Utval Formannskapet og næringsutvalet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 23.11.2016 OFF. MØTE PROTOKOLL Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 11.50 Til stades Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): på møtet Ivar Kvalen, Marita Aakre Tennø, Geir Paulsen, Marianne Bugge, Geir Arve Sandvik, Elin Hauge, Arne Johannessen. Rådmann Jarle Skartun Næringssjef Olav Grov i sak 105 og del av sak 103. Økonomisjef Kjell Sverre Snøtun i sak 102. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. Saksnr. Tittel 99 / 16 16 / 4119 Godkjenning av møtebok SAKLISTE 100 / 16 16 / 4126 Politisk møteplan 2017. Luster kommune 101 / 16 16 / 3063 Interkommunal legevakt 102 / 16 16 / 2911 Budsjett 2017, økonomiplan og planleggingsprogram 2017-2020 103 / 16 16 / 4120 Referat - og drøftingssaker 104 / 16 16 / 3945 Søknad om avdragsfri periode på næringslån 105 / 16 16 / 4133 Ikkje offentleg, jf. off.l 13 Næringssak 106 / 16 16 / 2105 Kulturprisen 2016 Side 1 av 8
Underskrifter: Vi stadfester møtet. at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, bibliotek et i kommunen, lokalavis a, NRK - Førde og Luster radio.
3 av 8 99 / 16 Godkjenning av møtebok Møtet vart godkjent etter at merknad frå Geir Arve Sandvik var innarbeidd under handsaming i budsjettsaka. «Høgre varsla at dei ville gå mot utviding av eigedomsskatteordninga og ville fremje eige framlegg til saldering av budsjettet.» Møteboka frå møtet den 18.11.16 vert godkjent. Geir Arve Sandvik og Arne Johannessen vart valde til å skrive under på møteboka. 100 / 16 Politisk møteplan 2017. Luster kommune Formannskapet drøfta framlegg til plan og innarbeidde endringar der det var samtidskollisjonar. Møteplanen vart vedteken slik: Formannskapet: 31. januar (tysdag) 15. mars 19. april 24. mai 7. juni 30. august 13. september 18. oktober 8. november 23. november (torsdag) 6. desember Kommunestyret: 17. februar (fredag) 27. april 14. juni (onsdag) 21. september 26. oktober 16. november 14. desember
4 av 8 101 / 16 Interkommunal legevakt Rådmann beklaga sein utlegging av saksframstilling. Rådmann orienterte og svara på spørsmål. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Luster kommune går vidare med arbeidet for å delta i interkommunal legevakt. Endeleg sak om deltaking og kostnader vert lagt fram for kommunestyret innan 01.05.17. 102 / 16 Budsjett 2017, økonomiplan og planleggingsprogram 2017-2020 Rådmann orienterte om endringar og arbeid med høyringsframlegg sidan sist møte. Rådmann svara på spørsmål og tek med seg innspel for ev klargjering i høyringsframlegget. Arne Johannessen la fram notat om gjennomgang av organisasjonen Luster kommune for innarbeiding i budsjettframlegget; Budsjettarbeidet for 2017 har synt at Luster kommune har store utfordringar i h ø ve til drifts utgifter dei n æ raste å ra. For 2017 vert utfordringane i hov u dsak l ø yst ved avdragsutsetjing p å l å n, bruk av fond, generell innstramming p å drift og innf ø ring av eigedomsskatt. Fr å 2018 m å ein ta st ø rre grep for å f å driftsutgiftene ned. Som grunnlag for krevjande politiske vedtak treng ein eit godt grunnlag som synleggjer alle dei ulike alternativa. Ein treng ein total gjennomgang av organisasjonen Luster kommune. Ein m å halda utanom pleie - og omsorg som no er midt i ein viktig omstillingsprosess. Gjennomgangen m å ta utgangspunkt i dei lovp å lagde oppg å vene og sj å kva oppg å ver og niv å Luster har på andre oppg å ver som ikkje er lovp å lagde. Alle sider ved drift og bruk av ressursar m å ein sj å p å. Framlegg til endringar m å konsekvensutgreiast. Skulestrukturen m å vera ein s æ rskil d del av denne gjennomgangen. Ein m å ha ein fagleg/pedagogisk vurdering av alle endringsframlegg. Ein m å også sj å kva handlingsrom ein har i h øve til eksisterande bygningsmasse. Det må ve ra utgreiingar som synleggjer netto innsparingar med alle framlegg. Ein m å også ha fokus p å belastningar for borna i h ø ve til reiseveg og trygg skuleveg. Som ein del av utgreiinga m å ein ogs å sj å p å kva betydning skulen har for bygdene. Ein må
