VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 2015/758 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato: 04.01.2016 Budsjett 2016 - sparetiltak Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling 1. Vestnes kommunestyre tek orienteringa om tiltak for å gjennomføre sparetiltaka som er innarbeidd i driftsbudsjett 2016 til vitande. 2. Vestnes kommunestyre godkjenner at det innanfor Bu- og habiliteringstenestene ikkje vert tildelt husvære til nye brukarar før ein ser at vedtekne sparetiltak kan gjennomførast. 3. Vestnes kommunestyre vedtek at det ved Vestnes sjukeheim skal reduserast med 5 plassar på post 2. Vidare skal ein starte reduksjon i bruk av plassar ved Tresfjord trygdeheim; ein reduksjon på 8 plassar så snart som praktisk mogeleg. SAKSUTGREIING:
Innleiing: Driftsbudsjett 2016 vart vedteke av kommunestyret i sak KST 112/15. I administrasjonssjefens framlegg til driftsbudsjett var det føreslått ei rekkje tiltak for å få budsjettbalanse. Kommunestyret godkjente dei fleste, og det gjeld: Sparetiltak Tiltak 2016 Pleie- og omsorg, redusert institusjonsplassar 2 000 Sentraladm/servicekontor, - vakanse 300 - vakant kommunalsjef stilling 1 000 Eigedomsdrift, - redusert energikostnad 500 - redusert vedlikehald 500 Grunnskule, redusert ressurs framandspråklege elevar 750 Barnehage, - Skorgen lagt organisatorisk under Helland frå 01.01.16 350 - red. 1 årsverk Helland barnehage 300 - red. avsetn til barn m/nedsatt funksjonsevne 300 Helse, - vakanse og redusert forbrukskjøp 150 Kulturskulen, - auka sal av tenester 200 Tekniske tenester, - div m.a red. kurs brannvern 300 Bu- og habilitering, - redusert dagtilbud 2 årsverk 1 000 - ekstra sparetiltak 1 000 Redusere løyving til kjøp av skattetenester 600 Løyse inn fond, nedbetale lån, netto sparing 3 000 Vike brannstasjon lagt ned 200 Redusert løyving kurs 300 Redusert løyving inventar og utstyr, 20 % 500 13 250 I tillegg vedtok kommunestyret også: Grunnskulen, generell reduksjon i budsjettramma 1,0 mill. kr Generell reduksjon i sjukefråværet 1,0 mill. kr Innsparing innanfor helse, BUT, institusjonsomsorg m.m. 2,5 mill. kr Det er denne tilleggsreduksjonen denne saka omhandlar. Konsekvensane og kva tiltak ein må sette i verk vart ikkje drøfta eller etterspurt då kommunestyret behandla driftsbudsjett for 2016. Administrasjonssjefen vil i denne saka informere om kva tiltak som må gjennomførast for å klare å gjennomføre ytterlegare reduksjon på til saman 4,5 mill kroner. Tiltaka er kontroversielle og kommunestyret bør difor godkjenne dei. Kommunestyret kan sjølvsagt be om andre alternative tiltak.
Framlegg til tiltak og fordeling av sparetiltak Alle tiltaka som administrasjonssjefen hadde gjort framlegg om er innarbeidd i budsjettframlegget, og dei fleste er kommentert i sak KST 112/15. Vi skal kommentere ein del av dei større tiltaka som ikkje var spesifiserte i budsjettsaka. Redusert sjukefråvær Kommunestyret vedtok ei innsparing på 1,0 mill. kr grunna ein generell forventa reduksjon i sjukefråværet. Innsparinga må takast ved redusert sjukevikarinntak. Sparesummen tilsvarer omlag 2 årsverk, eller knapt 450 dagsverk Innsparinga er fordelt slik: Redusert løyving Sentraladministrasjonen 21 000 Servicekontor 8 000 Sum sentraladm. m.m. 29 000 Fiksdal skule 14 000 Tomrefjord skule 59 000 Helland skule 82 000 Tresfjord skule 13 000 Sum grunnskule 168 000 Tomrefjord barnehage 8 000 Tresfjord barnehage 7 000 Helland barnehage 30 000 Fiksdal barnehage 6 000 Gardstunet barnehage 10 000 Skorgen barnehage 6 000 Sum barnehagar 67 000 Vestnes kulturskule 11 000 Kyrkjelege formål 11 000 Sum Kultur 22 000 Heimetenestene 90 000 Vestnes sjukeheim 131 000 Hellandtunet 65 000 Helsevern 23 000 NAV - sosial kommune 20 000 Sum helse, omsorg, velferd 329 000 Barne- og ungdomst. 47 000 Bu- og habiliteringstenesta 287 000 Eigedomsdrift 18 000 Tekniske tenester 33 000 Sum netto driftsutgifter 1 000 000 Ikkje alle driftseiningar tek inn vikarar ved sjukefråvær, andre stader er driftsforholda slik at det er praktrisk umogeleg å unngå å ta inn vikarar. Desse må då prøve å ta innsparingane ved andre tiltak.
