Planomtale til reguleringsplan for: Bjørkviki - Hanekambneset VIK KOMMUNE DETALJPLAN Plan ID: 1417 2015005 e-post: alvor@live.no 1 etablert 1961
Føreord : Planomtalen for reguleringsplan Bjørkviki Hanekamneset gjer greie for bakgrunn og eksisterande forhold i planområdet, og omtalar løysingane i planforslaget og verknader av dei. Området er del av eigedomen Gbnr. 72/2,3. Eigar er Harald Hanekam. Tiltakshavar er Olav Hanekam, Harald Hanekam og Einar Hanekam. AOV as er engasjert av tiltakshavar som plankonsulent. Området avsett til LNF-formål og LNF- spreidd hyttebygging i Kommuneplan for Vik Kommune 2013-24. Det er ikkje sett fram krav til konsekvensutgreiing. Oppstart av planarbeidet vart varsla med annonse i Sogn Avis 23. juli 2015. Naboar og høyringsinstansar var varsla med brev 21.juli.2015, med høyringsfrist 21. august 2015. Det var komme inn 2 innspel til fristen. Planområdet ligg i omsynssone H310 «Faresone skred» i kommuneplanen. Det er sett krav om skredfarevurdering for å avklara reell skredfare. Denne er utarbeidd av konsulent Asbjørn Rune Aa og er vedlagd. INNHALD: Planskildring: 1. Føremålet med planarbeidet. 2. Om planområdet 3. Planstatus og rammer. 4. Planprosess 5. medverknad 6. Arealformål 7. Fysisk utforming. 8. Utgreiings- og kunnskapstrong 9. Verknader av planen e-post: alvor@live.no 2 etablert 1961
1 Føremålet med planen: FØREMÅLET MED PLANARBEIDET Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for bygging av 3 nye fritidsbustader med tilhøyrande uthus/anlegg og ombygging av eksisterande bustadhus som fritidsbustad, Planen skal og sikra at eksisterande natur- og landskapsverdiar vert ivaretekne so langt råd. Planen skal dekka trong for hyttetomter for næraste slekt som har tilknyting til området. 2 Planområdet. I oppstartvarselet vart eit større område vurdert, sjå kartutsnitt under: e-post: alvor@live.no 3 etablert 1961
Planområdet er merka med stipla strek og er redusert frå ca 29 daa i oppstartvarsel til ca 12 daa i planframlegget. Området grensar til Sognefjorden. Planområdet omfattar del av eigedomane gbnr.72/2 og 3. Næraste nabo er eigedomen 71/3, ca 170 m mot aust frå planområdet. Eigar Olav Kvåle. e-post: alvor@live.no 4 etablert 1961
Området ligg ca 16 km i luftlina frå kommunesenteret Vik. Her er veglaust. Tilkomsten til området er med båt (småbåt). Vurdert område markert med raud stipling. Luftfoto «Sogn i bilder». e-post: alvor@live.no 5 etablert 1961
Kulturlandskap i planområdet 1 Kulturlandskap i planområdet 2 e-post: alvor@live.no 6 etablert 1961
Planområdet, eksisterande tilhøve: Ein har vurdert eit større områda jfr. oppstardvarselet. Det er 4 eksisterande bygningar innan området som er vurdert. Dette er 2 naust, ein driftsbygning og eitt bustadhus. Etter vurdering er planområdet redusert til å omfatta 2 eksisterande bygningar merka på plankartet. Bygning 1 er naust som vert liggjande i område for friluftsliv. Dette har fasadekledning av tre og tak av bylgjeblekk. Bygning 2 er eit bustadhus oppført av brakkemodular etter at det opprinneleg bustadhuset brann ned. Det er ynskjeleg å byggja opp att eit tilsvarande hus om det som brann ned i staden for brakkebygget som er av låg estetisk kvalitet. Det eksisterande huset var av typen skipparhus. Etter drøfting med Vik kommune meiner vi det er teneleg å ta med dette bygget i planen og endra bruken til fritidsføremål sidan dette er mest aktuelt. Det har ikkje vore drift v. eige bruk i området etter ca. 1985. Vi viser til etterfylgjande bilete. Området er framleis prega av tidlegare drift med små slåttemarker, einskilde frukttre og beite med store innslag av berg i dagen og ryddingsrøysar. 