Skolesongboka SONGANE DU HAR GLØYMT AT DU HUGSAR. Konsert for årstrinn

Like dokumenter
SOLO SOLO. - ein griot fortel si historie. Konsert for årstrinn

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

Frevo. gitarheltar. Konsert for årstrinn

SONGS AND SWEET POTATOES

Mhoo. Heime bra, men borte best

Lyden av Munch. Hvordan ville det høres ut hvis maleriene fikk musikk? Konsert for årstrinn

SONGS AND SWEET POTATOES

Musikk på serbisk. Konsert for årstrinn

Melankoliens historie. Melankoli er gleda ved å vere trist. Victor Hugo. Konsert for årstrinn

Ugress. Konsert for årstrinn

Livets dans, Edvard Munch. Lyden av Munch. Hvordan ville det høres ut hvis maleriene fikk musikk? Konsert for årstrinn

Bassoversveis. Jørun Bøgeberg. Konsert for årstrinn

Foto John Hughes/Rikskonsertene. Ila Auto. En konsert med bluegrassmusikk spilt av bandet Ila Auto. Konsert for årstrinn

Eplemøya Om jenter og sauer

Fannaråken Blåsekvintett

Litjtausa. -to feler kan lyfte tak. Marie Forr Klåpbakken- fele Julie Alapnes Normann -fele. Konsert for årstrinn. Foto: Anne Marit Jota

SONGS AND SWEET POTATOES

Captain Credible. Daniel Lacey-McDermott - Captain Credible. Konsert for årstrinn

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

BULDREBLUES OG BLÅSUS. Arle Hjelmeland vokal, munnspill Stein Urheim strengeinnstrumenter, vokal. Konsert for årstrinn

Vennskap. SISU perkusjonensemble. Konsert for årstrinn. Foto Morten Eckersberg

Transjoik og Sher Miandad Khan. Transjoik lager musikk som er opphissende, vital og kraftfull! Konsert for årstrinn

Jeg angrer ingenting

Captain Credible. Daniel Lacey-McDermott - Captain Credible. Konsert for årstrinn

RARE DYR. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Musikk i bilete. ein konsert med Trondheim Symfoniorkester. Konsert for årstrinn

Sagoland. The JETS ein jazzkonsert med smak av Sverige. Klassetrinn trinn

Brazalsa samba + salsa = sant

Klassetrinn: klasse

TO TOBI. Lek og tradisjonsmusikk fra Marokko. Konsert for årstrinn

Besøk frå Brasil. Choro betyr liten gråt, men er eigentleg ein ganske glad og munter musikk

Double Focus. Afrikanske dikt og afrikansk musikk = Rytmisk poesi = Historieforteljing gjennom musikk. Konsert for

Intro klassisk. Ung stjerne. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Forest & Crispian New Wave Baber Shop Rock

Rikskonsertenes Skolekonsertordning. Klangbein. Klassetrinn: klasse Produsent: Scene Finnmark Produksjonsnummer: 113HY17

Klassetrinn klasse

Frevo. gitarhelter. Artist - instrument. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Bevinget Bach. Woodpeckers Blokkfløytekvartett. Konsert for årstrinn

Raya & the gypsy legacy

Petter Carlsen A taste of what s to come

Musikkfantasier - for solobratsj elektronikk og elever

The Only Way To Travel

Gode melodier Olav Kallhovd, piano Ola Fjellvikås, sang

Elsker - Elsker ikke. Ragnhild Furholt - sang Jon Solberg - gitar Anders Erik Røine - munnharpe. Konsert for årstrinn

Lyden av Munch. Anders Lønne Grønseth - saksofon Audun Ellingsen - kontrabass Ulrik Ibsen Thorsrud - trommer. Konsert for

LIK, LIK, ULIK. Er det bra eller dårlig å skille seg ut? Konsert for årstrinn

Blues for barna. Har du en dårlig dag, spill en blues, så blir det kanskje bedre? Konsert for årstrinn

Radio Musical. Frekvenser fra Bolivia og Peru. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Solo Solo. - en griot forteller sin historie. Konsert for årstrinn

Konsert for årstrinn

Konsertinformasjon MUSIKKMAT. Rikskonsertenes Skolekonsertordning. Turneen er eit samarbeid mellom. Klassetrinn 1-4 trinn.

