VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 2013/738 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato: 16.10.2013 Driftsbudsjett 2014 Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling 1. Vestnes kommunestyre vedtek driftsbudsjett for 2014 ned følgjande hovudtal (alle tal i 1000 kr): Inntekter Driftsinntekter eksterne Budsjett 2014 Skatt 157 000 Rammeoverføring 166 000 Vertskommunetilskott 100 400 Momskompensasjon 0 Ressurskr. brukarar 19 000 Eigedomsskatt 8 600 Komp eldreutb/skule m.m. 3 200 Driftsinntekter 454 200 Finansinntekter Kalkulatoriske renter 2 000 Avkastning "kraftfondet" 6 000 Utbytte VEAS 6 000 Renteinntekter 0 Finansinntekter 14 000 Sum eksterne inntekter 468 200
Utgifter Budsjett Sektor 2014 Politisk verksemd 5 175 Sentraladm./serv.kt./fellesutg 25 200 Grunnskule 70 700 Barnehagar 37 100 Kulturskulen, almen kultur og fritid 12 900 Barne- og ungdomstenestene 20 500 Helse, omsorg, velferd 134 000 Bu- og habiliteringstenesta 106 500 Eigedomsdrift 1 000 Tekniske tenester 10 500 Kjøp tenester Tremek 2 625 Sum driftsutgifter 426 200 Renter og avdrag 32 000 Lønsoppgjer 2014 10 000 Sum totale utgifter 468 200 2. Vestnes kommunestyre skriv ut eigedomsskatt etter 2 og 3 i Eigedomsskattelova. 3. I medhald av eigedomsskattelova 3 bokstav a skriv Vestnes kommunestyre ut eigedomsskatt for 2014 på alle faste eigedommar i heile kommunen. 4. Skattesatsen vert sett til 2,0 promille for alle eigedommar jfr. Eigedomsskattelova 11, 1. ledd og 13. 5. Det vert ikkje botnfrådrag for bustaddelen i bustadar og fritidsbustadar jfr. Eigedomsskattelova 11, 2. ledd. 6. Det vert 3 betalingsterminar jfr. Eigedomsskattelova 25. 7. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar Vestnes kommune gjeldande Eigedomsskattevedtekter med revideringar vedteke av Vestnes kommunestyre. 8. Vestnes kommunestyre fritek etter 7 i Eigedomsskattelova: a. Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne kommunen, fylke eller staten. b. Eigedom som har historisk verde SAKSUTGREIING:
1. Innleiing Administrasjonssjefen legg med denne saka fram budsjettframlegg for 2014. Budsjettprosessen har vore nokolunde slik: Vi starta budsjettarbeidet med at administrasjonssjefen i formannskapsmøte 26.08.12, sak FSK 60/13, la fram ei skisse til korleis budsjettarbeidet kunne være i år. Formannskapet støtta dette. I same møte, sak FSK 61/13, vedtok formannskapet førebelse rammer for sektorane og rammer for inntektene i 2014. Utvida kommunestyremøte 3.september Vestnes kommune deltek i Effektiviseringsnettverk for Robek-kommunar. Dei som leiar nettverket møtte kommunestyret og alle leiarar i kommunen og kom m.a. med innspel på kva område vår kommune har drift som har eit meirforbruk i forhold til statens berekningar. Det var spesielt innan - barnehage, - skule - pleie- og omsorg alle dei store sektorane våre. Resten av september og oktober arbeidde administrasjonen med å utarbeide budsjettframlegg innanfor dei rammene formannskapet hadde sett. Kommunestyremøte 24.oktober - dialogmøte i forkant av ordinært kommunestyre. Administrasjonssjefen si leiargruppe, driftsleiarar og einskilde fagansvarlege møtte kommunestyret. Kommunestyret hadde på førehand fått utsendt skriftlege konsekvensvurderingar på sektorvis om budsjettsituasjonen, tiltak som må gjennomførast for å holde budsjettramma og evt. nye tiltak ein bør gjennomføre. I møtet vart det gitt munnleg presentasjon frå kvar sektor og kommunestyre fekk stille spørsmål. Dialogmøtet skal danne grunnlag for vidare politisk arbeid med budsjett og økonomiplan. 25. november behandlar formannskapet administrasjonssjefens framlegg til budsjett, og kjem med innstilling til kommunestyret. 12. desember vedtek kommunestyret budsjett for 2013. Førebelse budsjettrammer Reduksjon Formannskapet sette rammer 4,5 mill. kr Reduksjon statsbudsjett 2,6 mill. kr 7,1 mill. kr Når framlegg til statsbudsjettet vart lagt fram viste det seg at overføringane vart 2,6 mill. kr lavare enn rekna med når formannskapet i august behandla førebelse rammer for sektorane. Årsak til dette var nedgang i barnetal og eldre over 90 år. I tillegg er det kostnader som har auka og vi får nye kostnader vi ikkje har hatt før. Vi må difor redusere 2013 driftsnivået meir enn 7,1 mill. kr.
Framlegg til statsbudsjett 2014 Det er den avgåtte regjeringa til Stoltenberg som la fram første framlegg til statsbudsjett. Det er og dette som danner grunnlag for det budsjettframlegget administrasjonssjefen no legg fram. Den nye regjeringa til Solberg la fram sitt korrigerte framlegg 8. november. Av føreslåtte endringar som har virkning for kommunen nemner ein m.a.: Reduksjon i rammeoverføringa, og tilsvarande auke i nytt øyremerka tilskott til rusarbeid Redusert eigenandel for ufrivillig langtidsopphald i dobbeltrom på institusjon Kulturskuletilbud i skule eller SFO tida vert avvikla Frukt og grønt i skulen vert avvikla Opptrapping mot to barnehageopptak og reelt redusert maksimalpris i barnehagane er føreslått tatt vekk I tillegg er det fleire endringar som kan få konsekvens for kommunedrifta, dette får vi komme tilbake til etter kvart. Ingen av tiltaka vil, etter det administrasjonssjefen ser i dag, gje store endringar frå det som var signalisert i Stoltenbergregjeringa. Framlegg til statsbudsjett skal til behandling i Stortinget. Sidan det no ikkje er ei fleirtalsregjering må vi kanskje forvente at det også vert endringar frå det Solberg regjeringa har føreslått når Stortinget gjer sitt endelege vedtak. Administrasjonssjefen vil difor ikkje innarbeide dei føreslåtte endringane no. Vil kome tilbake med evt. endringar etter nyttår eller i rekneskapsrapport pr. 1. kvartal 2014.
