DEN KULTURELLE SKULESEKKEN I SOGN OG FJORDANE Referat frå møte med kulturkontaktane, april mai 2010

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "DEN KULTURELLE SKULESEKKEN I SOGN OG FJORDANE Referat frå møte med kulturkontaktane, april mai 2010"

Transkript

1 1 DEN KULTURELLE SKULESEKKEN I SOGN OG FJORDANE Referat frå møte med kulturkontaktane, april mai 2010 I tida 27.april 4. mai vart det skipa til møte i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga. Møta vart haldne i Lavik, Førde, på Nordfjordeid og Leikanger. Her møttest kulturkontaktar frå kommunane og skulane (grunnskulen) for å diskutere oppgåver og utveksle erfaringar knytt til arbeidet med Den kulturelle skulesekken. I tillegg til møta, var deltakarane også inviterte til å sjå ei DKS-framsyning. Dette fellesreferatet er tematisk ordna etter overskrifter/problemstillingane vi tok opp på møta. Til sist har vi teke med generelle innspel. Korleis arbeidet i kommunane/på skulane fungerer Arbeidet med Den kulturelle skulesekken fungerer svært ulikt rundt om i kommunane. I tillegg til gode rutinar, er det viktig at alle involverte tar eit medansvar. Svara og innspela under er utfyllande vurderingar knytte til fylkestilbodet i DKS. Gode døme frå skulane: Kulturkontakten legg ut lenkjer til ksys på eigne internettsider og involverer lærarar og andre brukarar av skulesidene i fylkestilbodet til DKS. Lærarar/leiing vurderer tilbod i høve målgruppe dersom talet tillet det, og utøvarane godkjenner utvida deltaking. Under framsyningane blir det teke mange bilde som blir nytta i samtalar i etterkant. Vi prøvar å bruke DKS for alt det er verd! Fleire innlemmar tilbod frå DKS i årsplanane til skulen. Vi brukar elevrådet ein god del til å følgje opp kunst- og kulturtilboda. Det er viktig å vere eit godt vertskap, og at dei vaksne er gode rollemodellar for korleis vi tek imot og takkar farvel til dei som kjem til skulen (mat og prat). Elevar som arrangørar fungerer veldig bra. Vil gjerne ha ny runde med kurs!

2 2 Mindre gode døme frå skulane/kommunane: Kulturkontakt på skule: Må ofte undervise når det kjem utøvarar på besøk. Det er eit stort problem å vere godt vertskap når kontaktpersonen spring imellom. Nokre kollegaer vil helst sleppe å delta med klassen, fordi det tar timar frå skikkeleg undervisning. Påminning om hendingar blir sendt til lærarane på e-post, men mange følgjer ikkje opp. Skulen har ikkje fellesmøte for lærarane, og kulturkontakten får difor ikkje informert kollegiet i plenum om det som skal skje. Lærarane er meir opptekne av å vise fram ei perfekt elevgruppe enn å la elevane få lov til å delta i kulturopplevinga. Elevåtferd er ein ting, men det kan vere eit problem at lærarar skapar dårleg stemning. Det beste publikumet er der lærarane sit saman med elevane og delar opplevinga. Der lærarane opptrer som ordensvakter, merkar vi det på publikum før vi startar. Sagt av Peder Opstad, Teater Grimsborken, på møtet for kulturkontaktar i Indre Sogn. Utfordringar/kva kulturkontaktane meiner kan bli betre: Lærarane må delta saman med elevane, ikkje opptre som ordensvakter under framsyningar o.a. Gi elevane ansvar som vertskap. Fleire bør gjere det! Evaluering kan ikkje oppsummerast av ein kulturkontakt som ikkje har vore der Peder Opstad om erfaring med elevarrangørar: Det som fungerer aller best er grupper på om lag seks elevar fordelt på fleire klassetrinn. Nokre med erfaring og nokre nye! (Pass på at ikkje verstingane får dei rollene, men at det får høg status å ha rolla som elevvert!) Har det status opplever elevane at det er viktig og dei gjer sitt beste fordi dei er stolte av si rolle.