Redusert løyving til inventar og utstyr Budsjett redusert med kr 500.000,-, tilsvarar om lag 20 % reduksjon. Innsparinga er fordelt slik: Redusert Eining løyving Tekniske tenester 25 000 Eigedomsdrift 16 000 Bu- og habiliteringstenestene 53 000 Vestnes sjukeheim 70 000 Hellandtunet 40 000 Heimetenestene 35 000 Helse/legesenter 13 000 Kulturskulen 15 000 Barnehagane 40 000 BUT 33 000 Sentraladministrasjonen 26 000 Grunnskule 108 000 Diverse 26 000 SUM 500 000 Bu- og habiliteringtenestene Vedtekne sparetiltak er: Redusert dagtilbud, 2 årsverk 1,0 mill. kr Ekstra sparetiltak, tilsv. 2 årsverk 1,0 mill. kr Bueining Brugata vart lagt ned frå 01.06.15. Ein hadde då ikkje ledige leilegheiter til dei som skulle flytte ut slik som føreset, så ein måtte ta i bruk igjen leilegheiter som ein tidlegare var lagt ned. Dette ført til at ein måtte bemanne opp igjen der ein tidlegare hadde redusert. Spareeffekten vart dermed ikkje så stor som ein hadde rekna med. I driftseininga er det mange nye unge tenestemottakarar, fleire er ressurskrevjande, det er: 10 yngre personar med psykisk utviklingshemming har fått tenestevedtak dei siste 6 åra. 7 yngre personar med psykisk utviklingshemming som har behov for teneste i nær framtid Driftsleiar arbeider med å finne ut korleis ein skal ta reduksjonane i 2016, men har vanskar med å klare å redusere drifta så mykje. Skal ein klare reduksjonar av ein slik størrelse, så må ein leggje ned ei heil bueining. Men forhold kan endre seg ganske raskt, og dersom det vert ledige leilegheiter i løpet av året, så vil ein redusere drifta så raskt som mogeleg. Administrasjonssjefen vil rå til at Bu- og habiliteringstenestene ikkje får tildele ledige husvære til nye brukarar før ein ser at vedtekne sparetiltak kan gjennomførast.
Grunnskule Vedtekne sparetiltak er: Redusert løyving til ekstraressurs for framandspråklege elevar kr 750.000,- Generell reduksjon kr 1.000.000,- I tillegg må dei ta sin del av reduksjon på inventar og utstyr og sjukevikarinntak. Reduksjon i løyving til ekstraressurs for framandspråklege elevar vert fordelt på skulane i forhold til totalt tildelte timar til dette. Generell reduksjon på 1,0 mill. kr vert dekka inn ved at ein reduserer avsett sum til vidareutdanning for lærarar frå kr 150.000,- til kr 50.000,-. Dette vil bety at det må gjerast ei streng vurdering om det kan gjevast kommunalt tilskott til vidareutdanning i 2016. Resten, kr 900.000,-, vert fordelt på skulane etter elevtal. Samla fordeling av reduksjonar på grunnskulane vert: Adm. Reduksjonar Budsjett budsjett Språklege Generell Redusert Redusert Nytt Skule 2015 2016 minoritetar reduksjon Sjukefråvør invent./utst. budsjett Fiksdal 5 816 000 5 889 000 90 000 61 000 14 000 9 000 5 715 000 Tomrefjord 21 995 000 23 969 000 298 000 288 000 59 000 32 000 23 292 000 Helland 32 432 000 33 254 000 336 000 503 000 82 000 61 000 32 272 000 Tresfjord 5 397 000 5 434 000 26 000 48 000 13 000 6 000 5 341 000 Sum 65 640 000 68 546 000 750 000 900 000 168 000 108 000 66 620 000 Med unnatak av inventar/utstyr så må nok det meste takast på lønsutgiftene. Føreset vi at ein rammetime kostar kr 27.000,-, må skulane redusere med følgjande antall rammetimar: Timar Skule reduksjon Fiksdal 6 Tomrefjord 24 Helland 34 Tresfjord 3 Sum 67 For skulane utgjer sparetiltaka ein reduksjon på ca. 3 årsverk som skulane må redusere.