5 av 8 synleggjera kva som er skulefaglege -/pedagogiske vurderingar og kva som er distriktspolitiske vurderingar. Ein må leiga inn kompetanse/ressursar for å gjera denne jobben. Arbeidet må vera avslutta innan 1.juni 2017. Formannskapet må vera styringsgruppa for arbeide t. Geir Arve Sandvik la fram notat om Høgre si tilnærming til budsjettarbeidet; Luster Høgre er sterkt i mot eigedomsskatt og vil til budsjettmøtet i kommunestyret fremja eit framlegg til budsjett som balanserar utan allmenn eigedomsskatt. Høgre er og sterkt kritisk til Luster kommune sin store bruk av oppsparte fond samt utsetjing av betaling på lån for å balansere budsjettet. Luster kommune må og i framtida levere overskot som gjer at kommunen kan drive utvikling. Krf og Frp har varsla at dei, saman med Høgre, vil gå mot allmenn eigedomsskatt. Etter gruppemøte gav Senterpartiet si tilslutning til at framlegget frå Arne Johannessen vert innarbeidd i høyringsframlegget for det som gjeld tekst som ikkje er godt nok oppdekka i utkastet. Råd mann legg inn ; Gjennomgangen m å ta utgangspunkt i dei lovp å lagde oppg å vene og kva niv å Luster har på ikkje - lovp å lagde oppgåver. Vidare må ein sjå på alle sider ved drift og bruk av ressursar. Framlegg til endringar m å konsekvensutgreiast. Skulestrukturen m å vera ein s æ rskild del av gjennomgangen. Eventuelle endringsframlegg må vurderast fagleg/pedagogisk og handlingsrom i eksisterande bygningsmasse utgreiast. Alle utgeriingar må synleggjere netto innsparingar. Ein m å også ha fokus p å kva be lastning reiseveg og trygg reiseveg har for borna. Som ein del av utgreiinga m å ein ogs å sj å skulen si rolle i og for bygdene. Arbeidet må vera avslutta innan 1.juni 2017. Rådmann la fram skisse til saldering av økonomiplanen. I skissa vert det utover tiltak i 2017 gjort nedtrekk i drift på inntil 10 million kroner og utviding av eigedomsskatt inntil 8,5 mill (5 mill utover 2017) i økonomplanperioden. Ein må i perioden framl eis nytta avdragsutsetjing på inntil 5 million kroner. Formannskapet slutta seg til at denne skissa kan nyttast i høyringsrunden Rådmannen si tilråding vart vedteken. Høgre vil leggje fram eige framlegg til saldering. Formannskapet sitt høyringsutkast til Budsjett og økonomiplan 2017-2020 vert lagt ut til høyring/off. ettersyn, jf. Kommunelova 44-45. Rådmannen oppdaterer og redigerer budsjettdokumenta i samsvar med drøftingane før dei vert lagde ut. Budsjettutkast et vert lagt ut til offentleg ettersyn frå 23.11.16, og uttaler må vere kommunen i hende innan 06.12.16. Dokumenta ligge ute på følgjande stader; Biblioteket, rådhuset og heimesida.
6 av 8 103 / 16 Referat - og drøftingssaker Skriftleg orientering: Eksternt: KS sitt debatthefte. - referert, vert lagt fram adm.utvalet. Interkommunalt: Møte om interkommunal legevakt. referert. Internt: Orientering i møtet: Ordførar: Vegsaker i SR referert. Sognebåten, endestogg og økonomi - referert. Sogn barnevern referert, tilsyn avslutta, deltakarkommunane skal få direkte informasjon frå Fylkesmannen i møte 06.12. Formannskapet skal få del i denne informasjonen. Rådmann: Næringssaker, ev. ikkje off.: Cruise / Skjolden. referert. Sal av Seawalk i Skjolden. Samtalar med cruiseinteresser. Pyramiden. referert. Nye butikkar på veg inn. Omsetnad på detaljhandel held seg oppe. Språkopplæring for framandspråklege, arbeidsinnvandrarar. referert. Oppgradere basestasjonar til 4G - referert, Telenor er godt på veg med å oppdatere sine stasjonar, netcom kjem etter. Personal og administrative saker, ev. ikkje off.: Drøfting i møtet: Revisjon av delegeringsreglement. Overgang til digital plattform. Orientering om sak til desember, jf vedlagt eks. - vert lagt fram som sak til neste møte i formannskapet, 07.12. Open post: Eventuelt/innspel i møtet : Dagsorden for møtedagen : 09.00-09.45. Ikkje off møte, næringssak og kulturpris. 09.45-11.50. Budsjettdrøftingar og sakshandsaming.
7 av 8 Det vart ikkje gjort vedtak i saka. 104 / 16 Søknad om avdragsfri periode på næringslån Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Jostedal utvikling AS får avdragsfriheit på lånet sitt i næringsfondet frå terminforfall haust 2016 og til terminforfall haust 2018. Renter på lånet skal betalast i perioden. 105 / 16 Ikkje offentleg, jf. off.l 13 Næringssak Rådmannen v/næringssjef orienterte om saka Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Vedtaket er ikkje offentleg, jf. Off.lova 13, fv. l 13. 106 / 16 Kulturprisen 2016 Formannskapet har fått seg førelagt innkomne framlegg. Ikkje offentleg fram til overrekking i kommunestyret den 16.12.16. Tidlegare kulturpristildelingar. Formannskapet drøfta saka, aktuelle kandidatar og gjorde vedtak om tildeling. Framlegg i møtet vart samrøystes vedteke. Vedtaket vert offentleg den 16.11.16.
8 av 8