FLORA KOMMUNE PLAN OG SAMFUNN Saksframlegg Utval kode Utval namn Saksnummer Møtedato PMUV Plan- og Miljøutvalet BYST Bystyret Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Rolf Bjarne Sund K1-142 13/580-62 Kommuneplanen sin arealdel 2015-2020 (2027) 1. gangs handsaming Framlegg til vedtak: Plan- og miljøutvalet vedtar å legge Kommuneplanens arealdel ut på høyring i perioden 12.juni 14.august 2015, med heimel i og Pbl 11-14. Terje Heggheim rådmann Rolf Bjarne Sund plansjef Dokumentet er elektronisk godkjent og treng ikkje signatur
Saksopplysningar: Kva saka gjeld: I samsvar med planstrategien for Flora kommune, jfr sak Byst 146/12, er det lagt opp til revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel. Samfunnsdelen vart vedtatt 12.12.2013 i Bystyresak171/13. Den no gjeldande arealplanen vart vedtatt i 2003 og var aktuell for perioden 2003-2013. Arealplanen skal no rullerast i samsvar med ny Pbl frå 2009. Planprogrammet for arealdelen vart vedtatt 04.06.2015 i Bystyresak 052/13. 1.utkast til plan er no klar til høyring. Innleiing: I samsvar med planstrategien for Flora kommune, jfr sak Byst 146/12, vart det lagt opp til revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel. Samfunnsdelen vart vedtatt 12.12.2013 i Bystyresak171/13. Den no gjeldande arealplanen vart vedtatt i 2003 og var aktuell for perioden 2003-2013. Arealplanen skal no rullerast i samsvar med ny Pbl frå 2009. Planprogrammet for arealdelen vart vedtatt 04.06.2013 i Bystyresak 052/13. 1.utkast til plan er no klar til høyring. Vurdering: Kommuneplanens arealdel er kommunen sin overordna plan for styring av all arealbruk i kommunen. Hensikten med kommuneplanen sin arealdel er at den skal fungere som eit effektivt administrativt og politisk styringsverktøy med fokus på samordning av ulike utviklingsprosjekt og korleis man ønsker å bruke alt areal i Flora kommune, også utifrå eit regionalt perspektiv. Flora kommune har ein kommuneplanens arealdel som vart vedtatt i 2003. Den planen vart utarbeidd på bakgrunn av eit godt kartleggingsarbeid. Særleg sjøområda hadde då stort fokus. No har 12 år gått, og i den perioden har ein i aukande grad sett at det er behov for ein revisjon. Ein oppdatert kommuneplan er ein føresetnad for å å få til ei god utvikling på alle områder i kommunen. Med ein ny revidert kommuneplan sin arealdel vil det forenkle handsaminga av plansaker og byggesaker og føre til mindre behov for dispensasjonar. Arealdelen belyser viktige overgripande mål og strategiar frå samfunnsdelen og gir restriksjonar for framtidig bruk og vern av areal, inkludert sjøareal og vatn i kommunen. For miljø er kommuneplanens arealdel eit viktig plandokument for å få ein samordna miljøstrategi. Kommuneplanen sin arealdel har eit tidsperspektiv på 12 år, med rullering kvart fjerde år. Kommunedelplanar (KDP) gir meir detaljerte mål, strategiar og arealformål for avgrensa område i kommunen. Desse er: KDP Stavang (2005), KDP Florelandet Brandsøy (2007), KDP Florø Sentrum (2012), KDP Eikefjord (2014). Juridisk er desse sidestilt med kommuneplanens arealdel. Den nye arealdelen bygger vidare på eksisterande plan. Planprogrammet har utpeika nokre område med særskilt fokus ved revidering av ny plan: Areal til bustad- og fritidsbustad utanfor sentra med eigen kommunedelplan Strandsona Næringsområde på land og sjø Samferdsel Kultur, friluftsliv, landskap og grønstruktur Etter ei grovsiling av totalt 218 innkomne innspel til kommuneplanarbeidet, vart innspel openbert i strid med vedtekne arealstrategiar i planprogrammet silt ut i eit prosessvedtak i Plan- og miljøutvalet 16.09.14. I (fleire av) innpela var det ynskje om ulike arealføremål og i grovsilinga vart det avklart kva for arealføremål som skulle utgreiast. Fleire av tiltaka/arealføremåla er vurderte saman og det har resultert i 168 område/føremålsendring som har vore utgreidd i høve konsekvensar og ROS. KU og ROS angir anbefaling om tilråding eller ikkje, samt forslag til endringar og reduksjonar. Vurdering av