Innsparing innanfor helse, BUT, institusjonsomsorg m.m. Administrasjonssjefen hadde i sitt framlegg til budsjett for 2016 føreslått ein reduksjon på 2,0 mill. kr på institusjonsdrifta. Kommunestyret vedtok i tillegg ei generell innsparing på kr 2,5 mill. kr Dette skulle takast ut innanfor Vestnes sjukeheim, Hellandtunet, Fellesutg. Pleie- og omsorg Helsevern, NAV - sosial kommune, Barne- og ungdomstenesta, Vaksenopplæringa og flyktningtenesta, Bu- og habiliteringstenesta. Det er naturleg å sjå desse tiltaka i lag, dvs. ei innsparing på 4,5 mill. kr. Helsevern, NAV - sosial kommune har små og frå før stramme budsjett. Difor er det vanskeleg å hente meir. Det er der allereie innarbeidd sparetiltak og ut frå administrasjonssjefens vurdering ikkje realistisk å føreslå ytterlegare sparetiltak. Barne- og ungdomstenestene og flyktningtenesta sine budsjett har også allereie innarbeidd fleire sparetiltak. Nemner m.a. at barnevern er budsjettert 2,3 mill. kr lågare enn forbruk i 2014 og truleg minst tilsvarande sum lågare enn forbruk i 2015 (rekneskap enno ikkje avslutta). Etter administrasjonssjefens vurdering er det ikkje realistisk å ta fleire sparetiltak her. Bu- og habiliteringstenestene, sjå eige avsnitt, her er det allereie vedteke sparetiltak på 2,0 mill. kr. Administrasjonssjefen ser det ikkje realistisk å føreslå ytterlegare reduksjonar her. Difor må reduksjonen på 4,5 mill. kr etter administrasjonssjefens vurdering takast innanfor institusjonsdrifta. Hellandtunet med avdelingane Mariebo og Oppigarden. Er spesialavdelingar for demente, dette er ei aukande gruppe totalt sett i befolkninga. Ut frå eit fagleg synspunkt er det ikkje aktuelt å redusere tilbodet. Personalressursen her vart redusert i 2014. Det er vurdert om det er mogleg å auke plasstalet her, men den fysiske utforminga av Mariebo og Oppigarden gir ikkje rom for å dette. Med bakgrunn i dette ser administrasjonssjefen ikkje anna løysing enn at reduksjon må takast ved driftseininga Vestnes sjukeheim og Tresfjord trygdeheim.