3 3 Korleis kultursekken i kommunen fungerer: Arbeidet med dei lokale DKS-tiltaka er ulikt organisert. Nokre stader fungerer kulturforuma slik dei er tenkt, andre stader er det skulane sjølve som organiserer det meste kvar for seg. Gode døme frå skulane/kommunane: Tilboda blir knytte til tema vi skal jobbe med. Den lokale skulesekken kan vere eit godt virkemiddel til å realisere dei estetiske satsingane på skulen. Rolla som kulturkontakt blir lagt til leiarfunksjon på alle skulane i vår kommune. Vi prøver å kombinere noko av aktiviteten i eit kulturskule - skulesamarbeid. Vi set opp ein meny, og erfaringane er at det gir stor fridom til den einskilde skule til å velje det dei synest høver best. Det å få ting til å passe inn i skulen sine planar og fag som elevane er engasjert i, avheng av prioriteringa til skulane. Skular som ikkje har program får ikkje pengar. Utgangspunktet frå starten var at det skulle vere førebuing til alle tilbod. Vi er ikkje strenge på det no, men det skal vere kvalitet på det som blir tilbode. Vi tel ikkje kostnader når vi planlegg, ser berre på pengar når det gjeld gjennomføring. DKS er eit av virkemidlane i kommunen sin plan om utvikling av borna sin identitet. To møte i året. I kulturforumet er skulekontaktar, kulturskulerektor og biblioteksjefen. Alle får dei same tilboda. Barnehagane er med. Like planar frå år til år, men stadig nye elevar som får nye tilbod. Viktig at vi er sjølvkritiske og skiftar ut/fornyar tilbod. Kommunen går inn med like stor del midlar som tilskotet frå tippemidlane. Har eit samarbeid med Folkeakademiet om forfattarar, og dei betalar reise m.m. Vi prøver å få til eit stort prosjekt på kvart steg som vi samkøyrer tre gongar i året. Elles har skulane sine eigne planar i tillegg til det som skjer i DKS. Systemet i kommunen er godt. Skulane får i framkant av planskriving om våren spørsmål om det er noko særskilt dei er interesserte i. Kulturforumet lagar eigen faldar (som gjerne også kunne ha innehalde fylkestilbodet). Kvar av dei tre skulane i kommunen utformar eit DKS-tilbod til dei to andre.

4 4 Mindre gode døme frå skulane/kommunane: Kommunen har ideelt sett ein god modell for lokal DKS, men er ikkje heilt operative for tida. Vi må supplere og erstatte folka i kulturforumet. Vi delar pengar ut til skulane, og ein av dei nyttar dei til å transportere elevar. Har aldri vore kalla inn til noko møte i kulturforum Travle lærarar gjer det vanskeleg å samle dei til møte i kulturforum. I vår kommune har det vore vanskeleg å i det heile få oppnemnt ein kulturkontakt ved einskilde skular. Utfordringar/kva kulturkontaktane meiner kan bli betre: Den fagleg ansvarlege i kommunen må setje dagsorden! Nokon må løfte arbeidet opp. Rektor og kulturkontakt: Det er ei utfordring å få kollegiet til å sjå moglegheiter og få dei til å samarbeide. Kulturkontakt kommune: Den største utfordringa er å få skuleleiinga med i planarbeidet. Langtidsplanlegging er viktig, for vår og ungane sin del. Vi ønskjer ei best mogleg førebuing! Transportutgiftene er vår utfordring! Om kulturforuma generelt; Viktig at kulturkontaktane på skulane får vere med i prosessen, for å halde engasjementet oppe! Dei må vere med og føreslå (og bestemme) kva som skal skje.

5 5 Korleis arbeidet til kulturkontaktane bør godtgjerast: Nokre kommunar/skular prioriterer ei eller annan form for godtgjering til dei som blir valt til å vere kulturkontakt, andre gjer det ikkje. Godtgjering i ei eller annan form er viktig for å halde oppe motivasjonen til dei som tek dette ansvaret. Det burde også vere slik at dei som er kulturkontaktar skal delta på DKS- tilboda. Gode døme frå skulane/kommunane: Kulturkontakt på ungdomsskule har ein halvtime avsett i veka til arbeidet med DKS og diverse andre ting som skjer på kulturfeltet (fører timar på det i tillegg). Deler ut informasjon til lærarane, tar det opp på morgonsamlinga måndag og oppdaterer elevarrangørane. Ein time møte med rektor om all kulturaktivitet ein gong i månaden. Alle kulturkontaktane får ca 6000 kroner i funksjonstillegg per år. Kulturkontakt på ungdomsskule har ein time på den ubundne tida per veke. Kommunen betalar 4000 kroner til kvar av kulturkontaktane. Alle kulturkontaktane i kommunen får ca 3000 kroner i året som godtgjering. Dei som gjer noko ekstra i kulturforumet, burde objektivt sett fått noko meir. Avspasere ein dag i semesteret som godtgjering for DKS-arbeid. Får funksjonstillegg og i tillegg nokre timar på arbeidsplanen. Mindre gode døme frå skulane/kommunane: Gjer mykje frivillig arbeid utan godtgjering Har noko tid avsett på eldreressurs. Generelt dårleg organisert i kommunen. Eg er ny og har ikkje fått spørsmål om godtgjering. Må av og til ha klasser og får ikkje sett tilbodet. Frå framsyninga Hando Kjendo (Teater Joker), basert på boka med same tittel av Tore Renberg.

