Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2013/2327-1 Magne Øyre Saksgang Saksnr Utval Møtedato Formannskapet Ny skulestruktur - utgreiing Innstilling frå rådmannen: Saksutgreiing: Historikk Kommunestyret gjorde 21.02.2013 ma. slikt vedtak: a) Det skal straks startast opp planlegging av plassering, utforming av ein ny Undarheim skule innanfor ei kostnadsramme på 200 mill. kr.. Denne skulen skal ha plass til barneskuleelevane frå heile eller deler av noverande Husnes ungdomsskulekrins. Desse planane skal vegast opp mot ei rehabilitering og utviding av noverande Undarheim skule og Valen skule. b) Undarheim skule og Valen skule har same prioritet i framdrift. Dersom resultatet blir at det skal rustast opp skular på Valen og Undarheim, skal elevane frå Skarveland overførast til Valen og elevane frå Sunde til Undarheim. c) Flytting av elevar ved Bringedalsbygda skule til Undarheim skule skal utgreiiast og sendast ut på høyring. For å få ei breiast mogeleg utgreiing av ulike alternativ både bygningsmessig, økonomisk og samfunnsmessig, valde Rådmannen å tilrå at det vart engasjert konsulentfirma for utgreiinga. Formannskapet vedtok i møte 14.05.2013 å løyva 400 000 kroner til utgreiing av skulestruktur i Husnes ungdomsskulekrins og firmaet Multikonsult blei engasjert. Firmaet sitt oppdrag var å vurdera konsekvensane av dei ulike alternativa som går fram av kommunestyret sitt vedtak. Vurderinga skulle omhandla bygningsmessige, økonomiske og side 1
samfunnsmessige forhold, herunder undervisningstilbod, tryggleik og trivsel for skuleborna, utvikling for lokalsamfunn og lokalpolitikk. Endeleg sluttrapport frå Multiconsult blei levert 9. september. Rapporten Rapporten tek for seg dei fem skulane Skarveland, Valen, Sunde, Undarheim og Bringedalsbygda. For å få eit best mogeleg samanlikningsgrunnlag for dei ulike alternativa har ein valt sjå på fem ulike scenario: Scenario 1: Scenario 2: Scenario 3: Scenario 4: Rehabilitering/utviding av Undarheim og Valen skular for å ta imot hhv Sunde og Skarveland skular Ny Undarheim skule for å ta imot Sunde, Valen og Skarveland skular Ny Undarheim skule for å ta imot heile Husnes ungdomsskulekrins, inkl. Bringedalsbygda skule Skarveland skule til Valen skule og Sunde og Bringedalsbygda skular til Undarheim skular Scenario 4b: Som 4, men med nye skular men med ny Undarheim skule og ny Valen skule Metodikk Dei ulike senarioa er vurdert ut frå bygningsmessige, økonomiske og samfunnsmessige forhold. Bygningsmessige vurderingar tek for seg teknisk tilstand, tilpassingsdyktighet og egnethet. Ved kartlegging av teknisk tilstand har ein brukt ein metode gitt i NS 3424 Tilstandsanalyse av byggverk Denne metoden er brukt i landsomfattande kartleggingar og gjer det mogeleg å samanlikna tilstanden til våre bygg med andre. Tilstand blir kartlagt for 6 hovudkomponentar i kvart bygg. Tilstanden er gradert på ein skala frå 0 til 3. TG 0: Meget god (tilsv. nytt) TG 1: Tilfredsstillande TG 2: Utilfresstillande TG 3: Dårleg Tilpassingsdyktighet seier noko om bygningen sin eigenskapar i høve til: Fleksibilitet Generalitet Elastisitet (endra planløysing, td innvendig ombygging) (endra bruk til annan funksjon, td kontor, bustad mm) (mulighet for utviding/påbygg, avhengig av tomtetilhøve og bygningsform/konstruksjon) Alle bygningane er vurderte etter den same skala (0 3) for desse parameterane. Egnethet er vurdert ut frå intervju med leiinga for dei ulike skulane og møte med kommuneleiinga. I motsetning til vurdering av teknisk tilstand og tilpasningsdyktighet som i stor grad byggjer på objektive kriteria, vil vurdering av egnethet vera basert på intrvjuobjekta sine subjektive oppfatningar. side 2
