Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 047/14 Plan- og Miljøutvalet PS 21.10.2014 115/14 Bystyret PS 04.11.2014 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Anders Espeset ARP - 20110003, K2 - L12 11/902 Kommunedelplan Eikefjord - framlegg til endeleg vedtak Framlegg til vedtak: og føresegner med heimel i Plan. Og Bygningslova av 1.juli 2009, 11-15. Rådmannen kom med følgjande tilleggsframlegg: Rådmannen får fullmakt til å gjere justeringar i plankart i samsvar med kartforskrifta, deriblant å justere yttergrensa til å bli identisk med gjeldande plan. Plan- og Miljøutvalet - 047/14 PMUV - handsaming: Plan og miljøutvalet kom med følgjande tilleggsframlegg: Med følgande tillegg i føresegnene: Område N1 skal vere opparbeidd og tatt i bruk før det blir gjeve løyve til tiltak i N2. Framlegget vart samrøystes vedteke. PMUV - vedtak: og føresegner med heimel i Plan. Og Bygningslova av 1.juli 2009, 11-15. Med følgande tillegg i føresegnene: Område N1 skal vere opparbeidd og tatt i bruk før det blir gjeve løyve til tiltak i N2.
Bystyret - 115/14 BYST - handsaming: Framlegget frå rådmannen med tillegg vart samrøystes vedteke. BYST - vedtak: og føresegner med heimel i Plan. Og Bygningslova av 1.juli 2009, 11-15. Område N1 skal vere opparbeidd og tatt i bruk før det blir gjeve løyve til tiltak i N2.) Rådmannen får fullmakt til å gjere justeringar i plankart i samsvar med kartforskrifta, deriblant å justere yttergrensa til å bli identisk med gjeldande plan.
Saksopplysningar: Kva saka gjeld: Arbeidet med kommunedelplan Eikefjord har pågått lenge. Etter 1.gangs planframlegg har den vore på høyring, Plan- og miljøutvalet har handsama endringar i planen og det har vore gjennomført synfaring med Fylkesmannen. No er planen klar for framlegging til endeleg handsaming. Innleiing: Prosessen med kommunedelplan Eikefjord har vore lang og krevande, men ein er no i sluttfasen. Etter 1. planframlegg i vår har det kome fråsegn frå 4 offentlege instansar og 5 privatpersonar. Av desse var det motsegn frå 3 statlege instansar. Det har vore dialog, synfaring, handsaming i Plan- og miljøutvalet og det er gjort endringar. No er planen klar for framlegging til endeleg handsaming. Vurdering: Arbeidet med kommunedelplan Eikefjord har vore ein lang og krevande prosess. Intensjonen då planprosessen starta var å prøve ein ny og meir effektiv prosess, der ein tok i bruk metoden "Plansmie". Heile poenget med plansmie-konseptet er å samle alle (bygdefolk, interesseorganisasjonar, næringsliv, utbyggarar, politikarar, statlege instansar som Fylkesmannen, NVE, Statens Vegvesen osv) og jobbe intensivt i nokre dagar for å komme fram til ei grovskisse av ein plan. Intensjonen var god, plansmia fungerte veldig bra, den skapte engasjement, gode diskusjonar og mange gode løysingar for framtidig plan. Men så tok det altså nesten 3 år før planframlegget kom. Dette er svært beklageleg. Det er og forståeleg at eikefjordingane har mist tolmodet. Den store feilen i denne prosessen var at det ikkje vart sett av ekstra administrative ressursar til å følgje opp i etterkant av plansmia. Rådmannen tar dette til etterretning. Om planframlegget og plandokumenta: Det er gjort endringar i plandokumenta i tråd med fråsegnene til Fylkeskommunen, NVE og Statens Vegvesen. Når det gjeld fråsegna til Fylkesmannen, så var her motsegn på nokre punkt, og tilrådingar på andre. Mykje av dette går på planteknisk karakter og er retta opp i plandokumenta. Men der er nokre sentrale områder som må nemnast spesielt. Fylkesmannen hadde motsegn til område for spreidd bustadbygging på Lyngneset. Fylkesmannen grunngjev dette med følgande: 1. Her er ingen etablert infrastuktur, og Fv 542 manglar og gangveg siste stykket fram til Lyngneset. 2. Lyngneset er eit viktig landskapselement som rammar inn bygda mot sør. Bygging på denne ryggen vil difor vere svært uheldig. Generelt meiner Fylkesmannen at det ikkje er tilrådeleg å legge opp til LNF Spreidd bygging nær eit bygdesentrum som Eikefjord, og at ein i større grad må legge opp til å bygge tettare mot sentrum. Flora kommune meiner at nokre slike