2. Hovudoversikt Rekneskap Budsjett Budsjett 2012 2013 2014 Driftsinntekter 424 666 441 500 454 200 Finansinntekter 12 081 10 000 14 000 Sum eksterne inntekter 436 747 451 500 468 200 Driftsutgifter, netto 409 691 422 000 426 200 Renter og avdrag 29 304 29 500 32 000 Avsatt lønsoppgjer 2014 10 000 Sum utgifter 438 995 451 500 468 200 Etter fleire år med reduksjonar og sparetiltak er det vanskeleg å finne nye tiltak som er realistisk, gjev økonomisk utteljing og som er politisk akseptable å godta. I nokre år har vi saldert budsjettframlegga ved å redusere alle sektorar med ein viss prosent. I praksis er slike sparetiltak nesten umogeleg å klare. I budsjettframlegget for 2014 det det innarbeidd lite slike generelle reduksjonar. Reduksjonar som er gjort går på konkrete tiltak. Av reduksjonar som er innarbeidd i budsjettet nemner ein m.a. - nedlegging av ei avdeling på Ivartun, reduksjon på 6 institusjonsplassar - ikkje utbygging av den 8. avdelinga ved Helland barnehage slik som lagt opp til når formannskapet sette rammer i august. I staden må barnehagane ta inn 1 2 barn meir pr. avdeling utan å få auke personalressurs. - reduksjon i heimetenestene, m.a. gå frå 3 til 2 nattevakter. Her skal ein samarbeide med sjukeheimen slik at ein likevel får forsvarleg tilbod. Heimetenestene vil samla redusere med over 6 årsverk - i bu- og habiliteringstenestene er det netto reduksjon på 2 4 årsverk I tillegg føreset vi at det på hausten 2014 kan leggast ned ei bueining til. - pleie- og omsorg er gjort ytterlegare reduksjon på 1,0 mill. kr utan at vi pr. i dag har avklart korleis denne reduksjonen skal takast. - i skule er det ikkje avsatt ressurs til å dekke ekstra assistent til barn som har særlege behov grunna helse/sosiale forhold. Dette må skulane dekke innanfor eksisterande ramme. - reduksjon på 0,35 årsverk i servicekontor - i tillegg vert det holdt vakante stillingar i mange av sektorane
3. - Inntekter Hovudoversikt Rekneskap Budsjett Budsjettframlegg 2012 2013 2014 Driftsinntekter eksterne Skatt 131 008 150 400 157 000 Rammeoverføring 165 519 160 000 166 000 Vertskommunetilskott 98 309 99 500 100 400 Momskompensasjon 1 125 500 0 Ressurskr. brukarar 17 000 19 000 19 000 Eigedomsskatt 8 576 8 600 8 600 Komp eldreutb/skule m.m. 3 129 3 500 3 200 Driftsinntekter 424 666 441 500 454 200 Finnansinntekter Kalkulatoriske renter 1 739 2 000 2 000 Avkastning "kraftfondet" 10 401 6 000 6 000 Utbytte VEAS 0 2 000 6 000 Renteinntekter -59 0 0 Finansinntekter 12 081 10 000 14 000 Sum eksterne inntekter 436 747 451 500 468 200 Inntektene aukar med ca. 4,8 %. Det er noko meir enn forventa kostnadsauken neste år, men likevel så lite at det er ikkje rom for mykje aktivitetsauke. Skatt- og rammeoverføring Skatteinntekter og rammeoverføring frå staten må vi sjå ilag då desse vert samordna. Dette grunna at Vestnes kommune har lågare skatteinntekter enn landsgjennomsnittet, og vert rekna som minsteinntektskommune. Dersom skatteinntektene vert mindre enn rekna med får vi kompensert delar av dette ved Auka rammeoverføring, og motsatt dersom skatteinntektene aukar meir enn landsgjennomsnittet. Auken i skatt- og rammeoverføring er 4,2 %. Dette er mindre enn fylkesgjennomsnittet som er 4,2 %. Skatt- og rammeoverføring vart 2,0 mill. kr mindre enn det vi rekna med når rammene vart sett av formannskapet i august. Grunnen til dette er at barn i aldersgruppa 6 15 år gjekk meir ned enn vi hadde rekna med og at antall eldre over 90 år vart redusert. Det skal dekke løns- og prisauke, endring i demografi og anna aktivitetsauke som er føresett i statsbudsjettet eller som kommunen sjølv har vedtatt.
Det vert budsjettert med følgjande inntekter: Statsbudsjett Adm. sjefs framlegg Rammetilskott 157,4 157,0 Skatt 162,3 166,0 Sum 319,7 323,0 Det er budsjettert med 3,3 mill. kr over det som er lagt til grunn i statsbudsjettet. Vertskommunetilskott I statsbudsjett for 2010 vart det vedtatt endring i tilskottsordninga. Det er årleg teljing av brukarar og reduksjon eit år etter. I tillegg vart det innført ein sikringsregel som går på at ingen kommune skal få større årleg reduksjon enn kr 300,- pr innbyggjar i kommunen. For Vestnes kommune betyr det årleg reduksjon på 2,0 mill. kr. Denne omlegginga er svært gunstig for vår kommune. Utan slik sikringsregel hadde vårt tilskott vore 16,0 mill. kr mindre. Rentekompensasjon Stortinget har vedteke fleire ordningar der kommunane får dekka renter og delvis avdrag på lån som er oppteke for å gjennomføre reformer og større tiltak Stortinget har vedteke. Rentekompensasjonen følgjer markedsrenta. I budsjettet har vi brukt 3,5 % rente både på låna våre og på den kompensasjonen vi får. Vert markedsrenta lågare i 2013, vil refusjonane verte mindre, og rentekostnaden vår også tilsvarande mindre. Vi budsjetterer med slik kompensasjon i 2013: 2014 Omsorgsbustadar 1 750 000 Kyrkjebygg 300 000 Skule, ekstra vedlikehald 400 000 6 -års reform skule 600 000 Vestnes ressurssenter 450 000 3 500 000 Avkastning kraftfondet Budsjettert med 6,0 mill. kr i avkastning av kraftfondet. Sum som er plassert der er pr. i dag ca 145,0 mill. kr. Det tilsvarar 4 % avkastning. Vi har ikkje lenger plassering i aksjeprodukt og med den plasseringa vi no har er dette ei realistisk avkastning.
Utbytte VEAS Budsjetterer med 6,0 mill. kr i utbytte. Det er tal som vi har fått oppgitt frå selskapet. Det er forventa eit godt økonomisk resultat i selskapet i 2013 som vil gje ekstra høgt utbytte i 2013 for å gå noko ned att i åra etter. Eigedomsskatt I framlegg til 2013 budsjett føreslo administrasjonssjefen at satsen for eigedomsskatt skulle aukast frå 2,0 til 2,1 promille. Dette tilsvara løns- og prisauke og var såleis ingen reell auke i eigedomsskatten. Dette ville gitt ei meirinntekt på kr 400.000,- Kommunestyret gjekk ikkje inn for dette. Av den grunn vert det ikkje gjort framlegg om å auke satsen for eigedomsskatt i 2014. Budsjettert sum tilsvarar det vi får inn i 2013. Oppsummering inntekter: Inntektsanslaga er etter administrasjonssjefens vurdering strekt så høgt som mogeleg skal det kunne forsvarast å være realistisk budsjettering. Nedgang i barnetal og antall eldre over 90 år gjer at rammeoverføringane ikkje aukar så mykje som dei elles ville gjort. Det meste av inntektene er gitt i statsbudsjettet, og andre statlege overføringar. Kommunestyret har i utgangspunktet lite påvirkning på inntektene. Unnataket er størrelsen på eigedomsskatten der kommunestyre bestemmer promillesatsen.
Ressurskrevjande brukarar Frå 2004 vart det innført ei ny toppfinansieringsordning slik at kommunar med svært ressurskrevande brukarar skal få dekka meir av sine kostnader. Gjeldande for 2012 var at vi får dekka 80 % av lønskostnader som overstig ca. kr 975.000,-. (Dersom det vert gitt anna tilskott til brukaren vert denne ramma auka tilsvarande) Brukarar over 67 år får vi ikkje dekka noko for. Vi har fått følgjande refusjonar siste åra 2009 6,2 mill. kr 2010 11,7 mill. kr 2011 14,2 mill. kr 2012 17,0 mill. kr 2013 (forventa) 19,0 mill. kr 2014 Budsjett 19,0 mill. kr Desse refusjonane har auka mykje siste åra. Det har samanheng med at vi har fått fleire brukarar og dei krev også meir ressurs enn tidlegare. Vi må sjå auken i desse inntektene i samanheng med tilsvarande auke i kostnadane spesielt innan og bu- og habiliteringstenesta dei siste åra. I framlegg til statsbudsjett som vart lagt fram av Stoltenberg regjeringa er det føreslått at tilskottet til ressurskrevjande brukarar skal reduserast frå 80 % til 77,5 %. Også tilbakevirkande kraft for 2013. Dette verkar kanskje ikkje så mykje, men det utgjer over kr 600.000,- i tapte inntekter for vår kommune. KS både sentralt og lokalt har reagert sterkt på dette framlegget og vil komme med innspel for å prøve å få det omgjort. Vi kan håpe at den nye regjeringa ikkje gjennomfører dette framlegget. Starter ein først med å svekke ordninga som er så viktig, spesielt for småkommunane, er administrasjonssjefen redd for at det kan føre til ytterlegare reduksjonar seinare år.
