Skodje kommune Teknisk avdeling Sak 10/17 Arkivsak nr: 16/321 Arkiv: Sakshandsamar: Ingunn Stette Sak nr Utval Møtedato 10/17 Det faste planutvalet 07.03.2017 REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR.51 BNR.001 - LEITEGARDEN - OFFENTLEG ETTERSYN Det faste planutvalet 07.03.2017 Handsaming: Notat av 06.03.2017 frå ing. Rolf Stavset vedk. alternativ løysing vart lagt fram i møtet. Kjell Haukeberg sette fram framlegg om å utsetje saka. Det vart røysta over utsetjingsframlegget. 1 røyst for, 6 røyster mot. Utsetjingsframlegget fall. Kari Grindvik sette fram framlegg til slikt endra punkt 1: 1. Planområdet skal utvidast slik at kryss mellom V1 og Skulehusbakken vert del av plan. Det skal setjast rekkefølgjekrav som sikrar at kryss og gangveg vert planlagt og opparbeidd saman med øvrig teknisk infrastruktur i bustadfeltet. Kari Grindvik sette fram framlegg til slikt endra punkt 2: 2. Regulert leikeareal (L1) skal utvidast og plasserast i område B1. Kari Grindvik sette fram framlegg til slikt endra punkt 3: 3. Utnyttingsgraden i B2 og B3 skal reduserast til 45 % BYA. Utnyttingsgraden i B1, B2 og B3 skal til saman ikkje overstige 28 bueiningar.
Kari Grindvik sette fram slikt framlegg til nytt punkt 4: Føresegnene skal beskrive sikring av buområdet og mjuke trafikantar mot hovudvegnettet, og sikre utbygging av gangveg fram til busslomme ved Fv 661. Krysset Fv 661 og Skulehusbakken (V2) vert stengt før utbygging av feltet. Det vart røysta punktvis. Punkt 1: Framlegget frå Kari Grindvik vart samrøystes vedteke. Punkt 2: Framlegget frå Kari Grindvik vart samrøystes vedteke. Punkt 3: Framlegget frå Kari Grindvik vart samrøystes vedteke. Nytt punkt 4: Framlegget frå Kari Grindvik vart samrøystes vedteke. Vedtak: Det faste planutvalet vedtek med heimel i plan- og bygningslova 12-10, å legge forslag til reguleringsplan for del av gnr. 51 bnr.001 Leitegarden, ut til offentleg ettersyn med følgjande endring: 1. Planområdet skal utvidast slik at kryss mellom V1 og Skulehusbakken vert del av plan. Det skal setjast rekkefølgjekrav som sikrar at kryss og gangveg vert planlagt og opparbeidd saman med øvrig teknisk infrastruktur i bustadfeltet. 2. Regulert leikeareal (L1) skal utvidast og plasserast i område B1. 3. Utnyttingsgraden i B2 og B3 skal reduserast til 45 % BYA. Utnyttingsgraden i B1, B2 og B3 skal til saman ikkje overstige 28 bueiningar. 4. Føresegnene skal beskrive sikring av buområdet og mjuke trafikantar mot hovudvegnettet, og sikre utbygging av gangveg fram til busslomme ved Fv 661. Krysset Fv 661 og Skulehusbakken (V2) vert stengt før utbygging av feltet. VEDLEGG: 1. Forslag til reguleringsplan for del av gnr. 51 bnr.001 Leitegarden 2 med vedlegg, datert 12.02.17. 2. Støyvurdering utarbeidd av Asplan Viak, datert 26.07.16. 3. Overvassberekningar uarbeidd av siv. ing. H. Wuttudal, datert 03.02.17. 4. Saksutgreiing og vedtak i FPU-sak 25/16 frå 05.04.16, vedk. oppstart av planarbeid. 5. Uttale frå Statens vegvesen Region midt, datert 28.04.16. 6. Uttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune, datert 10.05.16 og 25.08.16 7. Uttale frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, datert 12.05.16. KORT SAMANDRAG AV SAKSUTGREIINGA: Ing. R. Stavset AS har på vegne av grunneigarane på gnr.51 bnr.1, utarbeidd forslag til reguleringsplan
