Planomtale TIL ENDRING AV DETALJPLAN FOR HYTTEFELT I BREIVIKA PÅ GBNR. 10/22 I SANDØY KOMMUNE Side 1 av 10
INNHALD: 1 Bakgrunn og samandrag 2 2 Tilhøve til andre planar 3 3 Beskrivelse av planområdet 5 4 Vurdering av risiko og sårbarheit 6 5 Beskrivelse av reguleringsføremåla 7 6 Gjennomføring 8 7 Merknader i samband med varsling av planoppstart 8 8 Verknader av planen 9 9 Avsluttande kommentar 10 10 Vedlegg 10 1 Bakgrunn og samandrag Formål med reguleringa: Området vart i 2007 regulert til 8 stk. tomter for fritidsbebyggelse. Foreløpig er det opparbeidd tilkomstveg og bygt ei hytte på området. Grunnlaget for reguleringsendringa er at familien til sonen til grunneigarane ynskjer å bygge bustadhus i området som er regulert til fritidsbustader. Dei ynskjer å slå saman 2 hyttetomter (tomt 5 og 6) til ei bustadtomt. Tiltakshavar: Tiltakshavar for reguleringa er grunneigarane Kari Marie Breivik Møst og Peder Møst. Grunneigar: Grunneigarar for området som er planlagt omregulert er Kari Marie Breivik Møst og Peder Møst. Innafor planområdet ligg også ein eigedom med fritidsbustad som er eigd av Trond Arne Tafjord. Side 2 av 10
Tilkomst: Det er etablert avkøyrsle frå kommunevegen og bygt tilkomstveg fram til fritidseigedomen gbnr. 10/120. Tekniske anlegg: I samband med frådeling av H1 er det etablert kloakksystem og straumtilførsel for heile feltet. Dette ligg i G1-området. Det er planlagt å videreføre dette til dei resterande tomtene. Vasstilknyting er planlagt frå hovudvassleidning langs øversida av kommunal veg. Planlagt regulering. Planlagt regulering går ut på å omregulere 2 av dei opprinnelege 8 hyttetomtene til ei bustadtomt for sonen på garden med familie. Kontakt mot kommunen: Grunneigarane søkte i brev av 06.04.2015 til Sandøy kommune om denne omreguleringa. Saka vart handsama i Sandøy formannskap/planutval 09.06.2015 der det vart gitt løyve til å starte prosessen med denne omreguleringa. Framdrift: Byggeprosessen for planlagt bustadhus vil truleg starte så snart omreguleringa er godkjent. Planleggar: Planarbeidet vert utført av Ha-Plan AS v/ siv.ing Hallgeir Wuttudal. Varsling: Oppstart av planlegginga er varsla skriftleg til offentlege organ og naboar. Den er også annonsert i Romsdals Budstikke, samt på heimesida til Sandøy kommune. 2 Tilhøve til andre planar Side 3 av 10
Gjeldande reguleringsplan: Området er på gjeldande plan regulert til område for fritidsbebyggelse, felles grøntareal og vegar. Utsnitt av gjeldande reguleringsplan.. Side 4 av 10
Arealdelen av forslag til kommuneplan: Arealdelen av forslaget til kommuneplan samsvarer med gjeldande regulering for området. Utsnitt av forslag til arealdel av kommuneplanen. Ettersom ønska bruk av tomtene 5 og 6 ikkje samsvarer med gjeldande reguleringsføremål må det gjennomførast ein planprosess for endring av detaljplanen. 3 Beskrivelse av planområdet Planområdet ligg langs kommunal veg i Breivika på Harøya. Området heller slakt mot sørvest. Ved avkøyrsla til feltet er det ein nokså tett granhekk som skjermar området mot innsyn og støy, men også reduserer utsikta mot havet. Området har tidlegare vore nytta til beitemark, men blir ikkje nytta til det lenger. Side 5 av 10
