Raud Aroma haustetidsvurdering 26. september, samanlikna med målingar forrige veke:

Like dokumenter
Haustetilrådingar for Nordfjord 25. september 2017

Haustetilrådingar per 12. sep (etter prøveuttaking11. sep.)

Haustetilrådingar per 5. sep (etter prøveuttaking 4. sep.)

Frukt Plantevern. Frukttrekreft og risiko for fruktråte

Sprøyteteknikk i bringebær Hamar

Erfaringar frå økologisk dyrking. Nordre Nes, Gvarv Tone Ness og Mikkel Aanderaa

Gjødselvatning. pr daa:

Vårmøte 24.mars 2011

Prosjekt: «Øke omsetning og etterspørsel av norske epler»

Gartnerhallen. Modningsgrad ved hausting av Edda. Bilete 1: Umogen plomme med synleg grønleg grunnfarge. Skal ikkje haustast.

Vårmøte Jordbær Bringebær Dan Haunstrup Christensen 1

Avling i økologisk epledyrking. v/ Gaute Myren, Liv Lyngstad og Marianne Bøthun

Storskalaforsøket i eple og. Bioforsk Ullensvang

Plommedyrking og plantehelse i plomme. Gaute Myren

Næringsforsyning i frukt

Haustetidsvurdering eple NLR Viken. Fellespakkeriet Lier 30.Mai 2011

Oppsummeringsmøte Gaute Myren

Viktige sortseigenskapar for bær til industri. Arnfinn Nes

Resultat frå eit lite forsøk med oppfølging av vekst og utvikling av trea. Samt måling av tilvekst av pærekarten og rett haustetid for pæresorten.

Strategiar mot skurv i økologisk epledyrking. Arne Stensvand

Næringsforsyning til rett tid i økologiske eple. Eivind Vangdal, NIBIO Frukt og Grønt Ullensvang

Norsk økologisk frukt til forbrukar og andre økofruktprosjekt

Nettside: varsling frå NIBIO.

Fagleg rapport frå prosjektet Bringebær under tak, og i forlengja sesong (Av: Gabriela Lundberg, FBØ)

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Prosjektorganisering: Mål: Utvikle regime for langtidslagring av dei viktigaste eplesortane våre for å

Bringebærsesongen 2018

Klima i plasttunnelar ved økologisk dyrking av bringebær

Vintervèr i Eksingedalen

Rips og stikkelsbær for frisk konsum

«Økologiske bringebær»

Fagdag/kurs bringebær Kvæfjord, Bodø og Mosjøen 17-19/ Jan Karstein Henriksen Norsk Landbruksrådgiving Agder

Plommesortar for økologisk dyrking

Finn rett haustetid for eple

Jan Karstein Henriksen Norsk Landbruksrådgiving Agder

Frukt - Sorter. Ulike Elstar'-kloner i hauste- og lagringsforsøk

Sortsprøvinga i eple- Kva skal me satsa på under norske tilhøve? Mekjell Meland og Oddmund Frøynes Bioforsk Ullensvang

Buskfrugt: Tidligere indsats mod skadegørere Erfaringer med frostskader

Dobbel og enkel Guyot.

Rådgivingstilbud innenfor økologisk produksjon

Plantevern Jordbær og bringebær

Vårmøte frukt. Gaute Myren

Spesialmiddel mot midd

Web: Facebook: Telefon:

Industriproduksjon av ribes solbær, stikkelsbær og rips. Sigrid Mogan

Norsk fruktdyrking - ei framtidsnæring?! Torbjørn Takle Norske fruktdagar 2016, Ulvik 29. januar 2016

Plantevern Jordbær og bringebær

Avdriftsreduserande tiltak ved sprøyting i bringebær

Luserne kan gje god avling

Bringebærsesongen 2014

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring»

Prøving av nye jordbærsortar for konsum og industri

YaraVita bladgjødsling Oppdatering og anbefalinger Ole Stampe, 4. februar 2014

6-åringar på skuleveg

Tiltak mot epleskurv

Erstatning etter klimabetinga skade frukt 2015

«Stikkelsbær til friskkonsum som delikatessebær»

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Oljesprøyting mot skadedyr i frukt

Sprøyteteknikk i bringebær

Fast og flytende gjødsel i økologisk fruktproduksjon

Øko møte. Innhold beskjæring Basis regler Nyplantet trær Kvalitet STS. Kilde: jeg brukte bilder og materialer fra AWIKA og Fruitconsult

Praktiske erfaringar med økologisk fruktdyrking

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

Bringebærkurs. Del 2. Norsk Landbruks rådgiving Innlandet

Markdag i potet, Reddal- 02. juli. Sigbjørn Leidal

Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras

Korleis kan vi løysa problemet med lêrròte i jordbær?

