HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201110927-3 Arkivnr. 831 Saksh. Rødseth, Tor Harald Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 23.11.2011 28.11.2011 SØKNAD FRÅ XPRESSBUSS.NO OM RUTELØYVE FOR STREKNINGA BERGEN SENTRUM - BERGEN LUFTHAVN SAMANDRAG Xpressbuss.no har søkt om ruteløyve for flybuss på strekninga Bergen sentrum Bergen lufthavn. Fylkesrådmannen rår til at søknaden vert godkjend på same vilkår som for parallelt ruteløyve som blei tildelt Tide Buss 13.10.11. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkesutvalet godkjenner søknad av 07.10.11 frå Xpressbuss.no AS om løyve for flybussrute på strekninga Bergen sentrum Bergen lufthavn på følgjande vilkår: a) Løyvet gjeld persontransport til eller frå Bergen lufthavn. b) Løyvet gjeld til og med 31.12.2013. c) Transporttilbodet skal vere tilgjengeleg for alle. Dette gjeld og haldeplassinformasjon, marknadsføring, billettering m.m. Dersom det vert nytta vognmateriell frå før 01.01.2010 skal det gjevast eit servicetilbod som er tilpassa alle, uavhengig av funksjonsevne. d) Fylkesutvalet føreset at Xpressbuss.no innfører rabatt for studentar, honnørreisande og tenestepliktige. e) Ruteplan og takstregulativ skal godkjennast av fylkeskommunen.
2. Fylkesutvalet viser til vedtak i sak 194/11 i møte 13.10.11, der det vert bede om å få lagt fram prinsippsak med vurdering av konkurranseutsetjing av tildeling av flybusskonsesjonar i løpet av 2012. Paul M. Nilsen Fylkesrådmann Anne Iren Fagerbakke Samferdselssjef Vedlegg: Brev av 07.10.11 frå Xpressbuss.no AS Brev av 25.10.11 frå Xpressbuss.no AS 2
FYLKESRÅDMANNEN, 11.11.2011: Bakgrunn Samferdselsavdelinga har i brev av 07.10.11 motteke søknad frå Xpressbuss.no AS (Xpressbuss) om ruteløyve for flybuss på strekninga Bergen sentrum Bergen lufthavn. Om søknaden Til forskjell frå Tide legg Xpressbuss opp til Nordnes som endehaldeplass i Bergen sentrum. I sentrum vil dei stoppe ved 8 hotell, ved Grieghallen og ved Nonnesæter terminal/utsida av busstasjonen. Derfrå vil dei køyre direkte til/frå flyplassen. Det omsøkte rutetilbodet vil, med unnatak av perioden før kl 06.00, ha halvtimefrekvens kvardagar frå kl 03.30 til 23.00, laurdagar frå kl 04.00 til 18.30 og sundagar frå kl 06.00 til 22.30. Det er i tillegg planlagt å køyre flytilpassa ruter utanom desse tidsromma. Planlagte takstar er kr 90 for vaksne, kr 65 for honnørreisande, tenestepliktige og studentar, og kr 45 for barn. To barn vil reise fritt saman med ein vaksen. Søkjaren vil gje grupper på 10 eller fleire 17% rabatt. I brev av 25.10.11 frå Xpressbuss heiter det følgjande: Vi er kjent med at Tide Buss fikk konsesjon for fortsatt flybuss frem til 31. desember 2013 og derfor oversender vi med dette vår presisering i forhold til tidligere oversendte konsesjonssøknad. I vår søknad datert 07. oktober 2011, ber vi om å få konsesjon på flybussrute i Bergen sentrum, i 10 år dvs. ut 2021. Bakgrunnen for at vi trenger et slikt tidsperspektiv er blant annet følgende: Forutsigbarhet for et betydelig antall ansatte Avskrivningstid på utstyr og busser. Oppstarten vil omfatte en investering på over 12mill nto. Selskapet er nå i dialog med leverandører av busser med alternativt drivstoff hvor vi også kanskje må bygge opp et eget anlegg for å håndtere dette. Ved å innvilge en konsesjon på 10 år, vil man skaffe publikum totalt sett et meget godt flybusstilbud som vil være igangsatt innen svært kort tid. Fråsegner I brev av 31.10.11 frå Bergen kommune heiter det m.a følgjande: 1. Bergen kommune ønskjer primært at flybussen vert konkurranseutsett dersom regelverket opnar for dette. 2. Bergen kommune stiller seg positiv til Xpressbuss.no AS sin søknad om ruteløyve til flybuss på strekninga Bergen sentrum Bergen lufthavn Flesland. I brev av 04.11.11 frå Tide Buss AS heiter det m.a følgjande: Tide Buss ynskjer at ein stiller krav til søkjaren om at ein ikkje har same avgangstid frå Nonneseter terminal som noverande tilbod. Dette for å sikre publikum betre frekvens samtidig som ein hindrar kapasitetsproblem på terminalen. Det er også viktig at dei to flybusstilboda har ulik utsjånad slik at kundane lett kan sjå kva selskap som køyrer. Tide Buss ser det som sjølvsagt at den nye aktøren betaler terminalavgift på Bergen Busstasjon og informasjonsavgift for 177 på linje med eksisterande flybusstilbod. I brev av 04.11.11 frå A-Taxi AS heiter det m.a følgjande: 3