4. - Driftsutgifter Driftsutgiftene er utarbeidd med grunnlag i dagens drift, korrigert for løns- og prisauke, politiske signal og sparetiltak ein har måtte lagt inn for å få økonomisk balanse. Driftsbudsjett er fordelt slik: Rekneskap Budsjett Budsjett Sektor 2012 2013 2014 Endring Politisk verksemd 5 207 5 050 5 175 2,5 Sentraladm./serv.kt./fellesutg 22 125 24 718 25 200 1,9 Grunnskule 71 154 69 856 70 700 1,2 Barnehagar 36 560 36 122 37 100 2,7 Kulturskulen, almen kultur og fritid 12 154 12 182 12 900 5,9 Barne- og ungdomstenestene 20 566 20 121 20 500 1,9 Helse, omsorg, velferd 130 747 130 457 134 000 2,7 Bu- og habiliteringstenesta 106 170 110 099 106 500-3,3 Eigedomsdrift -7 850 0 1 000 Tekniske tenester 9 720 10 395 10 500 1,0 Kjøp tenester Tremek 3 138 3 000 2 625-12,5 Sum driftsutgifter 409 691 422 000 426 200 1,0 Renter og avdrag 29 304 29 500 32 000 8,5 Lønsoppgjer 2014 10 000 Sum totale utgifter 438 995 451 500 468 200 3,7 Samla netto budsjett aukar med 16,7 mill. kr eller 3,7 %. Dette tilsvarar om lag løns- og prisauke siste år. Driftsbudsjettet som er fordelt på driftseiningane er på 426,2 mill. kr, ein auke på berre 1,0 % frå 2013. Det er mindre enn løns- og prisauken siste år. Det er spesielt Bu- og habiliteringstenestene som har stor reduksjon. Der er det redusert med 6 8 årsverk, og det er i tillegg lagt inn ein ytterlegare forventa reduksjon grunna reduksjon i ant. brukarar innanfor ansvarsreforma. Elles varierer endringane frå sektor til sektor, viser her til meir detaljert informasjon seinare i saka. Renteutgiftene aukar i 2014, då fastrenta vi har aukar frå 3,5 % til 4,6 % frå 29.03.14 I tillegg er det avsatt 10,0 mill. kr til lønsauke i 2014.
Sektorane sin andel av budsjettet er som følgjer: Budsjett Andel Sektor 2014 i % Politisk verksemd 5 175 1,2 Sentraladm./serv.kt./fellesutg 25 200 5,9 Grunnskule 70 700 16,6 Barnehagar 37 100 8,7 Kulturskulen, almen kultur og fritid 12 900 3,0 Barne- og ungdomstenestene 20 500 4,8 Helse, omsorg, velferd 134 000 31,4 Bu- og habiliteringstenesta 106 500 25,0 Eigedomsdrift 1 000 0,2 Tekniske tenester 10 500 2,5 Kjøp tenester Tremek 2 625 0,6 Sum driftsutgifter 426 200 100 Prosentandel 35,0 30,0 25,0 20,0 15,0 10,0 5,0 0,0 Politisk verksemd Sentraladm./serv.kt./fellesutg Driftsutgifter 2014 Grunnskule Barnehagar Kulturskulen, almen kultur og fritid Barne- og ungdomstenestene Helse, omsorg, velferd Bu- og habiliteringstenesta Ei gedomsdrift Tekniske tenester Kjøp tenester Tremek Helse, omsorg og velferd er den største sektoren med vel 31 % av budsjettramma tett fulgt av Bu- og habiliteringstenesta med knapt 25 %. Desse sektorane er det vi kan seie er helse- og sosialsektoren og dei bruker 56 % av budsjettet. At dei bruker så stor del har sjølvsagt også samanheng med at vi er vertskommune. Grunnskuledrift og barnehage er dei andre store sektorane, til saman over 25 %. Dei store sektorane som er nemnt ovanfor disponerer nesten 82 % av budsjettramma. Resten av sektorane er små i denne samanheng. Dette er også grunnen til at når vi må redusere driftsrammene så er det alltid helse- og omsorg, skule og barnehage som vert nemnt først. Det er her størstedelen av budsjettet ligg og skal ein redusere må desse sektorane ta det meste.
Avsatt til lønsoppggjer Det er budsjettert med lønsregulativ gjeldande pr. 01.09.13, lønsoverheng for dei fleste gruppene er såleis medrekna i budsjetta til driftseiningane. Unnatak er lønstillegg i 2013 for arbeidstakarar i kap 5 (hovudsak ingeniørar) alle driftsleiarar og leiargruppa Desse forhandlingane var ikkje avslutta når budsjettframlegget vart utarbeidd, og må difor dekkast av avsatt sum til lønsoppgjer (sjå nedanfor). Det utgjer anslagsvis 1,0 mill. kr. Lønsoverheng frå 2012 til 2013 var iflg KS ca. 2,8 %. Dette var unormalt mykje og hadde samanheng med at det var eit rimeleg høgt lønstillegg i 2012 og ein del av dette med virkning først seint på året. Lønsoppgjer 2013 var eit mellomoppgjer og med stort overheng vart det relativt små tillegg i 2013. I 2014 er det hovudoppgjer og det gjev til vanleg høgre tillegg, det er også litt lønsoverheng frå i år. Sjølv om det er lita prisstigning så reknar administrasjonssjefen med at det vert relativt høge lønstillegg i 2014. Det er avsatt 10,0 mill. kr til å dekke ekstra lønskostnader som ikkje er innarbeidd i sektorane sine budsjett. Dette skal dekke rest lønsoppgjer for 2013 og i tillegg lønstillegg i 2014. Avsatt sum kan dekke eit tillegg på 3,8 % frå 01.05.14. Avsatt sum er nok i underkant av det som er realistisk å forvente at lønstillegga i 2014 vert. Renter og avdrag Innleiing Renter og avdrag utgjer ein vesentleg del av kommunen sine utgifter. Renta har variert mykje siste 10 åra, og før vi gjekk inn på fastrenteavtale på delar av låna våre endra kommunen sine renteutgifter seg i takt med dette. Nemner at vi i 2005 betalte 7,3 mill. kr i renter, og i 2008 23,5 mill. kr. Det meste av auken skuldast auke i rentesatsen. For å motverke desse store svingingane inngjekk vi i mars 2009 fast rente på 250 mill. kr av låna våre, tid 5 år. Avtalen vart forlenga våren 2011, og vi har no fastrente fram til 28.03.16. Rentesats Rentevilkåra er som følgjer: Fram til 28.03.14 3,52 % Frå 29.03.14 28.03.16 4,6 % Resten av låna har flytande rente.