Området vart regulert til hytteområde i 2007. Eksisterande avkøyrsle frå kommunal veg og tilkomstveg inn i feltet vart oppgradert i samband med bygging av hytte på området H1. 4 Vurdering av risiko og sårbarheit Vi har gått igjennom Sjekkliste for vurdering av risiko og sårbarheit i samfunnsplanlegginga frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, sjå vedlegg. Vi kan ikkje sjå at det finst vesentlege faremoment i området, men har kommentar til eitt punkt. Sløkkevassforsyning: Området har 160 mm hovudvassleidning langs øversida av kommunevegen, og det er etablert brannkummar langs denne som dekker den spredte bebyggelsen i området slik at det er maks. 200 meter til næraste brannkum. Trykket er litt variabelt i heile kommunen, men dette vil betre seg betrakteleg når nytt høgdebasseng på Myklebust som er under planlegging står klart. I samband med utbygginga av høgdebassenget vil det også bli lagt ny 280 mm hovudvassleidning til Breivika nesten fram til dette feltet slik at sløkkevassforsyninga blir svært god. Det er også kort veg til sjøen slik at brannvatn også kan hentast derfrå ved behov for dette. Side 6 av 10
5 Beskrivelse av reguleringsføremåla Forslag til reguleringskart. Side 7 av 10
Fritidsbebyggelse: Det er no regulert inn totalt 6 tomter til frittliggande fritidsbebyggelse (hytter) i planområdet. Det er innlagt byggegrense mot vegar og grønstruktur. Dei 2 tidlegare tomtene 5 og 6 som tidlegare var regulert til for fritidsbebyggelseområda er no regulert til ei tomt for frittliggande småhusbebyggelse. Vegformål: Planlagte og opparbeidde vegar i feltet er ikkje endra. Det er antatt at parkering for hytter og bustadhus blir utført på eige areal. Grøntareal: Desse områda gjeld same områda som tidlegare var regulert til felles grøntareal. Del av området G1 er kan nyttast til leik og sosiale aktivitetar av hyttefolket og andre brukarar av området. Delar av område G1 kan beplantast og opparbeidast slik at det blir ein trivelege sosial møteplass. Her kan det leggast til rette for uteopphaldsareal med benkar, grillplass, leikeareal, ballplass, minigolf og liknande aktivitetar. Området G2 og områda langs bekkane på G1 skal bevarast som randsoner langs bekkane. 6 Gjennomføring Arbeidet med opparbeiding av FV-2 og FV-3, vil truleg starte så snart reguleringsplanen blir godkjent slik at ein får tilkomst til bustadtomta. Tilknytingspunkt til VA-anlegga er klargjort i området G1. 7 Merknader i samband med varsling av oppstart 1. Brev frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, datert 15.09.2015: Fylkesmannen viser til kommunens saksframlegg av 09.06.2015, og har ikkje vesentlege merknader utover det som blir teke opp her. 2. Brev frå Møre og Romsdal fylkeskommune, datert 14.09.2015: Planfagleg vurdering. Side 8 av 10
Fylkeskommunen registrerer at kommunen ved behandling av søknad om endring har adressert problemstillingar knytt til blanding av hytter og bustadhus i utbyggingsområde, samt spørsmål om tilrettelegging av leikeplass mv. Kommentar: Dette er kommentert under punkt 8 Verknader av planen nedanfor. Samferdsel. Det er ikkje gang-/sykkelvegsamband til Harøy skule frå Breivika. Avstanden (2,3 km) gjer det er berre for førsteklassingar at grensa for skuleskyss slår inn. Kommentar: Dette blir også kommentert under punkt 8 Verknader av planen nedanfor. 3. Brev frå Statens vegvesen, datert 07.09.2015: Planområdet har atkomst til kommunal veg og planlagt endring vil ikkje ha betydelige konsekvensar for trafikkavvikling eller trafikksikkerheita i krysset med fylkesveg 207. Når det blir lagt opp til bustadføremål, må tilhøva for mjuke trafikkantar og kollektivtilbod i området vurderast, særleg i høve til skuleskyss. Kommentar: Dette blir også kommentert under punkt 8 Verknader av planen nedanfor. 