saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 27.01.2012 5531/2012 Per Einar Langseth Saksnr Utval Møtedato PN-01/12 Plannemnd for byggjeprosjekt 07.02.2012 K003 Borgund vgs BT4 RM-fag - Statusrapport Bakgrunn I sak T-76/10 Borgund vgs, BT4 restaurant - og matfag. Forprosjekt vart det gjort slikt vedtak: 1. Fylkestinget godkjenner framlagt forprosjekt med ei brutto kostnadsramme på 75,0 mill kr, som blir innarbeid i økonomiplana. 2. Fylkestinget sluttar seg til at prosjektet blir ført vidare som skissert. I sak PN-5/11 den 21.02.2011 vedr. K003 Borgund vgs BT4 Val av totalentreprenør og leverandør spesialutstyr restaurant og matfag vart det gjort slikt vedtak: 1. Plannemnda vel Hent AS som totalentreprenør for prosjektet Borgund vgs BT4. Det er ein føresetnad for kontrakt at samhandlingsperioden ikkje avdekker forhold som gjer at Plannemnda må avbryte prosessen. 2. Plannemnda vel Termo Storkjøkken AS som leverandør av spesialinventar og utstyr for prosjektet Borgund vgs BT4. Det er ein føresetnad for kontrakt at samhandlingsperioden ikkje avdekker forhold som gjer at Plannemnda må avbryte prosessen. 3. Klagefristen vert sett til 08.03.2011. Kontrakt kan ikkje inngåast før klagefristen er utgått. 4. Plannemnda ber om at administrasjonen gjennomfører samhandlingsperioden i uke 9 og 10, og at resultatet frå denne vert lagt fram for Plannemnda i møte 16.03.2011 I sak PN-6/11 den 16.03.2011 gjorde plannemnda slikt vedtak: 1. Plannemnda godkjenner at prosjektet vert satt i gang og gjennomført som planlagt med innflytting til skolestart august 2012. 2. Plannemnda understreker at prosjektet Borgund vgs BT4 - RM-fag må gjennomførast innanfor oppsett budsjett. Dersom avvik skulle oppstå ber plannemnda om å bli orientert umiddelbart.
Side 2 I den same saka vart det lagt fram forslag til budsjettoppsett slik: 1-6:Bygg og spesialutstyr RM (Kr. 43,5 + 4,5) = 48,0 mill. kr. 8: Administrasjon og prosjektering m.m. 5,5 9: Inventar 1,0 Reserve 3,0 Prisstigning 2,5 Meirverdiavgift 15,0_ Budsjett 75,0 mill. kr. I sak PN-22/11 den 26.08 2011 fekk plannemnda vdr. Borgund BT4 - RM-fag mellom anna slik orientering om status i prosjektet: Prosjektering: Detaljprosjekteringa er godt i gang, men prosjekteringsleiar (HENT AS) har meldt at detaljprosjekteringsperioden vil bli forlenga. Økonomi: Det er oppretta eiga oppfølging av økonomien. Samandrag frå økonomioppfølginga ligg ved. So langt er det ikkje noko spesielt å kommentere ut over krav i samband med jordskjelvsikring. Framdrift: Framdrifta for dette prosjektet følgjer vedteken framdrift med dei forhold som er omtala i vedlagte perioderapport. Plannemnda fatta slikt vedtak: Plannemnda tek orienteringa til vitande. Status i prosjektet pr 31.12.2011: Prosjektering: Detaljprosjekteringa er i hovudsak ferdig, men totalentreprenøren har valt å halde fram med prosjekteringsmøte til alle arbeidsteikningar er ferdige. Økonomi: Samandrag frå økonomioppfølginga ligg ved. Kravet om tillegg for jordskjelvsikring er no trekt tilbake. Det er godkjent tillegg for ekstra slukar i golv ca 50.000 kr. eks. moms. samt tilsvarande sum for utegløymt branntiltak. Betre kvalitet på vindu er tinga i samsvar med avtalt opsjon totalt ca 100.000 kr. eks. moms. Det er forventa tilleggskrav i samband med lås og beslag. Det vert no arbeidd med endeleg kostnad for opparbeiding av parkeringsareal på sørsida av skolen samt diverse andre tilleggsynskje. Totalt viser samandraget at prosjektet ser ut til å bli avslutta med kostnader innafor løyvd ramme.
