Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2012/2119 Løpenr.: 7728/2013 Arkivkode: 35/13 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 29.05.2013 13/55 Kommunestyret 13.06.2013 13/45 Sakshandsamar: Lotte Næss Detaljregulering Åmot skule - 2 gongs handsaming og endeleg vedtak Vedlegg: 1. Plankart 2. Føresegner 3. Planomtale 4. ROS-analyse 5. Innspel frå Alexander Stettin 6. Innspel frå Alexander Stettin - skisse 7. Skisse ved Sandehus 8. Utomhusplan 9. Utomhusplan med p-hus Dokument i saka: Plm-sak 13/29 Framlegg til detaljregulering for Åmot skule sist revidert 22.03.2013, plankart, planomtale, føresegner og ROS-analyse Vinje kommune, brev om offentleg ettersyn 21.03.13 Merknader ved offentleg ettersyn : Fylkesmannen i Telemark 15.04.13 Telemark fylkeskommune 02.05.13 Statens vegvesen 06.05.13 SU ved Åmot skule 14.05.13 FAU ved Åmot skule 15.05.13 Alexander Stettin 10.05.13
Bakgrunn: Plan- og miljøutvalet vedtok 20.03.13, sak 13/29, å leggje framlegg til detaljregulering for Åmot skule ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova 12 10. Planframlegget legg til rette for ny trafikkløysing for skulebuss ved Raulandsvegen, ein utvida parkeringsplass ved Vinjehuset, og mogleg ny parkeringsplass i svingen mellom skulen og Vinjehuset. Utover dette er areala regulert til det dei er i bruk til i dag. Brev om offentleg ettersyn vart sendt ut 21.03.13, med frist til å kome med merknader 10.05.13. Merknader : Fylkesmannen i Telemark har ingen merknader. Telemark fylkeskommune Kombinasjonen grønstruktur og parkering er uheldig. Kommunen bør bestemme seg for eitt av formåla. Dersom ein vel parkering, bør det lagast ein illustrasjon som visar nær- og fjernverknad av parkeringshus her. I føresegnene bør det settast krav om HC-parkering, materialar og planting. Statens vegvesen har ingen merknader. Samarbeidsutvalet (SU) ved Åmot skule går inn for framlegget med eitt tillegg : fotgjengarfelt over vegen opp til Vinjehuset. FAU ved Åmot skule ynskjer oppmerka og skilta gangfelt mellom nye Åmot skule og Groven Camping. Elevane frå Juvbakk kjem den vegen. Alexander Stettin Planprosessen burde vore meir inkluderande, ved ope møte, evt. drøftingsmøte i regi av skulen, idrettslaget el.l. for å få til gode løysingar rundt skule, stadion og Vinjehuset. Sjå vedlegg 5. - Sti vest for småskulen burde regulerast inn og byggast opp att. Den er ikkje så bratt som den som er vist i planen opp til Grovenjordet. - Ved Sandehuset bør vere ein meir heilskapeleg løysing med meir parkeringsareal og plass til å sette av skuleborn - Med økt parkeringskapasitet ved Vinjehuset vil trafikken auke. Det er behov for betre sikring av mjuke trafikantar - regulert fortaug eller gs-sti frå p-plassen ved det nye skulebygget og vidare opp til Vinjehuset, og til bustadfeltet vest for skulen. Planlagt sti frå skulen til Vinjehuset bør visast i planen. - Kombinasjonen grønstruktur/parkering er uheldig. Eit parkeringshus er eit stort inngrep. Den konkrete løysinga burde vore illustrert. - Som eit alternativ er det mogleg å bygge parkeringsplassen framfor Vinjehuset i to etasjar (halvvegs forskyve i høve til einannan), sjå skisse vedlegg 6.
