EID KOMMUNE Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Formannskapet 03.09.2015 146/15 CMÅ Formannskapet 03.09.2015 CMÅ Kommunestyret 10.09.2015 095/15 CMÅ Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Cecilie Marie Åshamar Arkiv: L12 Objekt: 67/1 Arkivsaknr 10/120 Detaljreguleringsplan for Lund masseuttak - vedtak Prenta vedlegg: 1. Planomtale med føresegner 2. Merknadsvurdering 3. Plankart 4. Uttaler ved offentleg ettersyn: a) Statens vegvesen b) Direktoratet for mineralforvaltning c) NVE d) Magnor Myklebust e) Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Plan- og bygningslova (pbl.) Kva saka gjeld: Vedtak av privat forslag til detaljreguleringsplan for Lund masseuttak. Bakgrunn for saka:
Alvin Drage AS som driv eksisterande masseuttak i området i dag, ynskjer å utvide området for masseuttak på Lund. Alvin Drage AS nyttar Nordplan AS som konsulent for å utarbeide detaljreguleringsplanen. Når planarbeidet var starta opp etter førre arealdel, var planområdet større enn området som var sett av til masseuttak i arealdelen. Det vart difor stilt krav om planprogram som grunnlag for planarbeidet. Formannskapet vedtok planprogrammet i møtet 26.02.2015, sak F-sak 034/15. Planområdet er i dag innanfor området som er avsett til framtidig råstoffutvinning i den nye arealdelen. Området er der avsett som BRU01. Planforslaget har vore ute til offentleg ettersyn i perioden 23. juni til 14. august 2015, jf. formannskapet sitt vedtak i møtet 18. juni, i F-sak 114/15. Sjå samandrag av uttaler under saksutgreiinga. Saksutgreiing: Spesielle føringar ved regulering av masseuttak/steinbrot Ansvaret for regulering av uttak av mineralske førekomstar er delt mellom Direktoratet for mineralforvaltning, Fylkesmannen og kommunen. Mineraluttak er regulert av konsesjon etter minerallova og driftsplanen er forankra i minerallova. Forvaltar av minerallova er Direktoratet for mineralforvaltning, som har ansvar for å sjå til at drifta av masseuttaket skjer i samsvar med driftsplan og konsesjon. Tilhøva til forureining, slik som støy, støv og avrenning, vert styrt gjennom forureiningslova, med tilhøyrande forureiningsforskrift. Kapittel 30 i forureiningsforskrifta omfattar forureining frå produksjon av pukk, grus, sand og singel spesielt. Det er Fylkesmannen som forvaltar dette lovverket. Planavklaring, dvs. bruken av området som masseuttak, vert gjort gjennom plan- og bygningslova, der kommunen er planmynde. Til reguleringsplanar for masseuttak kan det gjevast føresegner om støy, driftstider, og andre forhold som fell inn under både kommunen, Fylkesmannen og Direktoratet for mineralforvaltning sitt ansvarsområde. Reguleringsplanane er kommunane sine planar, og det er kommunen som er ansvarleg for å sjå til at reguleringsplanen vert følgd. Det er såleis viktig at det i reguleringsplanen ikkje vert gjeve føresegner for tilhøve som kommunen ikkje rår over, dette vert også presisert i Temaveileder - Uttak av mineralske forekomster og planlegging etter plan- og bygningsloven. I temarettleiaren er det lagt til grunn at forhold som vert avklart i driftsplanen godkjent av direktoratet ikkje bør gjentakast i reguleringsplanen. Driftsplanen har som føremål å ta i vare omsynet til sikkerheit og god drift, og dette bør etter statleg mynde sitt syn ikkje kommunen forsøke å regulere og følgje opp i reguleringsplan. Når det gjeld ureining, er det i rettleiaren peika på at grenseverdiane for støy går direkte fram av forureiningsforskrifta kap. 30 og ikkje bør gjentakast i reguleringsplanen. Uttaler til planforslaget I samband med offentleg ettersyn av planforslaget kom det inn fire uttaler. Under er samandrag og vurdering av desse:
Statens vegvesen Ber om at det vert lagt inn rekkjefølgjekrav som sikrar at eksisterande avkøyrsle vert utbetra til å vere i samsvar med gjeldande vegnormalar i handbok N100. Frisiktsone må etablerast og ryddast i samsvar med plankart og føresegner. Byggegrense mot Rv.15 føl av veglova, då det ikkje er lagt inn byggegrense i planforslaget. Føreset at det ikkje skal takast ut meir steinmasse enn tidlegare og at aktiviteten i området skal ikkje ha negative konsekvensar for trafikken på Rv. 15, jf. planomtala. For å sikre utbetring av eksisterande avkøyrsle og etablering av frisiktsone vert det tatt inn rekkjefølgjekrav i føresegnene under kapittel fire. Resten av uttalen vert teke til orientering. Direktoratet for mineralforvaltning Planomtalen bør ha ei kort omtale av førekomsten, bergarten, kvaliteten m.m. Meiner planomtalen er god, at planen er passeleg detaljret og gir tilstrekkeleg fleksibilitet med tanke på praktisk drift av masseuttaket. Planen legg til rette for lågt konfliktnivå i høve omgjevnadane, forsvarleg sikring under og etter drift, og samfunnsnyttig etterbruk. Planomtalen vert oppdatert med ei kort omtale av førekomsten, bergarten, kvaliteten m.m. Resten av uttalen vert teke til orientering. NVE Har ingen merknadar til planforslaget. Tatt til orientering. Magnor Myklebust Har problem med avrenning og forandring av grunnvassløp på nedanfor liggande eigedom. Har opplevd aukande problem med overflatevatn med fettaktige partiklar. Slam har påverka drikkevatnet til beitande dyr. Dette vert meldt vidare som ei eiga forureiningssak. Avrenning frå masseuttaket er lovregulert gjennom forureiningsforskrifta kapittel 30, jf. føresegn 5.1 bokstav f. Handtering av overflatevatn frå masseuttaket skal skje på eigen eigedom, jf. føresegn 5.1 bokstav m. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Kommunen har ansvar for å ivareta støyomsyn i arealplanlegginga. Støyutrekningar/-målingar og støysonekart er eit godt grunnlag for å sikre tilfredsstillande støytilhøve gjennom t.d. krav til driftstider og avbøtande støydempande tiltak. Slike støyutrekningar/-målingar og støysonekart er ikkje utarbeidd for området. Rår difor til at kommunen gjer ei ny vurdering av om det ligg føre godt nok grunnlag til å vurdere om støytilhøva er tilfredsstillande, utan at det vert gjennomført støyutrekningar/-målingar. Steinknusing er ein generelt støyande aktivitet som kan høyrast over lange avstandar. Rår til å vurdere nærare om det bør innarbeidast tidsavgrensing for knuseverket som skal ligge 350 meter unna busetnaden.
