Resultatvurdering 2007 Høle Barne- og Ungdomsskule SKOLEFAKTA Apalstøveien 84, 4308 Sandnes Rektor: Arvid Strand Klassetrinn: 1-10. Skolens hjemmeside Høle barne- og ungdomsskule i Skoleporten 2006-07 Antall elever 133 132 Antall lærere 19 17 Antall barn i SFO 22 14 Kjelde: GSI Grunnskulen sitt informasjonssystem www.wis.no/gsi Brukerresultat/samfunnsresultat LÆRINGSMILJØ 7. trinn
10. trinn Skulen sine resultat i elevundersøkinga våren 2007 for 5. til 10. klasse: Mobbing; Ingen rapporterer om dagleg mobbing. Skulen vil fortsetje arbeidet med å halde fokus på å førebyggje og å følgje opp eventuell mobbing. Resultata frå undersøkinga er gode med unnatak av "Elevmedverking" Her har skulen grunnlag for forbetring på området deltaking i arbeidsmetode i faget. Sidan 2006 har det vore fin betring i resultata på kjennskap om kva elevrådet gjer. Oppsummert svarar 80 % av elevane at dei "trivast svært godt" eller "veldig godt" med skulen dei går på. Det er eit resultat vi vil byggje vidare på og som viste godt att gjennom elevane sitt engasjement for å behalde ungdomsskulen sin i haust. Foreldreundersøkinga vår 2007: Skulemiljøutvalet ønskjer forbetring på "å sei i frå utan å frykte konsekvensar" samt "utfordrande nok arbeidsoppgåver for barnet mitt" Båe områda er følgt opp gjennom arbeid i lærarteama og i personalmøte. Innfor temaet "Trivsel, læring og utvikling" scorar skulen best. Medarbeiderresultat Medarbeiderundersøkelsen Høle B&U-skule 2007 Høle B&U-skule 2006 Oppvekst skole 2007 samlet score 5,16 4,91
Medarbeidarundersøking 2007: Beste resultat er "handlar din leiar i tråd med verdival,," og, "? er kommunikasjonen mellom deg og din leiar". Dårlegaste resultat er korleis ein omtalar Sandnes kommune og "er arbeidsplassen din fysisk tilrettelagt". Skulemiljøutvalet vel å fokusere på "Trivsel" og "Fagleg og personleg utvikling". Trivsel: fokus på det positive og gje alle moglegheit til å delta i skuleutviklinga. Fagleg og personleg utvikling: Leggje til rette og for at assistentane får fagleg oppdatering. Kommentar: Omtale av kommunen er nok strekt prega av dei kjenslene som kom i sving når det blei foreslått å flytte ungdomsskulen. Her greip politikarane inn og dette vil nok føre til ei positiv utvikling på området. Samla er resultatet svært positivt og inspirerande. Sykefravær Høle B & U-skule 2007 Høle B & U-skule 2006 Oppvekst skole 2007 prosent 2,83 7,55 6,60 Sjukefråværet 2007: Vi har ikkje hatt langtidsjukemelde og generelt lite sjukefråvær. Dette er vi svært nøgde med. Likevel går vi gjennom og sikrar at rutinane for oppfølging av sjukemelde blir fylgt. Arbeidsmiljøutvalet (AMU) ved skulen har og kontinuerlig fokus på tiltak for å få ned sjukefråværet. Vi har hatt vernerunde i regi av Helse - Miljø og Sikkerheit (HMS) og følgjer opp tiltak for personalet med mellom anna nye kontorstolar. Vidare har Eigedom funne ei god løysing på lydisolering mellom to klasserom, dette har betra det fysiske arbeidsmiljøet. Andre tiltak for å redusere sjukefråværet har stonga mot kostnadar i samband med ventilasjon og andre utbetringar. Vidare fungerer seniortiltaka godt og skulen har 6 seniorar (55 og 60) i personalet. Desse har vald å ha nedslag i undervisninga og har avtale om anna arbeid i den delen. Utviklingsresultat Utvikling - satsingsområdar 2007. 1. Digitale mapper i alle fag. Nyttar Mp3, digitalt kamera og ulike program på PC. Lagrar elevarbeid, eleven får "mappa" si på DVD ved avgang 10. kl. 2. Satsar vidare som øvingsskule for Praktisk Pedagogisk Utdanning - studentar. 3. IKT-dugleik og bruk fleire.års-satsing. Interne kurs for opplæring til felles minste standard. Alle tilsette skal kunne bruke: skrive- og rekneprogram, heimesida, Mp3 og digitalt kamera. 4. Strategi for å sikre skulen sin plass i ein framtidsretta bydel: Arbeid opp mot fagstab og politisk miljø for å få trygge, forutsigbare og levelege rammer for drifta ved HBUS. Viktigaste sak i 2007. Her har foreldra og skulen blitt høyrde og det er vi svært glade for. 5. Motoriske treningsgrupper, fin - og grovmotorikk i samarbeid med fysioterapeuttenesta. 6. Kommentar til kararkterresultata. 10 klasse hadde eit meget godt resultat på eksamen, spesielt i sidemål. Høle Barne- og Ungdomsskule har sterke resultat i alle testar. Vår analyse peikar på: Motiverte elevar. Fleirtalet av elevane er interessert i å lære. Heimane er positive til skulen og følgjer opp ungane sine og avtalar gjort med skulen. Fagpersonalet er engasjert, kompetent, har spreiing i alder, jamn kjønnsfordeling og er motivert for å vidareutvikle seg. Både gjennom eksterne tilbod og interne fagkurs. Vi legg opp til personalseminar i 2008 med vekt på klasseleiing.
