Notat. 1. Bakgrunn. Vidaregåande opplæring for vaksne i Sogn og Fjordane. Hovudvalet for opplæring. Fylkesdirektøren. Side 1 av 8. Opplæringsavdelinga

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Notat. 1. Bakgrunn. Vidaregåande opplæring for vaksne i Sogn og Fjordane. Hovudvalet for opplæring. Fylkesdirektøren. Side 1 av 8. Opplæringsavdelinga"

Transkript

1 Side 1 av 8 Opplæringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Mari Anne Sundal E-post: Mari.Anne.Sundal@sfj.no Tlf.: Vår ref. Sak nr.: 14/ Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr /14 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, Til: Frå: Hovudvalet for opplæring Fylkesdirektøren Vidaregåande opplæring for vaksne i Sogn og Fjordane 1. Bakgrunn Læring og karriererettleiing i eit livslangt perspektiv har dei seinare åra fått auka merksemd frå styresmaktene både internasjonalt og nasjonalt. Rett til livslang læring er eit tema i regjeringsplattforma og departementet har varsla ei stortingsmelding om dette neste år. Vidare har Stortinget vedteke at dei som har teke fagbrev f.o.m vil få rett til å ta generell studiekompetanse etterpå, uavhengig av når. Endringane i forskrift til opplæringslova om inntak og formidling, presiserer òg dei rettane dei vaksne har til vidaregåande opplæring i mykje større grad enn tidlegare. Som ein konsekvens av denne auka merksemda, har Stortinget dei siste åra gjeve tilskot til partnarskap for karriererettleiing. Målsetjinga er å auke kvaliteten på karriererettleiinga og gje alle innbyggjarar likeverdig tilgang til karriererettleiing, uavhengig av alder, livsfase eller kvar ein bur. I Sogn og Fjordane har vi oppretta «Karriere Sogn og Fjordane», som er ein partnarskap mellom fylkeskommunen, NAV og kommunane i HAFS-regionen og Nordfjord. Det er gjennom denne partnarskapen oppretta fire karrieresenter i Dale, Førde, Sogndal og på Nordfjordeid. I tillegg til individuell karriererettleiing, har desse òg ansvar for å handsame søknader om vidaregåande opplæring for vaksne. Desse oppgåvene heng ofte tett saman, da mange av dei som ynskjer rettleiing, ynskjer å kvalifisere seg vidare. Karrieresentra har òg ansvar for å samarbeide med lokalt næringsliv for å vere oppdatert på behov for arbeidskraft, vere ein støttespelar i rekrutterings- og omstillingsarbeid og koordinere oppgåver knytt til overgangar grunnskule vidaregåande opplæring bedrift. Ansvar knytt til desse oppgåvene er meir omfattande i dei regionane der kommunane er med i partnarskapen. Den vidaregåande opplæringa for vaksne og karriererettleiinga skal i stor grad stette to behov. Det eine behovet er det individuelle å gje dei vaksne deira lovfesta opplæringsrett. Det andre behovet er det samfunnsøkonomiske som inneber både kvalifisering av Fylkeshuset Askedalen LEIKANGER Tlf.: Bankgiro: postmottak.sentraladm@sfj.no Org.nr.: NO MVA

2 Side 2 av 8 arbeidskraft og bidra til at færrast mogleg står utanfor arbeidslivet. Fylkesdirektøren ynskjer å drøfte korleis vi framover best mogleg kan stette begge desse behova Lovgrunnlag Retten til vidaregåande opplæring for vaksne vert regulert av opplæringslova 4A-3. Retten gjeld alle som har fullført grunnskule, men ikkje vidaregåande opplæring, f.o.m. det året dei fyller 25 år. Opplæringa for vaksne skal tilpassast behovet til den enkelte, og den vaksne har òg rett til å få vurdert realkompetansen sin og til å få kompetansebevis. Dei vaksne skal til vanleg få tilbod om opplæring som er organisert særskilt for dei, i samsvar med den sluttkompetansen dei ynskjer Presisering av lovgrunnlaget frå Utdanningsdirektoratet I ny forskrift til opplæringslova av 2013, , og i dei nasjonale retningslinjene for realkompetansevurdering som vart lagt fram i desember 2013, presiserte Utdanningsdirektoratet kva som ligg i retten til vidaregåande opplæring for vaksne og realkompetansevurdering: Opplæringslova 4A-3 gjev vaksne rett til opplæring fram til ønskt sluttkompetanse. Opplæringa skal byggje på realkompetansen til den einskilde (frå vg3, vg2 og vg1), og gjev rett til opplæring i fag som den vaksne ikkje får godkjend gjennom realkompetansevurderinga eller tidlegare utdanning. Vidaregåande opplæring for vaksne er eit skuleløp, og den vaksne har rett på opplæring i alle kompetansemåla som ikkje er godkjende, også kompetansemål frå vg3. Vidare har ikkje fylkeskommunen høve til å ha søknadsfristar for vaksne, og heller ikkje ventelister. Tilbod om opplæring skal gjevast i form av enkeltvedtak og innan rimeleg tid. «Praksiskandidatkurs»; dvs. opplæring fram til privatisteksamen for praksiskandidatar, er ikkje vidaregåande opplæring for vaksne etter 4A-3. Vaksne som får dette tilbodet har ikkje brukt av retten sin før dei eventuelt har oppnådd sluttkompetanse. 2. Vidaregåande opplæring for vaksne i Sogn og Fjordane i dag 2.1. Organisering Fylkesdirektøren fastset opplæringstilboda ut i frå dei vaksne sine søknader, og innanfor dei økonomiske rammene. Tidlegare innhenta fylkesdirektøren anbod på opplæringstiltak frå dei vidaregåande skulane og private leverandørar. Denne prosessen viste seg å vere omstendeleg og lite føreseieleg, og er derfor no endra. No får vidaregåande skular ansvar for å gjennomføre opplæringstiltaka, gjennom oppdragsbrev frå fylkesdirektøren. På denne måten vil tiltaka starte raskare og det vil vere lettare å auke kvaliteten gjennom kompetanseheving av lærarar og leiing i t.d. vaksenpedagogikk. I tillegg kan arbeidet med å auke fullføringsgraden lettare intensiverast.