for del av Leite. Planforslaget legg til rette for etablering av bustader og veganlegg på eit areal vest for fv 661 og sør for fv 107 på Stette. Planområdet har ein total storleik på omlag 9.5 dekar. Denne saka omfattar ein gjennomgang av tiltakshavar sitt forslag til reguleringsplan, og gjev ei oppsummering av dei innspela som er kome inn etter oppstartsvarslinga. Forslag til vedtak legg opp til at planforslaget kan utleggast til offentleg ettersyn med endringar. SAKSUTGREIING: Det er utarbeidd eit forslag til reguleringsplan for del av gnr.51 bnr.1 på Stette. Planforslaget legg til grunn at området kan byggast med bustader, og totalt omfatte 36 bueiningar. Planforslaget omfattar i tillegg tilkomstvegar og eit leikeareal med ein storleik på 300 m2. Forslag til reguleringsplan omfattar plankart, omtale, føresegner og vedlegg. Kommunen sine føringar for planarbeidet går elles fram av vedlagt oppstartsløyve i FPU sak 25/16. Denne saksutgreiinga vil gi ei kort oppsummering av innhaldet i planforslaget, samt ei oversikt over innspel som er kome frå høyringspartane etter varsel om oppstart. I planomtale og reguleringsføresegner, datert 12.02.17, er innhaldet i reguleringsforslaget gjort nærare greie for. Om forslag til reguleringsplan. Forslag til reguleringsplan som ligg føre til handsaming, datert 12.02.17, viser eit område til bustadføremål med høg grad av fortetting. Planforslaget legg opp til at det kan byggast ut bustader i B2 og B3 med ein utnyttingsgrad på opp til 50% BYA. Det nye bustadområdet er planlagt nære eksisterande fylkesvegar, der m.a. støy vert ei problemstilling ved at arealet ligg utsett til for vegtrafikkstøy frå Fv661 i aust og Fv107 i nord. Asplan Viak har, på vegne av tiltakshavar, utarbeidd ei støyvurdering. Støyrapport av 26.07.16, konkluderer med at støybelastninga er så stor at det er nødvendig med skjermingstiltak. For å betre støysituasjonen på utandørs opphaldsareal på bakkenivå og utanfor fasadar i 1. etasje foreslår støykonsulenten støyskjerm i 3m høgde mot aust og nord. Høgare skjerm gir betre effekt, men dette vil vere ei upraktisk og estetisk dårlig løysing. Konklusjonar av støyvurderinga og støykonsulenten sine anbefalingar går nærare fram av kap. 4.1 i rapporten. Reguleringsføresegnene set krav om at det skal etablerast støyvoll/gjerde som sikrar god nok skjerming mot fylkesvegen. Støyvoll skal byggast i samsvar med dei krav som er sett i handbok 231. Det er avsett eit område til leikeplass, og reguleringsføresegnene punkt 5.4. Området skal nyttast til leik og rekreasjon, det kan oppførast innretningar som er direkte i tilknyting til dette føremålet. Føresegnene til plan set krav om at leikeområde(l1) skal vere opparbeidd og innehalde dissestativ, sandkasse og ein benk. Dette skal vere på plass før det vert søkt om igangsettingsløyve for bustader på området. Planomtalen gjev elles ei nærare oversikt over korleis tiltakshavar ønskjer seg området utbygd med ulike bustadtypar. Illustrasjonar som viser bygningane si plassering og tilkomst til bustadareala er vist i illustrasjonar i planomtalen side 4 og 5. Bygningar og anlegg(pbl 12-5 nr.1). Område for bustadbebyggelse- frittliggjande småhus B1
Totalt er det planlagt 3.4 dekar til dette føremålet i planområdet. Område for frittliggande småhus, har sin tilkomst via dei kommunale vegane som ligg i området. Plankart viser ikkje tilkomst til tomtene, men desse er illustrert i planomtalen under kap. 2. Det er planlagt einebustader, ev med utleigedel på B1 området. Utnyttingsgraden er sett til 35 % BYA og maksimal mønehøgd for bustadhusa er 9 m og 5 m for garasjebygg. Tiltakshavar tenkjer seg at området kan byggast ut med inntil 10 bueiningar. Kravet om parkeringsplassar er ivareteke gjennom planføresegnene med 2 plassar pr. bueining. Område for konsentrert utbygging B2 Område B2 har ein storleik på om lag 3.1 dekar, og er planlagt til konsentrert utbygging. Tiltakshavar ønskjer inntil 16 bueiningar på dette arealet, og maksimalt 6 leiligheiter pr. bygg. Maksimal utnyttingsgrad er sett til 