Kim & Trym. med hjemlengsel og utferdstrang. Konsert for årstrinn. Kim André Rysstad (sang) / Trym Bjønnes (sang, gitarer, perkusjon, loops)

Nils-Olav Johansen. Utdanningsetaten. Oslo kommune. Konsert for årstrinn

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

JAZZINTRO. Konsert for årstrinn

Misty Range. Konsert for årstrinn

Foto: Lars Opstad/Rikskonsertene. Kouame møter barna

konserter med elevmedvirkning

Bård & Bach. Konsert for årstrinn

Ekornes i 100. Med én musiker på scenen og 100 trommer presenteres rytmer fra 100 land på instrumenter som er opptil 100 år gamle!

Gode melodier Ola Fjellvikås - sang Merethe Trøan - sang

FRA BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

: Frevo. Produksjonsnummer: 109H112 Oslo

ZWAI MBULA. Du kan gjøre hva som helst med musikk og instrumenter, spørsmålet er hvordan du gjør det. Zwai Mbula. Konsert for

Vidar Vang. - Sleepless Songs - Konsert for årstrinn

Melankoliens historie

Konsert for årstrinn. Oslo kommune. Utdanningsetaten

Lyriaka. - en fantasiforestilling på ungdommenes premisser. Konsert for årstrinn

Benedicte Maurseth. - Benedicte Maurseth, årets norske folkemusiker Konsert for årstrinn

Transjoik og Sher Miandad Khan. Sápmi møter Pakistan. Konsert for årstrinn

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Litjtausa. - to feler kan løfte tak. Konsert for årstrinn

Jeg synger din sang min venn (tidligere tittel Jegvil bygge mitt land)

FAGPLAN I MUSIKK FOR 1. ÅRSTRINN, GOL SKULE. MÅL FOR TRINNET Kva skal elevane lære, kunne, mestre innanfor kompetansemålet

Tonje ror aleina. Konsert for årstrinn

Klangbilde. Hva er musikk? Hva er ikke musikk? Går det an å spille til et bilde dere har laget? Denne gangen skal dere få bestemme dette selv.

Vennskap. SISU perkusjonensemble. konsert for årstrinn

MUNTRE MUSIKANTER. konserter med elevmedvirkning. Konsert for årstrinn. Forsvarets musikk

SKAKKE SANGER. - både rare, skumle og litt ekle. Konsert for årstrinn

Klangbilde. Hva er musikk? Hva er ikke musikk? Går det an å spille til et bilde dere har laget? Denne gangen skal dere få bestemme dette selv.

Årstrinn:

SPOR. -om oppturer og nedturer. Konsert for årstrinn

Frevo. Gitarhelter. Konsert for årstrinn

Benedicte Maurseth. Konsert for årstrinn

Eplemøya. Om jenter og sauer. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Intro klassisk. Unge stjerner. Konsert for årstrinn

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Bøygard Røre Ved Deg

Buenos Aires de la Habana

Tomlene opp! Per Jørgensen trompet/sang/perkusjon. Thomas Dahl gitar/perkusjon. Frank Jakobsen trommer/perkusjon. Konsert for

SOFIA JANNOK - Lidenskap og kontraster

DinoSau. Skatten, skatten, Klas har tatt den! Eit surrealistisk eventyr om ein forsvunnen skatt, dinosauer, mafia, aviser og ein kilen kval

Panamahatten. En rytmisk fortelling. Artist - instrument. Konsert for årstrinn

Sagoland. The JETS-en jazzkonsert med smak av Sverige

Klodens kontraster. En konsert til ettertanke, en musikalsk kommentar til de utfordringer vi mennesker og vår alles jordklode står overfor.