3 Side 3 av Talmateriale - vaksne med rett til vidaregåande opplæring Tal vaksne med grunnskule som høgaste utdanningsnivå (og som derfor har rett til vidaregåande opplæring for vaksne) har gått ned i løpet av dei 10 siste åra, totalt sett. Dette er naturleg, ettersom mange av dei eldre arbeidstakarane som gjekk ut av yrkeslivet i perioden , hadde grunnskule som høgaste utdanning. Dessutan vart rett til vidaregåande opplæring både for unge og vaksne innført i 1996 og 1999, og fleire har fullført slik opplæring. Det som er noko overraskande, er at talet på personar i gruppa år med grunnskule som høgaste utdanningsnivå, har auka i tidsrommet Ein ser òg ein høvesvis liten nedgang i tal personar i alderen år utan fullført vidaregåande opplæring. Til saman er det i perioden frå 2002 til 2012 ein liten auke i gruppa år som har grunnskule som høgaste utdanningsnivå.

4 Søkjartal Tal søkjarar til vidaregåande opplæring for vaksne, har gått vesentleg ned frå 2002 til Dette kan ha samanheng med at tal personar med grunnskule som høgaste utdanningsnivå har gått ned. Side 4 av 8

5 Side 5 av Yrkesfag Gjennom heile perioden har det vore størst søking til fag innanfor utdanningsprogrammet helse- og oppvekst. Det største faget er helsearbeidarfaget (ca 685 søkjarar i perioden ), med barne- og ungdomsarbeidarfaget og reinhaldsfaget som nummer to og tre. Opplæringa har stort sett vore såkalla «praksiskandidatkurs»; dvs. eksamensførebuande opplæring fram mot teorieksamen for praksiskandidatar Generell studiekompetanse Fag som gir generell studiekompetanse har størst søking etter helsefagarbeidarfaget. Søknadsutviklinga skil seg ut frå dei andre faga, då vi har hatt ein kraftig auke i søknadstalet frå 2007 til Desse faga starta opp kvar haust, og stort sett alle som søkte fekk plass. Dette tilbodet vart av økonomiske årsaker redusert hausten 2013, med eitt fylkesdekkande tilbod i Førde, noko som sannsynlegvis er årsaka til at søkjartalet da gjekk ned frå 80 til Minoritetsspråklege søkjarar Vi har ikkje gode nok tal på minoritetsspråklege søkjarar i tidsrommet , då datasystemet den gang ikkje låg til rette for god nok registrering. Erfaringane seier likevel at talet her auka gradvis, noko som vert stadfesta i registreringane for dei siste 2 åra.

6 Side 6 av 8 *I talet på 87 søkjarar frå 2013, ligg 18 søkjarar som ikkje har fått avklara rett, grunna manglande dokumentasjon. 2.3 Deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne Deltakartal Kor mange personar som har fått opplæring per år i perioden er vanskeleg å talfeste heilt nøyaktig. Deltakartalet var størst i 2002 (ca 600 deltakarar), og har så i hovudsak følgd søknadsmønsteret med nedgang i yrkesfaga og auke i fag til generell studiekompetanse. Skuleåret har 234 vaksne fått tilbod om opplæring. I heile perioden har det vore høvesvis lik fordeling mellom personar med og utan rett til vidaregåande opplæring som har fått tilbod. Om lag 40-45% av deltakarane har hatt vaksenrett i yrkesfaga, mens prosentdelen har vore ein god del lågare i fag til generell studiekompetanse. Opplæringstilboda vert starta på grunnlag av søkjarar med rett, og vaksne utan rett får tilbod så lenge det er ledige plassar. På denne måten har fylkeskommunen oppfylt kravet i 13-3 andre ledd i opplæringslova: «Fylkeskommunen skal gi tilbod til søkjarar utan rett etter 3.1 eller 4A-3.» Fullføring Graden av gjennomstrømming og fullføring har i alle år vore høvesvis låg. Denne er vanskeleg å måle, da dei vaksne ikkje følgjer eit strømlinjeforma løp frå byrjing til slutt, men skal ha opplæringa individuelt tilpassa i tid og omfang. Vi reknar at i overkant av 50% fullfører og består til generell studiekompetanse, mens talet er noko høgare i yrkesfaga. Desse tala samsvarar med nasjonale tal, og det er eit mål å auke fullføringsgraden. 2.4 Økonomi Dei økonomiske rammene til vaksenopplæringa har hatt denne utviklinga frå 2002: Budsjett vaksenopplæring i million kroner (økonomiplan) 4,800* 4,571 4,253 3,253 * i tillegg 2,6 mill. til restteori for lærlingar som òg vaksne tok del i