Side 3 Framdrift: Framdrifta for dette prosjektet vert styrt mot dei milepælar som er fastlagt i kontrakt med totalentreprenøren. Framdriftsplana viser at entreprenøren er noko etter plana ved årsskiftet, men entreprenøren meiner at dette vil bli tatt inn. HMS: Det er ikkje kjente alvorlege avvik. Forslag til vedtak: Plannemnda tek orienteringa til vitande. Per Einar Langseth byggje- og vedlikehaldssjef
Side 4 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 27.01.2012 5537/2012 Per Einar Langseth Saksnr Utval Møtedato PN-02/12 Plannemnd for byggjeprosjekt 07.02.2012 K102 Borgund vgs - Statusrapport Tilleggsareal BT4 Bakgrunn I sak T-17/11 i møte 12.04.2011 gjorde fylkestinget slikt vedtak: «1. Fylkestinget godkjenner framlagt forprosjekt for tilleggsareal BT4 med ei brutto kostnadsramme på 11,0 mill. kroner, som blir innarbeidd i økonomiplana. 2. Fylkestinget slutta seg til at prosjektet blir ført vidare som skissert. I sak PN-11/11 den 02.05.2011 vart det lagt fram forslag til budsjett slik: Bygg m/tekn.anlegg kr 7.400.000,- Administrasjon og prosjektering m.m kr 500.000,- Inventar kr 400.000,- Reserve og evt. prisstigning kr 500.000,- Kr 8.800.000,- Merverdiavgift kr 2.200.000,- Totalt kr 11.000.000,- I sak PN- 23/11 den 05.09.2011 fekk plannemnda slik orientering om status i prosjektet: Prosjektering: Framdrift som hovudprosjektet kfr. Sak PN-22/11. Det er ikkje særskilte uavklåra forhold i samband med prosjektering av tilleggsareal. Økonomi: Det er oppretta eiga oppfølging av økonomien. Samandrag frå økonomioppfølginga ligg ved. So langt er det ikkje noko spesielt å kommentere. Framdrift: Framdrifta for dette prosjektet følgjer framdrifta til K003 kfr sak PN-22/11. Plannemnda tok orienteringa til vitande.
Side 5 Status i prosjektet pr. 31.12.2011: Byggje og vedlikehaldssjefen viser til orienteringa i sak PN-01/12 og vedlagte rapport. Forslag til vedtak: Plannemnda tek orienteringa til vitande. Per Einar Langseth byggje- og vedlikehaldssjef
Side 6 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 27.01.2012 5400/2012 Per Olaf Brækkan Saksnr Utval Møtedato PN-03/12 Plannemnd for byggjeprosjekt 07.02.2012 K201 Rauma vgs prosjektplan opprusting 1. BAKGRUNN Fylkestinget har i sak T-94-11 samrøystes vedtatt følgjande; 1. Fylkestinget godkjenner framlagt førebels program/utviklingsplan datert november 2011 som grunnlag for vidare opprustningsarbeid ved Rauma vgs. 2. Fylkestinget gjev plannemnd for byggjeprosjekt fullmakt til å gjennomføre prosjektet innanfor tilgjengeleg økonomiske ramme. Fylkestinget løyvde 28 mill kroner i sak T-79/11. Midlane er fordelt på åra 2012-2014 (10+10+8 mill). 2. ORGANISERING Organisasjonskart er vedlagt saka. 3. MILEPÆLER Prosjektet opererer med følgjande milepælar: 2. Godkjenning Prosjektplan uke 6 3. Ferdig funksjonsprogram uke 5 4. Ferdig skisseprosjekt uke 8 5. Ferdig forprosjekt uke 13 6. Godkjenning forprosjekt Plannemnda uke 17 7. Kontrakt byggearbeid uke 21 8. Byggestart BT1 uke 26 4. ENTREPRISE Det vert nytta eksisterande rammeavtale med Entreprenør M Kristiseter AS for gjennomføring av prosjektet. Fram til forprosjekt og kontraktskriving på byggearbeida vil prosjektet vere ei samhandling mellom fylkeskommunen og Kristiseter AS. Forslag til vedtak: Plannemnda tek saka til orientering. Per Einar Langseth byggje- og vedlikehaldssjef
Side 7 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 27.01.2012 5516/2012 Per Olaf Brækkan Saksnr Utval Møtedato PN-04/12 Plannemnd for byggjeprosjekt 07.02.2012 K202 Gjermundnes vgs - prosjektplan ridehall 1. BAKGRUNN Fylkestinget har i sak T-93/11 Gjermundnes vgs Førebels program for ridehall samrøystes vedtatt: 1. Fylkestinget godkjenner førebels program for ein ridehall med ridebane på 20m x 40m med maksimalt 18 stallplassar innanfor ei ramme på 12 mill kr. 2. Fylkestinget gjev plannemnd for byggjeprosjekt fullmakt til å gjennomføre prosjektet. Utdanningsutvalet ber om ei eiga sak i høve til måloppnåinga til skolen i høve til næringa sine krav. Det må utarbeidast ein utviklingsplan i løpet av 2012. Fylkestinget løyvde i sak T-79/11 - Økonomiplan 2012-2015 med budsjett for 2012-12 mill kr til prosjektet. 2. ORGANISERING Organisasjonskart er vedlagt saka. Utarbeiding av funksjonsprogram og funksjonskrav inngår som ein del av arbeidet med konkurransegrunnlaget. 3. FRAMDRIFT Prosjektet opererer med følgjande milepælar: 9. Godkjenning prosjektplan Plannemnda uke 6 10. Konkurranse totalentreprise 11. publisering uke 7 12. levering uke 13 13. Konkurranse byggherreombod 14. publisering uke 9 15. levering uke 12 16. Godkjenning leverandør Plannemnda uke 20 17. Bygging 18. Start uke 26 19. Ferdig uke 2 (2013)
Side 8 4. TOMT Skulen har fremja ynskje om plassering av ridehall attmed eksisterande stall. For å kunne kartlegge kostnadar er det bestilt oppmåling av begge dei aktuelle områda. Opparbeiding av utomhusområde vil bli vurdert utført i eiga entreprise etter at ridehall og stall er bygd. Forslag til vedtak: Plannemnda tek saka til orientering. Per Einar Langseth byggje- og vedlikehaldssjef Vedlegg: 1. Organisasjonskart 2. Framdriftsplan