Stokkalandsmarka barnehage Kontoradresse: Stokkalandsbakken 2, 4362 Vigrestad Postadresse: Stokkalandsbakken 2, 4362 Vigrestad Telefon: 51 43 56 40 Org nr: 964 969 590
ÅRSPLAN 2015-2016 Rammeplanen seier at alle barnehagar skal ha ein årsplan og kva årsplanen skal innehalda. Årsplanen har fleire funksjonar. Den skal blant anna vera: - eit arbeidsreiskap for personalet for å styra i ei bevisst og uttalt retning - eit utgangspunkt for foreldra/føresette sin mogligheit til å kunna påverka innhaldet i barnehagen - eit grunnlag for kommunen sitt tilsyn med barnehagen - ein informasjon kjelde om barnehagen sitt pedagogiske arbeid til eigar, politikarar, kommunen og samarbeidspartar VISJON FOR KOMMUNEN Alle barn i barnehage i Hå opplever kvar dag læring og meistring VISJON FOR BARNEHAGEN Alle sansar på, vi skal læra nå BARNESYN Kvart barn er unikt Det betyr at dei vaksne må: - Behandla barn forskjellig og med respekt - Møta kvart barn med opent sinn, ikkje setja dei i «båsar» - Sjå det positive med kvart barn Alle barn er kompetente Det betyr at dei vaksne må: - Gje barna meistringkjensle - La barna få bidra i kvardagen - Dei vaksne rettleiar barna (men må og setja grenser) - Ikkje undervurdera barna - Undra seg i lag med barna Alle barn er sosiale Det betyr at vaksne må: - Leggja til rette for leik - Inkludera barn i leik - Leggja til rette for samspel med barn i ulike aldersgrupper BARNEHAGEN SINE SATSINGSOMRÅDER 2015/2016 - Relasjonar og venskap OMSORG God omsorg styrkjer føre-setnadene for å utvikle tillit til seg sjølv og andre, gode relasjonar og til gradvis å ta større ansvar for seg sjølv og fellesskapen (Rammeplan for barnehage s.31). Barn i Stokkalandsmarka barnehage har rett til god omsorg, og skal møtast med omsorg kvar dag. God omsorg vert gitt når barna kjenner seg trygge, og har nokon dei kan stola på. Kos, stell, trøyst samt og sjå det enkelte barn er ein føresetnad for at personalet skal møta barna på ein omsorgsfull måte. Dette krev eit ansvarsbevisst personale som stadig er nærværande og engasjerte i det einskilde barn si trivsel og utvikling. Barnehagen skal tilby barna eit godt miljø prega av humor, kreativitet og omtanke for fellesskapet. Det ligg mykje omsorg i og gje barn varierte utfordringar og rom for meiningsfylte aktivitetar. Å gje barn moglegheit til å gje og ta imot omsorg, er eit viktig grunnlag for utvikling av sosial kompetanse og er med på å bidra til ei livslang læring. 2
LÆRING Læring skjer i det daglege samspelet med andre menneske og miljøet og heng nært saman med leik, omsorg og danning (Rammeplan for barnehage s. 33). Det er 2 typar læring: - formell læring, der dei vaksne tek opp og formidlar kunnskap - uformell læring, som skjer i dei daglege situasjonane. Barn oppsøkjer situasjonar der dei lærer, spør om kunnskap og eksperimenterer. Barna lærer og ved at vi vaksne undrar oss saman med dei. Personalet i barnehagen skal veta om barn si læring og måtar vi opptrer på som rollemodellar. Det er og dei vaksne sitt ansvar og variera mellom støtte og utfordring i barna si læring som Vygotsky beskriv som «støttande stilas». LEIK Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen (Rammeplan for barnehage s. 32). Leik og uteaktivitet er ein viktig del av barnekulturen. Barna bør få impulsar og inspirasjon til leiken gjennom opplevingar i nærmiljøet. Barnehagen sitt innhald bør inspirera til fantasi, skaparglede og livsutfolding. Personalet må vera tilgjengeleg for barna ved å støtta, inspirera og oppmuntra barna i deira leik. Dette kan danne grunnlag for å sikra at alle barn får gode