7 Side 7 av 8 3. Utgangspunkt for drøfting 3.1 Utviklingstrekk i søkjarmassen Bakgrunnen til søkjarane med rett til vaksenopplæringa har dei siste åra endra seg. Tidlegare var det ei overvekt av vaksne med lang praksis i faget, mens det i dag er ei stadig større gruppe unge vaksne utan særleg relevant praksis. I tillegg er gruppa flyktningar og andre minoritetsspråklege stadig aukande. Dette gjer at søkjarmassen er meir ressurskrevjande no, då desse gruppene har mindre realkompetanse og praksis, og derfor krev meir opplæring. Flyktningane har ofte fleire tilleggsutfordringar. Manglande eller dårleg norskkunnskap er den strøste utfordringa, da dei ofte har for dårleg kommunikasjons- og fagspråkkompetanse til å gjere seg nytte av undervisninga. Dei vaksne har heller ikkje rett på særskilt språkopplæring, og mange greier ikkje å fullføre opplæringa. Ei anna utfordring er manglande dokumentasjon på tidlegare utdanning/praksis. Å gje desse ei god nok opplæring samtidig som dei får «betalt» for sin realkompetanse, er krevjande. Samtidig syner tala frå Integrerings- og mangfalddirektoratet at behovet for busetting av flyktningar i kommunane i Sogn og Fjordane er aukande framover. Problemstilling til drøfting: Korleis kan Sogn og Fjordane møte den «nye» gruppa vaksne med rett til vidaregåande opplæring? Særlege utfordringar: Minoritetsspråklege, utanlandsk utdanning som ikkje blir «verdsett», lite praktisk erfaring 3.2. Samfunnsøkonomisk perspektiv Statistikken viser at vi i 2012 hadde 1680 personar i gruppa år med ikkje fullført vidaregåande opplæring, og vi ser at ein del av desse no søker vaksenopplæringa. Dei har verken ungdomsrett eller vaksenrett etter lova, og er såleis ikkje sikra tilbod. Utviklinga for denne gruppa framover, må sjåast i samanheng med satsinga som no er i gong i kjølvatnet av Ny Giv, der målsetjinga er å følgje opp tettare for å redusere fråfallet. Dette håpar vi vil bere frukter, men er til lite hjelp for dei som er i denne gruppa no. All forsking fortel at både flyktningar og unge vaksne utan fullført vidaregåande opplæring er dei mest sårbare på arbeidsmarknaden. Dei har størst vanskar med å få jobb, og er dei som først må gå om det vert nedskjeringar på arbeidsplassen. Ein veit òg at unge som vert avhengig av stønad frå NAV til livsopphald har lettare for å bli varig avhengig av sosiale stønader og å bli verande i «utanforskapen». Unge som ikkje klarer å etablere seg i arbeidslivet er eit vesentleg samfunnsproblem, men og eit helsepolitisk problem fordi det medfører sosiale ulikskapar i helse. Fullført grunnutdanning er eit avgjerande utgangspunkt for å hauste god helse gjennom livsløpet, og det er klare samanhengar mellom økonomisk og sosial ulikhet, fattigdom, helseproblem og kriminalitet.

8 Side 8 av 8 Problemstilling til drøfting: Korleis kan vi gje eit tilbod om vaksenopplæring som medfører at færre blir ståande utanfor arbeidslivet gjeld særleg unge som har avbrote vidaregåande opplæring og innvandrarar Rekruttering og kompetansebehov Sogn og Fjordane har stor trong for rekruttering av både fagarbeidarar og arbeidskraft med høgare utdanning, for å dekke behovet bedriftene og det offentlege har for å yte gode nok tenester til innbyggjarane framover. Med eit stadig mindre elevtal i den ordinære opplæringa vil gapet mellom behov og rekruttering sannsynlegvis berre bli større. Gruppa unge vaksne utan vidaregåande utdanning og flyktningar/innvandrarar utgjer i så måte ein unytta ressurs. Problemstilling til drøfting: Kan vi gjennom eit godt vaksenopplæringstilbod vere med å skaffe arbeids- og næringsliv i Sogn og Fjordane den kompetansen vi treng i framtida? Utnytte potensialet og få flest mogeleg i arbeid?

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/416-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 07.02.2017 Høyring- endringar i opplæringslova Direkte

Detaljer

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/3318-1 Saksbehandlar: Gerd Kjersti Ytre-Arne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 02.05.2017 Utval for opplæring og helse 09.05.2017 Fylkesutvalet

Detaljer

PARTNARSKAP FOR KARRIERERETTLEIING SOGN OG FJORDANE

PARTNARSKAP FOR KARRIERERETTLEIING SOGN OG FJORDANE PARTNARSKAP FOR KARRIERERETTLEIING SOGN OG FJORDANE Rådgjevarkonferansen 6. og 7.11.2012 Hotel Alexandra KVIFOR «PARTNARSKAP FOR KARRIERE»? Styresmaktene forventar at «Partnarskap for karriererettleiing»

Detaljer

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune Vedlegg 1 Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune Heimel: Fastsett av fylkestinget 14.10.2014, med heimel i forskrift til opplæringslova

Detaljer

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01 Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01 Noen aktuelle presiseringer i forhold til ny forskrift til opplæringslova kapittel 6 Jeg redigerte bort det som ikke er så aktuelt for dere.. Søknadsfrister unntak Søkjarar

Detaljer

Frå busett til sysselsett

Frå busett til sysselsett Frå busett til sysselsett SYSSELSETTE PERSONAR DEKNINGSGRAD I ARBEIDSMARKNADEN I 14 Sogn og Fjordane 200 0-200 -400-600 -800-1000 -1200-1400 -1600-1800 Utfordringsbilete sysselsetting av flyktningar Utgangen

Detaljer

Skulebesøket vart avslutta med utviklingssamtale mellom fylkesdirektør og rektor.