6 6 Utfordringar/kva kan bli betre: Kommunane treng hjelp til å løfte statusen til rolla som kulturkontakt. Godtgjering burde vore forhandla fram i lokale forhandlingar for alle involverte. Fri frå undervisning i samband med besøk burde vere sjølvsagt. Ein time eller to når det kjem nokon fire-seks gongar i året, er lite i forhold til skulen sitt totale budsjett. Når inspektør tar rolla som kulturkontakt, står ein friare i bruk av tid. Alle bør uansett får dekka deltaking på DKS-konferansen. Ein representant for rektorane meinte at mange kulturkontaktar skildrar den ideelle kvardagen, men at det ikkje alltid er så enkelt å la kulturkontakten delta. Evaluering må skrivast av dei som deltek på dei ulike hendingane, meinte vedkomande. Kanskje bør det uansett vere klassekontakten som evaluerar i samarbeid med sine elevar. Ein av kulturkontaktane fortalde at på hans skule er det alltid klasselærarane som skriv evalueringane i samarbeid med elevane. Så sender kulturkontakten inn evalueringane. Om fylkeskommunen sin informasjon: Informasjon som gjeld tilbodet komande skuleår bør konsekvent sendast ut til skulane innan 1.juni. Turneane skal vere klare (datofesta turneplanar) 10.august for haustsemesteret, og 1.desember for vårsemesteret. Tilbakemeldingar frå skulane/kommunane: Heimesida sfj.ksys.no fungerer godt. Informasjonen treng ikkje kome tidlegare. Dersom det er mykje førearbeid, tar eg som kulturkontakt det opp på saklista til lærarmøte og kulturkontakten informerer. Er inne på ksys og får informasjonen ut i god tid. E-post i forkant er veldig bra, om ein har gløymt noko. Bør kome minst ei veke før, kanskje 3-4 veker før! Alle må få tilsendt e-post som fortel når dei kan vente informasjon om nytt årsprogram, og om når turneane skal ligge klare før kvart semester. Lag lenkje til ksys. Skulen vidareformidlar informasjon og legg meldingar om einskilde hendingar ut på fronter. Då ligg det der som ei påminning heile tida, og lærarane ser ho kvar dag. Informasjonen er god, og kjem i god tid. Kvaliteten er berre heilt topp.

7 7 Utfordringar/kva kan bli betre etter kulturkontaktane si meining: Når de sender påminning til skulane, send også kopi til kontaktane i kommunane! Det er viktig at informasjonen på ksys er kortfatta og ikkje blir repetert fleire stader! Konferanse / kulturtorg: Fylkeskommunen, i samarbeid med Fylkesmannen, skipar til ein to-dagars konferanse. Dag 1 inneheld kurs og kulturkveld med ulike opplevingar og kulturtapas. Dag 2 er sjølve konferansedagen med fellesføredrag, diskusjonar, presentasjonar/kortkurs og dialog. Tilbakemeldingar frå skulane/kommunane: Kulturopplevingar er viktig. Hald på dagens modell. Det handlar gjerne om å finne ein inspirator, både ein utøvar og ein kommune (slik gjer vi det hos oss) Vi må få med fleire kulturkontaktar og rektorar. Det er viktig at mange er med, som brenn for det same og som kveikjer kvarandre. Hugs at alle kulturkontaktane i kommunane får post om å minne skulane om å delta på konferansen. Rektor som deltok i fjor: - Dag 1 kome eg ganske sliten etter undervisning, og etter dag 2 reiste eg heim som eit nytt menneske. Frå DKS-konferansen Lærarkurs knytt til ustillinga Då fjellet blei oppdaga.