erfaringar og opplevingar av å meistre samspelet med andre barn i leik. Det er viktig å sjå moglegheitene for å vidareutvikla leiken som barna tek initiativ til. Dei vaksne må leggje til rette for at barna kan leike med kvarandre og vera i fysisk aktivitet, både inne og ute. Barn leiker fordi dei liker å leike. Leiken er universell og har vore alltid. Leiken er eit mål i seg sjølv. Barn lærar gjennom alt dei leiker, og dei har ein leikande tilnærming til læring. Leiken har stor plass i barna sine liv. Det er difor viktig at det vert lagt til rette for variert leik for alle barn i barnehagen. Leiken kjennetegner ved at den er frivillig og lystvekkjande. DANNING Danning er ein livslang prosess som mellom anna handlar om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlingar og veremåtar (Rammeplan for barnehage s. 15). Målet for danning er at barna skal verta trygge på seg sjølv. Barna skal oppmuntrast til å ta eigne val og få hjelp til å forstå konsekvensane av eigne handlingar. Danning er ein prosess der dei vaksne både leiar og rettleiar barne. Dei vaksne skal rettleia barna i møte med krav og forventningar som samfunnet set. Det krev vaksne som samtalar og samspelar med barna og som hjelpar dei til å forstå og utøva refleksjon. SOSIAL KOMPETANSE Sosial kompetanse handlar om å kunne samhandla positivt med andre i ulike situasjonar. Barn uttrykkjer og tileignar seg denne kompetansen i samspel med kvarandre og med vaksne. Sosial kompetanse blir utvikla kontinuerleg gjennom handlingar og opplevingar (Rammeplan for barnehage s. 34). Barnehagen skal gi rom for samhandlingar der barna får oppleva eigenverd og meistring, leik med barn på same alder og høyra til i eit positivt fellesskap. Barnhagekvardagen bør vere prega av gode kjenslemessige opplevingar. Glede, humor og estetiske opplevingar må væra kjenneteikn på korleis barna har det i barnehagen (Rammeplan for barnehage s. 34). Tema det vert jobba med er venta på tur, samarbeid, tilhøyra ei gruppe, empati mm. BARN SI MEDVERKNAD Barn i barnehagen har rett til å gje uttrykk for sitt syn på barnehagens daglege verksemd. Barn skal jamleg få moglegheit til aktiv deltaking i planlegging og vurdering av barnehagen si verksemd (Rammeplan for barnehage s. 17). 3
Kor omfattande medverknaden vil væra, avheng av barna sin alder, funksjonsnivå, kjønn, sosial, etnisk og kulturell bakgrunn. Kor mykje og i kva slags grad barn skal få medverke vil være avhengig av barnet sin alder og kva for føresetnad det har. Med det meinas at eit barn på 5 år forstår mykje meir og kan sjå konsekvensane av enkle val i motsetning til en 1 åring. Barn si rett til medverknad kan ikkje skje ut ifrå eit matematisk rettferdstenking, men ut frå det enkelte barnet sitt ståsted. Dei vaksne må sjå, høyra og forstå barna. Kommunikasjon er viktig i denne prosessen! Dei vaksne må væra sensitive på kva barn formidlar, ikkje berre det dei uttrykkjer verbalt. Personalet må høyre og tolke kroppsspråket samt væra observante til handlingane, det estetiske uttrykket og etterkvart det verbale språket. Barna må oppmuntrast aktivt og gje uttrykk for sine tankar og meiningar og verta møtt med anerkjenning for sine uttrykk. Dei yngste barna formidlar synspunkta sine med kroppshaldning, mimikk og andre kjensleuttrykk. Barna skal møta ein anerkjennande væremåte når dei gjer uttrykk for opplevingar og kjensler. Dette krev bevisste vaksne som leiter, finn og fangar barn sine interesser og meiningar for å leggje best mogleg til rette for medverknad. DOKUMENTASJON OG VURDERING Dokumentasjon frå barnehagen kan gi foreldra, lokalmiljøet