KOMMUNEDELPLAN FOR TUR- OG SKILØYPER, BYKLE KOMMUNE PLANPROGRAM 23.11.2016 Forslag pr. 24.11.2016 Vår ref. 2016/13 Foto: Grete Breivik
Innhold 1. Bakgrunn og formål med planarbeidet... 2 2. Innhald og verknad av planen... 2 3. Planomtale... 4 4. Overordna føringer... 4 5. Organisering av planprosessen... 5 7. Framdrift... 6
1. Bakgrunn og formål med planarbeidet Bykle kommune skal i gong med revisjon av kommunedelplan for tur- og skiløyper. Kommunedelplanen er frå 2008, fleire skiløyper har blitt vidareutvikla og nokre har blitt fjerna i gjeldane plan. Få nye turløyper har blitt opparbeidd eller tilrettelagt. I 2012 blei Heiplanen vedteken, planen legg føringar på ferdsel og bruk av heia for å ta omsyn til villrein. I tillegg er det sett i gong arbeid med besøksstrategi for verneområda på Hovden. Fortetting og etablering av større nye utbyggingsområde gir behov for å utvikle tur- og skiløypenetta, samt sikre at løypenettet ikkje blir nedbygd og at vi tek vare på de viktige naturverdiane i Bykle kommune. Destinasjon Hovden som «berekraftig reisemål» må vise til ein plan som tek omsyn til miljøverdiane i området. Formålet med planarbeidet er å få ein konkret og praktisk plan som kan brukast i utviklinga av tur- og skiløypenettet vårt. Bykle kommunen er i gong med ny kommuneplan for Bykle, målet er at alle tur- og skiløyper skal innarbeidast også i kommuneplanen. Ny tur- og skiløype plan skal ta for seg kartlegging og vidareutvikling av eksisterande løyper og turstiar, kanalisering av ferdsel, aktivitetar og tilgang til stiar og løyper. 2. Innhald og verknad av planen Planen skal utarbeidast som ein kommunedelplan etter plan- og bygningslova kapittel 11. Planen vil innehalde plankart, føresegn og planomtale. Planen har blitt vurdert etter forskrifta for konsekvensvurdering og det er kome fram til at planen ikkje må konsekvensutgreiast. Planen vil dekke heile Bykle kommune. Hovudtema i planen vil være: Turstiar: o Kor er det turstiar i dag, og kva slags standard dei har o Framtidige turstiar og standard på desse. o Korleis dei skal opparbeidast o Kartfesting av turstiar
Toppturar: o Kartlegging av topptur mål med omsyn til ferdsel o Kartfesting Skiløyper: o Dagens skiløypetrasèar og kva slags standar desse har o Framtidige skiløyper og standard på desse o Kartfesting Sykkelstiar: o Dagens sykkelstiar o Framtidige sykkelstiar og standard o Kartfesting Parkeringsmulegheiter: o Dagens parkeringsomfang o Forventa behov i framtida o Kartlegging av knutepunkt Aktivitetstilbod/rasteplassar langs tur- og skiløypene: o Mulegheiter for opparbeiding av rasteplassar langs løypenettet o Lokalitet og omfang Informasjonsformidling o Knutepunkt: informasjon om tilbod
o Omsynspunkter: informasjon om særskilte omsynssoner 3. Planomtale Den gamle planomtalen frå 2008 skal reviderast. Sentrale tema og vurderingar i planomtalen vil vere: Biologisk mangfald: o Omsyn til villrein o Omsyn til andre trua og sårbare plante- og dyrearter Landskap o Plassering og utforming av trasèar o Omsyn til naturlandskap og landskapsverdiar Universell utforming o Tilrettelegging og tilgjengelegheit Verking for barn og unges interesser o Tilrettelegging og tilgjengelegheit Beredskap og sikkerhet o Skred og flaum o Trafikk o Infrastruktur Kulturminne o Informasjon o Bevaring/omsyn 4. Overordna føringar Nasjonale føringar:
o Plan- og bygningslova o Naturmangfaldslova o Diskriminerings- og tilgjengelegheitslova o Kulturminnelova o Friluftslova o Nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging o Forskrift om vern av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde o Forskrift om vern av Vidmyr og Lislevatn Naturreservat og Hovden landskapsvernområde Regionale og kommunale føringar: o Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheien og Setesdal Austhei. «Heiplanen» (2014) o Kommuneplan Bykle 2010 2020 (under revisjon) o Idrettsplan o Strategi for folkehelse i Aust-Agder 2014-2015 o Regional plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet lokale og regionale kulturarenaer i Aust-Agder 2014-2017 o Besøk Agder 2030. Besøksstrategi for Agder 2015 2030. 5. Organisering av planprosessen og medverknad Forutan administrativ arbeidsgruppe er det mange aktørar som er sentrale i det framtidige planarbeidet. Samarbeidsaktørar som aktivt må være ein del av planprosessen er blant anna: - Verneområdestyre for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane - Statens Naturoppsyn - Aust-Agder Fylkeskommune - Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder - Hovden Løypekøyring AS - Destinasjon Hovden AS - Hovden Sportsklubb - Bykle IL - Hovden Skigymnas
I tillegg til desse vil velforeiningar og grunneigarar bli sentrale i medverknadsprosessen. Planutvalet vil vere politisk styringsgruppe for planen. 7. Framdrift Planarbeidet vil ta i underkant av eitt år med følgande framdriftsplan: Varsel om oppstart av planarbeid, høyring av planprogram Vedtak av planprogram Des. Jan. Feb. Mars April Mai Juni Juli August Utarbeiding av planforslag Offentlig ettersyn 1. gong Orienteringsog drøftingsmøter Folkemøte 2. gangs handsaming og endeleg vedtak