SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE Den kulturelle skulesekken. Kulturkontakten. Informasjon til kulturkontaktane og skulane

Like dokumenter
Bodø kommune Den kulturelle skolesekken. Kulturkontakten. Informasjon til kulturkontaktene og skolene

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

DEN KULTURELLE SKULESEKKEN I SOGN OG FJORDANE Referat frå møte med kulturkontaktane, april mai 2010

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune

Den kulturelle nistepakken

håndbok for kulturkontaktene i Snåsa Den kulturelle skolesekken

STRATEGI FOR DKS-ARBEID I NÆRØY KOMMUNE. VEDTATT I KULTURFORUM NÆRØY 9. januar Innhold

KJERKÅ Ein musikalsk arkitek-tur

FAGPLAN for Den kulturelle skolesekken i Nord-Aurdal kommune

Temaplan for den kulturelle skolesekken Levanger kommune

Plan for DKS 2015 Sendes:

Vaksenopplæringa i Sula

SONGBIRD. En tribute til Eva Cassidy. Med Ingrid Kjosavik, Knut Aabø og Svein Olav Hyttebakk. Målgruppe: Ungdomstrinnet og den videregående skolen.

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Kopi til: Arkivnr.: 631. Plan for Den kulturelle skolesekken i Hordaland skuleåret

Den kulturelle skulesekken i. Ål kommune. Handlingsplan Den kulturelle skulesekken i Ål kommune Handlingsplan

SUPERWOMAN. Thea Danielsen Fjørtoft Klassetrinn:

Handlingsplan

FENGSLET EN BOK OM Å SITTE INNE. Bjørn Arild Ersland. Klassetrinn: videregående

RISS - grafikkverksted. med Solveig Landa og Anita Tjemsland. Klassetrinn: 7.

Plan. Den kulturelle skolesekken. Narvik kommune

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6:

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

WeFiction & Private Rite

Rådmannsutvalet Førde

Lærerveiledning Public Art Screens. i/o/lab. Videregående

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Behandles av utvalg: Møtedato Utvalgssaksnr. Utvalg for kultur og oppvekst /10

Kunst- og kulturformidlingsprogrammet i skulen. Kriterium og fagleg arbeid.

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

en kulturelle skolesekken i Øs D tfol 09/10 d, e h n e å t n k d a b t o n o k k r u t l u k r o f

Håndbok. for kulturkontakter

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skolesekken for skuleåret

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Fritid på skulen. Kvalitetsplan for Skulefritidsordninga (SFO) i Sveio kommune Foto: Ida Vollum

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Pedagogisk plattform

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

HANDLINGSPLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN (DKS) I MODUM

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Østfold kulturproduksjon

«HVEM HAR ANSVARET FOR DEN KUNSTFAGLIGE OPPLÆRINGEN?»

9,101-23P-doknr HORDALAND FYLKESKOMMUNE. -gg nr_l_av 1 SÆRUTSKRIFT

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Direkte støtte til tiltak for barn og ungdom: Kulturmidler som er med og finansiere tiltak for barn og ungdom:

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Strategidokument

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Den kulturelle skolesekken

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Vidareutdanning kobla til satsinga på vurdering for læring

PLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN INDRE FOSEN KOMMUNE

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Levanger kommune Den Kulturelle Skolesekken LEVANGER PLAN Den Kulturelle Skolesekken - Driftskomiteen , Tone V Rostad

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Sandeid skule SFO Årsplan

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule

Plan for. Den kulturelle skulesekken. for Gaular kommune

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Ungdomstrinnsatsinga

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Transkript:

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE Den kulturelle skulesekken Kulturkontakten Informasjon til kulturkontaktane og skulane 1. utgåve, sept. 2006