3 Planstaus og rammer. Gjeldande planar i området. Kommuneplanen sin arealdel I arealdelen av kommuneplan Vik kommune 2013-24 er eit område på ca 17daa i Bjørkeviki sett av til formål LNF-spreidd hyttebygging: LNF-H1 Bjørkeviki. I kap.5 Planføresegner pkt.5.4 er utbygging avgrensa til 3 hytter, og det er stilt krav om reguleringsplan før utbygging. Planområdet omfattar ein del av dette arealet + ca 3 daa vist som LNF-område. Planområdet ligg i omsynssone H310 «Faresone skred» i kommuneplanen. Det er i kap. 5, pkt.7.2, føresegner til «faresone skred» sett krav om ROS-analyse og skredfarevurdering for å avklara reell skredfare, og evt. sikringstiltak. Krav om ROS-analyse går og fram av Kap.5 Retningsliner, pkt.4.0 Skredfarevurdering er er utarbeidd av konsulent Asbjørn Rune Aa og er vedlagd. Vi viser og til tekstdokumentet til arealdelen til kommuneplanen under punkt 3.2.3 Fritidsbustader og naust og 3.5 Landbruk- natur og friluftsområde. LNF-R. Andre relevante føringar i Kap.5 Planføresegner 2.3.2 Reguleringsplan for fritidsbustadar Det skal syna/gjera greie for: - Kotehøgder, plassering av bygningar og tilkomstveg til hyttene. - Terreng og vegetasjon før og etter utbygging. - Framføring/løysing av vassforsyning, avløp. e-post: alvor@live.no 7 etablert 1961
2.3.5 Generelle føresegner for naust. Desse kan overstyrast av reguleringsplan. 5.0 Landbruks-natur og friluftsområde. Føringar for naust i 20- og 100meterssona. Gjeldande reguleringsplanar i området: Det er ingen gjeldande reguleringsplanar i eller nær planområdet. Det er ingen andre planar under arbeid i nærleiken. 4. PLANPROSESS: Tiltakshavarane har med innspel til kommuneplanen fått medhald i at det kan byggjast spreidde fritidsbustader i planområdet. Arkitektkontoret Anders og Olav Vikøren AS utarbeider difor reguleringsplan som detaljplan etter avtale med tiltakshavarane og etter krav frå Vik kommune. 4.1 Planprosessen fram til dags dato: 30.06.15. Oppstartmøte med Vik kommune. Det vart bestemt at planen kunne fremjast som privat reguleringsplan (detaljplan). 23.07.15 Oppstartvarsel vart sendt ut med svarfreist til 21.08.15. To merknader er motteke og vurdert. Desember 2015 - Framleggjing av planforslag til handsaming. 20.01.16 Revidert planforslag etter drøfting med planavdelinga i Vik kommune og Fylkesmannen. 4.2 Planprosess vidare: Det er utarbeidd planforslag og planomtale. Merknader frå oppstartvarsel er vurdert. Vik kommune tek opp til handsaming om planen skal fremjast og sendast ut på offentleg høyring. Planen leggjast ut på offentleg høyring i 6 veker. Innkomne merknader vurderast og innarbeidast i plandokumentet. Dersom det kjem vesentlege merknader, kan planen sendast ut på ny høyring dersom merknadane fører til vesentlege endringar. Planen godkjennast av Vik kommunestyre. 4.3 Tiltakshavarar for planarbeidet: Olav Hanekam, Harald Hanekam og Einar Hanekam. e-post: alvor@live.no 8 etablert 1961
5. MEDVERKNAD: Alle partar er/vert tilskrivne etter liste framlagt av Vik kommune. Det er ikkje lagt opp til informasjonsmøte sidan planen omfattar få partar og ikkje har større påverknader på omgivnadane. Det har vore drøfting med Vik kommune vedr. løysingane. Alle merknader til oppstartvarsel er vurdert og nokre er innarbeid i planen. Det føreligg eiga vurdering av dei innkomne innspela som eige dokument i saka. e-post: alvor@live.no 9 etablert 1961