Skulebesøket vart avslutta med utviklingssamtale mellom fylkesdirektør og rektor. Side 1 av 6 Opplæringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Bekka Skaasheim E-post: bekka.skaasheim@sfj.no Tlf.: 57 65 62 10 Vår ref. Sak nr.: 13/6104-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 4160/14

Detaljer

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar. Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar. Søknadsfristen er 1.februar. Nytt for skuleåret 2017-2018: Alle

Detaljer

Spørsmålsrunde

Spørsmålsrunde Spørsmålsrunde 02.11.16 Kvifor har ikkje Sogn og Fjordane søkbare tilbod for alternativ opplæring? I Norge har fellesskolen lange tradisjoner. Fellesskolen er gjennomsyret av prinsippene om inkludering,

Detaljer

4A-3 VAKSNE SIN RETT TIL VIDAREGÅANDE

4A-3 VAKSNE SIN RETT TIL VIDAREGÅANDE 4A-3 VAKSNE SIN RETT TIL VIDAREGÅANDE 02.11.2016 1 1. Minoritetsspråklege utan dokumentasjon Forskrift til opplæringslova 6-13: Søkjarar som hevdar at dei har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet

Detaljer

N OU 2016: 7 Høyring Karriereveiledningsutvalgets sluttrapport

N OU 2016: 7 Høyring Karriereveiledningsutvalgets sluttrapport Opplæringsavdelinga Side 1 av 1 Det Kongelige Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep. 0032 OSLO Sakshandsamar: Kenth Rune T. Måren E - post: kenth.rune.maren@sfj.no Tlf. : 41530971 Vår ref. Sak nr.:

Detaljer

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting Side 1 av 5 Næringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Kristin Arnestad E-post: kristin.arnestad@sfj.no Tlf: 57 65 62 45 Vår ref. Sak nr.: 11/5776-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 34646/11

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/1090-106 Saksbehandlar: Tor Ivar Sagen Sandvik, Stig Aasland Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 30.11.2015 Opplærings- og helseutvalet 03.12.2015

Detaljer

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane 2012 2015 Fagopplæringsnemnda er fagopplæringa sitt utøvande faglege organ i fylket. Paragrafane 12-3 og 12-4 i opplæringslova omhandlar kva

Detaljer

Minoritetsspråklege søkarar/ elevar

Minoritetsspråklege søkarar/ elevar -Ein tydeleg medspelar Minoritetsspråklege søkarar/ elevar Kari Volden, 19 oktober 2016 Kari Volden 2 Kari Volden 3 Søknadsfrist 6-8. Søknadsfrist Søknadsfristen for inntak til vidaregåande opplæring er

Detaljer

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune Hjemmel: Fastsett av fylkestinget i Hordaland 14.10.2014 med heimel i forskrift til opplæringslova

Detaljer

Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Vedlegg 1 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga SØKNAD OM VIDAREGÅANDE OPPLÆRING SPESIELT TILRETTELAGT FOR VAKSNE 1. PERSONOPPLYSNINGAR Namn Fødselsnummer, 11 siffer Adresse Tlf. privat Tlf.

Detaljer

Torsdag 31.oktober 2013 FAGSAMLING OM SKULE

Torsdag 31.oktober 2013 FAGSAMLING OM SKULE Torsdag 31.oktober 2013 FAGSAMLING OM SKULE Sentrale hensyn bak bestemmelsene (frå udir sin gjennomgang) Ivareta søkernes rettssikkerhet Likere praksis Hindre usaklig forskjellsbehandling Prioritet i inntaket

Detaljer

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201209189-1 Arkivnr. 522 Saksh. Krüger, Ragnhild Hvoslef Saksgang Yrkesopplæringsnemda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 04.12.2012 04.12.2012 PÅBYGG

Detaljer

1. Ressurs til arbeidslivskontakt vert vidareført på skular med yrkesfaglege utdanningsprogram.

1. Ressurs til arbeidslivskontakt vert vidareført på skular med yrkesfaglege utdanningsprogram. Side 1 av 6 Saksframlegg Saksbehandlar: Kenth Rune T. Måren, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 15/2745-1 Arbeidslivskontakt ved dei vidaregåande skulane. Fylkesdirektøren rår hovudutvalet for opplæring til

Detaljer

Søking til skuleåret 2013-2014

Søking til skuleåret 2013-2014 Søking til skuleåret 2013-2014 Opplæringsavdelinga, inntak og formidling Rådgjevarkonferansen 2012 Helse og sosialfag er endra til helse og oppvekstfag Korleis søkjer du? Du søkjer og svarar på vigo.no,

