Side 1 av 6 Opplæringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Bekka Skaasheim E-post: bekka.skaasheim@sfj.no Tlf.: 57 65 62 10 Vår ref. Sak nr.: 13/6104-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 4160/14 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 04.02.2014 Til: Frå: Fylkesutvalet Fylkesrådmannen Rapport frå skulebesøka 2013 Innleiing Styringsdialogen mellom fylkesdirektøren og skulane vart gjennomført i perioden oktober - november 2013, eitt besøk måtte skyvast til januar 2014. Fylkesdirektøren og ein medarbeidar gjennomførte alle besøk. Tema for styringsdialogen er forankra i nasjonale og fylkeskommunale føringar. Mål- og strategiar for vidaregåande opplæring, «God, betre, best» og tilhøyrande handlingsprogram dannar grunnlag for dei årlege satsingane i opplæringssektoren. Skulebesøka er ein del av kvalitetssystemet og gir eit grunnlag for å sjå «politikk i praksis», samstundes bidreg skulebesøka til at grunnlaget for evaluering og justering av satsingar i sektoren får høgare kvalitet. Skulebesøket er ein viktig arena for fylkesdirektøren der møte med elevar, tilsette og leiing gir ein meirverdi og forståing for utfordringar og suksessfaktorar ved den enkelte skule. Det er eit vesentleg element i fylkesdirektøren si innleiing i møte å beskrive «vegen frå politisk vedtak til klasserom og verkstad». Skulebesøka vart gjennomført som fellesmøte med skuleleiinga, representantar for tilsette og elevrådet. Nytt i 2013 var at elevrådet ved den enkelte skule vart invitert til å sende inn tema dei ønskte å ta opp med fylkesdirektøren. Førebuingane til møtet var i hovudsak lagt til rette frå fylkesdirektøren, og fylgjande tema var drøfta: Fellesmøte: Gjennomføring i vidaregåande opplæring ( heile løpet) Trivsel og mestring Open post: tema som elevane har meldt inn Møte med leiinga: Oppfølging av skulebruksplanen- personalforvaltning Skulebesøket vart avslutta med utviklingssamtale mellom fylkesdirektør og rektor. Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57656100 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA
Side 2 av 6 Grunnlagsmateriale Fylkesdirektøren hadde på førehand sendt ut grunnlagsmateriale og statistikk : Tal elevar som fullfører og består vg1 og vg2 Tal elevar med normal progresjon Tal elevar som gjer omval eller er ute av vidaregåande opplæring. Tilstandsrapport på skulenivå Lokalt «gjennomføringsbarometer»- gjennomstrøyming Karakterutvikling Resultat frå elevundersøkinga Fylkesdirektøren ønskjer å knyte kommentarar til følgjande område: 1. Gjennomføring i vidaregåande opplæring Fylkesdirektøren presiserte i si innleiing at merksemda på talmaterialet som ligg til grunn ikkje må vere for detaljert, men å identifisere kva som er årsaka til resultatet og kva skulen kan gjere for den enkelte for å få positiv utvikling. Dei vidaregåande skulane har eit godt og tett samarbeid med ungdomsskulane. Dette er eit samarbeid som byggjer på fleire års praksis knytt til elevar med særskilte behov. Dette samarbeidet omfattar no langt fleire elevar. I arbeidet med god oppstart i vg1 er mottaket av elevane, gjennomføring av kartleggingsprøver og oppfølging av svakt presterande elevar viktige område. Det er framleis behov for å sikre rutinar knytt til dette arbeidet, særleg ved skular som rekrutterer frå fleire ungdomsskular. Det må også utviklast og etablerast nye rutinar for overgang av elevar mellom dei vidaregåande skulane. Dei fleste elevar frå grunnskulen har direkte overgang til vidaregåande opplæring. Utfordringa er å få elevane til å ha ordinær progresjon gjennom vidaregåande opplæring. Elevar frå Sogn og Fjordane har god gjennomføring på 5 år, men er ikkje så gode når det gjeld ordinær progresjon, jf. oversynet nedanfor for alle overgangane, både på yrkesfag og studieførebuande.