FRISKSALAT. Feltforsøk med utprøving av Perlka og Contans. Håvard Eikemo, NIBIO. Håvard Eikemo Prosjektmøte FriskSalat

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

Fjorårets jordbærsesong

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

To etablert felt med gjødselvatning til eple. Det er gjort nødvendige tilpassingar for å få til forsøka.

Økonomi i økologisk og konvensjonell eple og plommedyrking

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Lagersjukdomar i eple og pære. Arne Stensvand og Jorunn Børve Bioforsk Plantehelse

Dyrkingsveiledning for Pelargonium x Hortorum

Årsmelding 2014 for Sognefrukt SA

VOLLASETRA I SUNNDAL

Reduserte dosar av soppmiddel mot gråskimmel i jordbær

Konsekvensar for plantehelse ved opnare import. Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse

Månadsbrev for Blå, april 2016

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Vårmøte frukt. 31.Mars Gaute Myren

Brukarrettleiing E-post lesar

Ugrasforsøk 2011 Jordbær. Dan Haunstrup Christensen Jørn Haslestad

Alternative effektive metoder mot mjøldogg i jordbær

mmm...med SMAK på timeplanen

VEKSTREGULERING HJÅ EPLE, FYSISK OG KJEMISK, ROTSKJÆRING ELLER SPRØYTING. Mekjell Meland og Frank Maas NIBIO Ullensvang Gaute Myren, NLR Viken

Nr November Tiltak mot skadegjerarar i økologisk bærdyrking: Bringebær.

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Alternative metoder til bekjempelse av jordbærmjøldogg og jordbærøyeflekk

TUNNELDYRKING I SØTKIRSEBÆR V/ Wenche Rundsag Høgetveit

Blackcurrant and og Redcurrent

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

Risingskurs Luster 2012

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

FYLKESMANNEN I HORDALAND

Strategier soppbekjempelse 2016

Livssyklys spinnmidd. Bruk av rovmidd i bringebær

Transkript:

Frukt-bær melding 18-2016 28.09.2016 Haustetidsvurderingar i frukt Nest siste runde med haustetidsvurdering kjem her. Uveret som var meldt i natt med sterk vind og store nedbørsmengder har så vidt vi har registrert ikkje gjort særleg skade i Aromahagane. Det er meldt meir nedbør i kombinasjon med moderat vind opp til 7 sekundmeter framover til helga, men frå søndag blir det opphaldsver med dagtemperatur på 10-12 grader og stilt. R Aroma/Aroma: 3 felt frå Nordfjord er med denne veka. Prøvar frå desse felta viste forrige veke at dei måtte vente litt med starthausting. Alle felt i Sogn er alt under plukking så dette er siste vurdering av Aroma i år. Rubinstep: 1 prøve frå Sogn, ny prøve blir teken ut komande måndag. Haustetidsvurderingar frå Sogn blir og lagt ut på heimesida til Sognefrukt; http://www.sognefrukt.no/ Raud Aroma haustetidsvurdering 26. september, samanlikna med målingar forrige veke: Ref.verdi Fruktfastleik Stiveverdi Streifverdi Prøveuttak 19.09 26.09 19.09 26.09 19.09 26.09 19.09 26.09 1) K O Loen 10,6 11,3 7,1 6,8 2,6 3,7 0,258 0,164 2) M Andenes 10,5 11,2 7,1 6,8 2,9 4,2 0,235 0,144 3) B Tystad* 10,5 11,4 7,5 7,2 2,4 3,8 0,299 0,165 Rettleiande verdi v/hausting 11,2 6-7 5-7 0,07-0,12 * Gul Aroma Dei tre Aromafelta som er med på denne avsluttande haustetidsrunda hadde i forrige veke litt å gå på med kvalitetsauke før starthausting. No ser ein klar skilnad på epla som har fått høgare sukkerverdi og mjukare fruktkjøt samtidig som stiveinnhaldet er redusert (gjev høgare tal). Dei to felta med R Aroma er no klar til starthausting, dekkfargen er blitt skinande raud og grunnfargen er gul. Feltet med gul Aroma kan med fordel hange på til komande helg før ein startar med haustinga. Frå søndag er det meldt opphaldsver, men litt opptørking etter regnversdagane trengst nok i dei fleste hagar før ein køyrer ut på.