Foto: Jørgen Gomnes. «Hands off!» En konsert med slagverkgruppen Pinquins. Konsert for årstrinn

SE MIN ILD. - og andre skumringshistorier

SJÅ MIN ELD. - og andre skumringshistorier

Transkript:

2012 2013 Skolesongboka SONGANE DU HAR GLØYMT AT DU HUGSAR Konsert for 1. - 7. årstrinn

:Skolesangboka: programmet Songane frå skolesongboka til Mads Berg er legendariske. Songboka var omstridd, men elska på same tid, og ho representerer songar som svært mange som har vore elev i den norske skolen, har eit tilhøve til. Overlærar og songpedagog Mads Berg (1865 1955) kom med den første versjonen av skolesongboka så tidleg som i 1914. Seinare blei skolesongboka utgitt heile 25 gonger i 12 opplag, med nye songar heilt fram til 1995. Vi kan dermed trygt seie at mange av songane i denne songboka har vore ein del av den norske folkesjela i fleire generasjonar. Mads Berg har sjølv komponert melodiane til nokre av songane i boka. Det er faktisk han som har laga melodien til Margrethe Munthes Jeg snører min sekk og til Elias Blix Ein småfugl sat, for å nemne eit par av dei. Musikk er ein fin måte å hugse sitt eige liv på. Musikken tek oss tilbake til gjengrodde stigar på nokre få sekund kan ein enkelt song bringe oss tilbake til stemningar og kjensler vi ein gong hadde. Dessverre er mange av desse songane i ferd med å gå i gløymeboka. Gruppa Vintermåne har derfor forsøkt å gi dei nytt liv, og dei håper med denne produksjonen å skape ny interesse rundt den gamle songskatten, slik at også barna som veks opp i dag, kan ta del i han. Vintermåne gav tidlegare ut ein CD med dette materialet, ei utgiving som fekk svært fine kritikkar. Det hadde truleg gledd den glødande songentusiasten Mads Berg stort at det store songprosjektet hans takk vere Vintermåne og Rikskonsertane lever vidare, 100 år etter at han starta den unike innsamlinga av songar! MUSIKaRaNE Gruppa Vintermåne består av: Anne Gravir Klykken, vokal Frøydis Grorud, saksofonar/fløyter Torjus Vierli, tangentar Anne Gravir Klykken (f. 1970) er ein norsk songar frå Skien, Telemark, med utdanning frå Høgskolen i Oslo, Høgskolen i Telemark og konservatoriet i Agder. Ho er ein svært allsidig og rutinert songar, som med stor breidd og formidlingsevne har utvikla eit personleg uttrykk. Ho har, både på plate og live, jobba med artistar som Iver Kleive, Sigmund Groven, Knut Buen, Sondre Bratland, Ronnie Le Tekrø og ei rekkje andre av dei fremste utøvarane våre. Frøydis Grorud (f. 1974) er også frå Skien. Ho er utdanna ved Noregs musikkhøgskole og Agder musikkonservatorium. Ho tør vere kjend som ho på saksofon i Beat for Beat på NRK gjennom mange år, men ho har også jobba med ei rekkje andre artistar, som for eksempel Tom Lund i Trio De Janeiro, Torun Eriksen og Nora Brockstedt. Torjus Vierli (f.1977) er frå Vegårshei. Også han er utdanna ved Agder musikkonservatorium, der desse tre danna bandet Vintermåne. Torjus er forutan å vere fast keyboardist for Sigvart Dagsland ein svært ettertrakta tangentmann, for artistar som Sissel Kyrkjebø, Carola, Torun Eriksen, Bertine Zetlitz og Anne Grete Preus, for å nemne nokre av dei. 2 2012-2013