dei einskilde områda er omtala spesifikt i konsevensutgreiinga og ROS-analysen, som ligg i heilskap ved. Innspel Antal Tilrådd Avvist Totalt 218 Silt ut før KU 50 16 pga eksisterande tiltak 34 KU 168 149 19 165 53 Kystlinja vår er dyrebar, og har eit særskilt vern gjennom eit generelt bygge- og deleforbod i strandsona. Flora er ein kyst- og sjøkommune, der folk i stor grad bur og har sitt virke langs og i sjøen. Det har vore ein sterk vekst innanfor marine og maritime næringar sidan forrige kommuneplan. Dette betyr at ein må forsøke å få til ein god balanse mellom vern og bruk. Nye planretningslinjer for strandsona gjer at vi kan planmessig opne for meir bruk av strandsona. Dette betyr og i praksis eit strengare vern av områder der det ikkje er opna for bygging. Ein sentral del av denne planen er å legge opp til ein arealpolitikk som gjer rom for utbygging av bustader, fritidsbustader og næringsbygg utanfor sentra med eigen kommunedelplan. Hovedgrepet, som baserer seg på førre plan er å gjere bruk av arealformålet LNF Spreidd bygging i relativt stor grad. Dette legg føringar på kor ein ønsker bygging. Samtidig har det stor grad av fleksibilitet for om det er snakk om bustad, fritidsbustad eller næring. For dei små grendene og øyane handlar det nemleg meir om å legge til rette for auka aktivitet og livskraft heller enn å hindre storstilt utbygging. Øyane i Flora gjev kommunen ein eigen kvalitet. Her er det sterke oppegåande samfunn bunde saman med gode båtruter. Etter at dei fleste grendaskulane har blitt lagt ned dei siste 10 åra har desse småsamfunna kjempa ein hard kamp. Men stadig fleire får augene opp for desse perlene, og det prøvar planen å ta høgde for. I dei tilfella der det er snakk om tettare utbygging med fleire einingar krevast reguleringsplan. LNF Spreidd-områda er konsentrert rundt allereie utbygde områder og der der er hovedinfrastruktur som veg, rutebåtkai og tekniske anlegg. For dei ulike byggeområda i planen er definert definert byggegrenser mot sjø. Generelt er det tatt omsyn til landskap, friluftsliv og fri ferdsel i strandsona. For enkelte utbygde områder tillatast byggegrense heilt ned i sjøen. Dette for å opne for meir konsentrert utbygging der og revitalisere gammal bygningsmasse, noko som i neste runde gir mindre press på dei urørte områda. Eit nokså sterkt kjenneteikn ved kommunen er dei mange sjøbuene som pregar fleire tettstader eller som står spreidd her og der. Fellesnemnaren for desse buene er at det ikkje er bruk for dei lenger. Dei har blitt brukt til ulike formål i forbindelse med fiske opp gjennom tida, hovedsakleg i dei gylne sildefiskeperiodane. Nokre av buene har fått dispensajon til endra bruk, nokre blir haldne vedlike av flittige og entusiastiske grunneigarar, nokre blir brukt til lager av ymse slag, nokre er stillteiande ominnreidd til anna bruk, men langt dei fleste har ingen hovedfunksjon lengre og går sakte men sikkert til grunne. Eit av grepa i denne planen er å tillate endra bruk av sjøbuene; til bustad, fritidsbustad, utleigehytte, galleri, kontor, butikk osv. Poenget er at desse husa er ein viktig del av kystmiljøet vårt og identiteten vår. Konklusjonen i Nordplan sin rapport Sjøhus i Flora-bruk og vedlikehald er at hus utan funksjon går til grunne over tid. Vilkåret for ny bruk er omfattande føresegner for korleis kvalitetane i og rundt bygningane skal takast vare på. Planen legg difor opp til vern gjennom ny bruk. Fleire sjøbuer ligg i vanlege LNF-områder. For desse buene skal gjeldande føresegner for LNF Spreidd vege tungt i dispensasjonssaker.