Lånegjeld Lånegjelda pr 01.01.12 var 399,8 mill. kr. Lånegjelda var kr 56.332,- pr. innbyggar. Det er under fylkesgjennomsnittet, kr 62.778,-, men godt over landsgjennomsnitt som er kr 49.761,-. Tidlegare hadde vi lånegjeld langt over fylkesgjennomsnittet, men grunna fleire år med etter høva låge investeringar har dette no endra seg. Sum budsjetterte renter og avdrag Rekneskap Budsjett Budsjett 2012 2013 2014 Renter 13 738 13 000 15 500 Avdrag 15 566 16 500 16 500 Sum 29 304 29 500 32 000 Samla vert det budsjettert med 32,0 mill. kr i renter og avdrag. Dette er ein auke på 2,5 mill. kr frå årets budsjett. Dette har direkte samanheng med at rentesatsen på fastrentelåna våre aukar. Gjennomsnittleg avdragstid er ca. 27 år, maksimalt av det vi kan ha. Vi får dekka renter og delvis avdrag for ca. 65,0 mill. kr av lånegjelda vår. Det er kompensasjon for ymse statlege tiltakspakkar innan eldreomsorg, skule, kyrkje. I tillegg gjeld om lag same sum låneopptak til kloakkutbygging, utleigehus m.m. der gebyr og husleigeinntekter dekker kapitalkostnadane.
Pensjonspremie Premieavvik For ein del år tilbake vart det vedtatt ny forskrift for føring av pensjonspremie. Tanken var at pensjonskostnadane skulle utjamnast og ikkje bli så stor skilnadar frå år til år. Stikkord her er premieavvik. I praksis skulle ein i år med høg pensjonspremie kunne overføre noko av premien til fordeling dei neste 15 år (10 år frå 2013) premieavvik. Størrelsen på premieavviket varierer svært mykje frå år til år. Siste åra har har netto premieavvik vore som følgjer: 2008 kr 9.834.000,- 2009 kr 78,- 2010 kr 6.182.000,- 2011 kr 531,- 2012 kr 15.398.000,- 2013 kr 5.524.000,- 2014 Prognose kr 22.520.000,- Dette er kostnader som er påløpt og betalt, men ikkje utgiftsført i kommunerekneskapen. Vi skyv problema føre oss og utsett utgiftsføringa til seinare år. Tanken med denne ordninga var kanskje god, men den har slett ikkje fungert slik som tenkt. I praksis har den ført til at store pensjonskostnader som kommunane har betalt, enno ikkje er utgiftsført i kommunerekneskapen. Det er utsett til seinare år. Vestnes kommune hadde 31.12.12 bokført i balanserekneskapen eit premieavvik på 45,3 mill. kr. Ved utgangen av 2013 vil vi ha over 50,0 mill. kr i premieavvik. Dette er pensjonspremie som vi har betalt men enno ikkje utgiftsført. Dette må utgiftsførast i åra som kjem i tillegg til årleg pensjonspremie. Pensjonskostnaden kjem til å auke kraftig i åra framover. Dette vert ei økonomisk svært stor ekstrabelastning. I tillegg til at dette vert ein stor ekstra kostnad i kommande år, er det også belastning for likviditeten til kommunen. Vi har måtte ta opp kassekreditt for å dekke innbetaling av premieavviket. Ved inngangen til 2013 hadde vi 55,8 mill. kr i kassekreditt. Pensjonspremie 2014 Det er budsjettert med at at det vert utgiftsført 15 % pensjonspremie. Det er forventa at pensjonskostnaden (det vi utgiftsfører) vil auke med 12 % i 2014
5.0 - Kommentarar til sektorane sine budsjett 5.1 Politisk styring Regnskap Budsjett Budsjettframlegg 2014 2 012 2 013 Utgifter Inntekter Netto Ordførar 1 464 1 538 1 553 1 553 Politiske styringsorgan 1 593 1 205 1 309 1 309 Politisk støttefunksjon 367 309 323 323 Overformynderiet 200 113 0 0 Kommunalt næringsfond 0 0 1 200 1 200 0 Tiltaksarbeid 742 706 770 770 Reiselivsretta verksemd 260 285 245 245 Beredskap 40 358 335 335 Kontrollutval og Revisjon 541 536 653 9 644 Politisk styring 5 207 5 050 6 388 1 209 5 179 Overformynderiet er overført til Fylkesmannen frå 01.07.13. Tilskott til Vestnes næringsforum har ikkje vore justert for løns- og prisauke, foreslått at det skjer no. Tilskottet aukar frå kr 700.000,- til kr 770.000,-. Kontrollutvalgsekretæriatet for Romsdal utvidar frå 1 til 2 årsverk. Dette aukar vår andel av kostnaden frå 80.000,- i 2013 til vel kr 200.000,- i 2014. 5.2 Sentraladministrasjonen Her vert budsjettert utgiftene til sentraladministrasjon, servicekontor og fellesutgifter. Sistnemnde er for ein stor del kostnader som gjeld heile kommunen også til driftseiningane utanfor kommunehuset, m.a. mykje datautgifter, telefon. Regnskap Budsjett Budsjettframlegg 2014 2 012 2 013 Utgifter Inntekter Netto Administrasjonssjefen 5 574 5 390 5 210 137 5 073 Plansaksbehandling 572 558 1 000 1 000 Rekneskap 1 489 1 427 1 812 368 1 444 Skatt 930 1 050 1 100 1 100 Løn 828 939 914 51 863 Personal 1 061 1 207 1 233 20 1 213 IKT 1 236 1 346 0 0 Plan og bygning -122 586 1 993 1 650 343 Planlegging utbyggingsomr. 6 60 0 0 Folkehelsekoordinator 0 343 125 218 Landbruksoppgåver 1 036 1 146 1 351 20 1 331 Kommunalt viltfond 0 0 162 162 0 Servicekontor 2 811 3 333 4 278 1 030 3 248 Asylsøkere 0 0 700 700 0 Sentraladministrasjonen 15 421 17 042 20 096 4 263 15 833 Fellesutgifter 3 321 3 584 3 468 698 2 770 Utgifter hovudtillitsvalt 835 911 921 18 903 Hovudverneombud 109 109 117 2 115 Bedriftshelseteneste 466 500 500 500 Lærlingar 105 856 856 IKT-ROR samarbeid 4 100 4 100 IKT felles drift 1 864 2 572 600 450 150 Fellesutgifter 6 700 7 676 10 562 1 168 9 394 Sum 22 121 24 718 30 658 5 431 25 227
Årsverk Endring Ansvar 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2009-2014 Ordførar, varaordf. 1 1 1 1,2 1,2 1,2 0,2 Administrasjonssjef 7,1 6,5 6,5 7,2 6,2 6,2-0,9 Plansakbehandling 0,88 0,6 0,6 0,5 1,5 1,5 0,62 Rekneskap 3 3 3 3 3 3 0 Løn 2 2 1,5 1,5 1,5 1,5-0,5 Personal 2 2 2 2 2 2 0 IKT 2 2 2 2 2 2 0 Plan- og bygning 1,4 1,2 1,4 2,2 2,8 2,8 1,4 Landbruk 1,6 1,6 1,6 1,6 2 2 0,4 20,98 19,9 19,6 21,2 22,2 22,2 1,22 Bemanninga på byggjesakbehandling, planlegging og landbruk vart auka i løpet av 2013. Stilling som kommunalsjef/fagsjef for helse, pleie- og omsorg I administrasjonen er det i dag kommunalsjef for skule og fagansvarleg for barnehage. Det er ikkje eiga stilling som har ansvar for helse, pleie- og omsorg. Dette er den største sektoren i kommunen og også her det kanskje vil skje størst driftsendringar i kommande år. Administrasjonssjefen ser eit sterkt behov for å ha eigen kommunalsjef/fagsjef for dette området og vil i løpet av våren 2014 legge fram eiga sak om dette. Driftsleiarane innanfor helse- og omsorg har også sterkt understreka behovet for slik stilling, seinast i dialogmøte med kommunestyret. Innan denne sektoren vil det vere eit aukande behov for å tenkje strategi i forhold til interkommunalt samarbeid. Samhandlingsreforma stiller krav som det mest sannsynleg vil vere vanskeleg for ei kommune på Vestnes sin storleik å makte åleine.