DKS i Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane fylkeskommune skal gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS) formidle profesjonell kunst til grunnskulane i fylket. Kulturkontakten på skulen har ei sentral rolle i arbeidet med å sikre gode møte mellom elevar og utøvarar. Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing finansiert gjennom overskot frå Norsk Tipping og bidrag frå fylkeskommunen og kommunane. Sogn og Fjordane Fylkeskommune ved Kulturavdelinga administrer eit fylkestilbod med turnear, i tett samarbeid med Utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen. Vi ønskjer alle at møtet mellom kunstnarar og elevar skal bli best mogleg. For å lukkast må informasjonen om dei ulike tilboda nå ut til dei vaksne som skal førebu og vere saman med elevane. Nokre tilbod krev førearbeid og-/eller etterarbeid, andre har ikkje særskilte krav til involvering. Uansett er det viktig at elevane er orientert om kva som kjem og kven som kjem. Forventninga hos elevane er ein viktig del av energien i møtet mellom elevane og utøvar(ane)/kunsten. I dette arbeidet treng vi hjelp frå den einskilde skule. Ordninga med kulturkontakter er etablert på alle skular i fylket. Lukke til som kulturkontakt i Sogn og Fjordane! INNHALD: Formidling av informasjon Kva er ein kulturkontakt? Ansvar/oppgåver Organisering Skulen som arrangør og vertskap Skulen som kulturarena Kontaktinformasjon Kort oppsummert Sagt av utøvarar Lærarar frå grunnskular og kulturskular i Sogn og Fjordane lærer folkedans. Frå Opplevingsseminaret i Loen 2006. Foto: M.H. Aaraas FORMIDLING AV INFORMASJON DKS satsar på nettbasert informasjon via heimesida: www.ksys.no. Der har kommunane og skulane igjen sine sider, som gir eit godt oversyn over fylkestilboda til kvar einskild skule. Fakta om tilbod, turneplan, lærar-rettleing m.m. legg vi ut på heimesidene i så god tid som råd. Alle tilbod for neste skuleår blir gjort kjent medio april, i form av titlar og korte omtalar. Fyldige omtalar er tilgjengelege før utgangen av mai, og turneplanar for komande semester skal vere klare i god tid til semesterstart. Frå Stortingsmelding nr.38 (2002 2003) Den kulturelle skulesekken: Kunsten føreset kunnskap og dugleik. Publikum si evne til å oppleve og forstå kunst er noko som må utviklast - dersom ein skal nå inn til mest mogleg av den rikdomen som kunsten si verd rommar. Det er difor vesentleg at også born og unge får høve til å møte god kunst på eit tidleg tidspunkt, og at den undervisninga som vert gjeven i skulen, vert bygd ut med eit tilbod som appellerer til dei unge sitt kjensleliv og deira kreative evner. KVA ER EIN KULTURKONTAKT? Kulturkontakten kan vere rektor på skulen, eller ein person ho/han gir oppgåva til. Funksjonen inneber å vere skulen sin ressursperson, kontaktperson og bindeledd mellom tiltaket Den kulturelle skulesekken/utøvarane og skulen. ANSVAR/OPPGÅVER I HØVE FYLKESTILBODET: Halde seg orientert om tilbodet Vere ein aktiv kontaktperson i høve fylkeskommunen og ulike utøvarar. - Det inneber også å sjekke at datoar i turneplanen er i orden og at kontaktinformasjon på heimesida er rett. Vidareformidle og sikre informasjon til klasselærarar om dei ulike tilboda. Sikre den praktiske førebuinga, som sceneplass, utstyr, avtalar om lyd og lys m.m. Sikre at utøvarane blir vel tekne imot når dei kjem til skulen. Sikre at utøvarane blir presentert for elevane når det er eit ønskje (på større framsyningar frå scene), og at dei blir presentert for klasselærarane når tilbodet er klasseromsbesøk. Bidra til at skulen/einskildlærarar sender inn evalueringsskjema etter besøk/framsyning. Vere skulen sitt "talerør" og delta i dialogen som skal hjelpe oss å utvikle fylkestilbodet. Følgje opp "kulturvertar" (elevar) eller andre som får delegert ansvar ved besøk på skulen.