8 Verknader av planen. Planendringa medfører at to tomter for fritidsbustader blir omregulert til ei tomt for frittliggande småhusbebyggelse. Trygg skuleveg og kollektivtilbod: Det er 2,3 km til Harøy skule. Etter reglane for skuleskyss er det berre 1. klasse som har rett på skuleskyss. Dei eldre elevane kan vere med skulebussen mot vanleg betaling eller ordne transpoten på anna måte. Elles er mangelfult kollektivtilbod noko ein må rekne med dersom ein ynskjer å bu utanfor tettbygde strøk. Eventuell konflikt mellom fritidsbruk og fastbuande: Tomta for bustadhuset ligg i eit hjørne av planområdet. Dette er dessutan ikkje eit typisk hytte- og fritidsområde, men ein randbebygglese langs ein kommunal veg. Vi trur derfor at denne blandinga ikkje treng å føre til konfliktar. Tillaging av ein sosial møteplass på området G1 kan også medføre gode relasjoner mellom ferierande og fastbuande. Det er dessutan berre ei tomt som er bebygd foreløpig (H1), og den ligg godt skjerma mellom LNFområde mor vest og område for grønstruktur mot aust. Framtidige kjøparar av hyttetomter vil vere klar over at det også er ei bustadtomt innafor planområdet. Behov for leikeplass: Det er innteke i føresegnene at det kan leggast til rette for å nytte delar av området G1 til leik og sosiale aktivitetar. Tomta som er regulert til frittliggande småhusbebyggelse er svært stor (1,34 daa.) i høve til vanlege hustomter i våre dagar. Det er derfor god plass til å etablere område for leik og uteopphald på denne tomta. Side 9 av 10
Reduksjon av areal til fritidsbustader: Sidan planen vart godkjent for snart 8 år sidan har det vorte bygt 1 fritidsbustad i dette planområdet. Dette skulle tilseie at dei resterande 5 fritidsbustadtomtene vil dekke behovet for slike tomter i dette området i lang tid framover. ROS-analyse: ROS-analyse er utført. Det er ikkje funne spesielle faremoment i området. Sjå kommentarane under punkt 4 ang. sløkkevassforsyning. Friluftsinteresser og tilgjenge for allmenta: Området G1 kan tilretteleggast med benkar, leikeplass og liknande slik at det innbyr til sosiale aktivitetar for både ferierande og fastbuande. Tilrettelegging av litt parkeringsareal vil også gjere at området kan framstå innbydande på folk utanfrå. Tilkomstveg: Første del av tilkomstvegen er opparbeidd i samband med bygging av fritidsbustad på området H1. Interne vegar, FV-2 og FV-3 må opparbeidast i samband med utbygging av bustadtomta BF1. Tekniske anlegg: Vatn- og avløpsanlegg er allereie opparbeidd i området. Det er også ført fram straumforsyning. 9 Avsluttande kommentar. Denne reguleringa har som føremål å legge til rette for bygging av eit bustadhus i området som tidlegare har vore regulert til eit reint fritidsbustadområde. Kommunen skriv i saksutgreiinga til formannskapssaka 15/28 der søknaden om reguleringsendring vart handsama at «politikarane må vere bevisst formålsparagrafen i plan- og bygningslova i sitt virke, og det ufråvikelege kravet om at lova skal nyttast for å fremme berekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjoner». Ikkje alle ynskjer å busette seg i tettbygde strøk. Det er derfor god politikk å tillate at folk også kan velje å bu i meir landlege omgjevnader. 10 Vedlegg 1. Plankart. 2. Reguleringsføresegner. 3. Sjekkliste ROS-analyse. 4. Merknader i samband med varsling av planoppstart. Side 10 av 10