Det meste at kostnaden ved drift av institusjonane er løn og sosiale kostnadar (over 80 %). Resten er stort sett faste kostnader. For å klare å ta innsparing må talet på institusjonsplassar reduserast. Reduksjonen må vere så høg at ein kan redusere personalressursen. Den generelle pleiefaktoren (personalressurs direkte mot brukar), kan ikkje reduserast ytterlegare. Noko reduksjon i driftspostar utanom løn vil det også vere, men samstundes vert det eit inntektstap (trekk i trygdeytingane til pensjonærane) ved reduksjon av plasser. Inntektstapet er større enn innsparing på driftsutgiftene. I praksis må all innsparing takast på personalressursen (løn og sosiale utgifter). Konsekvensar ved redusjon i institusjonsplassar Då kommunestyre behandla driftsbudsjettet vart det ikkje bedt om kva konsekvensar tiltaket kunne få. Dette må vi få gje informasjon om no. Frå fagsida vert det peika på følgjande: Konsekvensane vil variere alt etter kor mange plassar ein reduserer. At ein ikkje aukar ressursar innan heimetenesta tilsvarande reduksjon innan institusjonsplassar, vil gjere at det vert auka press og belastning også på desse tenestene. Færre institusjonsplassar totalt kan medføre problem med å ta imot ferdigbehandla pasientar frå sjukhus (dagmulkt) auka ressursbehov i Heimetenesta (dag og natt) auka arbeidspress innan Heimetenesta (auka sjukefråver?) behov for auka bilpark til heimetenestene (fleire oppdrag rundt i kommunen) krav om rehabilitering i kommunen vert ikkje godt nok ivareteke redusert tilbod om avlastning for pårørande dårlegare tenestetilbod for heimebuande vil kreve endring til meir bruk av korttidsplassar, framfor langtidsplassar dårlegare fysioterapiteneste, større krav og forventningar enn kva ein kan tilfredstille ( tenesta redusert i 2014 ) vaktmestertenesta (utlevering / henting av utstyr er pr i dag marginalt) Sentralkjøkkenet, reduksjon av plasstal i institusjon, men auke i levering til heimebuande. Meir tid- og kostnadskrevjande prosess. Auka arbeidspress på teneste / forvaltningskontoret (saksbehandling og dokumentasjon) Personalprosess/ behov for omplassering / oppseiing Grovt oppsummert vil tiltaka føre til at det vert vanskelegare å få institusjonsplass. Meir av hjelpetiltaka må gjevast av heimetenestene i heimane til brukarane.
Administrasjonssjefen vil rå til følgjande tiltak: 1. Vestnes sjukeheim, reduksjon av 5 plasser på post 2 Reduksjon av ressurs, tilsvarande ca 3 årsverk. Det vil gje ei innsparing på 1,8 mill. kr. Administrasjonssjefen ynskjer ut frå ei fagleg vurdering og også av dei fysiske lokalitetane å ha full drift ved korttidsavdelinga, og heller redusere inne på sjukeheimen. Korttidsavdelinga er i dag organisastorisk plassert under post 2. Dette ei stor avdeling og det er difor valt å redusere plassar på post 2. 2. Tresfjord trygdeheim, reduksjon av 8 plassar i underetasje Reduksjon av ressurs, tilsvarande ca 4 årsverk. Det vil gje ei innsparing på 2,4 mill. kr på årsbasis. Fagleg vurdering ligg til grunn for å ta denne reduksjonen ved trygdeheimen. Pr. i dag er drifta ved trygdeheimen marginal i høve ressurs og kompetanse. Ytterlegare auka pleie og behandlingsbehov hos pasientane vil medføre eit auka behov for meir personell her både i form av fleire hender og auka kompetanse. For å kunne nytte den totale kompetanse i kommunen best mogeleg ser vi at fysisk nærleik gir betre samhandling og tverrfagleg utøving. Dette m.a. opp mot legetenesta, fysioterapi og heimetenesta. Ein vil difor ikkje rå til ytterlegare reduksjon av plassar ved Vestnes sjukeheim, men i staden begynne ei nedbygging av Tresfjord trygdeheim. Reduksjon på 8 plassar ved Tresfjord trygdeheim betyr i praksis at ein legg ned alle romma i underetasjen Ein er allereie starta med å gjennomføre reduksjon på Vestnes sjukeheim. Vår vurdering er at ein skal klare å gjennomføre dette tiltaket, men usikkert om ein klarer det så raskt at vi får heile den økonomiske gevinsten. Ved Tresfjord trygdeheim må ein redusere med minst 4 plasser før det vert noko økonomisk gevinst. Då kan ein spare ei tidlegvakt, innsparing på årsbasis ca kr 700.000,-. For å få full spareeffekt må alle 8 plassane i underetasjen takast ut av bruk. Det vil ta tid før dette målet er nådd, om ein klarer det i 2016 er uvisst. Administrasjonssjefen er i utgangspunktet samd med kommunestyret i at ein må redusere innan pleie- og omsorg. Men å klare å redusere med 13 institusjonsplassar på kort tid trur ho er alt for rask nedbygging av institusjonsplassane. Slik administrasjonssjefen vurderer det i dag er det tvilsomt at vi vil greie å gjennomføre dette spartiltaket i 2016 og få den spareeffekten som kommunestyret la inn i driftsbudsjett for 2016. Gjennomføring av tiltaket vert å kome attende til å driftsrapportane framover.