:Skolesangboka PRAKTISK KONSERTFørebuing Musikarane bruker langsida av gymsalen der det er mogleg. Elevane sit på matter fremst og på stolar bak, som i eit amfi, slik at dei bakarste elevane ser. Dei minste bør kanskje få sitje fremst. Vi ber lærarane setje seg saman med elevane og oppleve konserten saman med dei heller enn å stå bak og langs veggene. Musikarane treng hjelp av fire sterke elevar til å bere utstyr når dei kjem, og etter den siste konserten. Musikarane kjem til skolen cirka éin time før den første konserten. Driftsansvarleg og involverte lærarar må få ein kopi av denne konsertinformasjonen. Vi ber kulturkontakten vere tilgjengeleg under besøket. Og hugs, det er alltid hyggjeleg å bli møtt med ein kopp kaffi eller te når ein kjem på besøk. Musikarane må ha tilgang til straumuttak to gonger 16 ampere. Prøv så langt det går, å blende konsertlokalet, slik at utøvarane kan bruke projektor, bilete og lys. KORLEIS SKOLANE KAN STYRKJE SI EIGA KONSERTOPPLEVING Bruk konsertinformasjonen, og informer elevane, skoleleiinga og lærarane om innhaldet i konserten. La dei også få del i dei praktiske opplysningane. Rikskonsertane har god erfaring frå skolar som bruker elevvertar og elevarrangørar. Sjå www.rikskonsertene.no/eleversomarrangorer for meir informasjon. På heimesida til bandet, MySpaceside, går det an å lytte litt på musikken før besøket: www.myspace.com/vintermane. Lytt gjerne saman med elevane for å skape forventningar til konserten. Dei møta som er førebudde, er ofte dei beste. Bruk også det vedlagde Bruk konserten-materiellet. Eigarskapen til konserten, og effekten av han, blir større dersom besøket er forankra i undervisning og læringsmål. Sjå også boka Bruk konserten! for fleire undervisningsopplegg www.rikskonsertene.no/brukkonserten Velkommen til konsert! 3 2012-2013

:Skolesangboka SPØRSMÅL OM TURNEPLANEN Turnélegger: Tomas Brøvig Almås Vest-Agder Fylkeskommune / DKS Tlf.: 38 07 45 83 / 90 87 01 17 E-post: tba@vaf.no SPØRSMÅL OM PROGRAMMET Produsent Anne Tone Hageland Vest-Agder fylkeskommune Tlf. 38 07 45 65 / 97 57 32 39 E-post: annetone.hageland@vaf.no FAKTA Skulekonsertordninga til Rikskonsertane er ein del av Den kulturelle skolesekken og blir gjennomført som eit samarbeidsprosjekt mellom Rikskonsertane og fylkeskommunane. Skulekonsertane utgjer det hovudsaklege musikktilbodet innanfor Den kulturelle skolesekken. Rikskonsertane har det heilskaplege ansvaret for skulekonsertordninga og legg dei faglege rammene for verksemda. Skulekonsertane er statleg fi nansierte gjennom budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementet. Fylkeskommunane har ansvar for turnéplanlegging og delar av konsertproduksjonen i sine respektive fylke. Kommunane abonnerer på skulekonsertane til Rikskonsertane, ei ordning som i dag omfattar 99,7 % av alle grunnskolane i landet. 600 000 barn får to årlege besøk av profesjonelle musikarar på skulane sine. Det er skulane sjølve som står som arrangør av skulekonsertane. Kvart år gjennomfører rundt 800 musikarar 10 000 skulekonsertar i Noreg. Du finn meir informasjon på www.rikskonsertene.no 4 2012-2013

FAVORITTSONGANE MINE Alle barn og unge har eit tilhøve til musikk. Musikken betyr noko unikt for kvar enkelt av oss. Musikken tek opp i seg stemningar, tankar og kjensler rundt kva det vil seie å vere menneske. Men kva er det som gjer at vi høyrer på somme songar om og om igjen? Fag Målgruppe Tidsramme Ressursar Musikk, norsk eller engelsk, samfunnsfag 1. 7. årstrinn Modul 1: 1 time Modul 2: 2 x 3 timar CD-spelar, digitalt kamera, PC, rom med framvisar Songar som kan brukast, og som blir spela på konserten: Sov du vesle spire ung, Fader Jacob, Jeg snører min sekk. Mål LK06 Elevane skal kunne samtale om kva som er særeige for eit musikkstykke, og kva assosiasjonar det kan gi (...) samtale om bruk av musikk og eigen musikksmak (kompetansemål, musikk, 2. årstrinn). Elevane skal kunne gi uttrykk for refleksjon over eigne musikkopplevingar, om ulik bruk av musikk og ulike funksjonar musikk kan ha (kompetansemål, musikk, 4. årstrinn). Framgangsmåte SPESIELT FOR SMÅTRINNET Framgangsmåte modul 1: Snakk med elevane om yndlingssongane deira. Kva slags songar høyrer elevane på? Når høyrer dei på songane, og kva handlar songane om? Kva tenkjer dei på når dei høyrer songane? Ser dei for seg ulike bilete, historier eller kanskje farger? Snakk også med elevane om korleis musikk kan framstillast visuelt. Korleis ser eit bilete av ein lys tone ut? Korleis kan ein male lyden av ei fløyte eller eit piano? Korleis ser rytme ut? Korleis ser ein rask tone ut, og kva med dei langsame? SPESIELT FOR MELLOMTRINNET Framgangsmåte modul 2: Elevane jobbar i grupper på fire og vel ut ein favorittsong som dei ønskjer å jobbe vidare med. Har de fått tilsendt songar frå konserten som kjem til skolen, jobbar de med dei. La gruppa få låne eit digitalt kamera. Med utgangspunkt i songane skal gruppa knipse og setje saman bilete. Bileta skal uttrykkje den viktigaste handlinga i forteljinga. Bileta kan også vere reint assosiative, det vil seie at assosiasjonar til songen blir fortalde gjennom bileta. Bileta kan ha korte følgjetekstar som anten blir skrivne inn eller lesne opp. Elevane 5

