Kvam herad Kvam ungdomsskule Plan for læringsstrategiar Kvam ungdomsskule Korleis jobba effektivt med læreboka? Heftet tilhøyrer: 1
Innhald Hovud-tema Under-tema Kva er læringsstrategiar? Læringsstrategiar er teknikkar som 3 Læringsstrategiar gjer 3 Læringsstrategiane gjer metakognitive elevar, det vil seia elevar som 3 Ulike lesemåtar 4 Å lesa ulike typar tekstar 4 Førlesing BISON-blikket 5 Undervegslesing Å skriva nøkkelord 5 Å laga spørsmål til teksten 6 Å laga samandrag 6 Tankekart Ustrukurert tankekart Strukturert tankekart Personkart Ordkart 6 7 7 8 9 Styrkenotat 10 To-kolonne-notat 11 Fleirkolonne-notat 12 Sekvenskart 13 VØL-skjema 14 VENN-diagram 15 Boksskjema 15 Friform 17 Repetisjon 17 Kva er lesing? Etterlesing 2 Sidetal
Kva er læringsstrategiar? Læringsstrategiar er teknikkar som: Aktiverer bakgrunnskunnskapen din Organiserer kunnskap på ein oversiktleg måte Læringsstrategiane gjer: Effektive lesarar Støtte når du skal velja ut informasjon Støtte når du skal organisera informasjon Hjelp når du skal overføra informasjon til langtidsminnet Hjelp når du skal repetera kunnskapen Læringsstrategiane gjer metakognitive elevar, det vil seia elevar som: Veit kva dei skal læra Veit kva dei forstår Veit kva dei ikkje forstår Veit kva dei skal gjera for å forstå Læringsstrategiar gjer at du vert medviten din eigen læring. Du lærer deg å uttrykkja kva du kan på mange ulike måtar. Kan du ikkje uttrykkja det du har lært, då har du heller ikkje lært det! Læringsstrategiar handlar om å læra seg å læra. Læringsstrategiar er ikkje målet, men eit middel for å læra 3
Kva er lesing? Lesing = avkoding + forståing Ulike lesemåtar: Punktlesing Du leitar med blikket for å finna ei bestemt opplysning, til dømes når du skal slå opp eit ord i ei ordbok, eit utheva ord i læreboka di eller eit ord du har forklart i eit to-kolonne-notat. Skumlesing Ein les raskt gjennom teksten for å få eit overblikk. Detaljar kan venta. Nærlesing/djuplesing Du les nøye og langsamt for å forstå og læra innhaldet. Å lesa ulike typar tekstar: Kva type tekst har du framfor deg? Dette er det viktig å tenkja over når du les. Me les ulikt når me les for å: Læra Gjera Oppleva 4
BISON-blikket Før du les gjennom eit kapittel, er det viktig at du skaffar deg ei oversikt over kva kapittelet handlar om. Kva skal du læra, korleis er kapittelet inndelt, kva kan eg om dette frå føf? Skumles teksten, og bruk BISON-blikket for å få oversikt. Bilete Innleiing Samandrag/slutt Overskrifter NB-ord (utheva ord, ord i kursiv, ord som er forklarte i margen) Å skriva nøkkelord Slik skriv du nøkkelord: Finn dei viktigaste orda i teksten Ikkje ta med for mange ord Skriv nøkkelorda under kvarandre På kopiar og i eigne arbeidsbøker kan du streka under og skriva i margen. I skulebøker kan du skriva nøkkelorda på sjølvlimande lappar og lima dei inn i margen. 5
Å laga spørsmål til teksten Dette kan vera spørsmål der svaret finst i teksten Dette kan vera spørsmål der svaret finst fleire stader i teksten og du må leita Dette kan vera spørsmål der svaret ikkje finst i teksten Å laga samandrag Ei oppskrift: Ta eit BISON-overblikk over teksten Nærles heile teksetn Skriv nøkkelord til kvart avsnitt Bruk nøkkelorda og skriv ei setning for kvart avsnitt Bruk dine eigne ord! Det er lurt at du har lese teksten så grundig at du kan lukka boka før du skriv samandraget. Samandraget skal vera kort, og skal ikkje ha med replikkar og skildringar Tankekart Det finst ulike typar tankekart. Eit tankekart er ei samling nøkkelord som er sette opp på ein bestemt måte. Kartet er bygd opp kring ei «sol», som viser hovudemnet. Langs «solstrålene» noterer me ord og emne, assosiasjonar, enkle bilete og symbol. Eit tankekart ordnar stoffet, og det at tankekartet er ei slags teikning, gjer at du hugsar stoffet på ein annan måte enn du hugsar rein tekst. Ulike typar tankekart: 6
Ustrukurert tankekart Her har du eit emne i «sola», og mange stråler ut. Passar godt til idemyldring. Strukturert tankekart Her har du ordna nøkkelorda etter tema. I sola står hovudtemaet. Herifrå går det ut stråler til undertema. Herifrå kan det igjen gå ut nye stråler. 7
Personkart Eit personkart er eit ustrukturert tankkart. I personkartet set ein personen i midten. I strålene skriv ein om dei eigenskapane personen har (indre/ytre), kanskje kva personen er, gjer eller tenkjer, og kanskje kva forhold denne personen har til andre personar i forteljinga. 8