Ein annan type bygning som det ikkje er bruk for lengre er stølshus. Planen opnar for gjenoppbygging av gardstilknytte stølshus. For ikkje gardstilknytte stølshus skal føresegnene vege tungt i dispensasjonssaker. Når det gjeld spesifikt sjøområda tenker rådmannen eit todelt tidsløp: 1. Denne planen bygger på eksisterande plan og eksisterande kunnskapsgrunnlag. Der er gjort KU på to nye akvakulturområder. 2. Flora kommune har saman med nabokommunane Bremanger, Vågsøy, Selje, Fylkeskommunen og NGU starta prosjektet Marine grunnkart. Når dette 3-årige prosjektet er ferdig vil vi har eit mykje betre data- og kartgrunnlag til å foreta ein grundigare revidering av sjøområda. Gjennom føresegner knytt til byggeområde blir det tatt høgde for enkle kaier/brygger Når det gjeld framdrifta med arbeidet, så har administrative utfordringar ført til kraftig forseinking av heile planen. Det er beklageleg, men rådmannen kan stå inne for at framlegget slik det no ligg føre er eit gjennomarbeidd og godt produkt. Kommuneplanens arealdel er eit omfattande plandokument der mange folk blir berørt. Det er og ei utfordring å nå ut med informasjon til alle. Når planen no blir lagt på høyring, er det venta mange tilbakemeldingar både frå offentlege styresmakter og private om forslag til endring. I mange tilfelle viser det seg at lokalkunnskap kan føre til betre løysingar. Alle innspel i høyringsperioden skal handsamast grundig. Alle reguleringsplanar er i dag vist med omsynssone H910. Før høyring vil dette bli endra på. Alle reguleringsplanar skal då visast med hovedarealformål og planid. Dermed vil dei generelle føresegnene frå denne planen gjelde over dei. Omsynssonene manglar i plankartet, men vil bli lagt inn før høyring. Desse er: -H110 Sikringssone drikkevatn. -H310 Ras- og skredfare -H320 Flaumfare. -H370 Høgspenningsanlegg sentral- og regionalnett -H510 Kjerneområde landbruk -H530 Friluftsliv. -H560 Naturmiljø. -H570 Kulturmiljø -H720 Bandlagt etter naturvernlova -H730 Bandlagt etter kulturminnelova -H740 Bandlagt etter anna lovverk Meir utførleg om omsynssonene i Planskildring side 10-12 og Føresegner side 20-21. Økonomiske konsekvensar: Miljømessige konsekvensar:
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm: Plan- og bygningslova Vedlegg: Tittel Dato Vedlegg_5.8.1_KU_og_ROS_150515 19.05.2015 Vedlegg 5.8.2_Forvaltning_og_utvikling_av_sjøhus_i_Flora 19.05.2015 Vedlegg 5.8.3-Handlingplan for kulturminne 2015-19.05.2015 2019_(per150515) Vedlegg_5.8.4-Handsaming av innpel til kommuneplanens 19.05.2015 arealdel Plankart_150515 19.05.2015 Planskildring 150515 19.05.2015 Føresegner_og_retningslinjer_kommuneplanens_arealdel_150515 19.05.2015 Dokumentliste: Tittel Dato Antall vedlegg Kommuneplanens arealdel - innspel til justering for sjøtomta ved 15.04.2015 1 Terdal og Naaven Sjøhusrapport 11.03.2015 1 Referat - grendelagsleiarmøte 05.11.2014 10.12.2014 1 Tilbod på å etablera flater for sjø, vassdrag og øyer til 10.12.2014 4 kommuneplanen Planforum 22. oktober - utkast til referat 23.10.2014 3 Sjøbumøte korrektur 20.10.2014 13 Kommuneplanens arealdel 29.09.2014 1 Vedr innspill til arealdelen til kommuneplanen. 