Detaljer

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.01.2016 3917/2016 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato UD 2/16 Utdanningsutvalet 04.02.2016 Fylkesrådmannens tilråding 17.02.2016 Fylkesutvalet

Detaljer

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 22.01.2018 6570/2018 Rose Mari Skarset Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 08.02.2018 Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal Bakgrunn

Detaljer

Søknader om fortrinnsrett kan delast i fire grupper, etter følgjande i forskrift til opplæringslova:

Søknader om fortrinnsrett kan delast i fire grupper, etter følgjande i forskrift til opplæringslova: Informasjon om A Søknad om fortrinnsrett B Søknad om individuell handsaming C Søknad for elevar som kan ha behov for spesialundervisning, fysisk tilrettelegging eller sosialpedagogisk oppfølging A Søknad

Detaljer

Oppretting av nye klassar hausten 2015 ved Hordaland helsefagskole

Oppretting av nye klassar hausten 2015 ved Hordaland helsefagskole OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/2-79 Saksbehandlar: Adeline Berntsen Landro Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Hordaland fagskulestyre 07.05. Oppretting av nye klassar hausten ved Hordaland

Detaljer

Oppfølging av tilsynet frå fylkesmannen

Oppfølging av tilsynet frå fylkesmannen rundskriv nr. 26/07 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Til rektorar ved alle vidaregåande skoler og ressurssentra i Møre og Romsdal Dato: 05.12.2007 MR 25012/2007/062 Ref: Fordeling av vaksenopplæringsmidlar

Detaljer

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST NOEN ENDRINGER/PRESISERINGER I LOVEN 8-2. Organisering av elevane i klassar eller basisgrupper I

Detaljer

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 15.03.2018 39032/2018 Laila H. T. Nielsen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 22.03.2018 Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret 2018-2019 Bakgrunn

Detaljer

1Vaksne i grunnskoleopplæring

1Vaksne i grunnskoleopplæring VOX-SPEGELEN 2014 VAKSNE I GRUNNSKOLEOPPLÆRING 1 kap 1 1Vaksne i grunnskoleopplæring Nesten 10 000 vaksne fekk grunnskoleopplæring i 2013/14. 60 prosent gjekk på ordinær grunnskoleopplæring, medan 40 prosent

Detaljer

Ny søknad om oppretting av landslinetilbod for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule

Ny søknad om oppretting av landslinetilbod for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule Side 1 av 5 Opplæringsavdelinga Kunnskapsdepartementet Postboks 8119, dep 0032 OSLO Sakshandsamar: Reidun Liljedahl Fimreite E-post: reidun.liljedahl.fimreite@sfj.no Tlf.: 57 65 62 19 Vår ref. Sak nr.:

Detaljer

2Vaksne i vidaregåande opplæring

2Vaksne i vidaregåande opplæring VOX-SPEGELEN 2014 VAKSNE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1 kap 2 2Vaksne i vidaregåande opplæring Nesten 22 000 vaksne som er 25 år eller eldre, deltok i vidaregåande opplæring i 2013. Hovudfunn Talet på vaksne

Detaljer

NYE RUTINAR I SAMBAND MED INNTAK TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1.FEBRUAR.

NYE RUTINAR I SAMBAND MED INNTAK TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1.FEBRUAR. NYE RUTINAR I SAMBAND MED INNTAK TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1.FEBRUAR. Det er kome ny forskrift til Opplæringslova kap 6. «Inntak til vidaregåande opplæring» som gjeld frå 01.09.2013. Dette inneber mellom

Detaljer

Høyringsframlegget til lokal inntaksforskrift er drøfta med rådgivarar og leiargruppa.

Høyringsframlegget til lokal inntaksforskrift er drøfta med rådgivarar og leiargruppa. Side 1 av 5 Flora vidaregåande skule Notat Sakshandsamar: Knut Chr. Clausen E-post: Knut.Christian.Clausen@sfj.no Tlf.: 57 75 79 02 Vår ref. Sak nr.: 13/721-14 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt

Detaljer

PROSJEKTARBEID KVALIFISERING FOR KVINNER UT I ARBEID

PROSJEKTARBEID KVALIFISERING FOR KVINNER UT I ARBEID KVALIFISERING FOR KVINNER UT I ARBEID I 2013 søkte Sogndal kommune, flyktning tenesta i Sogndal om IMDI midlar,( integrering og mangfolds direktoratat) om KUM midlar. Dei har fokus på: Planlegging og busetting

Detaljer

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN Kapittel 4: Nye krav til kunnskap Tiltak 4.1 Utvikle etter- og vidareutdanningstilbod og nye utdanningar Fremje ordningar for å identifisere kompetansebehov

Detaljer

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet Ny GIV Oppfølgingsprosjektet 2010 2013 Gjennomføring i vidaregåande opplæring www.sfj.no Innhald Prosjektplan for Ny GIV Sogn og Fjordane fylkeskommune... 3 1. Bakgrunn og mål Ny GIV... 3 2. Oppfølgingsprosjektet...