legg så bileta inn i ein PowerPoint-presentasjon, og dei spelar songen dei jobba med, før, under eller etter framvisinga. Elevane presenterer opplegga for kvarandre, gjerne med ein fellesdiskusjon etterpå om tema og val av bilete. Kvifor Tips for vidareføring Elevane (dei eldste) får betre ferdigheiter i bruk av digitale verktøy. Bruken av digitale verktøy opnar for nye læringsarenaer og kan støtte og utvikle presentasjonane til elevane. Bileta gir ei sterk visuell oppleving av lyd, og ein opnar for ei heilskapleg og visuell forståing av konserten. Dessutan stimulerer og utfordrar dei den visuelle fantasien knytt til eit emne. Elevane deltek i sitt eige produkt utan å måtte gjere det live. Mange elevar opplever det som lettare. www.rikskonsertene.no/brukkonserten 6

SOV DU VESLE SPIRE UNG Sov, du vesle spire ung, ennå er det vinter ennå sover bjørk og lyng, roser, hyasinter. Ennå er det langt til vår, langt til rogn i blomstring står. Sov, du vesle spire, ennå er det vinter. Himlens sol ser ned på deg, solskinnskyss den sender. Snart blir grønt langs sti og vei, småblomst varmen kjenner. Enn en liten solskinnsbønn: Vesle spire, bli snart grønn. Himlens sol ser ned på deg, solskinnskyss den sender. FADER JACOB Fader Jakob, Fader Jakob, Sover du? Sover du? Hører du ei klokken? Hører du ei klokken? Ding dang dong. Ding dang dong. Engelsk: Are you sleeping, are you sleeping? Brother John, brother John? Morning bells are ringing, morning bells are ringing, ding ding dong, ding ding dong Finsk: Jaakko-kulta, Jaakko-kulta, herää jo, herää jo! Kellojasi soita, kellojasi soita, pium paum poum, poum paum poum Fransk: Frère Jacques, Frère Jacques, Dormez-vous, dormez-vous, Sonnez les matines, sonnez les matines, Ding dang dong, Ding dang dong. Tysk: Bruder Jakob, Bruder Jakob, schläfts Du noch, schläftst Du noch? Hörst du nicht die Glocken, hörst du nicht die Glocken Ding Ding Dong, Ding Ding Dong 7

JEG SNØRER MIN SEKK Jeg snører min sekk, jeg spenner mine ski, nå lyser det så fagert i heien. Fra ovnskroken vekk! Så glad og så fri mot store, hvite skogen tar jeg veien. I fykende fei jeg baner meg en vei blant vinterkledde stubber og steiner. Den susende vind meg stryker om kinn, og snøen drysser ned fra lave greiner. De vinger på fot gir liv og lyst og mot! Nå stevner jeg mot høyeste tinden! Alt tungt og alt trått, alt smålig og grått, det stryker og det fyker vekk med vinden. Og når jeg så opp, og skuer jeg fra topp den lyse dal med skoglier blandet da banker mitt bryst, jeg jubler med lyst "Jeg elsker, å, jeg elsker dette landet! 8