Ordkart I eit ordkart skriv ein ordet i midten. I dei fire solene skriv ein dette: Eigen definisjon Synonym Ei setning der ordet er med Teikning 9
Styrkenotat Emnet/hovudtanken/overskrifta står som 1-ar øvst til venstre Innrykk: 2-ar-orda fortel eller forklarar om 1-ar-ordet. Nytt innrykk: Under 2-aren kan ein ha 3-ar-ord eller setningar som fortel om 2-aren. Og så vidare 1. Raudreven 2. Kjenneteikn 3. Raudbrun pels 3. Buskete hale 3. Kvit haletipp 2. Mat 3. Mus 3. Smågnagarar 3. Hare 2. Levesett 3. Hi 4. Naudutgangar 3. Skumrings- og nattedyr 10
To-kolonne-notat I eit to-kolonne-notat deler du arket i to. Dersom ein lagar to-kolonne-notat på data, lagar du ein tabell med to kolonner, og så mange rader som du treng. På venstre-sida skriv du opp viktige ord og omgrep. I høgrekolonna skriv du forklaringar til desse. Skriv så lite at notatet vert oversiktleg. Ha mellomrom mellom kvar nye forklaring. Raudreven Kjennteikn Raudbrun pels Buskete hale Kvit haletipp Mat Mus Smågnagarar Hare Levesett Hi 11 Naudutgangar Skumrings- og nattedyr
Fleirkolonne-notat Fleirkolonne-skjema Stortinget Kommunestyret Kven røyster? Må vera 18 år Alle i heile Noreg Mandat fordelte gjennom fylka Høvetalsval Må vera 18 år Alle som bur i kommunen Mandat fordelte etter talet røyster i kommunen Kor ofte røyster me? Kvart fjerde år Kvart fjerde år Kva bestemmer representantane? Prinsipiell saker for landet Statsbudsjettet Utanrikspolitikk Prinsipielle saker for kommunen Kommunebudsjett et 12
Sekvenskart (sjå døme lenger bak i boka) Eit sekvenskart syner rekkjefølgja av dei viktigaste hendingane (sekvensane) i ei forteljing, teikna eller skrive inn i boksar. Mikkel Rev Mikkel Rev skriv på ei tavle 13 Av ein eller annan grunn På grunn av smellet får går tavla sund med ein Mikkel Rev ein fysisk høg lyd som skrømer reaksjon som gjer at han Mikkel Rev skvett opp frå sitjande posisjon og havnar i ein flosshatt.
Andre gode skjema for å ordna fagstoffet: VØL-skjema Når du byrjar på eit nytt tema, er det lurt å knyta forkunnskapen din saman med det nye du skal læra. I V-kolonna skriv du kva du veit frå før, og i Ø-kolonna skriv du kva du har lyst å læra om dette temaet. Etter perioden skriv du i L-kolonna kva du har lært. Tema/læringsmål: V Dette veit eg frå før 14 Ø Dette ønskjer eg å læra L Dette har eg lært
VENN-diagram Eit godt system for å forstå kva som er likt og ulikt mellom ulike omgrep, fenomen, tidsperiodar osb. Fyrst set ein opp kjenneteikn for dei ulike omgrepa kvar for seg, til dømes i eit fleirkolonne-notat eller tankekart. Her set me inn kjenneteikn for stortingsval og kommunestyreval, fyrst i eit fleirkolonne-notat, så merkar me oss kva som er likt mellom dei, og til slutt set me det inn i eit VENN-skjema. Kommunestyret Stortinget Alle i heile Noreg Mandat fordelte gjennom fylka Høvetalsval Budsjett og prinsipielle debattar som gjeld heile landet Må vera 18 år Kvart fjerde år Bestemmer prinsipielle saker og budsjett Alle som bur i kommunen Mandat fordelte etter talet røyster Budsjett og prinsipielle debattar som gjeld den einskilde kommunen BOKSSKJEMA: Ein notatteknikk der du sjølv må formulera og skriva ned det du meiner er det viktigaste for kvart tema. Gjer slik: Del eit A3-ark i fleire boksar/ruter. I midten skriv du hovudtemaet. I dei andre rutene skriv du undertema 15
Fyll inn skjemaet med stikkord, forklaringar, teikningar, figurar eller liknande Dersom du legg ned litt arbeid i skjemaet, er det fint å bruka til repetisjon eller som utgangspunkt for skriveoppgåver. Kvar rute i skjemaet kan då bli til eit avsnitt i ein tekst. Då har skjemaet vore disposisjon for teksten. Døme på boksskjema Sola og fusjon Planetar, stjerner, satelittar Galaksar Fordjupingsoppgåv a di Gravitasjon og ellipsebane Årstidene UNIVERSET Big Bang og mørk energi 16 Flo og fjære Måne og solformørking
Friform Etter-lesing Repetisjon er veldig viktig for å læra og hugsa godt! Bruk notata dine når du skal repetera, i tillegg til læreboka. Det er veldig lurt å repetera saman med nokon. Då får du sett ord på tankane dine, og du vert klar over kva du ikkje kan godt nok enno. Tenk etter kva tankar du hadde før du las teksten, og medan du las. Fekk du vita det som du i byrjinga ønskte å få vita meir om? Er det noko du ikkje fekk svar på? Kva kan du gjera med det? 17