8 8 Generelt om DKS ifølgje skulane/kommunane: Programmet frå fylket er veldig bra. Vi på skulane må gjere vår jobb best mogleg! Nyttig med møte som dette. Vi kan kanskje ha vårmøte i regionane kvart år, og så kan det vere ulikt kven som har høve til å delta. Det er lurt å ha ei framsyning i samband med regionmøta. Ta det heilt i starten av turneperioden, slik at lærarane ikkje har sett framsyninga før. Økonomi er viktig. Det er eit veldig tap at fylket ikkje dekkjer transportpengar til musea lenger. Vi har ikkje lenger råd til å sende elevane til museet. Har minst av dans i lokal DKS, kan gjerne få meir av det i fylkestilbodet. Følgjande innspel til innhald vart nemnde: - Få med ein rockeartist eller fleire som får til aktivitetar med elevar. - Ha gjerne med meir visuell kunst, jf. ho som arbeidde med leire. NB! Lærarane må få betre informasjon frå kulturkontaktane - i god tid, slik at dei kan gjere eit best mogleg førebuingsarbeid med elevane. Innspel elles til innhald: - Kunsthandverk og få vere med og lage ting. - Bakkejekta veldig populært. - Konsertar med deltaking er midt i blinken. - Vi kan gå ut over klassetrinn som er anbefalt når vi meiner det passar. - Vi bør få noko fast på Gulatinget. Ein skule etterlyste forfattarbesøk; tilbod om høgtlesing eller liknande for å engasjere leselysta. Kan også gjerne vere ein produksjon. Frå regionmøte med kulturkontaktane i Sunnfjord, på Flatene skule, 4. mai 2010 Ref. Margrethe Henden Aaraas/DKS-gruppa Førde

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten GENERELL INFORMASJON OM KULTURSEKKEN Kultursekken er et samlebegrep for satsinga på kulturformidling i barnehage, grunnskole og den videregåande skulen

Detaljer

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE Den kulturelle skulesekken. Kulturkontakten. Informasjon til kulturkontaktane og skulane

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE Den kulturelle skulesekken. Kulturkontakten. Informasjon til kulturkontaktane og skulane SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE Den kulturelle skulesekken Kulturkontakten Informasjon til kulturkontaktane og skulane 1. utgåve, sept. 2006 DKS i Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane fylkeskommune skal gjennom

Detaljer

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND September 2016 Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg får møta profesjonell kunst og kultur av alle slag.

Detaljer

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål Er kultur viktig? - Feil spørsmål Kultur er heilt nødvendig for eit samfunn som legg vekt på demokrati, fellesskap, ytringsfridom og utvikling. Spørsmålet er: Korleis best legge til rette for korpsguten,

Detaljer

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND September 2017 Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg får møta profesjonell kunst og kultur av alle slag.

Detaljer

Den kulturelle nistepakken

Den kulturelle nistepakken Den kulturelle nistepakken Revidert mai 2006 Sentrale føringar Hausten 2002 gjekk startskotet for Den kulturelle skulesekken (DKS) i. I samarbeid med fylkeskommunen var Kvinnherad ein av dei første kommunane

Detaljer

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE TURNE MED I SOGN OG FJORDANE Hei! Starten på turneen nærmar seg, og vi er glade for at du/de er ein del av tilbodet i Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane. Vedlagt finn du/de: Kontrakt for oppdrag/engasjement

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

BRUKARRETTLEIING FOR KSYS

BRUKARRETTLEIING FOR KSYS BRUKARRETTLEIING FOR KSYS KSYS er «baksida» av www.kultursekken.no der all informasjon om skular vi nyttar til turnélegging ligg. 1. KORLEIS LOGGE PÅ: Kulturkontakten må logge seg inn på KSYS for å: -

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune 2019 2021 Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune Frå UNESCO-rapporten «The wow-factor» om kunst og kultur i opplæringa. Brukt i St.meld.nr.8, «Kulturell skulesekk for framtida»,

Detaljer

BRUKARRETTLEIING FOR KSYS 2.0

BRUKARRETTLEIING FOR KSYS 2.0 BRUKARRETTLEIING FOR KSYS 2.0 KSYS er «baksida» av www.kultursekken.no Der ligg all informasjon om skular og barnehagar som vi brukar til turnélegging. LOGG INN via www.kultursekken.no Kulturkontakten

Detaljer

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen. Ung i Kor - Rettleiing til medlemsregister og innsending av årsrapport. Oppdatert 28. januar 2019 Steg 1 - Innlogging Medlemsregisteret til Ung i Kor finn du på nobu.ensembler.no. Ein loggar inn på medlemsregisteret

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Utval for Oppvekst og Helse 15.04.2008 018/08 MEH Saksansvarleg: Marie Egset Haug Arkiv: C01 Objekt: Arkivsaknr.:

Detaljer

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN DEN KULTURELLE SKULESEKKEN Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing, og er eit samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Detaljer

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Leseglede saman for betre lesing i alle fag Leseglede saman for betre lesing i alle fag Brandsøy skule (1 7 + barnehage) og Krokane skule (1 7), Flora, Sogn og Fjordane Av Mari-Anne Mørk Flora kommune ønskjer å nytte skulebiblioteka meir systematisk

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for. Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar for Gimle skule 1 Lovverk Opplæringslova Føremålet med denne planen Rutinane skal

Detaljer

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Handlingsplan ved urovekkande fråvær 13.09.2017 Handlingsplan ved urovekkande fråvær Definisjonar og prosedyrar GRANVIN BARNE- OG UNGDOMSSKULE Innhald Handlingsplan ved urovekkande fråvær ved Granvin barne- og ungdomsskule... 3 Føremål...

