PLANPROGRAM Endring av deler av kommunedelplanen for Dale 1
Føremålet med planarbeidet Kommuneplanen er kommunens overordna styringsdokument og gjev rammer for utvikling av kommunesamfunnet og forvaltninga av arealressursane. Kommuneplanen skal sikre den langsiktige samfunns- og arealutviklinga i Fjaler kommune. Planen skal bli eit godt styringsverktøy for administrasjon, politikarar, næringsliv, organisasjonar og innbyggjarar. Den ferdige kommunedelplanen skal - vere eintydig og i samsvar med lover og reglar - vere utarbeidd gjennom ein prosess med høg grad av engasjement, involvering og medverknad - vere ein plan som alle kjenner seg att i - ha klåre mål og visjonar for Fjaler i framtida Planstrategien (vedteken 14.05.12), samfunnsdelen (vedteken 10.02.14) og kommunedelplanen for Dale (vedteken 07.09.15) legg rammer og føringar for utarbeiding av deler av kommunedelplanen. Nokre av utfordringane kommunen står ovanfor er omtalt der og desse må det takast omsyn til i endringa. Kommunedelplanen skal utarbeidast etter reglane i plan- og bygningslova. I tillegg må det takast omsyn til sektorlover, samt nasjonale- og regionale retningsliner. Det vil mellom anna vere statlege planretningsliner, rikspolitiske retningsliner (RPR), stortingsmeldingar, handlingsplanar, rundskriv og fylkesdelplanar. Planprogrammet skal leggjast ut til offentleg ettersyn saman med varsel om oppstart av planarbeid. Bakgrunn for endring av deler av kommunedelplanen for Dale I eksisterande kommunedelplan (vedteken 07.09.15) er det avsett areal til ny gravstad ved Vollamyra. I kommunestyremøte 16.nov 2015 vart det vedteke oppstart av planendring for deler av kommunedelplanen for Dale. Endringa gjeld gravstadlokalisering på Øyra i staden for Vollamyra (med krav om reguleringsplan). Eksisterande kyrkjegard er inkludert i avgrensing for områderegulering av Dale sentrum (avsatt i vedteken plan), men ved lokalisering av ny gravstad på Øyra er det ynskjeleg at eksisterande og ny gravstad blir regulert under eitt. Avgrensinga for områdereguleringa vil då bli endra i løpet av prosessen. Tilkomst og trafikkavvikling til begge gravstadene må takast omsyn til i områdereguleringa. Gravstad: Det har lenge vore behov for å stenge Dale kyrkjegard for å omregulere denne. Kyrkjegarden er full og har behov for omregulering/endringar. Tal graver må reduserast kraftig for å tilfredstille dagens krav (større graver). I omregulering av kyrkjegarden må avstand til elva vurderast på ny grunna flaum og erosjonsfare. Før det er utarbeidd ein ny plan for eksisterande gravplass vil det vere usikkert når den kan takast i bruk igjen. Det er ikkje venta at ein kan nytte eksisterande gravstad ved kyrkja på lang tid når den nye gravstaden er opna. I samband med kommuneplanen er det gjort nye utrekningar av arealbehov for ny gravplass for 10, 20, 30 og 40 år fram i tid. Den norske kyrkja, ved rådgjevar for gravplassaker, tilrår at ny gravstad bør dekke behova for minst 30-40 år fram i tid. Gravbehovet ligg til grunn for arealbehovet og er berekna ut i frå innbyggjartalet i Dale sokn og at dødstala ikkje vil endre seg særleg myke frå dei siste ti åra, utover ei svak auke som følgje av auka eldre befolkning og noko tilflytting til Dale. Utnyttingsgrad for gravplasser varierer, men det er tilrådd at den ikkje overstiger 40 % for nye gravstader. 2