Vurdering: Kombinasjon grønstruktur og parkering : Ein er samd i at ein må velje eitt av føremåla. Ynskjar ein å opne for parkering vel ein det. Det er grønnstruktur der i dag, så om ein regulerar til parkering kan det også bli ståande som grønstruktur. Fotgjengarfelt vert ikkje styrt av reguleringsplanen. TDV arbeidar vidare med dei to framlegga. Sti vest for småskulen vil ein rå til å regulere inn, slik det er gjort framlegg om. Den bør opparbeidast på nytt. Ved Sandehus rår ein til å regulere noko meir areal til trafikkareal/parkering, slik at en kan få til ei betre løysing enn i dag, sjå skisse vedlegg 7. Planadministrasjonen kunne tenkt seg å regulere heile Sandehustomta til parkering, men då ville framlegget måtte ut på nytt offentleg ettersyn, og det har ein ikkje tid til. I så fall måtte ein dele planen i to. Sikring av mjuke trafikantar mellom skulen og Vinjehuset meinar ein er godt nok ivareteke slik planen visar. Det skal opparbeidast to stigar mellom skulen og Vinjehuset i tråd med utomhusplan, sjå vedlegg 8. Den eine er vist i reguleringsplanen. Den andre går i siksak for å stette krava til universal utforming, og blir komplisert å vise. Langs vegen opp til Vinjehuset er det ikkje tenkt fortau, men ein meinar dette er trygt nok. Parkeringshus i svingen (AG3) : Etter samtalar med fleire kommunale aktørar og etter ei samla vurdering vil planadministrasjonen rå til å ta ut framlegget om parkeringshus, og regulere til grønstruktur i staden. Hovudgrunngjevinga er at prosjektet er for dårleg utgreidd. Dessutan : - Ein kan ikkje sjå at behovet er så stort. Med dei endringane som ligg inne i utomhusplanen får ein minst 20 p-plassar ekstra oppe ved Vinjehuset, 15 plasssar ekstra aust for skulen, og om lag 20 ekstra plassar inne på skuleområdet. Dette skal opparbeidast no og stå ferdig til skulestart. Med utvida trafikkareal ved Sandehus kan ein få nokre fleire p-plassar der òg. - Parkering i staden for grønnstruktur her vil truleg ha negative verknader for omgjevnadene, både som nærområde til skulen og inngang til Vinjehuset. - Om det etter nokre år likevel skulle vise seg at det ikkje er nok p-plassar til dei daglege aktivitetane, kan ein vurdere ulike løysingar : parkering i fleire nivå i svingen, sjå vedlegg 9, eller oppe ved Vinjehuset, som Alexander Stettin gjer framlegg om. Ein kan då få dette illustrert på ulike vis, og deretter endre reguleringsplanen. Dersom plan- og miljøutvalet likevel går inn for parkeringshus i svingen vil ein rå til at arealet blir regulert til parkering. I føresegnene skal det vere krav om i utgreiing av behovet og illustrasjonar som visar nær- og fjernverknad mm, før gjennomføring. Administrasjonen vil presisere at det ikkje er aktuelt å bygge parkeringshus her med det fyrste.
Deling av planen i to for å greie ut om løysingar framfor Vinjehuset, slik Alexander Stettin foreslår, er ikkje lagleg, fordi det i sommar skal opparbeidast gangstigar og ekstra parkeringsrekke mm i tråd med utomhusplanen. Ein kan ikkje utsetje dette. Endringane ein rår til er ikkje så vesentlege at det er nødvendig med nytt offentleg ettersyn. Saka går til kommunestyret. Rådmannens framlegg til vedtak: Framlegg til detaljregulering for Åmot skule vert vedteken i medhald av pbl 12-12, med desse endringane : a. Sti vest for småskulen Rådmannen, Hans Kristian Lehmann, rådmann /s/ Handsaming i Plan- og miljøutvalet 29.05.2013: Framlegg frå SV v. Johan Vaa: Tillegg: Framlegg frå Alexander Stettin om utvida parkeringsareal og fortau blir innarbeidd i planen. Framlegg frå Ap v. Roar Berg Hansen: Tillegg punkt a: Stien skal vere dimensjonert for løypemaskin. Røysting: Framlegget frå rådmannen blei røysta over punkt for punkt. Rådmannens framlegg punkt a med tillegg frå Berg Hansen blei samrøystes vedteke. Rådmannens framlegg punkt b blei vedteke 6 mot 1 røyst. Rådmannens framlegg punkt c blei samrøystes vedteke. Vaas tilleggsframlegg blei samrøystes vedteke. Framlegg til detaljregulering for Åmot skule vert vedteken i medhald av pbl 12-12, med desse endringane : a. Sti vest for småskulen. Stien skal vere dimensjonert for løypemaskin. d. Framlegg frå Alexander Stettin om utvida parkeringsareal og fortau blir innarbeidd i planen.
Saksordførar: Roar Berg Hansen Handsaming i Kommunestyret 13.06.2013: Framlegg frå v. Jon Rikard Kleven: Nytt pkt. d: Detaljregulering av parkeringsarealet framom Vinjehuset skal ein koma attende til som eiga sak. Framlegg frå Aslak Ofte: Ta ut pkt. d. Plan- og miljøutvalets framlegg pkt a c blei samrøystes vedteke. Ein sette deretter framlegget til Ofte opp mot om ein skulle ha eit punkt d. Framlegget til Ofte blei vedteke med 14 mot 11 røyster. Ein røysta difor ikkje over Klevens framlegg Framlegget frå plan- og miljøutvalet blei vedteke. Framlegg til detaljregulering for Åmot skule vert vedteken i medhald av pbl 12-12, med desse endringane: a. Sti vest for småskulen. Stien skal vere dimensjonert for løypemaskin.