Kulturkontakten si rolle i høve lokale satsingar i DKS vil vere mykje den same som i høve fylkestilbodet. Likevel vil kulturkontakten naturleg nok vere meir aktiv i både planlegginga og gjennomføringa av lokale tiltak. Informasjon knytt til lokale tiltak vil bli formidla i jamnlege møte i det lokale kulturforumet, og i form av direkte kommunikasjon mellom aktuelle partar. Her har kommunane sine ulike modellar. ORGANISERING Vi tilrår at kulturkontakten og leiinga ved skulen har faste møte der både fylkestilbodet og dei lokale DKS-tiltaka blir gjort kjent og diskutert. Kulturkontakten eller rektor bør med jamne mellomrom informere kollegaer; på personalmøte, e-post, skulen si heimeside, internmeldingar, (kultur) oppslagstavle m.m. Det er viktig at kulturkontakten dokumenterer arbeidsoppgåver og tidsbruk slik at leiinga ved skulen kan setje av tid til arbeidet i samsvar med tidsbruken, t.d. i form av redusert lesetid. På større skular vil det vere ei føremon om to personar delar på oppgåva som kulturkontakt. NB! Kulturkontakten skal sikre at ting blir gjort, ikkje gjere alt sjølv. SKULEN SOM ARRANGØR OG VERTSKAP Det kan vere ein god idè å la elevane få oppdrag som arrangørar. Elevar som arrangørar: Det kan vere ein god idè å la elevane få oppdrag som arrangørar. Nokre skular har etablert ei ordning med "kulturvertar" ved skulen. Elevar søkjer og får stillinga for eit år om gongen. Andre skular lar elevrådet, eller eit og eit klassetrinn få einskildoppdrag. Kvar skule finn si form. Det vil uansett vere svært utviklande for elevane om dei på omgang får ansvar for t.d. ein skulekonsert eller ei teaterframsyning. Elevar og lærarar bør saman utarbeide ein "instruks" for korleis ei klasse eller ei arrangørgruppe skal arbeide og kva slags oppgåver dei skal ha. Døme på oppgåver, vil vere: Informasjon på skulen/til klassene, pressekontakt (invitere lokal-avisa/ NRK), teknisk ansvar, kontakt med vaktmeister, vertskap for utøvarane (kaffi, te og noko attåt), berehjelp, ansvarlege for å introdusere og takke for besøket Utfyllande informasjon om ulike typar framsyningar finn de på heimesida: www.kulturtorget.no/konsertpiloten Kvar skule bør ha sine rutinar for korleis dei tek imot gjester. Der det er naturleg kan ein presentere dei for kollegiet på skulen. Enkel servering vil vere ein god måte å vise gjestfridom på. Lærarane si rolle: Det er svært viktig at lærarane tek ansvar og lar seg involvere i ulike tilbod. Elevane blir påverka av lærarane si deltaking og deira engasjement. For utøvarane betyr det mykje for motivasjonen å bli møtt med interesse. Ei imøtekomande haldning frå læraren si side, uansett om form og kulturuttrykk er kjent eller framand, vil bety mykje for utbytet til elevane. Lærarane har eit medansvar for at den praktiske tilrettelegginga blir best mogleg. Vi ønskjer at lærarane skal oppleve DKS-tilboda som ein viktig og naturleg del av skulekvardagen, og nytte materiell/idear knytt til føre- og etterarbeid. Det er flott når lærarane sjølve set ut i livet eigne idear til elevaktivitetar knytt til ulike besøk. Frå framsyninga "Munch - en reise i dans, musikk & billedkunst".