5.3 Grunnskule Regnskap Budsjett Budsjettframlegg 2014 2 012 2 013 Utgifter Inntekter Netto Fiksdal skule 4 852 5 713 6 043 563 5 480 Tomrefjord skule 22 566 21 272 23 553 2 217 21 336 Helland skule 28 873 30 821 36 231 4 955 31 276 Tresfjord skule 9 309 6 233 6 263 583 5 680 Fellesutgifter grunnskulen 5 173 5 407 7 255 726 6 529 Tøndergård skule 381 410 410 0 410 Sum undervisning 71 154 69 856 79 755 9 044 70 711 Netto budsjettramme aukar med nesten 0,9 mill. kr, eller 1,2 %. Dette er noko mindre enn lønsauken. Grunnen til det er at elevtalet går ned. Korrigert for nedgang i barnetal så ligg budsjettet for grunnskulen på same nivå som budsjett for i år. Men det er verdt å merke seg at grunnskulen, i alle fall eit par av dei, ser ut til å ha vanskar med å halde budsjettrammene i år. Budsjett 2014 er nok difor lågare enn forventa forbruk i 2013. Budsjettet til skulane er svært stramt, og etter administrasjonssjefens vurdering, på grensa til det ein kan hevde er realistisk. Nokon av driftsleiarane peikar også i sine kommentarar at ein ikkje vil klare å holde tildelt budsjett. Det er ikkje avsatt midlar til å dekke ekstraressurs for assistentar til barn med særlege behov grunna helse/sosiale forhold. Dette er ei klar innstramming i forhold til tidlegare år når det har vore avsatt slik ressurs tilsvarande 1,5-2 årsverk. Skulane må no dekke det innafor eksisterande budsjett. Ut over det er det ikkje gjort større endringar enn for 2013. Viser elles til dokument som vart utsendt til kommunestyre til dialogmøte 24. oktober 2013, der det er kommentert nærare kva konsekvens tildelt budsjettramme kan få på skulane. Administrasjonssjefen vil understreke at det er svært vanskeleg å få til budsjett for grunnskulen som er realistisk innanfor dei rammene som er sett. Det vert og stilt spørsmål ved om budsjettet gjev rom for ei drift som er fagleg forsvarleg, og det gjev lite rom for nyutvikling. Barnetal i grunnskulen vil gå ytterlegare ned i kommande år. Om nokre få tal er elevtalet under 750, fordelt på 5 skular. Budsjettrammene må også reduserast dersom ein ikkje skal ta frå andre sektorar. For å få både fagleg og økonomisk rammer for grunnskuledrifta som er forsvarlege bør skulestrukturen snarast vurderast på ny. Alternativet er at dei økonomiske rammene må aukast mykje. Dette er ei politisk prioritering ein må gjere i god tid før vi startar med budsjettarbeidet for 2015.
Det er og ei utfordring for grunnskulen å møte den aukande elevgruppa med framandspråklege elevar. I Vestnes er det ei stor arbeidsinnvandring samanlikna med andre kommunar i Romsdals- regionen. Helland og Tomrefjord skule mottek dei fleste av desse elevane. Kommunen får ikkje eigne økonomiske overføringar for denne elevgruppa. Det er berre elevar på asylmottaket kommunen får ekstra overføringar for i dag. Utbygging av nye bustadfelt i sentrum av kommunen vil vere med å auke behovet for ei snarleg utbygging av Helland skule. Det er derfor viktig at ein no kjem i gong med planlegginga av arbeidet med å utvide Helland skule. Rammetimar Når vi fordeler budsjett på skulane vert det rekna ut kor mange rammetimar kvar skule skal ha, og budsjett til løn fordelt etter det. I snitt reknar vi med at kvar rammetime kostar kr 25.000,-pr. år. I snitt vert det 1 700 lærartimar neste år. Til samanlikning kan ein nemne at det skuleåret 2006/2007 var 2 187 lærartimar. Det er ein reduksjon på rundt 20 lærarårsverk. Negangen skuldast nok både redusert elevtal, men også generelt strammare budsjett. Dei minste skulane har mest lærartimar pr. elev. Lønskostnaden utgjer største delen av utgiftene på skulane. Kostnad pr. elev vert då også størst på dei minste skulane. Rammetimane 2014 er fordelt slik: Antall timar Andel Elevtimar 1 173 69,0 Spesialundervisning 232 13,7 Framanspråkleg 38 2,2 Tidsressurspott 50 2,9 Administrasjon 139 8,2 Seniortiltak over 55 år 67 3,9 Sum rammetimar 2014 1 699 100,0 Av tildelte rammetimar går vel 230 til spesialundervisning, dvs. over 13,7 %. 67 timar vert brukt til seniortiltak for lærarar over 55 år, kostnad minst 1,6 mill. kr. Elevar og klassetal Elevtal Snitt elevtal 2011 2012 2013 2014 Fiksdal 47,5 39,5 41,1 47,5 Tomrefjord 269,8 258,5 247,1 238,3 Helland 374,7 377,6 392,3 389,3 Tresfjord 124,2 81,5 45,4 42,1 Sum 816,2 757,1 725,9 717,2 I tillegg har Vike montessorriskule ca 50 elevar. Vi skal ikkje så mange år tilbake for at det var over 1000 elevar i grunnskulen i Vestnes. Dei siste åra har elevtalet minka kvart år, og det vil også fortsette dei kommande år. Årsak til nedgangen er at fødselskulla har minka mykje.
Klassetal Snitt klassetal 2011 2012 2013 2014 Fiksdal 3 3 3 3,4 Tomrefjord 15 12,6 11,4 11,4 Helland 20 19,4 19,4 19 Tresfjord 7 5,3 4 3,6 Sum 45 40,3 37,8 37,4 Klassetalet har gått ned kvart år, og har sjølvsagt samanheng med at elevtalet er redusert, men og at ungdomsskuleelevane frå Tresfjord no går på Helland. Snitt elevtalet pr. klasse har også auka frå om lag 18 elevar til 19 elevar. Gruppestørrelsen i Vestnes-skulane er om lag som snittet i Møre og Romsdal og litt mindre enn landsgjennomsnitt. Lærarårsverk Lærarar Snitt timetal Endring 2011 2012 2013 2014 2013-2014 Fiksdal 155,9 126,4 135,8 146,8 11,0 Tomrefjord 689,2 572,6 555,0 551,7-3,3 Helland 894,9 820,8 857,4 853,7-3,7 Tresfjord 372,9 255,5 165,1 146,6-18,5 Sum 2112,9 1775,3 1713,3 1698,8-14,5 Timetalet i grunnskulen har gått ned kvart år og då også ant. lærarårsverk i grunnskulen, sjølv om timetalet på nokre klassetrinn er auka som følgje av sentrale vedtak. Det har si årsak i redusert elevtal og vedtekne sparetiltak. Elevkostnadar m.m. Netto Snitt Snitt Snitt Elevar Lærartimar Kostnad Skule budsjett elevar lærarar lærartimar pr. lærar pr. elev pr. elev Fiksdal 5 344 000 47,5 5,64 146,8 8,4 3,1 112 505 Tomrefjord 20 993 000 238,3 22,92 551,7 10,4 2,3 88 095 Helland 30 741 000 389,3 35,26 853,7 11,0 2,2 78 965 Tresfjord 5 669 000 42,1 5,6 146,6 7,5 3,5 134 656 62 747 000 717,2 69,42 1698,8 10,3 2,4 87 489 Dei største skulane har lågast kostnad pr. elev. Mykje av årsaka til at Tresfjord har ein såpass høgre kostnad pr. elev enn Fiksdal grunnast at intern husleige for Tresfjord skule (ny og stor skule) er langt høgre enn for Fiksdal.