6. Arealformål. (Sjå plankart) 6.1 Arealføremål i planen, LNFR etter pbl. 12-5: - Område F : Spreidd hyttebygging etter 5. lekk. Sosi-kode 5220. - Område L. Friluftsformål. Sosi-kode 5130 Område F Areal ca 8,5 daa. Område for 3 nye hytter på tomter inntil 1 daa, samt høve til å byggja om eksisterande bustadhus til fritidsføremål. Totalt 4 einingar med fritidsbustadar. Område L Areal ca 3,5daa Strandsone med formål å sikra allmenn tilkomst og ferdsel. Eksisterande naust skal stå, og kan vølast/vedlikehaldast og nyttast av eigarar i planområdet. Kulturlandskap i planområdet 3 e-post: alvor@live.no 10 etablert 1961
7. FYSISK UTFORMING ALTERNATIV: 7.1 Planavgrensing. Det totale planområdet er redusert til 12 daa og soleis mindre enn dei 17 daa kommuneplanen opnar for. Av dette er 8,5 daa område for spreidd fritidsbusetnad. Sjå punkt 2 og plankart 7.2 Tilkomst. Tilkomsten til planområdet er frå Sognefjorden med båt til eksisterande bryggja. Tilkomst til området med bygningsmaterialer og liknande må skje i hovudsak med båt Eller helikoptertransport. Tilkomst frå kai til hyttene skal sikrast med tinglyste avtalar og vegrett før det kan gjevast løyve til frådeling/bygging. 7.3 Bygningsvolum. I byggjeområdet LNF-F er det lagt opp til spreidd byggjing av hytter. Terrenget er skrånande. På grunn av terrengformasjonar og vegetasjon vil ikkje tiltak innan om rådet vera særleg synleg frå Sognefjorden. Siktelina er frå havflata og oppover. Eit eksisterande bustadhus kan ombyggjast til fritidsbustad. 7.4 Parkering. Parkering er uaktuelt sidan det ikkje er bilveg til området. Det er heller ikkje planar om vegutbyggjing nær området. 7.5 Uteareal. Utnyttinga er så låg at det er rikeleg med uteareal for kvar fritidsbustad. 7.6 Vatn og avløp. Vatn frå borehol eller sisterne. Evt. avløp frå godkjent avløpsanlegg må førast ut på djupet. 7.7 Sentrale spørsmål for vidare planarbeid. Etter at planen har vore ute på høyring, kan ein få innspel som kan endra planen. 7.8 Alternative løysingar. Det blir ikkje presentert alternative løysingar. Etter at høyringsuttalane er innkomne, vil ein vurdera desse. Dersom det er andre forslag til utforming som vil gje endra løysingar, vil desse bli innarbeidd i endeleg plan. 8. UTGREIINGS OG KUNNSKAPSTRONG: 8.1 Lova set krav om planomtale. ( planbeskrivelse ) for planen. Det er ikkje stilt krav om konsekvensutgreing i samband med planarbeidet. e-post: alvor@live.no 11 etablert 1961
8.2 Naturmangfaldlova: 4. Forvaltingsmål for naturtypar og økosystem Målet er at mangfaldet av naturtypar ivaretakast innan deira naturlege utbreiingsområde og med det artsmangfaldet og dei økologiske prosessane som kjenneteiknar den einskilde naturtypen. Målet er òg at funksjonane, systema og produktiviteten til økosystema vert ivareteke så langt det er rimeleg. 5. Forvaltingsmål for artar Målet er at artane og deira genetiske mangfald vert ivaretake på lang sikt og at artane finst i levedyktige populasjonar i sine naturlege utbreiingsområde. Artane sine økologiske funksjonsområde ivaretakast med dei økologiske vilkåra dei er lever av så langt det er naudsynt for å nå dette målet. 6 Aktsemdsplikt Plikt om aktsemd. 8 Kunnskapsgrunnlaget Offentlege avgjerder etter lova skal byggja på vitskapleg grunnlag. Kravet (forvaltinga) stiller skal stå i rimeleg samsvar med tiltaket og skaderisiko for mangfaldet. Kunnskap om bruk av og samspel med naturen skal offentleg mynde leggja vekt på. 9 Føre-var-prinsippet Viss det føreligg risiko for alvorleg eller irreversibel skade på naturmangfaldet. 10 Påverknad av av økosystem skal vurderast. e-post: alvor@live.no 12 etablert 1961