Rubinstep haustetidsvurdering 27. september samanlikna med målingar forrige veke: Prøveuttak Ref. verdi Fruktfastleik Stiveverdi Streifverdi 19.09 27.09 19.09 27.09 19.09 27.09 19.09 27.09 1) Gunvor Lidal 10,3 10,0 10,5 10,1 2,7 3,7 0,375 0,271 Rettleiande verdi v/hausting 10,8 7,5-8,5 Gravenstein nytta som mal Grunnfargen på epla er enno mest i grønt. Epla har enno fast fruktkjøt og meir stive bør omdannast til sukker før starthausting. Ny prøve komande måndag. Trykkflekkar på Aroma Gul Aroma er spesielt utsett for skjemmande trykkflekkar, då epla er lyse og skalet er tynt. Trykkflekkar av ulikt slag kan skade epla både under innhausting og ved handtering vidare heilt fram til fruktdisk og forbrukar. Ein del av flekkane kjem som fingermerke under plukkinga. Dette kan enkelt reduserast ved å bruke tynne hanskar med gummi i grepsflata ved innhausting. Gummibelegget gjev godt grep på epla og reduserar trykket av fingrane mot skalet. Skånsom tøming av haustebaggane i kassene er og ekstra viktig. Blir ein vant til å plukke med hanskar føretrekkjer nok mange å bruke slike på fleire sortar under innhaustinga. Tilbakemutering ser vi mange eksempel på ved innhenting av Raud Aroma til haustetidsvurdering, og då spesielt i klon 'Ylvisåker'. I alt for mange nyare hagar ser vi at enkeltgreiner eller heile tre har mutert tilbake. Slike eple utviklar dårleg dekkfarge, ofte med raude striper eller ujamne fragment av raudfarge. Ein ser og at epla ikkje utviklar dekkfarge i det heile slik som nederste eple på bilete til høgre. Dette veks på ei anna grein enn dei raudfarga og samtlege eple er omtrent utan dekkfarge. Klon 'Fagravoll' er brukt ein del siste åra og viser betre stabilitet i dekkfargen. Den utviklar ein jamnare, men meir avdempa, blådogga raudfarge. Epla får og ei flatare form og har kanskje litt tjukkare skal. Denne er derimot litt tregare til å utvikla grunnfargen enn Ylvisåker.

Rognebærmøllangrep? Meld tilbake om skade! Under innhaustinga av Aroma får ein god oversikt over evt. angrep av rognebærmøll. Sorten er mjuk og utsett for stikk i angrepsår. Kløyv gjerne eple som har stikk i skalet og sjå etter slyngete gangar i fruktkjøtet for å få sikker stadfesting på at det ikkje er viklarskade, nøttesnutebille eller andre skadegjerarar. Ta evt. kontakt med rådgjevar for hjelp til identifisering av skade. Vi ynskjer å evaluere rognebærmøllprognosar med det faktiske resultatet hjå dyrkarane. Meld difor frå om du finn angrep i eple. Har du usprøyta hagar utan angrep høyrer vi og gjerne frå deg. PLOMME Etter ein ujamn plommesesong, der spesielt sorten Reeves svikta i avling, står det att "vinterklargjering" av plommefelta; det gjeld bladgjødsling på grønt bladverk med urea og mikronæring og koparsprøyting mot bakteriekreft. Bladgjødsling Ein del har vore ut med bladgjødsling tidlegare, best opptak får ein på grønt bladverk og sprøytinga bør difor ut så snart vertilhøva tillet køyring i hagane. Komande veke verkar lovande. Preparat og dosering pr dekar: 100 g MAP (skal fyrst i tanken) 100 ml Bortrac 100 ml Zintrac 100 ml Mantrac Koparsprøytingar mot bakteriekreft under bladfall. To sprøytingar ved 20 % og 80 % bladfall. Skal dekke arr etter bladstilkane og hindre smitte av bakteriekreft. I felt med mykje bakteriekreft er det og aktuelt å ta med Nordox i bladgjødslinga for å redusere bakteriemengda på bladverket. Dosering pr dekar: 100 g Nordox pr sprøyting. Totaldose pr dekar til vår- og haustsprøytingar er 400 g. I juli månad vart det påvist bakteriekreft i fleire plommefelt i Nordfjord, spesielt i Reeves. Bilete t.v. viser angripen grein som er starta å visne ned. Bilete i midten viser sår med utflod på stamme og ved greinbasis. Bilete t.h. viser eit av fleire tre som er nedvisna, med mykje sår etter bakteriekreft på stammen. Dette er 7 år gamle Reeves som tidlegare har vore friske og produsert god avling. Har truleg hatt latent smitte med heilt tilbake til utplanting, men som fyrst har gitt utbrot i år.