Spesialundervisning Tildeling av timar til spesialundervisning utgjer 13,7 % av total timeforbruk. Dette er mykje. Fordelinga er som følgjer på skulane: Ramme- Spesialundervisning tildeling timar i % Fiksdal 147 7,3 5,0 Tomrefjord 552 87,7 15,9 Helland 854 123,5 14,5 Tresfjord 147 13,8 9,4 1 699 232,3 13,7 Målsettinga bør være å få redusert andel spesialundervisning. Ein større andel av rammetimane bør kunne brukast i den ordinære undervisninga som alle elevar kan få del i. Det vert arbeidd med dette, m.a. i eit samarbeidprosjekt med Rauma kommune. Skal ein få til dette bør vi, etter administrasjonssjefens vurdering, få til ei ordning der skulane får beholde timane ein får frigjort dersom spesialundervisninga går ned og bruke dei til å styrke den ordinære tilpassa undervisninga. Felleskostnader for grunnskulen Det er budsjettert med knapt 7,0 mill. kr til fellesutgifter. Dei største postane er: Refusjon til andre kommunar/skular m.a. for ekstra assistent (fosterheimselevar) kr 3.350.000,- Skuleskyss kr 2.900.000,- 1 plass ved Tøndergård skule kr 410.000,- Det er ikkje avsatt midlar til å dekke ekstraressurs for assistentar til barn med særlege behov grunna helse/sosiale forhold, slik det har vore gjort tidlegare år.
5.4 Barnehage Regnskap Budsjett Budsjettframlegg 2014 2 012 2 013 Utgifter Inntekter Netto Tomrefjord barnehage 3 498 3 135 4 062 907 3 155 Tresfjord barnehage 2 155 2 145 2 371 506 1 865 Helland barnehage 11 503 11 279 15 220 3 495 11 725 Fiksdal barnehage 2 625 2 549 3 487 789 2 698 Gardstunet barnehage 3 818 3 712 5 040 1 158 3 882 Skorgen barnehage 0 0 4 008 918 3 090 Tilskot private barnehagar 10 752 11 000 8 800 500 8 300 Assist. m.m. i barnehage 2 209 2 302 2 825 400 2 425 Sum barnehagedrift 36 560 36 122 45 813 8 673 37 140 I 2011 skjedde det ei stor omlegging i finansering av barnehager. Statstilskott som tidlegare vart gitt som øyremerka tilskott til både kommunale og private barnehagane, og inntektsført i rekneskapen til barnehagane, er no lagt inn i rammeoverføringane. Dei private barnehagane får no driftstilskott frå kommunen. Tilskottet skal tilsvare det kommunen brukar på sine eigne barnehagar. Skorgen barnehage vart kommunal barnehage frå 01.08.13. Antall Antall barn Kommunale barnehagar plassar under 3 år Over 3 år - Tomrefjord barnehage 36 8 21 - Tresfjord barnehage 18 7 11 - Helland barnehage 132 33 76 - Fiksdal barnehage 26 4 19 - Gardstunet 42 10 26 - Skorgen barnehage 36 10 20 Sum kommunale barnehageplassar 290 72 173 Private barnehagar - Tryggheim barnehage 48 14 27 - Vike barnehage 42 10 18 Sum private barnehageplassar 90 24 45 Sum barnehageplassar i kommunen 380 96 218 Barn under 3 år tel 2 plassar, ikkje alle barn har full plass. - Det er 314 barn i barnehagane, av desse 245 i kommunale barnehagar og 69 i private. - Av barna er 218 over 3 år og 96 under 3år. Det er ein liten nedgang i barn over 3 år samanlikna med året før.
To barnehageopptak I Stoltenberg regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2014 vart det signalisert ei gradvis opptrapping mot to barnehageopptak i året. For barnehageåret 2014/2015 skal alle som er fødd før 1. november i året før ha rett til å få plass mot no 1. september. Det betyr i praksis at ein større andel av 0/1 åringane har rett på plass og behovet for disponible barnehageplassar vil auke noko. Vi kan antyde at ca 10 fleire barn under 3 år vil få rett til barnehageplass, det utgjer 20 plassar (barn under 3 år tel to plassar) eller ei heil avdeling dersom alle søkjer om full plass. Solberg-regjeringa føreslår å ta vekk denne endringa. Dersom stortinget vedtek 2 barnehageopptak i 2014 må vi raskt etter årsskifte ha ei grundig vurdering av behovet for barnehageplassar. Vi vil då også kjenne til fødselstalet i 2013. Det kan være aktuelt å klargjere den 8. avdelinga ved Helland barnehage slik at den kan takast i bruk frå hausten 2014. Sparetiltak For å ned på tildelt budsjettramme må barnehagane redusere utgiftene i 2014 med ca. 1,0 mill. kr. Administrasjonssjefen har overfor driftsleiarane i barnehagane peikt på følgjande aktuelle tiltak for å få til dette: 1. Redusere bemanninga i kvar avdeling, frå 3 til 2,8 årsverk. Dersom vi reknar utifrå 17 avdelingar i dei kommunale barnehagane, utgjer dette 3,4 årsverk. Tilsvarar 1,5 mill. kr på årsbasis. Med effekt frå 2. halvår vil vi kunne spare 0,7 årsverk i 2014. 2. Barnehagane tek inn fleire barn i avdelingane utan å auke bemanning. Med ein auke på 1 2 barn pr. avdeling vil vi få plass til alle utan å ta i bruk ny avdeling ved Helland barnehage. Slepp då å legge det inn i budsjettet slik som føresett når rammene for barnehagane vart sett. Dette vil gje minst same spareeffekt som punktet ovanfor. 3. Legge ned Tresfjord barnehage. Det er den minste og dyraste barnehagen. Barna her får då tilbod ved dei andre barnehagane. Etter dei signal ein har fått frå driftsleiarane i barnehagane vil dei gå for alternativ 2. Då er føresetnaden frå administrasjonssjefen at alle som har rett på barnehageplass frå hausten 2014 får plass i dei eksisterande barnehagane.
Tresfjord barnehage Når kommunestyret i møte 13.06.13, sak KST 27/13, behandla rapporten frå skulekomiten vedtok kommunestyret i pkt 2 følgjande: Kommunestyret vedtek å starte arbeidet med flytting av barnehagen i Tresfjord til skulebygget omgåande. Skulekomiteen hadde i sin rapport peika på at ei samlokalisering av barnehagen og skulen i Tresfjord til eit oppvekstsenter vil verke positivt på både læringsmiljø og arbeidsmiljø. Vestnes kommune har leigeavtale med Tresfjord Røde Kors gjeldande til 01.01.2017. Leiga er på kr. 225.000 per år. Det vil med andre ord koste nær kr 800.000,- å kjøpe seg fri frå leigeavtalen dei 3 siste åra. I tillegg vil det komme investeringskostnader for å tilpasse deler av skulebygget og uteområdet til barnehagedrift. Tekniske tenester har kostnadsrekna dette til minst 1,5 mill. kr. Administrasjonssjefen har i framlegg til investeringsbudsjett for 2014 ikkje avsett midlar til å bygge om Tresfjord skule for å ta imot barnehagen. Bakgrunnen for dette er at ein bør ha ein grundig vurdering av barnehagestrukturen i kommunen der ein m.a. ser både på barnetalsutvikling, kvar behovet er størst og økonomi i barnehagedrifta. Med foreståande utviding av fleire byggjefelt i Helland sentrum vil behovet for fleire barnehageplassar truleg være størst der. Tresfjord barnehage er den minste, dyraste pr. plass og pr. i dag ikkje der det er størst press etter å få plass. Administrasjonssjefen vurderer det difor ikkje rett å bruke mykje pengar på flytting av barnehagen no før framtidig struktur er vurdert på nytt.