I skulebesøket måtte den enkelte skule gjere greie for progresjonen frå vg1- vg2 - vg3/bedrift. Det var ekstra merksemd på kva som er årsaka til at elevar ikkje fullfører og består, omval, sluttarar og om dei får læreplass. Fylkesdirektøren vurderer dette arbeidet til å vere «på rett veg», men her må arbeidast med rutiner for oppfølging av den enkelte. særleg på dei dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Side 3 av 6
Side 4 av 6 Karakterutvikling Elevar i Sogn og Fjordane har gode resultat og dei vidaregåande skulane arbeider godt med vurdering. Det nasjonale prosjektet «Vurdering for læring» er positivt for samarbeid med ungdomsskulane om felles vurderingspraksis. Fagnettverka arbeider og med vurderingskriterie i dei ulike faga. Avviket mellom standpunktkarakter og eksamen er og ein indikator for å arbeide med vurdering. Dei vidaregåande skulane har i stor grad eit akseptabelt avvik mellom standpunkt og eksamen. Fleire av elevane som fullfører vg1 og går vidare i vg2 får ikkje bestått i alle fag. Tabellane under viser resultata på dei ulike skulane for elevar med fullført og bestått både i vg1 og vg2: Fullført og bestått Vg1 2012 2013 Dale vidaregåande skule 72,2 % 85,1 % Eid vidaregåande skule 79,6 % 88,2 % Firda vidaregåande skule 88,2 % 87,7 % Flora vidaregåande skule 80,8 % 78,4 % Hafstad vidaregåande skule 91,9 % 92,7 % Høyanger vidaregåande skule 79,5 % 76,8 % Luster vidaregåande skule 73,6 % 40,7 % Mo og Jølster vidaregåande skule 88,1 % 76,5 % Måløy vidaregåande skule 59,8 % 73,9 % Sogndal vidaregåande skule 83,7 % 83,6 % Stryn Vidaregåande skule 82,9 % 85,3 % Øyrane vidaregåande skule 76,0 % 76,3 % Årdal vidaregåande skule 77,5 % 84,3 % Alle skulane 80,2 % 81,5 % Fullført og bestått Vg2 2012 2013 Dale vidaregåande skule 78,3 % 78,6 % Eid vidaregåande skule 78,9 % 87,3 % Firda vidaregåande skule 92,0 % 92,7 % Flora vidaregåande skule 85,1 % 83,9 % Hafstad vidaregåande skule 81,8 % 92,1 % Høyanger vidaregåande skule 85,2 % 77,2 % Luster vidaregåande skule 74,4 % 79,5 % Mo og Jølster vidaregåande skule 71,4 % 84,0 % Måløy vidaregåande skule 66,2 % 69,8 % Sogndal vidaregåande skule 91,0 % 82,8 % Sogn jord- og hageb.skule 75,0 % 71,4 % Stryn vidaregåande skule 89,9 % 83,2 % Øyrane vidaregåande skule 75,3 % 80,4 % Årdal vidaregåande skule 89,9 % 91,7 % Alle skulane 82,7 % 83,3 % I skulebesøket fekk skulane fram sine rutinar for oppfølging av elevar som ikkje har bestått i fag. Korleis skulen raskt identifiserer elevar med «hol» i kompetansebeviset, kva tilrettelegging skulane gir og kva fleksibilitet skulane har. Døme på dette kan vere: Kva gjer skulane når det viser seg ved
Side 5 av 6 1. termin at elevane har karakteren 1 eller IV(Ikkje vurdert)?kva tiltak set skulen i gang for å få eleven til å gjennomføre? Skulane gjer ein god jobb med å tilrettelegge for elevane, slik at fleire fullfører og består. Fylkesdirektøren utfordra skulane på å vidareutvikle gode rutinar i registrerings- og tilrettelggingsarbeidet. Skulane må nytte SATS i dette arbeidet. Yrkesretting av fellesfag kan gi elevane motivasjon og vise relevansen til programfag. FYR satsinga bidreg til dette. Elevane opplever dette som positivt og fleire skular har gode døme på dette. Trivsel og mestring Elevundersøkinga Trivsel og mestring i vidaregåande opplæring vert m.a målt i den årlege elevundersøkinga. Resultata som låg føre til skulebesøka var eitt år gamle og difor i mindre grad relevante. Resultata har over år vist høg trivsel og lite mobbing blant elevane. Elevane og skuleleiinga er særleg merksame på at nettmobbing er vanskeleg å avdekke. I dialogen retta fylkesdirektøren merksemd på førebuing, gjennomføring og oppfølging. 