12.08.2014 0 Forslag til kontrakt, bistand kommuneplan 30.04.2014 1 Innspel kommuneplanens arealdel, Ausevik 15.04.2014 2 Førespurnad på å komme med tilbod på planarbeid - 04.04.2014 2 kommuneplanens arealdel Flora kommune Innspel til kommunedelplanen 30.01.2014 0 Bratthet - kart i SOSI-format til GisLine 23.10.2013 1 Sender e-post: kunngjøring 10.01.2014 2 Annonse til Firdaposten 05.12.2013 1 Møte med grendelag 12.11.2013 0 Kommuneplan - Oppdatering av veglister med omsyn til 24.10.2013 0 tømmertransport Mottatt innspel 12.09.2013 0 Annonse for korrekturlesing: Firdaposten ordre 370413 03.06.2013 1 Kommuneplanens arealdel - møter no i juni 31.05.2013 0 Kommuneplanens arealdel - møter no i juni 31.05.2013 0 Arealplan Flora Kommune 25.04.2013 0 Arealplan Flora Kommune - møte i morgen 29.04.2013 0 Møte om planprogram sin arealdel 30.04.2013 0 Vedk. fråsegn til planprogram for kommuneplanen sin 06.05.2013 0 samfunnsdel og arealdel Revisjon av kommuneplanens arealdel 08.01.2014 0 Innspel Kommuneplan 07.01.2014 5 Kommuneplanens samfunnsdel - Ber om eit arealrekneskap - og 27.12.2013 0 budsjett for kystområda i Flora kommune Møte "Strandsoneanalyse" 02.05.2013 2
Dokumentliste: Tittel Dato Antall vedlegg Merknader til revidert kommuneplan (frist 15.08.2013) 13.08.2013 0 Ang revisjon av kommunedelplanen (svar på jp 27) 28.06.2013 0 Innspel til kommuneplanen som rullerer pr 4 år (areal-delen) 20.06.2013 1 feilregistrering 18.10.2013 1 Revisjon av kommuneplanens arealdel 20.06.2013 0 Svar til grunneigar Per Henriksen 31.05.2013 1 Fråsegn til offentleg ettersyn av planprogram for 03.05.2013 1 kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel Fråsegn til offentleg ettersyn av planprogram for 08.05.2013 1 kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel 2013-2017 - Flora kommune - Sogn og Fjordane fylke Fråsegn planprogram kommuneplan 10.05.2013 1 Flora kommune Sogn og Fjordane - Offentlig ettersyn av 06.05.2013 1 planprogram for kommuneplanens samfunnsdel og arealdel - uttale Innspel til Planprogrammet - Kommuneplanen sin arealdel 05.05.2013 Innspel til høyring av framlegg til planprogram for 02.05.2013 0 Kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel - Flora kommune Planprogram Flora for kommuneplanen sin samfunnsdel og 29.04.2013 0 arealdel til offentlig ettersyn Høyringsfråsegn til planprogram for kommunedelplanen sin 09.04.2013 2 arealdel i Flora kommune Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel til 22.03.2013 6 offentlig ettersyn. Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel til offentlig ettersyn. 22.03.2013 2