VÅR VURDERING ETTER NATURMANGFALDSLOVA: Generelt: Vurderinga gjeld planområdet og tilstøytande område. Omtale av området: Planområdet ber preg av at det har vore eit område med aktivt landbruk og hagebruk. Naturgrunnlaget for drifta var slåttemark med grunt jordlag. Her er ryddingsrøyser og mykje fjell oppe i dagen. I ei og anna jordlomme har det vore planta frukttre. Mogeleg landbruksdrift i dag er beite for småfe. Risikovurdering etter naturmangfaldlova: Grunnlaget for drift av landbrukseigedomen er vekke. Å oppretthalda drifta er utelukka. Det er relativt mange tilsvarande bruk langs Sognefjorden som har hatt og vil ha same utvikling. Det er ikkje lagt opp til politiske verkemidlar som vil stogga denne utviklinga. Dette vil vera utviklinga for tilsvarande biotopar. Etablering av 3 hyttetomter vil ha ei positiv verknad på området. Dette gjeld òg for ombyggjing av eksisterande bustadhus. Tiltakshavarane er slekt av eigaren av hovudbruket. Området vil bli halde meir i hevd med denne bruken enn ved ikkje-bruk. Føremålet er heller ikkje av ein slik karakter at det medfører stor aktivitet. Uansett vil aktivitetsnivået vera lågare enn når landbrukseigedomen var i aktiv drift. Omdisponering av eksisterande bustadhus til fritidsbustad vil ikkje påverka området. e-post: alvor@live.no 13 etablert 1961
8.3 Det er ikkje trong for vidare avklaringar av antikvarisk undersøkjing. Det er ikkje motteke noko merknad frå Kulturkontoret hjå Sogn og Fjordane Fylkeskommune tross fleire purringar. Vi reknar med området difor ikkje har interesse. I tillegg vil tiltaka innan planen ikkje generera særleg terrengarbeid. Det er uråd å få inn større maskiner og hyttene må fundamenterast på søyler. 8.4 ROS- Analyse: Vi har vurdert risiko og tryggleik for området med bakgrunn i temahefte frå Dsb, Samfunnssikkerhet i arealplanlegging, Kartlegging av risko og sårbarhet. Sjå eige vedlegg: ROS-analyse Dei farane som er reelle er vurdert dvs. rasfare. Vi viser til eigen rapport a. Kva aktuelle farar har vi? a. Snøskred b. Jordskred. c. Flaum b. Vurdering av reell fare: Rasrapport konkluderer med at det kan vera fare for sørpeskreda langs eksisterande bekkefar. Vi avdekka i vår kvalitetskontroll at tilgjengeleg kartgrunnlaget har inntekna feil trasè for bekken sitt nederste løp. Rasraporten blei dermed korrigert. Det er lagt inn byggjegrenser i planen slik at tiltak ikkje kan byggjast i farleg område. e-post: alvor@live.no 14 etablert 1961
9. VERKNADAR AV PLANEN: 9.1 Planen opnar for bygging av 3 hytter vest for bekken og ombygging av eit bustadhus (brakkebygg) til fritidsføremål aust for bekken. I friluftsona er det eit eksisterande naust som skal stå. Bruken er avgrensa til fritidsføremål og dermed avgrensa. Det er teke med at eksisterande bustad kan ombyggjast til fritidsføremål. Dette er eit avvik i høve til kommuneplanen, men er vurdert til å høyra inn i ein slik reguleringplan slik at ein får med seg dei tilaka som kan vera aktuelle og slepp seinare dispensasjonsøknadar. Dette tilaket fører ikkje til auka bruk. Planområdet er mindre enn det som er avsett i kommuneplanen. Vi vurderer det som kompenserande tiltak i høve til at ein tek med ein eining til. 9.2 Hyttene er forutsett bygde på pilarar då det ikkje er mogeleg å ta inn større anleggsmaskiner til planområdet. Sjå elles planføresegnene. Terrenginngrep vil difor bli avgrensa. Ombygging av eksisterande bustadhus blir basert på eksisterande fundament. 9.3 Det er sett byggjegrenser mot bekkefaret som har risiko for sørpeskred. Tiltak innan planområdet vil berre ha ein estetisk fjernverknad. Desse er synleg frå fjorden. 9.4 Tilkomsten til planområdet stettar ikkje kravet til universell tilgjenge. Dette er det uråd å få til. Vedlegg: - Merknader med vurdering - ROS Analyse - Rasrapport Vik i Sogn, 25.01.2016 Siv.ark. Anders Vikøren e-post: alvor@live.no 15 etablert 1961