Detaljer

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette? I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband

Detaljer

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober Bore Nytt Informasjon frå Bore skule skuleåret 2016 2017 Nr 2 - Oktober Hausten blei finare enn sommaren! Sjølv om ikkje turdagen til Synesvarden var den finaste dagen, så blei det ein gild tur med alle

Detaljer

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune.

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune. Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune. Bakgrunn Denne samarbeidsavtala er meint å leggje grunnlag for eit godt samarbeid mellom skulane og folkebiblioteket i Vinje kommune.

Detaljer

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS Vaksdal kommune SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS 11.06.2019 43/2019 Kommunestyret PS 17.06.2019 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Ann Kristin Bolstad FA-B57

Detaljer

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring ( 9A-2). Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing,

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Austevoll kommune Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Møtestad: Sol-li barnehage AS Møtedato: 20.11.2014 Møtetid: 15:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret eller til postmottak@austevoll.kommune.no.

Detaljer

Velkomen som konfirmant

Velkomen som konfirmant 1 Velkomen som konfirmant Velkomen som konfirmant i Herøy, Indre Herøy og Leikanger kyrkjelydar. Velkomen til eit år litt utanom det vanlege. Anten du trur, tvilar eller berre er nyfiken, er du velkomen

Detaljer

REFERAT: MØTE I FAU-VALESTRAND SKULE

REFERAT: MØTE I FAU-VALESTRAND SKULE 1 FAU-Valestrand skule ref. nr 2, 2016 REFERAT: MØTE I FAU-VALESTRAND SKULE Mandag, 17.oktober 2016 Til stades: Rektor; Britt Marøy Rød på delar av møtet, Raynar Nygård, 1.kl Dag Reigstad Aasheim, 2. kl,

Detaljer

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd Oktober 2015 LOVGRUNNLAG Opplæringslova 9a 3 andre ledd plikta til å undersøkje, varsle

Detaljer

Skuleåret 2017/2018.

Skuleåret 2017/2018. Skuleåret 2017/2018 www.fylkesmannen.no/oppland Innhald Innleiing... 3 Kva kan du klage på?... 3 Kven kan klage på karakter?... 3 Når er klagefristen?... 3 Før du klagar... 3 Korleis klagar du?... 3 Kva

Detaljer

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Prosjektretta tiltak innan rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Støtteordning

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Prosjektretta tiltak innan rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Støtteordning Søknad Søknadsnr. 2015-0218 Søknadsår 2015 Arkivsak Prosjektretta tiltak innan rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Støtteordning Prosjektnavn Fjordane Søknad om stønad til "Framtid

Detaljer

Bjørnehiet SFO - informasjon

Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for barna på 1.- 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik og gode utviklingsvilkår.

Detaljer

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER Reglement for Sandøy kulturskule. 1 Samarbeid mellom skule og heim Kulturskulen freistar til ei kvar tid å utvikle samarbeidet/kontakten mellom skule og heim. I revideringa

Detaljer

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla. Spørsmål frå Elevundersøkinga 5.-7. trinn Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivjast på skolen. Det er

Detaljer

Å leve og bu på kysten av Sogn og Fjordane.

Å leve og bu på kysten av Sogn og Fjordane. Å leve og bu på kysten av Sogn og Fjordane. Jente- og guteleirane 2010 Eit prosjekt der OKFH har samarbeidd med Måløy vidaregåande skule, Opplæringsfartøy AS og Regionalavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Detaljer

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11 Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11 Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) 2011 1 2 Metode Undersøkinga er gjennomført av AUD på oppdrag frå, og i samarbeid med Opplæringsavdelinga. Gjennomføringsperiode:

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Elev- og lærlingombod i HFK

Elev- og lærlingombod i HFK OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22610-3 Saksbehandlar: Laila Christin Kleppe Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Y-nemnda 25.05.16 Utval for opplæring og helse 02.06.16 Fylkesutvalet 23.06.16

Detaljer

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt HANDLINGSPLAN 2013 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2013. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2013 skal

Detaljer

Barnerettane i SKULEN

Barnerettane i SKULEN Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i SKULEN Aktivitetsark med oppgåveidéar og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel

Detaljer

Informasjon om organisering av skuleåret haust 2019 vår 2020

Informasjon om organisering av skuleåret haust 2019 vår 2020 Til alle foresatte ved Bjerkreim skule Informasjon om organisering av skuleåret haust 2019 vår 2020 Bjerkreim 11.03.19 For skuleåret 2019-2020 har kommunestyret den 12. februar vedteke at Bjerkreim skule

Detaljer

Vi lever av kunnskapen

Vi lever av kunnskapen Vi lever av kunnskapen Bergsøy skule, Herøy, Møre og Romsdal (1 7) Av Mari-Anne Mørk Med prosjektet Vi lever av kunnskapen har Bergsøy skule valt å knyte undervisning i informasjonskompetanse til dei lokale

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

STRATEGI FOR DKS-ARBEID I NÆRØY KOMMUNE. VEDTATT I KULTURFORUM NÆRØY 9. januar 2013. Innhold

STRATEGI FOR DKS-ARBEID I NÆRØY KOMMUNE. VEDTATT I KULTURFORUM NÆRØY 9. januar 2013. Innhold STRATEGI FOR DKS-ARBEID I NÆRØY KOMMUNE VEDTATT I KULTURFORUM NÆRØY 9. januar 2013 Innhold 1. BAKGRUNN:... 3 2. OM DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN (DKS):... 4 3. DKS i NÆRØY KOMMUNE:... 5 I) DKS-KOORDINATOREN...

Detaljer

Finnøy SKULEPENGAR. musikk- og kulturskule Skuleåret Søknadsfrist 20. mai Lær deg noko nytt og sett farge på kvardagen ;0)

Finnøy SKULEPENGAR. musikk- og kulturskule Skuleåret Søknadsfrist 20. mai Lær deg noko nytt og sett farge på kvardagen ;0) SKULEPENGAR Vokal- /Instrumental opplæring Individuell opplæring 1.675,- pr. semester Individuell opplæring, vaksne elevar 3.075,- - - Grupper, vaksne elevar (kunstfag) 1.925,- - - Dans 1.100,- - - Instrumentleige

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI) Rettleiar til bekymringssamtale / undringssamtale - til medarbeidarar som arbeider med barn Samtale med foreldre om bekymring for eit barn Nedanfor finn du fleire forslag til korleis personalet i ein barnehage

Detaljer

Heilt einig. Litt einig

Heilt einig. Litt einig Trivsel Korkje eller u u u Barnet mitt trivst på skolen Barnet mitt har medelevar å være saman med i friminutta https://elfu.udir.no/administrasjon/order/preview.aspx?acid=1003&sid=364&bid=124660&did=1933&roleid=57&ugid=861002&qid=0&aid=0&lid=1&demo

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. 1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja

Detaljer

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål. TIME KOMMUNE TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL PSYKISK HELSEARBEID 1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje

Detaljer

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Fogn oppvekstsenter levande og lærande Post: Liane, 4164 Fogn Faktura: Finnøy Kommune, Rådhuset, 4160 Finnøy Referat frå møte i SU (Samarbeidsutvalet) ved Møtedato og stad: Torsdag 6. oktober kl. 18.00 på personalrommet. Desse møtte: Kristel

Detaljer

BRUKARRETTLEIING FOR KSYS

BRUKARRETTLEIING FOR KSYS BRUKARRETTLEIING FOR KSYS Kulturkontakten må logge seg inn på KSYS for å få tilgang til: - Oppdatering av informasjon om skulen - Oppdatering av informasjon om kulturkontakt - Evaluering av tilboda skulen

Detaljer

Velkomen som konfirmant!

Velkomen som konfirmant! 1 Velkomen som konfirmant! Velkomen som konfirmant i Herøy kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Leikanger kyrkje. Velkomen til eit år litt utanom det vanlege. Anten du trur, tvilar eller er nysgjerrig på den

Detaljer

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL Leikanger kommune OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL Leikanger ungdomsråd Møtestad: Gamlekantina Møtedato: 22.04.2016 Tid: 08:30-10:30 SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 5/16 16/25 Ungdomsmedverknad i kommunereforma

Detaljer

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule Foldrøy skule sin visjon er illustrert av to symbol, egget og pyramiden. Egget er symbolet på at: Alle elevar blir sett. Alle elevar skal ha medverknad i eigen læreprosess

Detaljer

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting Side 1 av 5 Næringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Kristin Arnestad E-post: kristin.arnestad@sfj.no Tlf: 57 65 62 45 Vår ref. Sak nr.: 11/5776-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 34646/11