50 % BYA og maksimal mønehøgd for bustadhusa er 9 m og 5 m for garasjebygg. Kravet om parkeringsplassar er ivareteke gjennom planføresegnene med 2 plassar pr. bueining. Område for oppføring av konsentrert busetnad B3 I B3 er det planlagt 2.1 dekar til konsentrert utbygging. Kravet om parkeringsplassar er innarbeidd i planføresegnene med 2 plassar pr. bueining. Tilkomst til B3 området er illustrert via del av kommunal veg V2. Maksimal utnyttingsgrad er sett til 50 % BYA. Området er tenkt nytta til maksimalt 10 bueiningar, og bygg kan ha ei maksimal mønehøgd på 9 m og ei gesimshøgd på 6.5 m. Leikeplass Regulert leikeareal har ein storleik på om lag 300m2. Området ligg avgrensa av veg i nord, aust og sør, og inntil bustadareal mot vest. Området skal nyttast til leik og rekreasjon, og skal i samsvar med reguleringsføresegnene tilhøyra tomtene i det området som er omfatta av denne reguleringsplanen, med ein ideell del til kvar tomt. Reguleringsføresegnene set krav om at leikeområdet skal vere opparbeidd og møblert med dissestativ, sandkasse og ein benk, før det vert gjeve søknad om igangsettingsløyve for bustader på området. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (PBL 12-5 nr.2). Kommunal veg frå fv 107 er tilkomst til feltet, som også deler planområdet i to. Planføresegnene set krav om at køyrevegar og snuplassar i området skal dimensjonerst slik at dei stettar krava som er sett i handbok 017-normal for veg og gateutforming. Det vert elles lagt til grunn at dagens dreneringssystem knytt til fylkesvegen skal ivaretakast ved at det skal byggast stikkrenner slik at drenering av vegkroppen ikkje vert hindra av utbygginga. Planlagde gangvegar i området skal vere køyresterke, ha grusa overflate med berelag i breidde 2,5 m. Det er utarbeidd særskilt overvassberekning, som ligg ved saka datert 03.02.17. Konsulenten konkluderer her med at eksisterande overvassleidning har kapasitet til å ta i mot overvatnet frå det nye bustadområdet, dersom ein skiftar ut røra på strekning 2 til 4(jf. vedlagt kart frå HA-plan AS) med nye 400 mm pp dv, rør. Utstikket til det nye bustadområdet(strekning 2 til 6)bør også oppgraderast til 400 mm rør.
Omsynssoner (PBL 12-6) Støysone Føresegnene til plan set krav om at støyretningslina T-1442 skal stettast, og støyskjermingstiltak i området skal vere etablert før støyutsette buområder vert tekne i bruk. Frisiktsoner I frisiktsonen gjeld at, i ein avstand på minst 5,0m frå midten av vegen og fram til vegkant, skal vere fri sikt i ei høgd på 0,5 m over nivået til dei tilstøytande vegane. Trafikkskilt, lysmaster og høgstamma tre kan plasserast i frisiktsona. Høyring. Det er varsla planoppstart til berørte fagmyndigheiter samt partar og naboar i området. Innspela frå partane er samanfatta i denne saksutgreiinga. For fullstendig oversikt over innhaldet i uttalane, visast det til vedlagde brev frå partane. Statens vegvesen Region midt, har i sin uttale, datert 28.04.16, vist til at ein stor del av varsla planområdet er omfatta av gul støysone i støyvarselkart som vart utarbeid av vegvesenet i 2011. Støyvarselkartet er basert på at det alltid skal gjerast meir nøyaktige utrekningar og vurderingar i samband planlegging av arealbruk som tek sikte på etablering av støyfølsam utbygging innanfor støysonene, og slik få avklara om det eigentleg ligg særleg til rette for plassering og oppføring av bustader her. Statens vegvesen føreset at det vert utarbeidd ei støyfagleg utgreiing, jf. retningsliner i rundskriv T- 1442. Når det gjeld skisserte byggegrense langs fylkesvegane, viser Statens vegvesen til at spørsmålet må sjåast i samanheng med høgda på bygga, og at det gjennom planen vert lagt opp