Økonomiske vurderingar har som formål å få fram tenleg samanlikningsgrunnlag for dei ulike scenarioa som er føreslegne. Det er difor lagt til grunn ein del føresetnader for at scenarioa skal vera mest mogeleg likeverdige. Eksisterande bygg som skal brukast vidare blir rehabilitert til same standard som nytt Areal pr elev i nybygg er rekna til 15 m2 Arealbehov pr elev i eksisterande bygg er rekna til 18 m2. Dette pga. dårlegare funksjonalitet. Prosjektkostnad nybygg kr 30 600 pr. m2 Prosjektkostnad utviding kr 28 000 pr. m2 Prosjektkostnad totalrehabilitering kr 28 900 pr. m2 Restverdien er ein teknisk verdi ut frå alder, tilstand, bygningstype og areal. Restverdien reflekterer ikkje marknadsverdien. Dei økonomiske vurderingane tek utgangspunkt i levetid 60 år og kalkulasjonsrente 5%. For å finna samanliknbare kostnadstal tek ein utgangspunkt i såkalla LCC-kostnader (Livssykluskostnader). Dette er det bygget kostar i heile si levetid delt likt ut over 60 år. LCC er sett saman av: Kapital Forvaltning Drift Vedlikehald (renter, avdrag) (administrasjon, forsikring, avg./gebyr) (tekniske anlegg, utomhusanlegg, brøyting, reinhald, vaktmeistertenester, energikostnader mm.) (løpande vedlikehald, periodisk, utskiftingar) LCC-kostnadene blir berekna pr m2 som blir samanlikningsgrunnlaget bygga imellom. I tillegg har ein valt å visa LCC som kostnad pr. elev ved dei ulike scenarioa. Resultat av kartlegging Bygningsmessige vurderingar Bygning Teknisk tilstand Tilpasningsdyktighet Bringedalsbygda skule 1,8 1,8 Skarveland skule 1,4 1,4 Sunde skule 1,4 1,8 Undarheim skule 1,4 1,8 Valen skule 1,5 1,9 Samla 1,5 1,8 Når det gjeld teknisk tilstand så kjem bygningane nokolunde likt ut bortsett frå Bringedalsbygda som er i klart dårlegaste stand. Snittet for alle bygga er 1,5 mot 1,4 som er snittet for samanliknbare kommunar. Ein kan såleis sjå at standarden for desse skulane er noko dårlegare en snittet for landet. Ut frå ei samla vurdering kan ein sei at bygningane ligg midt på treet. Dei er noko betre på bygningsmessig tilstand enn på tilpasningsdyktighet. Teknisk standard er nokolunde lik bortsett frå Bringedalsbygda som er klart dårlegast. Når det gjeld tilpasningsdyktighet er Skarveland best og Valen dårlegast, men jamt over har alle bygga relativt dårleg tilpasningsdyktighet. For Valen sin del kjem dette i stor grad av manglande elastisitet (mulighet for utviding/påbygg). side 3
Økonomiske vurderingar Dei økonomiske vurderingane tek utgangspunkt i dei ulike scenarioa, årskostnad pr. m2 og årskostnad pr. elev. Bygningsarealet varierer mellom dei ulike scenarioa medan elevtalet er likt. For å vurdera kva scenario som er mest økonomisk er det difor rett å bruka årskostnad pr. elev som samanlikningsgrunnlag. Ut frå dette får ein då ei slik samanlikning: Årskostnad pr. m2 Årskostnad pr. elev Scenario 1 1 752 33 235 Scenario 2 1 687 27 486 Scenario 3 1 509 22 635 Scenario 4 1 908 34 339 Scenario 4b 1 974 29 683 I berekningane er det rekna med ein restverdi for dei bygga som ikkje skal brukast vidare. Det knyter seg stor usikkerhet til kva ein kan få for gamle skulebygg ved avhending, men sjølv om ein set denne verdien til kr 0, vil det innbyrdes forholdet mellom scenarioa vera det same. Ut frå dei økonomiske betraktningane peikar scenario 3 seg ut som det klart gunstigaste. Svenario 3: Ny Unadarheim skule for å ta imot heile Husnes ungdomsskulekrins, inkl. Bringedalsbygda skule. 25.10.13 Uavhengig av struktur vil ein stå framfor store investeringar i skulebygg innan 10-15 år. Bygga som er omhandla i rapporten har ein gjennomsnittsalder på 45 år og har med seg eit stort vedlikehaldsetterslep. Bygga har og ufunksjonelle planløysingar i høve til dagens krav. Økonomisk konsekvens: Miljømessig konsekvens: side 4
Vedlegg: side 5