Storskalaforsøk med nye eplesortar Føremål: Auka verdiskaping hjå norske fruktdyrkarar med intensiv dyrking av 10 nye eplesortar i fire storskalaforsøk på Aust- og Vestlandet Samarbeidsprosjekt mellom Norske epledyrkarar, Bioforsk, Graminor, Fjeld Hagebruk, Norsk Landbruksrådgjeving og Norges Frukt- og Grønnsaksgrossisters Forbund Prosjekteigar: Norsk Landbruksrådgiving Viken (tidl FBØ)v/ Gaute Myren Prosjektleiar: Bioforsk Ullensvang v/mekjell Meland Finansiering: Innovasjon Norge. Tilskotssum kr. 2.mill (50%) og eigenandel (50%) Prosjektperiode: 2010-2012. Foto Appache / Delcorf : Jan Meland Sortsomtale og øvrige foto: Dag Røen, Graminor Bilder frå Lier: Gaute Myren, NLR Viken
NA 42-51 Seleksjon frå Graminor AS. Haustetid som Julyred, beste brukstid august-september. Middels store frukter med bra smak, eit tidlegeple som ikkje er syrleg. Ser ut til å få lite skurv og er sterk mot mjøldogg, kan være egna for økologisk dyrking. God treform, tidleg i bering. Haustedato: 22/8 og 30/8
Collina Sortseigar er planteskulen Fleuren, norsk representant er Thomas Hesthamar. Haustetid rett før eller samtidig med Discovery, beste brukstid september. Haustedato: 2/9 og 7/9
NA 46-49-Øya Seleksjon frå Graminor AS. Haustetid rett etter Discovery, beste brukstid september-oktober. Stort, gulgrønt, ganske fast eple med bra smak og utsjånad. Syrleg smak utan særprega aroma. Sterk mot skurv og mjøldogg, velegna for økologisk dyrking. Fruktene kan lett verta for store for bruk til konsum, har spesielt potensial som juseple. Haustedato: 7/9 og 13/9
BC 9P-15-30 Kanadisk nummersort, sortseigar PICO. Haustetid ei veke før Summerred, beste brukstid oktober-november. Bra fruktstorleik, svært bra smak og utsjånad. Haustedato: 7/9, 13/9 og 19/9
Samanlikning mellom Delcorf, Machiels og Appache Machiels Sortseigar er planteskulen Rene Nicolai, Graminor AS er norsk representant. Dette er mutantar av sorten Delcorf med meir raudfarge. Delcorf har haustetid som Gravenstein, beste brukstid september-november, har bra og jamn fruktstorleik, bra smak. Utsett for skurv. Ingen bilder. Haustedato: 13/9, 19/9 og 22/9
Appache Sortseigar er planteskulen Rene Nicolai, Graminor AS er norsk representant. Dette er mutantar av sorten Delcorf med meir raudfarge. Delcorf har haustetid som Gravenstein, beste brukstid september-november, har bra og jamn fruktstorleik, bra smak. Utsett for skurv. Haustedato: 13/9 og 22/9
Rubinola Sortseigar er Institute of Experimental Botany, Praha. Norsk representant er Graminor AS. Haustetid rett før Aroma. Beste brukstid i prøving hos oss har vore oktober-november. Middels store frukter, litt flattrykte. Har sterk resistens mot epleskurv, velegna for økologisk dyrking. Ingen gode bilder frå Lier. Her frå Skåne, Sverige 2011 Haustedato: 26/9
Rubinstep Sortseigar er Sempra Praha. Graminor AS er norsk representant. Haustetid rett etter Aroma, beste brukstid november-februar. Bra fruktstorleik, svært bra smak og utsjånad. Tidleg og årviss bering. Middels utsett for skurv, kan dyrkast økologisk. Haustedato: 30/9 og 6/10
Elan Nederlandsk sort. Haustetid rett etter Aroma, beste brukstid oktober-november. Bra fruktstorleik, smak og utsjånad. Produktiv. Eit eple av Elstar -type, men med brukstid før Elstar. Haustedato: 11/10 og 14/10
Creston Kanadisk sort, sortseigar er PICO. Haustetid i oktober, beste brukstid desember-februar. Svært god smak, svært sprø. Utsett for sjukdomar, spesielt skurv. Ikkje egna for økologisk dyrking. Usikker på årvis bering i Norge pga sein modning. Haustedato: 14/10
Bestøving med prydepler Blomstring Skurvsterk Egna til Dolgo Tidleg Sterk Carroll, Gravenstein, Summerred Everest Tidleg Resistent Carroll, Gravenstein, Summerred Kobenza Middels Sterk Geneva Early, Vista Bella, Julyred, Katinka, Discovery, Collina, Katja, Sunrise, Åkerø, Delcorf, Rubinola. Professor Sprenger Middels tidleg Resistent Caroll, Gravenstein, Summerred + Geneva Early, Vista Bella, Julyred, Katinka, Discovery, Collina, Katja, Sunrise, Åkerø, Delcorf, Rubinola. Golden Hornet Middels/Sein Resistent Geneva Early, Vista Bella, Julyred, Katinka, Dicsovery, Collina, Katja, Sunrise, Åkerø, Delcorf, Rubinola+ Aroma, Elstar, Ingrid Marie, Lobo, Rubinstep
Professor Sprenger Malus x zumi. Planta som 2.åring. Middels tidleg bløming. Kvite til rosa blomar. Resistens mot skurv, sterk mot mjøldogg og pærebrann. Rik bløming. God pollenkvalitet. Egna som pollinator i Caroll, Gravenstein, Summerred Også egna i Geneva Early, Vista Bella, Julyred, Katinka, Discovery, Collina, Katja, Sunrise, Åkerø, Delcorf, Rubinola. 18.mai 6.juni
Evereste Malus floribunda.(også kalla «Perpetu»). Planta som 2.åring. Tidleg bløming. Raud/kvite blomar. Resistent mot skurv, sterk mot mjøldogg, sterk mot epleviklar. Rik bløming. God pollenkvalitet. Egna som pollinator i Carroll, Gravenstein, Summerred 18.mai 6.juni
Dolgo Amerikansk. Malus baccata. Planta som pisk. Tidleg bløming. Kvite blomar. Sterk mot skurv. Epla fell av ved modning. Egna som pollinator i Carroll, Gravenstein, Summerred 18.mai 6.juni
Golden Hornet Usikker på opphav. Planta som 2.åring. Middels til sein bløming. Kvite til rosa blomar. Resistens mot skurv, mjøldogg og pærebrann. Kan ha vekselbæring. Kort, men godt med pollen. Egna som pollinator i Geneva Early, Vista Bella, Julyred, Katinka, Dicsovery, Collina, Katja, Sunrise, Åkerø, Delcorf, Rubinola. Også egna i Aroma, Elstar, Ingrid Marie, Lobo, Rubinstep 18.mai 6.juni
Kobenza Polsk sort. Malus floribunda. Planta som pisk. Middels tidleg bløming. Lyse raude blomar. Sterk mot skurv og andre sjukdommar. Egna som pollinator i Geneva Early, Vista Bella, Julyred, Katinka, Discovery, Collina, Katja, Sunrise, Åkerø, Delcorf, Rubinola. 18.mai 6.juni