og kommunen som barnehagestyresmakt informasjon om kva barn opplever, lærer og gjer i barnehagen (Rammeplan for barnehage s. 55). Dokumentasjon for det enkelte barn skjer gjennom barna si læringsbok. Felles dokumentasjon skjer ved oppslag og felles bilete, kort resymé av dagen og utstillingar. Personalet evaluerer arbeidet sitt både dagleg og i etterkant av tema. Vurdering er knyta opp mot det enkelte barn og barnegruppa, samt gitte rammer og omsyn. I vurderingsarbeidet brukar vi kvalitetskrysset og barnehagemix sitt vurderingsskjema. PROGRESJON Arbeidet med fagområda må tilpassast alderen og interessene til barna, gruppesamansetjinga og ander føresetnadar. Alle skal få like høve til å møta utfordringar som svarar til utviklingsnivået dei er på (Rammeplan for barnehage s. 39). Gjennom tida i barnehagen skal barna få varierte erfaringar og opplevingar. Planlegging og gjennomføring skal ta omsyn til barna si alder og modning. Nokre gonger har barna aktivitetar i lag, medan andre gonger deler vi dei i grupper ut frå interesser og/eller alder. Vi arbeider ut frå flytsone modellen, dvs. og finna balansen mellom det ein kan og nye utfordringar som ein meistrar. FORELDRESAMARBEID Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling (Barnehageloven 1 Formål) (Rammeplan for barnehage s. 18). Vi legg vekt på å ha tid til dagleg kontakt med foreldre/føresette når barna vert levert/henta og elles i dei formelle samarbeidsorgana som vi har i barnehagen. MANGFALD Vi har barn frå forskjellege land med forskjelleg morsmål, tradisjon og religion i barnehagen. Personalet har oversikt over kva land barna kjem frå. Personalet er ansvarleg for å formidla ulike sider av kulturen til kvart barn til dømes mat, klede, nasjonaldag o.l. Felles forståing og respekt for kvarandre sine likheiter og ulikheiter bidreg til å auke forståinga og styrke fellesskapet i barnehagen. KOMMUNEN SINE SATSINGSOMRÅDER Satsingsområdet for kommunen 2015/16 er: Fleirkulturelt arbeid. PRAKSISBARNEHAGE Stokkalandsmarka barnehage har frå hausten 2014 vorte praksisbarnehage for barnehagelærar utdanninga ved Universitetet i Stavanger. Det vil seia at vi får barnehagelærar studentar både hausten og våren og desse vert ekstra på avd. kor det er praksislærarar. 4
Årshjulet 2015/2016 MÅNAD FORELDRE INFO FELLES AKTIVITETER Planleggingsdag måndag 17.08 August Fyrstegong samtale med nye foreldre September Levering av haustferie-lapp torsdag 10.09 Foreldremøte tysdag 15.09 kl. 19.30 Foreldresamtalar før veke 41 Oktober Haustferie på skulen veke 41 November Planleggingsdag fredag 13.11 Desember Levering av juleferie lapp torsdag 12.11 Ta med juleposen siste dag før jul Avsluttar friluftslivets år Planleggingsdag måndag 04.01 Januar Fyrste dag etter nyttår tysdag 05.01 Frist for endring av barnehageplass 15.01 Levering av vinterferie lapp-fredag 29.01 Februar Vinterferie på skulen veke 7 Karneval tysdag 16.02. Samenes dag 06.02 Levering av påskeferielapp måndag 29.02 Mars Søknadsfrist hovudopptak til barnehageplass 01.03 Foreldresamtalar før veke 12 Påskeferie veke 12. Barnehagen open måndag og tysdag. Onsdag fram til 12.00 Planleggingsdag tysdag 29.03 Nissefest Luciadagen om juleevangeliet Karneval Barnehagedagen om påskebodskapet Foreldrefrukost April Levering av sommarferie-lapp fredag 08.04 Mai Juni Torsdag 05.05 Kristi himmelfartsdag Planleggingsdag fredag 06.05 Måndag 16.05 2. pinsedag Tysdag 17.05 Noreg sin nasjonaldag. Barnehagen stengt Sommaravslutting regi FAU Sving-innom-dagen for nye foreldre fredag 10.06 Foreldremøte for nye foreldre tysdag 14.06 kl. 19.30