Detaljer

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring 2014 2017 www.sfj.no 1. Innleiing. Hovudutval for opplæring vedtok i sak 38/09 Utviklingsplan pedagogisk-psykologisk teneste

Detaljer

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013 // Notat 1 // 214 656 tapte årsverk i 213 656 tapte årsverk i 213 Av Jorunn Furuberg og Ola Thune Samandrag I 213 gjekk 656 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Dei tapte

Detaljer

INNHALD. 1. Innleiing s. 1. 2. Søking på internett s. 2

INNHALD. 1. Innleiing s. 1. 2. Søking på internett s. 2 INNHALD. 1. Innleiing s. 1 2. Søking på internett s. 2 3. Rettleiing til vedleggsskjema s. 4 Vedleggsskjema 1 s. 4 Vedleggsskjema 2 s. 8 Vedleggsskjema 3 s. 8 4. Minoritetsspråklege søkjarar s. 9 5. Vaksne

Detaljer

Fagdag, minoritetsspråklege

Fagdag, minoritetsspråklege Regelverk og tilsyn Fagdag, minoritetsspråklege Med minoritetsspråklege elevar i grunnopplæringa forstår vi barn, unge og vaksne som har eit anna morsmål enn norsk eller samisk. I denne samanhengen blir

Detaljer

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN Kapittel 4: Nye krav til kunnskap Tiltak 4.1 Utvikle etter- og vidareutdanningstilbod og nye utdanningar Fremje ordningar for å identifisere kompetansebehov

Detaljer

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0 Samandrag Norconsult har på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune vurdert dagens modell for organisering av vidaregåande opplæring, og utarbeida framlegg av tre anbefalte modellar for framtidig organisering.

Detaljer

Kap. 496, post 62, Jobbsjansen del B Rapporteringsskjema Tilskudd til Jobbsjansen del B. Tilskuddsrapport for 2017

Kap. 496, post 62, Jobbsjansen del B Rapporteringsskjema Tilskudd til Jobbsjansen del B. Tilskuddsrapport for 2017 Tilskudd til Jobbsjansen del B Tilskuddsrapport for 2017 Utfylt rapporteringsskjema i Word-format, med vedlegg sendes til post@imdi.no innen 15. februar 2018. Tilskuddsrapporten skal ta utgangspunkt i

Detaljer

MØTE BOK. Varamedlemer til stades: Ingen vararepr esentantar hadde høve til å møta

MØTE BOK. Varamedlemer til stades: Ingen vararepr esentantar hadde høve til å møta MØTE BOK Organ Fagopplæringsnemnda Møtestad Fylkeshuset, Leikanger Møterom: Åskora 5. etg. Møtedato 16.03.2017 Kl. 11:30 13:45 Faste medlemer til stades: Nils P. Støyva (LO) Eli Grov Østerbø (LO) Henrik

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724. Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.html#map004 I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg

Detaljer

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013 Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013 Informasjon og utfordringar sett frå Fylkeskommunen og dei vidaregåande skulane si side Adeline Landro - rådgjevar for fagskulane Annbjørg Laupsa -

Detaljer

Innføringsgrupper og eksamensretta grunnskulefag (EGF) for minoritetsspråklege elevar : : : Sett inn innstillingen under denne linja

Innføringsgrupper og eksamensretta grunnskulefag (EGF) for minoritetsspråklege elevar : : : Sett inn innstillingen under denne linja Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Lene Hayden Taraldsen, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 16 / 3137-1 Innføringsgrupper og eksamensretta grunnskulefag (EGF) for minoritetsspråklege elevar : : : Sett

Detaljer

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/9089-2 Saksbehandlar: Ragnhild Ravna Skjærvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 04.02.2016 Utval for opplæring og helse 10.02.2016 Tiltaksplan

Detaljer

Stimuleringstilskot til fag- og yrkesopplæringa

Stimuleringstilskot til fag- og yrkesopplæringa MØTEBOK Organ Møtestad Fagopplæringsnemnda Dale vidaregåande skule Møtedato 10.03.2016 Kl. 10:00-1530 Faste medlemer til stades: Forfall til møtet: Varamedlemer til stades: Til stades med møte- og talerett:

Detaljer

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring No gjeld det No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande

Detaljer

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Politikardag 12.mai 2016.

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Politikardag 12.mai 2016. VIDAREGÅANDE OPPLÆRING Den vidaregåande opplæringa i Sogn og Fjordane har som mål: Målekart Læringsmiljø trivsel og meistring Læring karakterutvikling og resultat Gjennomføring Samsvar mellom dimensjonering

Detaljer

Nasjonal dugnad. Prosjektleiar overgangsprosjektet Sissel Espe

Nasjonal dugnad. Prosjektleiar overgangsprosjektet Sissel Espe Nasjonal dugnad Prosjektleiar overgangsprosjektet Sissel Espe -gjennomføring i vidaregåande skule Overgangsprosjektet Oppfølgingsprosjektet Statistikkprosjektet-Gjennomføringsbarometeret Prosjektleiar

Detaljer

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/9089-1 Saksbehandlar: Ragnhild Ravna Skjærvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 22.09.2015 Opplærings- og helseutvalet 29.09.2015 Strategiplan

Detaljer

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/10160-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet 11.02.2014 Fylkesutvalet 30.01.2014 Høyring Forslag

Detaljer

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune Heimel: Fastsett av fylkestinget i Hordaland 08.12.2015 med heimel i forskrift til opplæringslova

Detaljer

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2009

Rådgjevarkonferanse 2009 Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget

Detaljer

Søking til skuleåret 2012-2013

Søking til skuleåret 2012-2013 Søking til skuleåret 2012-2013 Opplæringsavdelinga, inntak og formidling Rådgjevarkonferansen 2011 Korleis søkjer du? Du søkjer og svarar på vigo.no, logg inn med MinID Søknadsfrist: 1. mars for ordinært

Detaljer

MØTEBOK. Hovudutval for opplæring. Fylkeshuset, Leikanger (møterom Sygna 1. etg.) Møtedato Kl. 10:00 13:45

MØTEBOK. Hovudutval for opplæring. Fylkeshuset, Leikanger (møterom Sygna 1. etg.) Møtedato Kl. 10:00 13:45 MØTEBOK Organ Møtestad Hovudutval for opplæring Fylkeshuset, Leikanger (møterom Sygna 1. etg.) Møtedato 30.03.2016 Kl. 10:00 13:45 Faste medlemer til stades: Karianne Torvanger (Ap) Henrik Oppen (Ap) Senea

Detaljer

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Kenth Rune T. Måren, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 15/12025-2 Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for n 2016 2017 Fylkesdirektøren rår hovudutval for opplæring

Detaljer

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad Austrheim kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret 1.1.011 187/11 Olav Mongstad. Saksansv.: Olav Mongstad Arkiv: FA-B11 Arkivsaknr: 11/981 - Høring - forslag

Detaljer

Auka gjennomføring i yrkesfaga. Strategiar på kort og lang sikt, ei heilskapleg tilnærming.

Auka gjennomføring i yrkesfaga. Strategiar på kort og lang sikt, ei heilskapleg tilnærming. OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2016/4866-1 Saksbehandlar: Torbjørn Mjelstad Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 25.05.2016 Utval for opplæring og helse 02.06.2016 Fylkestinget

Detaljer

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200804110-4 Arkivnr. 522 Saksh. Mjelstad, Torbjørn Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 27.01.2009 18.02.2009-19.02.2009 ETABLERING

Detaljer

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune - perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen 2011 for Balestrand kommune I n n h a l d 1. Innleiing s.2 2. Resultat/læringsutbyte s. 3 3. Gjennomføring i vidaregåande opplæring s.

Detaljer

INTERNASJONAL STRATEGI

INTERNASJONAL STRATEGI INTERNASJONAL STRATEGI 2008 2009 SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE AUGUST 2007 1. Innleiande kommentarar Det internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane er aukande. Dette skapar utfordringar for fylkeskommunen,

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011. Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2011/382-16 Asbjørn Skår Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komite for oppvekst, kultur, idrett Formannskapet Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Detaljer

Redusert eigendel elev-pc

Redusert eigendel elev-pc OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/3598-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 09.05.2017 Redusert eigendel elev-pc Samandrag Under

Detaljer

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar

Detaljer

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring 2 Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring Førebygging på tre nivå OT/PPT sin førebyggjande

Detaljer

Vidaregåande opplæring Ditt val!

Vidaregåande opplæring Ditt val! Vidaregåande opplæring 2006 2007 Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse- og sosialfag Medium og kommunikasjon Naturbruk

Detaljer

Vidaregåande opplæring for voksne i Møre og Romsdal fylkeskommune Ansvar og omfang

Vidaregåande opplæring for voksne i Møre og Romsdal fylkeskommune Ansvar og omfang -Ein tydeleg medspelar Vidaregåande opplæring for voksne i Møre og Romsdal fylkeskommune Ansvar og omfang Inger Lise Trønningsdal Koordinator vidaregåande opplæring for vaksne Vaksne sin rett til vidaregåande

Detaljer

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring // Nedgang i sykepengeutbetalingene til selvstendig næringsdrivende Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring AV JORUNN FURUBERG SAMANDRAG Mange som avsluttar attføring kjem tilbake som yrkesvalhemma

Detaljer

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe Program 09.30-09.50 Innleiing 09.50-12.00 Trond F. Aarre, avdelingssjef

Detaljer

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Ditt val! Vidaregåande opplæring 2007 2008 Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse- og sosialfag Medium og kommunikasjon Naturbruk

Detaljer

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: Rådhuset Møtedato: 10.09.2013 Tid: 16.30 Kl. 1630-1700: Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang Varamedlemmer

Detaljer

Samanslåing av Hordaland helsefagskole og Fagskolen i Hordaland

Samanslåing av Hordaland helsefagskole og Fagskolen i Hordaland OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/11453-89 Saksbehandlar: Adeline Berntsen Landro Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 29.08.2017 Utval for opplæring og helse 05.09.2017 Fylkesutvalet

Detaljer

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016 // Notat 2 // 2017 687 000 tapte årsverk i 2016 NAV August 2017 EIER Arbeids- og velferdsdirektoratet Postboks 5, St. Olavs plass 0130 Oslo BESTILLING OG ABONNEMENT Vår e-post adresse er: arbeid.og.velferd@nav.no

Detaljer

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret 19. juni 2014 Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: Organisasjonsnr.: 5981 MASFJORDNES 56 16 62 00 56 16 62 01 3201 48 54958 945627913 E-post:post@masfjorden.kommune.no

Detaljer

Høring om plikt til tidlig innsats i skolen (saksnr. 17/2988)