Det er etter A-Taxis syn ikkje behov for tildeling av konsesjon for ny rute mellom Bergen sentrum vest og Bergen lufthavn Flesland. Hordaland fylkeskommune har imøtegått behovet for økt kapasitet for reisende med transportbehov i Bergen ved tildeling av et større antall nyopprettede drosjeløyver. Den økte løyvemengden medfører større utfordringer for drosjeeierne med å oppnå forsvarlig omsetning for sitt løyve. A-Taxi peikar så på framkomstproblem i rushtida på den aktuelle strekninga. I fråsegna heiter det vidare: [ ] Å frata næringen inntjeningspotensialet frå denne typen kjøring vil måtte medføre store nedbemanninger i drosjenæringen, noe som igjen vil gjøre at publikum blir skadelidende på andre tidspunkter på døgnet. A-Taxi gjer gjeldande at hotella kan samordne drosjetransport til flyplassen, og dermed nytte drosjane sin passasjerkapasitet meir effektivt, og til gunstigare prisar. I følgje A-Taxi er Xpressbuss si planlagte køyretid urealistisk kort. A-Taxi meiner at ein ved ei eventuell tildeling av ruteløyve, bør gje Xpressbuss fleire pålegg; utvida driftstid, bruk av gassbussar, integrasjon i totalløsningen for Skyss, og ikkje gje moglege dispensasjonar frå lovkrav om universell utforming. I brev av 07.11.11 frå Velferdstinget (organ som representerar 26 000 av studentane i Bergen) heiter det m.a følgjande: Velferdstinget ser på det som positivt at kollektivtilbodet i bergensområdet forbetrast, og oppfattar det som særleg positivt at Xpressbuss.no vel å innføre studentrabatt frå dag éin. Velferdstinget ynskjer òg at Xpressbuss.no ser på moglegheiten til å ha avgangar frå Fantoft, då dette området har den høgste studenttettleiken i bergensområdet. I brev av 07.11.11 frå Taxi 1 AS heiter det m.a følgjande: Fylkesutvalget har nylig vedtatt at konsesjonsvilkår og rammene rundt hele flybusskonseptet i Bergen skal opp til en bred vurdering innen kort tid. Taxi 1 mener en slik evaluering vil være hensiktsmessig i lys av at det er fleire konsesjonssøkere til en slik rute. Viss det imidlertid innstilles til at det skal opprettes en ny rutekonsesjon ved denne anledning, forbeholder Taxi 1 seg muligheten til å gi ytterligere opplysninger jf egen søknad slik at denne blir vurdert parallelt med den nylig innkomende søknaden. På denne måten kan leverandørene måles opp i mot hverandre. Løyvestyresmakt vil da bli gitt er reel mulighet til å velje den best kvalifiserte søkeren som dermed kan gi publikum det mest konkurransedyktige tilbudet. Det har ikkje kome inn andre fråsegner i saka. Fylkesrådmannen si vurdering Ved å godkjenne gjeldande søknad vil ein få konkurrranse på flytilbringarmarknaden med kollektive transportmiddel. Den noverande flybussruta og den omsøkte vil ha utgongspunkt på kvar si side av Vågen og kan såleis utfylle kvarandre. Konkurranse på flybussrutemarknaden i Bergen vil kunne utløyse takstreduksjon og større breidde i tilbodet 4
Det er grunn til å sjå Xpressbuss si presisering av søknaden sin i lys av at fylkesutvalet, etter at Xpressbuss sende sin søknad, endra innstillinga til løyveperiode for Tide frå 10 til 2 år. Prinsippet om likskap i forvaltninga tilseier at søknaden frå Xpressbuss bør handsamast likt søknaden frå Tide. Fylkesrådmannen vil rå til at vedtaket i denne saka får same premissar som vedtaket i sak 194/11, flybussruta til Tide. Dette vil gje like konkurransevilkår for dei to aktørane. Når det gjeld Tide sitt innspel om at det bør setjast krav om at søkjaren ikkje har same avgongstid frå Nonnesæter terminal som Tide, så vil fylkesrådmannen påpeike at ein frå fylkeskommunen si side i minst mogleg grad vil detaljstyre kommersielle ruter. Når det er sagt vil det truleg vere i publikum si interesse at avgongane vert spreidde, og det vil gjere det lettare å få til gode terminaltilhøve, både på Nonnesæter og på flyplassen. 5