Detaljer

PROSEDYRE FOR KVART ÅRSTRINN I SJUMILSSTEGET «Snakke saman vere saman» OPPGÅVER I PROSJEKTET FORDELT PÅ KVART ÅRSTRINN VÅGSØY KOMMUNE

PROSEDYRE FOR KVART ÅRSTRINN I SJUMILSSTEGET «Snakke saman vere saman» OPPGÅVER I PROSJEKTET FORDELT PÅ KVART ÅRSTRINN VÅGSØY KOMMUNE PROSEDYRE FOR KVART ÅRSTRINN I SJUMILSSTEGET «Snakke saman vere saman» OPPGÅVER I PROSJEKTET FORDELT PÅ KVART ÅRSTRINN VÅGSØY KOMMUNE Alle verktøy ligg elektronisk tilgjengeleg på kommuna si heimeside.

Detaljer

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 Eit femårig samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet og dei mest sentrale partane innan skulesektoren om auka status for lærarane auka kvalitet

Detaljer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune Vedteke i kommunestyret 24.4.2014, sak K-14/62 INNHALD: 1 Generelt... 3 2 Aktivitets- og driftsstøtte... 3 3 Prosjektmidlar og investeringsstøtte...

Detaljer

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar PROSEDYRE FOR TIDLEG SAMHANDLING OM ELEVAR MED BEKYMRINGSFULLT FRÅVÆR Gjeldande lovverk: Opplæringsloven, Forvaltningsloven, Barnevernloven BESKRIVING AV PROSEDYREN Ansvar FORMÅL Målet med prosedyren er

Detaljer

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule 1 Innhold 1. Innleiing... 3 2. Rettsleg grunnlag for tilsynet... 3 3. Tema for

Detaljer

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE HAMRAMYRA 20 5363 ÅGOTNES Tlf. 55 09 63 00 Epost: TranevagenUngdomsskule@fjell.kommune.no TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING DEFINISJON: Det er mobbing/plaging

Detaljer

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab Vår dato 15.12.2015 2015/7341/ANLR/633.1 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. Seniorrådgivar Annhild Merete Lorentzen, 71 25 85 64 «REFDATO» «REF» Vår

Detaljer

Stemnehandboka for NKSF

Stemnehandboka for NKSF Stemnehandboka for NKSF I 2003 vart det bestemt å ha ei rulleringsliste for songarstemne 3 plassar kvart år, eit i Nordfjord, eit i Sunnfjord og eit i Sogn alle kor kan arrangere sjølv om dei er store

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

PROSEDYRE FOR SJUMILSSTEGSPROSJEKTET «Snakke saman vere saman» OPPGÅVER I PROSJEKTET FORDELT PÅ KVART ÅRSTRINN EID KOMMUNE

PROSEDYRE FOR SJUMILSSTEGSPROSJEKTET «Snakke saman vere saman» OPPGÅVER I PROSJEKTET FORDELT PÅ KVART ÅRSTRINN EID KOMMUNE PROSEDYRE FOR SJUMILSSTEGSPROSJEKTET «Snakke saman vere saman» OPPGÅVER I PROSJEKTET FORDELT PÅ KVART ÅRSTRINN EID KOMMUNE Alle verktøy ligg elektronisk tilgjengeleg på kommunen si heimeside. 1 Spedbarn

Detaljer

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19 Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19 Føremål Valfaga skal bidra til at elevane får styrka lysta til å lære og at dei skal oppleve meistring gjennom praktisk og variert arbeid. 8.klasse: Design og redesign

Detaljer

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval 1 Heimelsgrunnlag og formål 1.1 Gjennom Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval skal ungdom i Hordaland ha reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdomens samfunnsengasjement.

Detaljer

Øystese barneskule April - 08

Øystese barneskule April - 08 Øystese barneskule April - 08 1 Innleiing: 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helsa,

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Plan for eit trygt og godt skulemiljø Plan for eit trygt og godt skulemiljø Ved Sviland skule skal alle elevar og føresette føle seg velkomne og tatt vare på. Vi jobbar for å verkeleggjere målet frå opplæringslovens 9A - at den enkelte elev

Detaljer

HANDLINGSPROGRAM FOR FYLKESRÅDET FOR ELDRE I SOGN OG FJORDANE

HANDLINGSPROGRAM FOR FYLKESRÅDET FOR ELDRE I SOGN OG FJORDANE HANDLINGSPROGRAM FOR FYLKESRÅDET FOR ELDRE I SOGN OG FJORDANE 2016 2019 www.sfj.no 1 FORORD Fylkesrådet for eldre har utforma ein kort og oversiktleg arbeidsplan for perioden 2017 2019. Dei områda vi meiner