Høring om plikt til tidlig innsats i skolen (saksnr. 17/2988) Opplæringsavdelinga Side 1 av 1 Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 DEP 0032 OSLO Sakshandsamar: Kenth Rune T. Måren E - post: kenth.rune.maren@sfj.no Tlf. : 41530971 Vår ref. Sak nr.: 17 / 6799-5 Gje

Detaljer

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring www.sfj.no Innleiing: side 3 Arbeidskalender: side 5 Søknadsskjema for vidaregåande opplæring side 6 Vedleggsskjema for minoritetsspråklege

Detaljer

Utkast til handlingsprogram for fagopplæringsnemnda

Utkast til handlingsprogram for fagopplæringsnemnda Side 1 av 5 Opplæringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Sissel Brusegård Epost: Sissel.Brusegard@sfj.no Tlf.: 40524464 Vår ref. Sak nr.: 16/26231 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 8588/16

Detaljer

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer:

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer: Forskrift om endringer i forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven og forskrift om endringer i forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskoleloven I I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven

Detaljer

Avtale mellom.kommune og Flora kommune

Avtale mellom.kommune og Flora kommune Avtale mellom.kommune og Flora kommune Avtale om interkommunalt krisesentertilbod 1 Avtale om retningsliner for interkommunalt samarbeid om krisesentertenester frå 2016. 1. Bakgrunn Lov om kommunale krisesentertilbod,

Detaljer

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale Side 1 av 5 Fylkesrådmannen rår hovudutval for samferdsle til å gje slik tilråding til vedtak: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding til vedtak: Fylkesutvalet

Detaljer

Delrapport 7 Modell 7

Delrapport 7 Modell 7 Vedlegg 7 Delrapport 7 Modell 7 Høyringsutkast 19. feb. 2013 www.sfj.no i Innhald 1. Omtale av modell 7... 2 2. I kva grad når modell 7 målet om høg kvalitet på opplæringa?... 4 3. I kva grad når modell

Detaljer

Delrapport 2 Modell 2

Delrapport 2 Modell 2 Vedlegg 2 Delrapport 2 Modell 2 Høyringsutkast 19. feb. 2013 www.sfj.no S i d e i Innhald 1. Omtale av modell 2... 2 2. I kva grad når modell 2 målet om høg kvalitet på opplæringa?... 4 3. I kva grad når

Detaljer

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Vgs-tilbodet i Nordfjord Vgs-tilbodet i Nordfjord Om vidaregåande opplæring Vidaregåande opplæring fører fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse. -Studiekompetanse gjev høve til å søkje dei fleste fag

Detaljer

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER Arkiv: K2 - F31, K3 - &13 Vår ref: 14/1671-4 Journalpostid: 17/20664 Saksbeh.: Yvonne van Bentum HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato

Detaljer

Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde

Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde Sogn og Fjordane Prosjektleiarane Sissel Espe og Inger Marie Evjestad Frå Ny GIV til Gnist Auka gjennomføring i vidaregåande opplæring Prosjektkoordinator Ny GIV Sissel Espe

Detaljer

Delrapport 5 Modell 5

Delrapport 5 Modell 5 Vedlegg 5 Delrapport 5 Modell 5 Høyringsutkast 19. feb. 2013 www.sfj.no S i d e i Innhald 1. Omtale av modell 5... 2 2. I kva grad når modell 5 målet om høg kvalitet på opplæringa?... 4 3. I kva grad når

Detaljer

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014 // Notat 2 // 2015 656 000 tapte årsverk i 2014 NAV Juni 2015 EIER Arbeids- og velferdsdirektoratet Postboks 5, St. Olavs plass 0130 Oslo BESTILLING OG ABONNEMENT Vår e-post adresse er: arbeid.og.velferd@nav.no

Detaljer

Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik:

Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik: Side 1 av 6 Plan- og samfunnsavdelinga Planutvalet, møte 28.01.15 Sakshandsamar: Joar Helgheim E-post: joar.helgheim@sfj.no Tlf.: 415 30 955 Vår ref. Sak nr.: 13/2377-31 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt

Detaljer

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen Høyring skulebruksplan 2013-2024 Fylkesrådmannen «Skulebruksplanen skal vise korleis Sogn og Fjordane fylkeskommune, innanfor framtidige økonomiske rammer, kan organisere ei vidaregåande opplæring med

Detaljer

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi:

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi: Gol kommune Internt notat Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi: Årsmelding - Gol ungdomsskule Årsmelding Gol ungdomsskuleskule 2014 (Kultur

Detaljer

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016 Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane Skuleåret 2015/2016 1 Innhald 1:Innleiing... 3 2.1 Den statlege ordninga - Kompetanse for kvalitet... 4 2.2 Etterutdanning:... 4 3:Vidareutdanning...

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda 06.09.2012 112/12 Kommunestyret 06.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/771-3 K1-120,

Detaljer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande: Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2010

Rådgjevarkonferanse 2010 Rådgjevarkonferanse 2010 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 Logg inn på vigo.no med MinID Alle må bruke MinID for å

Detaljer

Lågterskeltilbod til ungdom mellom 16 21 år

Lågterskeltilbod til ungdom mellom 16 21 år Lågterskeltilbod til ungdom mellom 16 21 år Utviklinga i OT Fleire ungdommar i regionen søkjer ikkje vgs / anna opplæring. Fleire ungdommar i regionen er ikkje klar for det ordinære arbeidslivet sine krav.

Detaljer