SKULEN SOM KULTURARENA Leiinga ved skulen bør, saman med kulturkontakten(e), arbeide for at skulen kan fungere best mogleg som ein kulturarena. Oppgåvene som er skildra over vil vere ein viktig del av eit slikt arbeid. Det vil også vere viktig å ha ein plan for korleis ein ønskjer å organisere, planleggje og prioritere den estetiske kvardagen ved skulen. Er tilhøva gode nok? Treng skulen å rustast opp for å bli ein betre arena for ulike kulturtilbod? Kva kan gjerast med enkle midlar i nær framtid? Alle bør ha ein langsiktig plan for korleis fysiske tilhøve skal betrast og korleis ein skal få investert i t.d. naudsynt teknisk utstyr. Kulturkompetanse Skulane våre har gjennom alle tider vore sentrale kulturinstitusjonar. Tiltaket Den kulturelle skulesekken er med på å auke tilfanget av kulturopplevingar og erfaringar, og har m.a. som føremål å styrkje kulturforståinga hos både born og vaksne. Skulane vil gjennom stadige møte med ulike utøvarar og ulike kunst- og kulturuttrykk, få auka kulturkompetanse til vekst og glede for både små og store. Kunst og kultur gjev opplevingar som kan ha avgjerande verknad på utviklinga av det enkelte menneske sin personlegdom og livskvalitet. Ved å ta del i kulturelle aktivitetar og få oppleve kultur vert vi òg deltakarar i den store forteljinga, det djupe verdifellesskapet som gjer oss til siviliserte menneske. Frå teaterframsyninga "Balladen om Bohm og Bøhmer". Vi ønskjer å styrkje nettverket av kulturkontakter i Sogn og Fjordane, og deira kompetanse, ved å innby til årlege samlingar i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen. I haustsemesteret inviterer vi til eindags eller to dagar DKS-konferanse I vårsemesteret inviterer vi til Opplevingsseminar (arr. saman med Norsk Kulturskuleråd). KORT OPPSUMMERT Til betre planlegginga og delegering av oppgåver er, til betre blir møtet mellom elevar (og lærarar) og utøvarar. Arbeidet som blir gjort på skulen på førehand med å informere,motivere og inspirere, er viktig. Det kan skje på mange måtar, og gjerne ved hjelp av elevarrangørar. Bruk fantasien! Under framsyninga er det utøvarane som har ansvaret for å engasjere elevane. Toleransegrensa for elevar som viser tydeleg engasjement, bør vere høg. SAGT AV UTØVARAR I DKS: "I det vi kjem inn på skulen og møter dei første elevane eller den første læraren, merkar vi kva slags kultur som rår. Førsteinntrykket er ofte rett." "På skular der rektor eller einskildlærarar viser engasjement og gjev tydelege signal på at kulturtilbod er verdsett, rår det ein mentalitet som gjer at samspelet kjem av seg sjølv". "Primstaven" blir formidla til elevar ved Trudvang skule i Sogndal. Foto: M.H.Aaraas "Dei få gongane vi er blitt tekne imot av elevar, har besøket vore svært vellukka. Vi har kome tidleg i kontakt med målgruppa, og våre kontaktpersonar har teke ansvar for at medelevane skal vere eit godt publikum". "Når lærerne sitter mellom elevene oppstår det sjelden problem under konserten. Det er verre når en lærer kommer styrtende inn i elevflokken fra sin posisjon ved bakveggen, det kan vere svært forstyrrende." "Mindre skular utmerkar seg ofte med at dei viser større glede over at vi kjem, og så er dei flinkare til å hjelpe oss å bere utstyr På større skular er det ofte meir stress " "Det beste lærarane kan gjere er å delta som publikum." "Dette ble skikkelig Rock n roll! Forestillingen gikk stort sett rett hjem hos målgruppen. Masse positiv respons både under og etter forestillingene!" "Rydding/klargjering av rom: Alt for dårleg! Stort sett har vi måtta rydde sjølve, evt med motvilleg hjelp kanskje av ein lærar/kontaktperson som helst ville fortelje om alt han/ho hadde å gjere." "HYSJ er eit ord som ofte skapar meir uro enn det motsette." Mål for Den kulturelle skulesekken: Å medverke til at elevar i grunnskulen får eit profesjonelt kulturtilbod Å leggje til rette for at elevar i grunnskulen skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag Å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål. Den kulturelle skulesekken skal vere forankra i den generelle delen av læreplanen for grunnskulen og byggje opp under dei pedagogiske målsetjingane i skulen.

Frå Stortingsmelding nr. 38 (2002 2003) Den kulturelle skulesekken: Kreativ kompetanse og evne til å vere nysgjerrig er viktig for lærelysta til elevane, lærings-utbyttet på alle område og evna til nyskaping. Opplæringa i kultur i skulen har også ei eiga utfordring i å tilpasse seg arbeidsmarknaden i framtida og kompetansekrav frå næringslivet. Ikkje minst er evna til nyskaping avgjerande viktig for eit kunnskapsbasert og konkurransedyktig næringsliv. Kommunikasjonsevner, evne til symbolbehandling og sans for grafisk utforming er nokre døme på kva type kulturell kompetanse skulen kan bidra til å utvikle. I eit fleirkulturelt og høgteknologisk samfunn er dette etterspurt og naudsynt kompetanse. eko - Førde Foto framside: Frå framsyninga Den vesle prinsen, fotograf Knut Utler. Kontaktinformasjon: Eva Kristin Svidal, Konsulent, Kulturavdelinga Tlf. 57 82 50 32 eva.kristin.svidal@sf-f.kommune.no Margrethe Henden Aaraas Rådgjevar, Kulturavdelinga Tlf. 57 82 50 15 (19 dir.) margrethe.henden.aaraas@ sf-f.kommune.no Spørsmål kring skulekonsertar: Øyvind Lyslo, produsent, Kulturavdelinga Tlf. 57 82 50 10/901 13 433 oyvind.lyslo@sf-f.kommune.no Rasmus Stokke, Rådgjevar, Utdanningsavedelinga hos fylkesmannen Tlf. 57 65 54 04 rasmus.stokke@fmsf.no Kjellaug Røyrvik, turnéleggar skulekonsertar, Utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen Tlf. 57 65 54 10 kjellaug.royrvik@fmsf.no