til at bygga i kryssområdet ikkje vert særleg høge og dominerande. Møre og Romsdal fylkeskommune vurderer i sin uttale, datert 10.05.16, planområdet til reguleringsplan for del av gnr./bnr. 51/1, til å ha potensial for funn av automatisk freda kulturminne, som ligg skjult under markoverflata. Fylkeskommunen ha på dette grunnlag sett krav om arkeologisk registrering, jamfør 9 i Kulturminnelova (KML). Fylkeskommunen kom med ei tilbakemelding etter gjennomført arkeologisk registrering i brev, datert 25.08.16, der ein har oppfordra tiltakhavar til å ta kontakt for nærare avklaring. Denne dialogen har tiltakshavar hatt med kulturvernmyndigheita. Rådmannen viser til at planomtalen, slik den ligg føre her, beskriv omsynet til automatisk freda kulturminne i kap. 4, og det er teke inn omsynssoner i plankart saman med særskilt bestemmelse med vilkår for utbygging i forslag til føresegner. Fylkesmannen i Møre og Romsdal, har uttala seg til oppstart av planarbeid i brev, datert 12.05.16. Fylkesmannen viser til naturmangfaldlova 7, som krev at det må gå fram av planomtale og saksutgreiing korleis prinsippa i 8-12 i lova er tatt omsyn til og vektlagt i vurderinga av saka. Fylkesmannen viser vidare til plan- og bygningslova sin 4-3 som slår fast at det må gjennomførast ein risiko- og sarbarheitsanalyse for planområdet. Analysen skal vise alle risiko- og sårbarheitstilhøve som har betyding for om arealet er eigna til utbyggingsføremål. Det vert vidare vist til at støytilhøva skal
utgreiiast særskilt. Når det gjeld barn og unge sine interesser, føreset fylkesmannen at planforslaget ivaretek barn og unge sine interesser. Ein rår vidare til at tiltakshavar i planprosessen legg særleg vekt på at eigna areal til leikeareal må vere sikra i plankart og føresegner, og at plan set særskilde funksjonskrav og krav til opparbeiding og ferdigstilling. Rådmannen si vurdering. Ing. R. Stavset, har på vegne av grunneigarane på gnr.51 bnr.1, utarbeidd forslag til reguleringsplan for området på Leite/Stette. Planforslaget legg til rette for etablering av bustader og veganlegg på eit areal vest for fv 661 og sør for fv 107. Innspel til oppstart av reguleringsplanarbeid, er gjort nærare greie for ovanfor i denne saksutgreiinga, og innspela er kort oppsummert av tiltakshavar i pkt. 5, side 9 i planomtalen. Føresegnene til plan set krav til bygningar si høgd, byggegrenser og utnyttingsgrad. Det er gjennomført arkeologiske registreringar, og gjort funn som inneber ei særskild oppfølging frå tiltakshavar. Det er utarbeidd særskilt overvassberekning, som ligg ved saka datert 03.02.17. Konsulenten konkluderer her med at eksisterande overvassleidning har kapasitet til å ta imot overvatnet frå det nye bustadområdet, dersom ein skiftar ut røra på strekninga mellom det nye bustadområdet og utløpsområdet sør for kommunevegen. Det vert her lagt fram ei berekning som syner at 400 mm er nok, og kommunen føreset at tiltakshavar sikrar eg naudsynte rettar til å etablere eit forsvarleg overvassanlegg frå det nye feltet og fram til utløpsområdet. Planforslaget legg opp til at det kan byggast ut bustader i B2 og B3 med ein utnyttingsgrad på 50% BYA og inntil 26 bueiningar på totalt 5 da. Dette er ei svært høg utnytting. Rådmannen viser til at nyleg regulerte buområder til tilsvarande føremål i Skodje sentrum, har lavare grad av utnytting, og rår med bakgrunn i dette til at maksimal utnyttingsgrad i B2 og B3 områda vert sett til 45% BYA. Det er ei målsetjing for kommunen, m.a. gjennom den kommunale planlegginga, å legge til rette for gode samlingssteder der både born, ungdom og vaksne trives på tvers av alder, kultur, meistringsnivå og interesser. Gode uteareal