5.5 Kulturskulen, almen kultur og fritid Regnskap Budsjett Budsjettframlegg 2014 2 012 2 013 Utgifter Inntekter Netto Kyrkjelege formål 3 735 4 000 4 175 4 175 Bibliotek 1 146 1 182 1 226 11 1 215 Frivilligh. Sentralen 343 356 890 352 538 Kultur - Andre kulturaktivitetar 829 1 081 1 063 1 063 - Museer/Kulturminnevern 72 242 231 231 - Tomrefjord idrettsbygg 392 206 759 552 207 - Vestneshallen 444 185 484 293 191 - Anlegg og friluftsliv 596 417 576 576 - barne- og ungdomsarbeid 191 381 403 403 Vestnes kulturskule 2 524 2 512 3 516 845 2 671 - Kulturskulen 3 117 3 409 6 276 2 830 3 446 - Myra kulturhus 971 710 1 070 240 830 4 088 4 119 7 346 3 070 4 276 Sum kultur,kulturskulen,fritid 11 836 12 169 17 153 4 278 12 875 Vestnes kyrkjelege fellesråd Fellesrådet får i 2013 eit tilskott på kr 3.850.000,-. Med forventa prisauke vil ei framskriving av dette tilskottet bli ca.3.975.000,- i 2014. Fellesrådet søkjer om kr 4.225.000,-. Grunngjevinga for at dei søkjer om så stor auke er m.a.: Fått nye faste driftsutgifter som t.d. innbrudds- og brannsikring av kyrkjene Stor og uforutsett auke i pensjonskostnadane Fllesrådet har eit uinndekka underskott på vel kr 200.000,- som dei søkjer om å få dekka. Administrasjonssjefen ser at fellesrådet har fått nye og ekstra driftsutgifter, spesielt alarmsikring av kyrkjene, og vil rå til at ramma vert sett til kr 4.025.000,-. Når det gjeld auke i pensjonskostnadane, så har nok det samanheng med at Fellesrådet må utgiftsføre heile kravet same året som fakturaen kjem, i motsetning til kommunen der delar av summen blir ført som premieavvik og fordelt på dei neste 10 år. I praksis betyr dette at Fellesrådet dei siste åra har hatt høgre pensjonskostnad enn kommunen, men vil ikkje få same auke som kommunen i kommande år. Administrasjonssjefen vil til neste år vurdere nærare om belastning av pensjonskostnad kan være grunnlag for å dekke delar av opparbeidd underskott. Kulturskulen I statsbudsjett for 2013 vart det vedtatt at kommunane skal gje gratis kulturskuletilbud til alle elevar som ynskjer det, i tilknytning til skule/sfo. Gjeldande frå haust 2013. Ramma til kulturskulen vart auka med kr 100.000,- i 2013 og er auka med ytterlegare kr 140.000,- i administrasjonssjefens budsjettframlegg. I Solberg-regjeringa sitt budsjettframlegg er det føreslått at dette tiltaket skal takast vekk og rammeoverføring til kommunane vert redusert for dette. Dersom det vert vedtatt i Stortinget må ein vurdere å redusere ramma til kulturskulen også. Kultur Det er budsjettert med kr 217.000,- i tilskott til museum. Tresfjord museum og Båtbyggjarmuseum får kr 16.000,- kvar, og 185.000,- til regionmusea. Det er avsatt kr 100.000,- til å vidareføre prosjektet heim for ein 50 lapp.
5.6 Barne- og ungdomstenestene Regnskap Budsjett Budsjettframlegg 2014 2 012 2 013 Utgifter Inntekter Netto PPT i Vestnes 2577 2998 3 641 687 2 954 Administrativ leiing BUT 690 0 Vaksenopplæring -145 112 4616 4903-287 Sal av tenester til Vestnes 2 19 383 383 0 Spes.ped. tiltak førskule 56 72 1063 1063 0 Helsestasjon 2 469 2 706 2 609 60 2 549 Jordmorteneste 228 257 375 120 255 Barnevern m.v. 10 970 10 983 14 064 1 625 12 439 Sosiale Tenester barn og ungdom 3 458 2 974 2 890 300 2 590 Asylsøkere 260 9 728 728 0 Busette flyktningar 642 642 0 Sum Barne- og ungdomstenester 20 565 20 130 31 011 10 511 20 500 Barne- og ungdomstenestene består av Barneverntenesta, Helsestasjonen, PP-tenesta, Sosiale tenester for barn og vaksenopplæringa. Alle fagområde er stasjonert på Ressurssenteret med unntak av Helsestasjonen som har lokaler i Vestnes sentrum. Vaksenopplæringa er ansvarleg for grunnskuleopplæring og spesialundervisning til vaksne samt opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. For kvar person som har rett til gratis norskopplæring får kommunen statstilskot. For dei som bur i asylmottaket får tilskot pr asylsøkjar. I tillegg til dei som bur i mottaket vil vi få refusjon for flyktningane som blir busett i Vestnes kommune. I budsjettet for 2014 er PPT lagt på same driftsnivå som før noe som er viktig for å oppretthalde tenestene til skulane og barnehagane, samt aktivt tverrfagleg førebyggande arbeid elles. I Stoltenberg regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er det lagt inn midlar i rammeoverføringane til styrking av førebyggande helsearbeid, for Vestnes kommune sin del utgjer dette kr 223.000,-, og varsla vidare opptrapping i 2015. Vi må avvente kva den nye regjeringa legg opp til. Budsjettramma for BUT er ikkje auka for dette, men dei vil sjå på moglege løysingar internt i eininga for å styrkje helsestasjons- og skulehelsetenesta. Innanfor barneverntenesta aukar utgiftene på alle område: tiltak til barn i familien, fosterheimsplasseringar og institusjonsplasseringar. I Vestnes kommune har talet på barn under offentleg omsorgansvar auka vesentleg siste året. Dette bind opp kommunale midlar i mange år fram i tid og reduserer handlingsrommet. For å få eit realistisk eit realistisk budsjett for Barneverntenesta, må ramma aukast i 2014. Tenester til asylsøkjarar og tenester til flyktningar har eit budsjett som skal samsvare med dei statlege overføringane.
5.7 Helse, omsorg og velferd Regnskap Budsjett Budsjettframlegg 2014 2 012 2 013 Utgifter Inntekter Netto Helsevern 8 987 8 427 12 735 4 193 8 542 Nav kommune 5 751 6 513 7 958 1 073 6 885 Hellandtunet 25 937 24 436 39 921 5 150 34 771 Sjukeheim/trygdeheim 43 920 47 826 61 007 11 161 49 846 Heimetenestene 35 498 34 099 28 046 3 498 24 548 Fellesutgifter PO 10 065 9 020 9 459 125 9 334 Sum helse, omsorg og velferd 130 158 130 321 159 126 25 200 133 926 Dette er ein stor sektor som omfattar institusjonsdrifta, heimetenestene, helsevern og den kommunale delen av NAV. Budsjettal på eit meir detaljert nivå: Helsevern Regnskap Budsjett Budsjettframlegg 2014 2 012 2 013 Utgifter Inntekter Netto - Administrativ leiing Helsevern 748 842 897 897 - Vestnes legesenter 2 181 1 288 5 167 3 953 1 214 - Kommunale legetenester 4 990 5 197 5 571 240 5 331 - Fysioterapitenesta 1 068 1 100 1 100 1 100 8 987 8 427 12 735 4 193 8 542 0 NAV - kommune 0 - Sosialkuratortenester 1 829 1 917 1 912 1 912 - Økonomisk sosialhjelp 1 160 1 000 2 000 100 1 900 - Kommunalt rusarbeid 400 962 803 300 503 - Myra Aktivitetssenter 912 1 082 1 252 125 1 127 - Boligsosialt arbeid 686 646 637 637 - Kvalifiseringsprogrammet 777 906 906 100 806 - Prosjekt gjeldsrådgjeving -13 0 448 448 0 5 751 6 513 7 958 1 073 6 885 Hellanstunet 0 - Mariebo 8 220 7 484 9 269 1 370 7 899 - Oppigarden 7 733 7 589 9 263 1 380 7 883 - Ivartun 9 984 9 363 11 389 2 400 8 989 25 937 24 436 29 921 5 150 24 771 Vestnes sjukeheim 0 - Vestnes sjukeheim 29 420 32 918 41 620 7 256 34 364 - Sentralkjøkken 194 9-6 -6 - Tresfjord trygdeheim 14 306 14 899 19 393 3 905 15 488 43 920 47 826 61 007 11 161 49 846 Heimetenestene 0 - Rehabiliteringstenesta 1 816 1 303 1 619 170 1 449 - Fotterapi 95 74 535 480 55 - Heimehjelp 5 125 5 386 3 574 881 2 693 - Heimesjukepleie 25 589 24 460 29 100 1 518 27 582 - Heimevaktmester 474 526 869 304 565 - Dagaktivitet 2 399 2 284 2 349 145 2 204 35 498 34 033 38 046 3 498 34 548 Fellesutgifter pleie- og omsorg 825 495 1 059 1 059 Samhandlingsreforma 9 240 8 525 9 400 125 9 275 - Sparetiltak -1 000-1 000 Sum helse, omsorg og velferd 130 158 130 255 159 126 25 200 133 926
Norsk Helsenett er «motorvegen» for transport av opplysningar og elektronisk kommunikasjon i Noreg. Dette er eit lukka profesjonsnett for helsesektoren, og eit rammeverk for standardar for elektroniske meldingar og webtenester. Våre kommunale saksbehandlingssystem skal samhandle elektronisk med andre system innan helsenettet, og vi må sikre oss å bygge og drifte vårt system forsvarleg. Vi må gjennomføre opplæring for våre systemansvarlege. Desse må vere med på å legge inn korrekte data, og dessutan vere med å skolere våre andre tilsette. Dette vil kreve ressursar i åra som kjem. Skolering og vidareutvikling må handterast i samarbeid med ROR IKT Det er lagt inn ekstra 0,5 mill. kr i heimetenestene sitt budsjett til å dekke dette. Summen vert dekka ved bruk av bunde drifsfond, midlar til kompetansetiltak i PO som er avsett tidlegare år. Sparetiltak I budsjettet er det m.a. innarbeidd følgjande sparetiltak: Spareeffekt Sektor og tiltak 2014 2015 Heimetenestene - effektivisering i heimesjukepleie, meir teknisk utstyr og mindre oppmøte på base med mer 1 årsverk frå 2. halvår 2014 300 000 600 000 Hellandtunet - Nedlegging av 1 avd. på Ivartun frå haust 2014 3,6 årsverk innsparing - trekk pasientar 600 000 1 600 000 For heimetenestene gjeld tiltaka for 2014 og 2015 ei tilleggsinnsparing. Det er allereie i 2013 kutta ca 6 årsverk for å tilpasse drifta til vedteke budsjett. Uspesifisert sparetiltak Etter at budsjettrammene var sett og budsjett for driftseiningane var ferdig utarbeidd vart vi kjent med at overføringane til kommunen vart mindre enn rekna med. Ein del av denne reduksjonen er innarbeidd i budsjettframlegget, men det står att 1,0 mill. kr som vi finne tiltak for seinare. Det kjem vi tilbake til i rekneskapsrapport for 1. kvartal 2014. Auka stillingsressurs på Vestnes sjukeheim/tresfjord trygdeheim Kommunen fekk statlege midlar til å prøve ut ulike turnusar innan pleie- og omsorg. Prøveperioden var eit år. Administrasjonssjefen har auka stillingsressursen ved Vestnes sjukeheim og Tresfjord trygdeheim med 2,9 årsverk slik at ein kan fortsette med same drifta som i denne prøveperioden. Bakgrunn for dette er at dette har vore positivt for drifta og personale. Dette gjer at Fleire kan få større stillingsstørrelse Unngå kortvakter Betalt matpause på kveld (slik som dei fleste andre innan PO allereie har)
5.8 Bu- og habiliteringstenestene Regnskap Budsjett Budsjettframlegg 2013 2 011 2 012 Utgifter Inntekter Netto Vestneshaug 3 803 3 778 4 162 164 3 998 Brugata 6 128 6 181 6 546 264 6 282 Dagtilbud Strandbo 7 412 6 942 8 929 1 419 7 510 Plassen 4 554 4 721 5 042 201 4 841 Avlastningtiltak PU over 18 år 2 919 2 978 2 114 0 2 114 Myrateigen 5 596 5 488 5 772 226 5 546 Kråkvika 10 960 11 651 13 538 551 12 987 Solstua 5 852 5 614 6 113 245 5 868 Skogly 3 964 3 980 4 565 184 4 381 Liaråket 8 662 8 691 7 651 313 7 338 Bakketun, nede 6 602 6 459 6 051 238 5 813 Bakketun, oppe 7 269 7 398 7 002 280 6 722 Kariplassen 24 334 27 786 26 786 1 057 25 729 Furulia 5 052 5 007 4 933 4 933 Administrasjon 3 065 3 425 3 518 1 100 2 418 Sum bu- og habilitering 106 172 110 099 112 722 6 242 106 480 Sparetiltak Spareeffekt Sektor og tiltak 2014 2015 Bu- og habiliteringstenestene - grunna naturleg reduksjon i PU brukarar føreset vi at sektoren kan stenge ei buavdeling frå seinhaust 2014 1 100 000 3 000 000 Grunna naturleg reduksjon i antall brukarar innanfor ansvarsreforma har vi i budsjettet føresett at bu- og habiliteringstenestene kan legge ned ei bueining hausten 2014. Det er også gjort tilsvarande reduksjon i 2013 og fleire husvære er frigjort. I første omgang vert dei brukt til husvære for flyktningar. Sektoren har redusert 7-9 stillinger i 2013, har også fått nye brukarar slik at det har vore ein netto reduksjon på 2 4 årsverk.
5.9 Eigedomsdrift Dette området omfattar all kommunal bygningsmasse og vaktmesterteneste. Det gjeld PU bustadar, omsorgshusvære, kommunale utleigehusvære, kommunale bygningar som t.d. skular, helseinstitusjonar, kommunehus. Eigedomsdrifta har stor omsetning, ca 35,0 mill. kr. Utgiftene vert dekka av husleigeinntekter både eksterne og interne. Når budsjettframlegget vert utarbeidd er det enno ikkje politisk avklart korleis eigedomsdrifta skal organiserast i framtida. Det vert truleg avklart i kommunestyremøte i desember i år. Av denne grunn er det heller ikkje ferdig utarbeidd detaljbudsjett for eigedomsdrifta. Det vil bli gjort seinare. Administrasjonssjefen føreset at drifta vert innanfor same budsjettramme som i 2013 (netto 1,0 mill. kr). Uansett kva framtidig organisering som vert valt bør løyvingane til vedlikehald av bygningsmassen til kommunen aukast i kommande år. Dette for å unngå at eigedommane vert unødig nedslitt som seinare vil krevje langt meir kostbar og omfattande vedlikehald/renovering. Administrasjonssjefen er likevel klar over at det i økonomisk trange tider er vanskeleg både for administrasjon og politikarane å prioritere ekstra vedlikehald som igjen vil føre til redusjon i den ordinære drifta.