltraseen er likevel ikkje venta å vere til hinder for gjennomføring av tiltaket. Lokal og regional utvikling Vestlandsfjordane er barrierar i forhold til transport både lokalt og regionalt. Dei langsiktige effektane av fast fjordkryssing vil kunne f.eks. være endring av busettingsmønster, opning for nye bustadområde, hytteområde m.m., endring av næringsstruktur, meir effektive lager og distribusjonssystem, rasjonalisering av offentlige servicefunksjonar, større rekrutteringsgrunnlag for næringslivet og større mulegheiter for val av arbeidsplassar. Alle disse effektane fører til at regionen blir større, meir robust og legg til rette for å oppretthalde vekst i busetting og næringsliv. Lokalt vil skipsverfta i Tomrefjord, Midsund og Aukra få mykje kortare og raskare transportveg, medan næringsliv i kommunesenteret, som delvis baserar seg på gjennomgangstrafikk/ferjetrafikk, kan kome negativt ut. Planområdet si avgrensing gir utfordringar, sidan eksisterande vegar på begge sider av fjorden vil få vesentleg trafikkauke som følgje av tiltaket. I vår kommune gjeld det først og fremst strekninga Vik Vestnes. Det vil derfor vere aktuelt med særskilte planer for desse strekningane med rekkefølgebestemmelsar som hindrar gjennomføring av Møreaksen før det er igangsett tiltak for desse tilgrensande strekningane.
Vurdering: Det store biletet: Målet om ferjefri kyststamveg og dermed ein effektiv og betydeleg raskare transportkorridor langs vestlandet mellom Kristiansand og Trondheim gir utsikter til meir robuste regionar og positiv utvikling for busetting næringsliv. Slik infrastrukturbygging er ei nødvendig satsing med tanke på verdiskaping i ei framtid der Norge i mindre grad enn i dag baserer seg på oljen. Med sine oljeinntekter er Norge i ei særstilling med ein historisk mulegheit til å bygge landet for framtida. Samtidig ser vi at offshoreteknologien også skaper nye teknologiske mulegheiter for fjordkryssingar via flytebruer, rørbruer, forankring til djupe fjordbotnar etc. Vår nasjonale økonomi gir oss mulegheiter til å bruke fjordkryssingar på Vestlandet i pilotprosjekt, som kan bli lagt merke til globalt. I dette perspektivet er det kanskje eit tankekors at vi køyrer så hardt på for realisering av Møreaksen med tradisjonell teknologi. Det kan vere ein risiko for at undersjøiske tunnelar vil framstå som gårsdagens løysingar lenge før prosjektet er ferdig. Det lokale biletet: Også Vestnes vil bli ein del av ein større arbeidsmarknadsregion. Vestnes blir fortsatt liggande midt i fylket i skjeringspunktet mellom E39 (nord sør) og E 136 (aust vest) med utsikter til vekst i busetting og næringsliv. Dette er svært positivt. Utgreiinga antyder negativ utvikling for delar av næringslivet i kommunesenteret og tek ikkje særleg for seg påverknad på pendling mellom Vestnes og Molde. Pr i dag er både ferja og hurtigbåten sentral i dette biletet. Viss begge forsvinn, må ein nok rekne med at meir av både handel og pendling vil skje sørover og i mindre grad mot Molde. Sjølv om det er ønskeleg å få betalt ned tunnelen via bompengar raskast muleg, er det neppe ønskeleg at vestnesingane i stor grad skal pendle i bil til arbeidsplassane i Molde. Hurtigbåten blir såleis sentralt transportmiddel som det er vesentleg å behalde. Dette bør derfor vere ein del av konseptet med ferjefritt samband. Utgreiinga er etter adm.sjefen si vurdering for svak på dette punktet Utgreiinga tek heller ikkje føre seg konsekvensane for eksisterande vegstrekningar mellom Vik - Vestnes og Julsundet Molde. Dette er svært uheldig både for Molde og Vestnes, sidan det må påreknast vesentleg auke i trafikken på desse vegane. Slik adm.sjefen har forstått situasjonen, er plasseringa av fjorskryssinga under Tautra eit resultat av at ein har sett positive samanhengar med fastlandssamband for Aukra og Midsund. Konsekvensen er at nord-sør-trafikken må passere Molde by, noko som i utgangspunktet ikkje er naturleg sidan knutepunktet på nordsida av fjorden ligg på Årø. I lys av dei store investeringane som skjer på E136 og ny teknologi for fjordkryssingar må ein derfor ikkje bli overraska om det oppstår nye idear og diskusjonar om kva som er mest framtidsretta løysing for ferjefri kryssing av Romsdalsfjorden Oppsummering Forslaget til kommunedelplan med konsekvensutgreiing for ny E39 Vestnes Molde svarar i stor grad greitt på utfordringane i planprogrammet. Det er likevel ein svakheit at ikkje konsekvensane for eksistande vegsystem, utviking av kommunesenteret på Vestnes, pendling til og frå Molde og hurtigbåten er meir drøfta og klarlagt. Det er ei politisk vurdering om det er aktuelt å utarbeide eigen merknad til planforslaget frå Vestnes kommune i perioden planen ligg ute til offentleg ettersyn.
Særutskrift til: Møreaksen AS Vedlegg: 1 Særutskrift - Kommunedelplan Møreaksen 2 Planprogram Møreaksen 120925 3 KDP Vestnes-Molde 4 KU Naturmiljø E39 Vestnes - Molde 6 Støysonekart 7 E39 Vestnes - Molde - Oversiktstegning 8 E39 Vestnes - Molde - Tegningsliste 8 ORTOFOTO-del 1 - E39 Vestnes - Molde 9 ORTOFOTO-del 2 - E39 Vestnes - Molde 10 Plan og Profil - E39 Vestnes - Molde med arm til Gossen 11 ROS - E39