2. Open post innmelde tema frå elevane Fylkesdirektøren inviterte elevane til å melde inn tema dei var opptekne av. Tema som vart innmeldt og diskutert kan oppsummerast slik: Spørsmål relatert til struktur og opplæringstilbod Bruk av PC og mobil Helse- og miljø Elevane viste eit stort engasjement og tema gav gode diskusjonar. Fylkesdirektøren merkar seg at dialogen mellom skuleleiing, lærar og elevar er avgjerande for trivsel og utvikling av eit godt læringsmiljø for elevane. Gjennom slik dialog og gode rutiner for oppfølging av det psykososiale arbeidsmiljøet sikrar skulen elevane sine rettar. Fylkesdirektøren gav informasjon om struktur og rammer som politiske vedtak legg til grunn for topplæringstilbodet. Elevane var opptekne av at PC ordninga må betrast ved å få raskare levering. Bruk av digitale hjelpemiddel, PC og mobiltelefon utfordrar skulekvardagen. Behovet for å arbeide med haldningar til når og korleis PC og mobiltelefon vert nytta i læringsarbeidet kom tydeleg fram. Elevane er opptekne av helse- og miljøfremjande tiltak. Miljøkoordinatoren sin viktige rolle kom tydeleg fram. Tobakksfri skule var også tema. Elevane peika på kroppsøvingsfaget og det at mange elevar ikkje deltek i timane. 3. Oppfølging av skulebruksplanen, møte med skuleleiinga
Side 6 av 6 I denne delen av møte drøfta fylkesdirektøren særlege utfordringa ved den enkelte skule. Personalforvaltninga er krevjande i omstillingsarbeidet. Gode prosessar og involvering vil vere avgjerande for at fylkeskommunen framstår som ein ansvarleg arbeidsgivar. Konklusjonar, oppfølging og vidare arbeid Fylkesdirektøren vurderer skulebesøka som ein svært viktig del av kvalitetssystemet. Dialogen gir grunnlag for god kommunikasjon mellom skuleeigar og skulane. Vidare gir dialogen eit godt grunnlag for rapportering til politisk nivå. I besøka får fylkesdirektøren innsyn i om vi lukkast med å nå målsetnadane som er sett i styringsdokument, nasjonalt og på fylkesnivå. Skulebesøka gir skuleeigar eit grundig innsyn i skulekvardagen. Fylkesdirektøren ønskjer spesielt å understreke verdien av å møte representantar for elevane og tilsette. I møta fyller elevrepresentantane rolla si på ein svært god måte, dei er tydelege i tilbakemeldingane, er engasjerte og har stor merksemd på det dei vurderer som viktige for lærings- og skulemiljø. Elevblikket kan samstundes vere nyttige korrektiv i høve «etablerte» sanningar og handlingsmønster blant lærarar og skuleleiing. Dei to siste åra har innhaldet i skulebesøket vore «spissa» med tydlegare mål og færre tema. Det er avgjerande at vi held fast ved mål/ satsingar over tid, slik at vi kan sjå utviklinga over år. Opplæringssektoren har gode styringsdokument med definerte mål og gjennomføringsstrategiar. Likevel er det naudsynt å vurdere omfanget av tiltak og satsingsområde, for i større grad å kunne følgje opp og sjå resultat. Dette vil vere viktig i dialogen mellom politisk og administrativ skuleeigar når mål og tiltak skal evaluerast. Skulane viser at dei arbeider godt med det som var tema for skulebesøka i 2013. Skulane er komne ulikt langt og utfordringa er oppfølging for å sjå at planar og rutiner vert følgde opp. Det er fylkesdirektøren si vurdering at å halde fast ved færre mål og satsingar over tid gir skulane mulegheit til å sikre at praksisen er i tråd med målformuleringane. Dette er eit behov for å vere «tett på» i alle ledd frå politisk leiing til eleven i klasserom og verkstad. Både skuleleiarar, tillitsvalde og elevar gav tilbakemelding om at skulebesøka vart gjennomført på ein god måte. Elevane gav tydeleg uttrykk for at dei syntes det var meiningsfullt å møte skuleeigar på denne måten.