Syner til forureiningsforskrifta der det er stilt krav om at slike verksemder skal gjennomføre målingar av støy og utslepp til vatn. Dokumentasjonen frå desse målingane skal sendast til fylkesmannen. Har ingen merknad knytt til landbruk, samfunnstryggleik og beredskap. I Temaveileder - Uttak av mineralske forekomster og planlegging etter plan- og bygningsloven er det lagt til grunn ei fordeling av ansvar ved regulering av masseuttak/steinbrot, jf. omtale i saksutgreiinga over. Når det gjeld ureining, er det i rettleiaren peika på at grenseverdiane for støy går direkte fram av forureiningsforskrifta kap. 30 og ikkje bør gjentakast i reguleringsplanen. Det er likevel høve til å gje føresegner om støy og driftstider i reguleringsplanar for masseuttak dersom komunen ynskjer ein strengare praksis. I forureiningsforskrifta er verksemda sin støy i forhold til bustadar i nærleiken regulert gjennom 30-7 som set støygrenser for drift ved ulike tider i døgnet. Utifrå innspel i planprosessen har rådmannen ikkje funne det naudsynt å legge inn strengare krav til støy enn det som er i forureiningsforskrifta. For å gjere merksam på at forholda til støy er regulert gjennom forureiningsforskrifta, er det teke med ei føresegn under 5.1 bokstav f står det at støy og anna ureining frå verksemda skal til ei kvar tid ligge innanfor rammene i kap. 30 i Forurensningsforskriften. I kap. 30 i forureiningsforskrifta kjem det fram at verksemda er ansvarleg for å gjennomføre målingar av støy og utslepp til vatn, jf. 30-9 og at dei skal melde ifrå om desse til fylkesmannen jf. 30-11. Økonomiske konsekvensar: Dette er eit privat forslag til detaljreguleringsplan og inneber difor ikkje økonomiske konsekvensar for kommunen. Vurdering: I planomtalen kjem det fram at det ikkje er vesentleg interessekonflikt mellom planlagt arealbruk og andre interesser i dette området. Det har i høyringsrunden ikkje kome fram opplysningar som endrar denne vurderinga. Området er avsett til råstoffutvinning i overordna plan, og rådmannen finn å kunne tilrå at detaljreguleringsplanen for Lund masseuttak vert vedteken slik den ligg føre med følgjande endringar: 1. Planomtalen vert oppdatert med omtale av førekomsten, bergarten, kvaliteten m.m. 2. Nye føresegner under rekkjefølgjekrav, kapittel 4: 4.2 Avkøyrsle Før det vert starta uttak på nye areal i planområdet, skal eksisterande avkøyrsle utbetrast i samsvar med gjeldande vegnormalar i handbok N100, jf. plankartet. 4.3 Frisiktsone Før det vert starta uttak på nye areal i planområdet, skal frisiktsone etablerast og ryddast i samsvar med plankart og føresegner.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING: I medhald av plan- og bygningslova 12-12, vert detaljreguleringsplanen for Lund masseuttak vedteken som den ligg føre, med følgjande endringar: 1. Planomtalen vert oppdatert med omtale av førekomsten, bergarten, kvaliteten m.m. 2. Nye føresegner under rekkjefølgjekrav, kapittel 4: 4.2 Avkøyrsle Før det vert starta uttak på nye areal i planområdet, skal eksisterande avkøyrsle utbetrast i samsvar med gjeldande vegnormalar i handbok N100, jf. plankartet. 4.3 Frisiktsone Før det vert starta uttak på nye areal i planområdet, skal frisiktsone etablerast og ryddast i samsvar med plankart og føresegner. 03.09.2015 FORMANNSKAPET F-146/15 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: Som tilrådinga. Samrøystes. 10.09.2015 KOMMUNESTYRET KS-095/15 VEDTAK: 1. Planomtalen vert oppdatert med omtale av førekomsten, bergarten, kvaliteten m.m. 2. Nye føresegner under rekkjefølgjekrav, kapittel 4: 4.2 Avkøyrsle Før det vert starta uttak på nye areal i planområdet, skal eksisterande avkøyrsle utbetrast i samsvar med gjeldande vegnormalar i handbok N100, jf. plankartet. 4.3 Frisiktsone Før det vert starta uttak på nye areal i planområdet, skal frisiktsone etablerast og ryddast i samsvar med plankart og føresegner.
Åslaug Krogsæter -rådmann-