Forhold som har betydning for lokalisering av ny gravplass: - Prosesjonsveg mellom kyrkje og gravstad bør ikkje vere meir enn rundt 400m og med moderat stigning dersom den skal føregå til fots. Dersom avstanden blir større vil båreprosesjonar måtte skje med bil og då har det ikkje så stor betydning om avstanden er ein eller fleire kilometer. - Naboskap. Det bør opprettast buffersoner mellom gravstad og naboskap. Under gravferder og for besøkande til gravstaden er det viktig med god visuell avskjerming av gravstaden mot omgjevnadene. - Støy. Ein må ta omsyn til støy frå omgjevnadene som kan vere sjenerande for besøkande til gravstaden og eventuelt lage buffersone mot støykilden. - Grunnforholda og massesammensetting på gravstaden har stor betyding. Det er krav til jorddjupne og avstand til grunnvassnivå. - Gravstader er sårbare for flaum, ras og erosjon og det bør gjerast grundige avvegingar i forkant om områda kan bli utsatt for dette. - Dersom ny gravstad ikkje er i tilknyting til eksisterande må det settast av areal til parkering og drift, samt klokketårn dersom kyrkjeklokkene ikkje kan høyrast/sjåast frå området. Universell utforming: Det skal takast omsyn til universell utforming i alle planverk. Eksisterande bygningsmasse må tilpassast slik at kommunale tenester kan brukast av flest mogeleg. Friareal: Det må takast omsyn til grøntområde og friareal og tilretteleggast for tilkomst til desse. Samfunnstryggleik og beredskap: Det skal takast omsyn til klimaendringar som til dømes havnivåstigning, auka flaum-/skredfare og ekstremvær i kommunedelplanen. Nye tiltak bør ikkje planleggast i sårbare og utsette områder. Ein bør nytte eksisterande ROS-analyse for kommunedelplanen og overordna ROS og beredskapsplan som grunnlag for vurderinga. Utgreiingar For nye utbyggingsområder og større arealbruksendringar skal det gjennomførast konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS analyse). Konsekvensutgreiinga for kommunedelplanen er ei overordna vurdering som tek utgangspunkt i eksisterande kunnskapsnivå og kjende registreringar. Vurderinga skal avgrensast til det som er naudsynt for å ta stilling til ny eller endra arealbruk. For større tiltak må ein pårekne å gjere nærare utgreiingar for aktuelle/utvalde tema. Lokalisering av ny gravstad har vore diskutert ved fleire høve i Dale. Under arbeidet med utarbeiding av ny kommunedelplan for Dale vart fleire stader vurdert og konsekvensutgreidd, blant desse Vollamyra og Øyra. Vollamyra har òg vore utgreidd som område for offentleg og privat tenesteyting/bustad. Eksisterande konsekvensutgreiingar vil derfor ligge til grunn for arbeid med endring av deler av kommunedelplanen for Dale. Kva tema som skal konsekvensutgreiast ved ny arealbruk og kva kjelder som skal nyttast kjem fram i planprogrammet til vedteken kommunedelplan for Dale. 3
Planprosess og organisering Kommunestyret er oppdragsgjevar og fattar vedtak etter kapittel 11 i plan- og bygningslova. Planframlegget vil bli utarbeida av administrasjonen fram til høyring. I samband med høyringa vil framlegget bli presentert i kommunestyret, som er ope for alle og sendt på kommune-tv. Referansegruppene er delt i interne og eksterne grupper. Interne referansar er tenesteeiningane og formannskapet. Desse blir involvert i planarbeidet etter behov. Eksterne referansar går fram av tabellen nedanfor. Dei kan bidra til utforming av planen gjennom høyringsuttalar. Fylkeskommunen Fylkesmannen Statens vegvesen NVE, region vest Ungdommens kommunestyre Bjørgvin Bispedømeråd Fjaler Sokneråd Grunneigarar Telenor HAFS utvikling Fjaler eldreråd Råd for funksjonshemma Sunnfjord Energi Idrettsrådet Naturorganisasjonane Sakshandsaming / framdriftsplan Utarbeiding av kommuneplanens arealdel skal følgje saksgang i plan og bygningslova kapittel 11. Tabellen nedanfor viser den formelle saksgangen med politiske vedtak samt ein kort oversikt over hovudtrekka i prosessen mellom vedtaka. Arbeidsoppgåver Utførande Tidsrom Vedtak om oppstart av planarbeid Kommunestyret 16.nov 2015 Offentleg ettersyn av planprogram Admin 15.jan 26.feb 2016 Vedtak av planprogram Kommunestyret 14.mars 2016 Utarbeiding av plankartskisse og Admin Mars-april 2016 føresegner Offentleg ettersyn av plan Kommunestyret 25.april (til om lag 10.juni) Redigering etter innspel Admin Juni 2016 Vedtak av endring av deler av kommunedelplanen for Dale Kommunestyret 27.juni 2016 4
Avgrensing 5