områder kan vere med å tiltrekke seg folk som ønsker å bu slik med meir luft mellom seg. I dialog med Fylkesmannen har ein kome fram til følgande: Fylkesmannen trekk motsegna dersom ein tar bort LNF Spreidd på Lyngneset. Området for LNF Spreidd, vist i kartet som BS1, blir opprettheldt. Fylkesmannen rår til å ta Se1 for utfylling heilt ut av planen pga naturkvalitetar som gruntvassområde med potensielt viktig rasteplass og overvintringsområde for andefugl, samt mogeleg badeområde. I tillegg viser det det seg at ein nyare reguleringsplan enn gjeldande kommunedelplan viser området som Friluftsområde. Rådmannen tilrår difor å følgje Fylkesmannen si tilråding, slik at kommunedelplanen er mest mogeleg i tråd med gjeldande reguleringsplan. I framlegg til plankart ligg dette området no som del av NaE og FrsE inne i bukta. Det er i planen lagt inn strandpromenade over N3, N4 og GrE, og det er i føresegnene sett krav om utarbeiding av reguleringsplan for området. Fylkesmannen kom med motsegn til ein slik promenade fremja i ein reguleringsplan i 2009, og dei opprettheld muligheten til å fremje motsegn til utforming av strandpromenaden. Motsegna dreier seg om lokalisering av strandpromenaden forbi/over elveosen i område GrE. Fylkesmannen meiner at ein strandpromenade her vil ødelegge dette området, og viser til at antallet slike elveutløp/elveosar er minkande. Rådmannen meiner at dette kan løysast med å krevje utføring av promenaden på bygde konstruksjonar (ikkje fylling), og tilrår lagt inn formulering om dette i føresegna for GrE. Ei slik løysing vil auke tilgangen for friluftsbruk av området samtidig som det ivaretar naturkvalitetane. Rådmannen viser og til føresegna for det same området i den gjeldande kommundelplanen, der det står at området skal leggast til rette for friluftsbruk. Etter synfaring er Fylkesmannen einig, og godtar rådmannen si tilråding. Fylkesmannen har innvending mot etablering av småbåthamn i Vaulen pga av auka trafikk ved Kvalvikholmen naturreservat. Rådmannen tilrår å ta dette ut. Utgangspunktet for framlegget var ikkje etablering av ny småbåthamn. Tanken var at området kunne nyttast til nokre få fleire naust med båtplassar i eit eksisterande naustmiljø. Dette blir løyst med at formål naust blir liggande som foreslått. Fylkesmannen tilrår å ikkje opne for bygging av større naust enn 35-40 m2 og med ei høgd. Rådmannen meiner at ei slik avgrensing er utdatert. Som planmyndighet er vi pålagt å planlegge realistisk, og det må gjelde begge vegar. 35-40 m2 naust vil vere for lite for dei aller fleste av dagens båtar og dagens bruk. Bruk av begrepet ei høgd er også upresist, og rådmannen held på tilrådinga om 6,5 m. Fylkesmannen meiner at det bør leggast inn rekkefølgekrav på utvikling av områda Se2 og Se3 som krev bygging av Se2 før Se3. Dette for å sikre ein god progresjon i utbygginga her. Rådmannen støttar vurderinga. Men for å utvikle bustadområdet B4, må ein anlegge veg aust for Se3. Dersom dette skjer før utbygging av Se2, vil det vere unaturleg at Se3 skal bevarast som ein liten flekk i midten. Rådmannen tilrår å legge inn eit rekkefølgekrav om at Se3 ikkje skal byggast ut før veg til B4 er på plass. Økonomiske konsekvensar:
Miljømessige konsekvensar: Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm: Vedlegg: Plankart KDP Eikefjord 29.09.14 Planomtale KDP Eikefjord 29.09.14 KU KDP Eikefjord 29.09.14 ROS KDP Eikefjord 29.09.14 KDP Eikefjord Tema Hensyn-Bevaring 29.09.14 KDP Eikefjord Tema Sikringssoner 29.09.14 Føresegner KDP Eikefjord 29.09.14