stimulerer til aktivitet, trivsel og samhald og slik sett også til betre folkehelse I kommunen sitt oppstartsløyve(fpu-sak 25/16) vart det lagt til grunn at reguleringsplan skal sikre at gode leikeareal og uteområde, samt at naudsynte gang og sykkelvegar vert utbygd saman med øvrig infrastruktur i området. Skodje kommune har eigne retningsliner for uteområde(2012), der kommunen sine krav til leikeareal er nærare presisert. I oppstartsløyve(fpu-sak 25/16) vert det også vist til at desse retningslinene for leggast til grunn for planlegginga. I kommuneplanen er det vidare sett krav om at områder til leik m.m. i bustadområda skal tilsvare 25 m2 pr bueinig. I forslag til reguleringsplan er det planlagt eit areal til leikeplass(l1), med ein storleik på 0.3 da. Arealet er trekanta, det er høgdeforskjellar her og det er vegar inntil to av sidene på dette området. Rådmannen rår til at det vert sett av eit større areal til dette føremålet og at området får ei meir skjerma plassering. Leikeplassen ligg her svært utsett til, og heilt innanfor byggelina til offentleg kjøreveg. Leikeareal bør ligge inne i bustadområda, og kan her fortrinnsvis plasserast sentralt innanfor B2, der
det m.a. er lettare å lage eit godt uteområde med passande stigningsforhold i høve til krava om universell utforming. Regulert leikeareal(l1)bør utvidast og føresegnene til plan bør sikre at regulert leikeområde er ope for allmenn bruk. I B2 har tiltakshavar foreslått inntil 16 bueiningar. Ein konsekvens av anbefalt flytting og utviding av leikeområde L1, er at talet på bueiningar i B2 bør reduserast til 12. Rådmannen har tidlegare vore inne på at planforslaget legg opp til høg utnytting. Slik utnytting utfordrar oss på infrastruktur, og særskilt på tilrettelegging for dei mjuke trafikantane. Det er i dag ikkje gangveg/fortausforbindelse mellom Skulehusbakken og busslomme på fv 661. Illustrasjonar viser at tilkomst til bustadområde B3, skal gå via del av kommunal veg(v2). Sidan denne vegen skal vere tilkomst til B3, bør planområdet utvidast slik at kryss mellom V1 og Skulehusbakken, samt gangveg frå V2 og fram til busshaldeplass ved fv 661 vert del av plan. Det skal setjast rekkefølgjekrav som sikrar at kryss og gangveg vert planlagt og opparbeidd saman med øvrig teknisk infrastruktur i bustadfeltet Når det gjeld Møre og Romsdal Fylkeskommune sin uttale vedr. automatisk freda kulturminne, viser tiltakshavar til at utgreiing er gjennomført, at det er sett vilkår for utgraving på delar av arealet og at resultata av kartleggingane er omtala i Kap. 4. i planomtalen. Det er sett særskilte vilkår for utbygging i reguleringsføresegnene pkt. 4.5 og 4.6. Rådmannen viser til forslag til reguleringsplan del av gnr. 51 bnr.001 Leitegarden, datert 12.02.17, og eigene vurderingar ovanfor. Rådmannen rår her til at planforslaget vert lagt ut til offentleg ettersyn med endringar. RÅDMANNEN SI INNSTILLING Det faste planutvalet vedtek med heimel i plan- og bygningslova 12-10, å legge forslag til reguleringsplan for del av gnr. 51 bnr.001 Leitegarden, ut til offentleg ettersyn med følgjande endring: 1. Planområdet skal utvidast slik at kryss mellom V1 og Skulehusbakken, samt gangveg frå V2 og fram til busshaldeplass ved fv 661 vert del av plan. Det skal setjast rekkefølgjekrav som sikrar at kryss og gangveg vert planlagt og opparbeidd saman med øvrig teknisk infrastruktur i bustadfeltet. 2. Regulert leikeareal(l1)skal utvidast og plasserast sentralt i område for konsentrert utbygging B2. Føresegnene til plan skal sikre at regulert leikeområde er ope for allmenn bruk. 3. Utnyttingsgraden i B2 og B3 skal reduserast til 45 % BYA og maksimalt tal på bueiningar i B2 skal vere 12.