Detaljer

Klatre- og friluftsprosjekt i Jølster

Klatre- og friluftsprosjekt i Jølster Klatre- og friluftsprosjekt i Jølster Frå Sognehallen, veggen er 13 m høg. Forord Klatre- og friluftsprosjektet i Jølster kom i gang som ein følge av samtaler mellom aktivitør i Jølster kommune og dagleg

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Gaular kommune www.gaular.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire

Detaljer

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO Samling, Atheno, Stord, 22. mai 2019 Petter Steen jr., rådgjevar Sveio kommune 1 Bakgrunnen for at vi har SFO Skulefritidsordninga (SFO) blei gradvis etablert i norske

Detaljer

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Kafédialog Ungdommens kommunestyre Kafédialog Ungdommens kommunestyre Problemstilling A1: Psykisk helse I UngData svarte elevane på spørsmål om psykisk helse. Særskilt spørsmåla om bekymring, og «føler at alt er eit slit» får høge tal.

Detaljer

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet Tokke kommune Møteinnkalling Til medlemene i Oppvekstutvalet Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet Møtestad: Kommunehuset, kommunestyresalen Dato: 10.01.2012 Tid: 08:00

Detaljer

Alversund skule 5911 Alversund Tlf

Alversund skule 5911 Alversund Tlf Alversund skule 5911 Alversund Tlf. 56 37 50 50 FØREORD Kvart år reiser elevar frå Alversund skule ei veke på leirskule. Her får dei ta del i praktisk tilrettelagt undervisning inne og ute. Under leirskuleopphaldet

Detaljer

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag.

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag. Bore Nytt Informasjon frå Bore skule skuleåret 2017 2018 Nr 2 - November Skulebakken er det første me vil ta fram denne gongen. Slik så den ut i sommar og slik ser den ut i dag. Det er blitt ein svært

Detaljer

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan? Introduksjon av økta Bildet: Klokka er 21.00, kva hender, kven er på bildet og kva er bra? Gruppe: Kva tenkte dei klokka 15.00? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Det er blitt seint og korleis kan

Detaljer

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 5 - April

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 5 - April Bore Nytt Informasjon frå Bore skule skuleåret 2016 2017 Nr 5 - April Me har for lengst kome til våren Med ein mild «vinter» som me har hatt, så har krokus og andre blomar lenge pryda hagane våre. Som

Detaljer

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule Rettleiar for gjennomføring av vennegrupper på HBUS. «Jo mere vi er sammen» Utarbeida av Arbeidsgruppe 1 ved HBUS 1. Innføring av vennegrupper som strategisk

Detaljer

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av: Skoleeiers sluttrapportering 201 4-201 6 av FYR - satsingen Svar - Sogn og Fjordane fylkeskommune Status: Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av: sissel.espe@sfj.no Innsendt

Detaljer

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Ungdataundersøkinga Ungdata er eit spørjeskjemabasert verktøy som gir eit breitt bilete av korleis ungdom har det og kva

Detaljer

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg Brattholmen skulefritidsordning Nygårdsvegen 1 5350 Brattholmen Tlf: 55097504/91758497 E-post: liss.schumann@fjell.kommune.no S sosalisering og samspill F Fritid og felleskap O Omsorg SFO: SFO er eit fritidstilbod

Detaljer

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL TIME KOMMUNE TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL RUSVERNTENESTER 1. FORMÅL Formålet med tenesta er å oppnå rusmeistring hos brukaren og fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i

Detaljer

Regionalt fagnettverk. Den første lese- og skriveopplæringa Norsk trinn

Regionalt fagnettverk. Den første lese- og skriveopplæringa Norsk trinn Regionalt fagnettverk Den første lese- og skriveopplæringa Norsk 1.-2. trinn 23.01.2018 Dagsorden Oppstart og presentasjon Gjennomgang av mellomliggjande arbeid Høgtlesing og bruk av småbøker Oppsummering

Detaljer

Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Agnes H. Bernes

Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Agnes H. Bernes Møteprotokoll Utval: Ungdommens fylkesutval Møtestad: Nordhordaland, 4. etg, Fylkeshuset Dato: 05.11.2015 Tidspunkt: 09:30-16:15 Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Agnes H. Bernes

Detaljer

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Fylkeshuset, møterom Skåla. Møtedato Kl

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Fylkeshuset, møterom Skåla. Møtedato Kl MØTEBOK Organ Møtestad Fylkesrådet for eldre Fylkeshuset, møterom Skåla Møtedato 03.11.2014 Kl. 10.15-15.00 Faste medlemer til stades: Eivind Skjerven Kristoffer Skjolden, Harald Ekroll, Anita Nybø, Anna

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer