SUND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 09.11.2015 090/15 Saksansvarleg Arkiv Arkivsaknr Stig Arne Thune N - 101.6 15/1315 - ØKONOMIPLAN 2016-2019 - BUDSJETT 2016 Tidlegare handsaming: Samandrag av saka: Formannskapet skal gje innstilling til kommunestyret om økonomiplan og budsjett. Kommunestyret skal handsama saka på møte 15.12.2015. Saksutgreiing: Som eigne vedlegg følgjer Rådmannen sitt framlegg til økonomiplan 2016 2019 og budsjett for 2016. Dokumenta omfattar ein tekstdel og ein taldel. Rådmannen viser til desse. 26.10.2015 Formannskapet: Jørgen Kausland reiste spørsmål om ugildskap. Formannskapet fann ikkje grunnlag for ugildskap i økonomiplan- og budsjetthandsaminga (Komm.lova 40, 3 b, siste punktum). Rådmannen sitt framlegg til økonomiplan 2016-2019 og budsjett for 2016, drift og investeringar, var utsendt på førehand. Rådmann, økonomisjef og kommunalsjefane gjekk gjennom alle tiltak innanfor sine respektive driftsområde. Rådmannen gjekk gjennom investeringstiltaka. Under gjennomgangen, vart det stilt ei rekkje spørsmål. Rådmannen, økonomisjefen og kommunalsjefane svara på spørsmåla. Rådmannen gjorde merksam på at midlar til Sykkel-VM ikkje er lagt inn i framlegget. Ordføraren gjorde merksam på at Kontrollutvalet og Sotra Brannvern sine budsjettframlegg ikkje låg ved saksdokumenta, og ba om at dette vert gjort til neste møte. Rådmannen opplyste at framlegga er innbakt i rådmannen sitt budsjettframlegg. Formannskapet fekk deretter høve til eigne drøftingar av framlegget og summera opp spørsmål og innspel, som vart gjennomgått saman med rådmann og kommunalsjef oppvekst. Rådmannen vil følgja opp spørsmåla og innspela og gje tilbakemelding før neste møte i formannskapet den 09. november. F 086/15 Vedtak: Formannskapet held fram med budsjetthandsaminga på neste møte måndag den 09. november kl. 09.00.
Saksutgreiing: Rådmannen la fram budsjettframlegg etter Kommunelova 45 måndag 26.10.15. Formannskapet arbeidde med dette, og kom attende med ein del spørsmål og ønskjer om avklaring fram til budsjettmøtet 09.11.15. Tilråding til vedtak: Formannskapet skal etter Kommunelova 45 leggja fram budsjett som skal vedtakast av Kommunestyret. Budsjettframlegget frå Formannskapet skal til offentleg ettersyn. 09.11.2015 Formannskapet Rådmannen svara på spørsmål som kom fram under formannskapet sin gjennomgang av budsjettet på møte 26.10. Ordføraren orienterte om søknad frå Stiftinga Marstein Fyr om driftsstøtte på kr 30 000 for 2016. Under gjennomgang av driftsbudsjettet, vart det sett fram følgjande endringsframlegg: Frå H v/jørgen Kausland: Kommunestyret løyver eit tilskot på kr 30 000 til Stiftinga Marstein Fyr for 2016. Dekning: Frå tilskot til Periferifestivalen. Kr 20 000 vert tilført Formannskapet sin ymsepost. Tiltak 104 - Omstilling - nedbemanning - konkurranseutsetjing: Administrasjonsutvalet får i oppgåve å greie ut mogleg omstilling, effektivisering, evt. konkurranseutsetjing. Utvalet brukar 2016 på denne oppgåva. Utvalet sitt fokus skal vere på omstilling og nedbemanning. Tiltak 206 - Ungdomskontoret: Driftsbudsjett Ungdomskontoret vert sett til same sum som budsjett 2015 - kr 812 955. Innsparing 994 038-812 955 = 181 083. Tiltak 304 - Auka inntekt ved sal av 3 sjukeheimsplassar Tiltaket vert lagt inn med 2 mill. kr. i heile perioden. Tiltak 307 - Sal av inntil 5 sjukeheimsplassar Tiltaket vert auka til 2 500 000 pr år i 2017-2018 - 2019. Sund kommunestyre stiller seg positiv til sal av plassar på ein heil avdeling på Sundheimen (inntil 8 plassar). Formannskapet vert styringsgruppe for tiltaket. Det er ein føresetnad at kommunen ikkje misser tilskot frå Husbanken.
1. Stillingsstopp 2015. Alle stillingar som medfører volumauke skal behandlast av Administrasjonsutvalet. 2. Rådmannen må gjennomgå gebyrregulativet. Sjølvkostprinsippet må leggjast til grunn. 3. Brukarbetalingar må gjennomgåast. Har kommunen hensiktsmessige prisar på t.d. symjing og matombringing? Saksgruppe levekår og nærmiljø vert styringsgruppe for dette arbeidet. 4. Rådmannen vert beden om å koma attende med ei investeringssak i 2015 som går ut over økonomiplanperioden, gjerne i eit 4-10-års perspektiv. 5. Kommunestyret ber om sak på kommunalt vedlikehald av kyrkjebygg på linje med andre kommunale bygg. 6. Formannskapet må starte arbeidet med budsjett 2016 så tidleg som mogleg i 2016. Rådmannen har signalisert at kommunen har utfordringar med budsjett 2017 og formannskapet må difor involverast tidlegare i dette arbeidet. Frå AP v/jogeir Sognnæs: Tiltak 104 - Omstilling - nedbemanning - konkurranseutsetjing: Budsjettsum 2018 og 2019 vert redusert med 2 mill. pr år Frå SP v/karsten Golten: Tiltak 103/402 - Vakansepolitikk Vakanse/kutt kultur, kr 100 000, går ut. Vert dekka av tiltak 307. Tiltak 204 - Reduksjon drift - driftstiltak barnehage Tiltaket går ut - vert dekka av tiltak 307 Tiltak 301 - Redusere ei psykologstilling Tiltaket går ut - vert dekka av tiltak 307 Tiltak 308 - Auka inntekt - betaling for praktisk bistand Tiltaket går ut - vert dekka av tiltak 307. Nytt tiltak: Utviding av dagsenter for demente med 1 dag pr. veke - kr 350 000. Dekning: Tiltak 307. Kommunestyret ber om å få utgreidd oppstart av dagtilbod for somatiske pasientar. Under drøfting av investeringsbudsjett, vart flg. endringsframlegg sett fram:
Tiltak nr. 26 - Trafikksikring Sund Ungdomsskule: Det vert sett av midlar til trafikksikringstiltak i samband med utbygging av ungdomsskulen. Finansieringsbehov kr 5,5 mill. i 2016 - dekning ved låneopptak. Røysting: Det vart røysta over dei einskilde tiltaka i rådmannen sitt framlegg og endringsframlegga med følgjande resultat: Driftsbudsjett: Tiltak 101 - Rådm. sitt framlegg samrøystes Tiltak 102 - Rådm. sitt framlegg samrøystes Tiltak 103 - Rådm. sitt framlegg fekk 4 røyster, SP sitt framlegg fekk 3 røyster Tiltak 104 - AP sitt talframlegg og Høgre sitt tekstframlegg vart samrøystes vedtekne Tiltak 105 og 106 - Rådm. sitt framlegg samrøystes Tiltak 201, 202 og 203 - Rådm. sitt framlegg samrøystes Tiltak 204 - Rådm. sitt framlegg 4 røyster, SP sitt framlegg 3 røyster Tiltak 205 - Rådm. sitt framlegg samrøystes Tiltak 206 - Høgre sitt framlegg samrøystes Tiltak 301 - Rådm. sitt framlegg 4 røyster, SP sitt framlegg 3 røyster Tiltak 302 - Rådm. sitt framlegg samrøystes Tiltak 304 - Høgre sitt framlegg samrøystes Tiltak 306 - Rådm. sitt framlegg samrøystes Tiltak 307 - Høgre sitt framlegg samrøystes Tiltak 308 - Rådm. sitt framlegg 6 røyster, SP sitt framlegg 1 røyst Tiltak 309, 310, 311 - Rådm. sitt framlegg samrøystes Tiltak 403 - Rådm. sittt framlegg samrøystes Høgre sitt framlegg om tilskot til Stiftinga Marstein Fyr - vedteke samrøystes Framlegg frå SP om nytt tiltak - Utviding av dagsenter demente - fekk 3 røyster. Investeringsbudsjett: Rådmannen sitt framlegg til tiltak 1-25 vart vedtekne samrøystes. Tiltak nr. 26 - Trafikksikring Sund Ungdomsskule - 5, 5 mill. kr. i 2016 - vedteke samrøystes. Tekstframlegga frå Høgre nr. 1-6 vart vedtekne samrøystes. Tekstframlegg frå SP om utgreiing av dagtilbod for somatiske pasientar - vedteke samrøystes. F- 090/15 Vedtak: Framlegg frå formannskapet: 1. Kommunestyret vedtek budsjett 2016 og økonomiplan 2016-2019 slik det framgår av vedlagde dokument med formannskapet sine endringsframlegg. Driftsbudsjettet balanserer med driftsinntekter 457 622 718 kr., driftsutgifter (eks. avskrivingar) 431 314 219 kr., netto finansutgifter 18 517 703 kr., netto fondstransaksjonar 5 462 704 kr. og rekneskapsmessig mindreforbruk 2 328 092 kr.
2. Kommunestyret vedtek investeringstiltaka slik dei framgår av rådmannen sitt framlegg med formannskapet sitt endringsframlegg. Rådmannen får fullmakt til å ta opp lån i samsvar med godkjent låneramme i investeringsbudsjett for 2016. Før investeringstiltaka vert sette i gang, skal kommunestyret godkjenna endeleg prosjektplan for dei einskilde prosjekt. 3. Ved utskriving av kommuneskatt for 2016 vert høgaste lovlege satsar på inntekt og eiga lagt til grunn. 4. Ved utskriving av eigedomsskatt for 2016 vert skattesatsen fastsett til 2 promille, jfr. eigedomsskattelova 2 og 3. 5. Kommunale avgifter, gebyr og eigenbetalingar vert justert med 2,7% frå 01. januar 2016 i samsvar med statlege føringar for løns- og prisstigning. Dette gjeld og foreldrebetaling i SFO. Foreldrebetaling i barnehage vert justert i samsvar med gjeldande makspris frå 01. januar 2016. Eigenbetaling for omsorgstenester vert regulert i samsvar med statlege føringar og G-regulering. Gebyrsatsar for vatn/avlaup/slamtømming og renovasjon vert fastsett i eigne kommunestyrevedtak. 6. Kommunestyret vedtek å ta opp startlån i Husbanken for vidare utlån med inntil 10 mill. kr. i 2016. Rådmannen får fullmakt til å godkjenna lånevilkår. 7. Stillingsstopp 2015. Alle stillingar som medfører volumauke skal behandlast av Administrasjonsutvalet. 2. Rådmannen må gjennomgå gebyrregulativet. Sjølvkostprinsippet må leggjast til grunn. 8. Brukarbetalingar må gjennomgåast. Har kommunen hensiktsmessige prisar på t.d. symjing og matombringing? Saksgruppe levekår og nærmiljø vert styringsgruppe for dette arbeidet. 9. Rådmannen vert beden om å koma attende med ei investeringssak i 2015 som går ut over økonomiplanperioden, gjerne i eit 4-10-års perspektiv. 5. Kommunestyret ber om sak på kommunalt vedlikehald av kyrkjebygg på linje med andre kommunale bygg. 10. Formannskapet må starte arbeidet med budsjett 2016 så tidleg som mogleg i 2016. Rådmannen har signalisert at kommunen har utfordringar med budsjett 2017 og formannskapet må difor involverast tidlegare i dette arbeidet. 11. Kommunestyret ber om å få utgreidd oppstart av dagtilbod for somatiske pasientar.