Breidda i læringstilbodet til elevane gjer at vi kan tilby ei god ramme for læring: Svært bra teknisk utstyr, laboratorium i naturfag. Vi har nådd målet sett av bystyret for PC-dekning på alle trinn. Oppdaterte lærebøker i alle fag blir satsing dei neste åra. Intensive kurs i lesing, rekning og engelsk for elevar som ligg etter fagleg. For å sikre oss kompetanse på skulen har vi fått til vidareutdanning i regi av UiS, lese og skriveopplæring 1-7 for spesialpedagogisk leiar. Samspelet med kombinasjonsbiblioteket er svært verdfullt og nyttast til faste låne-lesetimar kvar veke for barnetrinnet. Kompetansen til bibliotekaren hjelper oss å setje saman nivåbaserte bøker til å ha til langtidslån i klasserommet. Her har vi og nytta Nylund som inspirator og har årleg vitjing, målet er at alle som underviser i norsk 1. - 4. klasse skal på kurs på Nylund 1 gong kvart år. Hausten 2007 var heile personalet på kurs i uteskulematematikk, vårt mål er å styrke matematikkundervisninga ved å spele på eit breiare utval av metodar i undervisninga. Vi har og laga krav til når elevane skal lære multiplikasjonstabell, formell deling osb. I satsinga ligg og sterk reduksjon av bruk av kalkulator. Med bakgrunn i resultata frå Nasjonale prøvar, og dette blir dristig med så lite statistisk materiale (13 elevar i 5. kl og 13 i 8. kl) kan vi ha ei trend kor vi får svært få/ingen i nedste kategori/ar, overveldane fleirtal i midten og som snittet i Sandnes øvst. Er dette ei faktisk trend som viser seg og i 2008, må vi sjå på korleis vi kan få fleire opp til øvste nivå. Vi er svært godt nøgde med resultata i lesing, både norsk og engelsk. I matematikk er vi godt nøgde, men vil følgje resultata nøye vidare. Utfordringa blir å byggje vidare på det positive utgangspunktet vi har og sikre at vi i framtida og har nok elevar. Skulen må signalisere til politikarane og administrasjonen i kommunen kor avgjerande viktig det er for læringsmiljøet at det blir bygd i bydelen. Nye føreslåtte bustadområde må få ei positiv mottaking elles vil læringsmiljøet svekkast. Fødselstal/tilflytting viser vekst, t.o.m 2007 syner auke frå no 13,4 til 14,8 pr klasse. Økonomisk resultat RESSURSAR Undervisningspersonell Høle barne- og ungdomsskole Sandnes Nasjonalt Antall elever per undervisningsårsverk 10,4 13,0 12,2 Antall elever per assistentårsverk 56,1 89,9 91,4 Undervisningstimer totalt per elev 67,5 51,6 54,9 Materiell 2006-07 Antall elever per pc 2,6 2,8 2007 2006 Budsjett 9 837 000 8 362 000 Regnskap 9 718 228 8 343 747 Budsjettet til Høle Barne- og Ungdomsskule er bygd opp gjennom 3 hovuddelar: Basisbeløp, elevfaktor og 95 % lønsgaranti for ungdomsskulen. Denne modellen fungerer tilfredsstillande ut frå elevmassen pr dato og vi er godt nøgde med at bystyret fører denne vidare i økonomiplanen 2008-2011.
Summert blei rammene for 2007 svært mykje betre enn kuttet i basisbeløpet skulle tilsei. Rammene i 2007 gav oss eit forsiktig handlingsrom, og vi kunne opprette motoriske trengsgrupper for ca 12 elevar og gje meir tid til IKT ansvarleg. Det skuldast 95% lønsgarantien og at det blei auke i basisbeløpet på kr 200 000 i Bystyret Sak 32/06 15.05.06. Resultatet blei at skulen fekk middel til å løyse samfunnsoppgåvene sine. Oppsummert fekk vi handlingsrom til å gjere det vi kan best: undervise og utvikle skulen vår vidare. Vi seier oss difor godt nøgde med 2007! Arvid Strand rektor