BRINGEBÆR Bringebærrust påvist i Sogn og Nordfjord Det er no påvist bringebærrust både i Sogn og Nordfjord. I Sogn har ein hatt smitte i nokre få felt dei to siste åra, utan at dette har redusert tilvekst og avlingsnivå i felta. I bærdistrikt på Austlandet og Sørlandet, der denne soppsjukdomen er meir utbreidd, kan derimot angrepa enkelte år vere så omfattande at produksjonspotensialet i felta blir redusert. Bileta over viser symtom på bringebærrust seint i september, etter utskjering. Dei nederste blada på plantane har kraftige angrep, avtakande angrep oppover stenglane. Bladoversida er gulspetta. Bladundersida har guloransje sommarsporar og svarte vintersporar. Smitte vil spreie seg til nyvekst frå vintersporar komande vår. Bilete under og t.h. viser symtom på bladoversida i juni. Nedbryting av bladverk kan vere med å redusere smittepresset til våren. I bærdistrikt som har stor utbreiing av bringebærrust blir det tilrådd å sprøyte urea på bakken etter bladfall for å gje raskare nedbryting. Går blada i oppløysing vil smittepresset på nyveksten til våren bli redusert. Strategiar for bekjemping kjem vi tilbake til, det er og gjennomført bekjempingsforsøk mot bringebærrust i Agder i 2016. Enkelte av soppmidlane har ein viss effekt på rustsoppen. Ta gjerne ei synfaring i felta og sjå etter symtom som vist på bileta øverst. Sikrast identifisering får ein ved å sjå etter gulroransje sommarsporar og svarte vintersporar på bladundersida. NLR ynskjer også å kartlegge omfanget slik at vi veit kva utfordringar vi står overfor komande sesong.

Bladmidd i bringebær Under bladfall i bringebær er det tid for olje/såpe eller Thiovit. Vi anbefaler minst én runde i alle Glen Amplefelt fordi den er utsatt for bladmidd. Dette gjelder også i nyplantinger. Ved lavt smittepress og god erfaring med kun én behandling kan det være nok. I slike tilfeller bør nok sprøytingen gjøres ganske seint slik at man får god væskedekning i bladfestet. I felt som har bladmiddsymptom bør det sprøytes to ganger i løpet av oktober/november, med 14 dagers mellomrom. Kommer det frost eller mye regn som gjør behandling nummer to vanskelig er det greit å utsette den til før knoppsprett neste år. Målet med denne sprøytingen er at væsken skal legge seg i bladfestet og drukne midden som har skjult seg der for å overvintre. I en åpen hekk kan det være en fordel å slå av vifta på tåkesprøyta og bruk godt med væske! Effekten av olje + såpe og Thiovit ser ut til å være like god, det er derfor opp til hver enkelt hva dere velger. Begge deler er også godkjent i økologisk dyrking. Thiovit har en viss evne til å fremme bladfall så hvis bladene har en tendens til å henge på fram til jul kan det være lurt å bruke Thiovit på den første runden. Topping Vi har fått noen spørsmål om effekten av tidlig topping i år. Vi kan ikke garantere at dette går hverken bra eller dårlig fordi det avhenger av været. Med en varm høst er faren at de øverste knoppene i toppede felt bryter allerede nå i høst. Disse vil sannsynligvis ikke avslutte veksten i tide før vinteren og står i fare for å fryse i løpet av vinteren. Det betyr null avling i toppen. Det er derfor vi anbefaler så sen topping som mulig, helst etter at man har sett at veksten har stoppet. Toppes feltet tidlig må man i hvert fall toppe høyt slik at man kan klippe bort utfryste knopper neste vår uten å miste avling. Seinhøstes er det derimot en fordel å toppe de høyeste skuddene godt ned slik at de ikke blir et alt for stort vindfang. Helsing Stine Huseby, tlf.: 48040498, e-post: stine.huseby@nlr.no Marianne Bøthun, tlf.: 95290740, e-post: marianne.bothun@nlr.no Rune Vereide, tlf.: 90169501, e-post: rune.vereide@nlr.no Heimeside NLR S. og Fj: https://vest.nlr.no/