Privatarkivarbeidet Sett frå Møre og Romsdal ( og i lys av arkivmeldinga)
Det best dokumenterte fiskeriet i Norge er Oslofjordfisket
Arkivmeldinga VIKTIGE OG RIKTIGE ERKJENNINGAR: Det trengs ei systematisk kartlegging av kva som finst av bevaringsverdig materiale. Manglande eller vanskeleg tilgjengeleg dokumentasjon av verksemder i privat sektor skaper ubalanse mellom dei ulike elementa i vårt felles minne og kan gi eit skeivt bilete i kunnskapen om forstinga av samfunnsutviklinga
Arkivmeldinga KVA MÅ TIL? Systematisk vurdering av kva slags arkiv frå privat sektor, og kva slags materiale i desse arkiva, som skal representere privat sektor innanfor ramma av ein samla samfunnsdokumentasjon. Ein slik systematikk i privatarkivarbeidet eksisterer i for liten grad i dag
Arkivmeldinga KVA MÅ TIL? Departementet legg til grunn at Riksarkivaren med utgangspunkt i ansvaret han er tildelt etter arkivlova, konkretiserer nivået for bevaring av privatarkiv i Noreg. Ramma for denne konkretiseringa er at arkiv frå privat sektor skal vere tilfredsstillande representerte i ein samla samfunnsdokumentasjon
Arkivmeldinga KORLEIS? Riksarkivaren utarbeide ein ny strategi for privatarkivarbeidet i Noreg. Strategien bør basere seg på eit breitt samarbeid over heile arkivområdet inkludert å utnytte dei vilkåra som ligg føre for eit samspel med aktørar i privat sektor. Staten skal ha ei sentral rolle som pådrivar og koordinator i arbeidet med privatarkiva
Arkivmeldinga KORLEIS? Det landsdekkjande nettverk av koordinerande institusjonar i privatarkivarbeidet skal fungere som regionale kompetansesenter og vere med på å koordinere arkivarbeidet i fylka sine.
Arkivmeldinga KORLEIS? Den regionale samhandlinga i privatarkivarbeidet byggjer på at institusjonane i eit fylke samordnar innsamlinga av arkiv (geografisk, tematisk o.l.). Det medfører mellom anna at alle bevaringsinstitusjonane i sine planar tek stilling til om dei skal samle inn privatarkiv, og etter kva kriterium dette eventuelt skal skje. Dept. går ut frå at desse organisatoriske rammevilkåra bør leggast til grunn for ei framtidig privatarkivstrategi
Arkivmeldinga PRIVATARKIV I MUSEA Departementet meiner at det er best å ta hand om satsinga på privatarkiv i musea som ein integrert del av museumsforvaltninga. Det vil seie at arbeidet med arkiv i museum bør skje innanfor ramma av det utviklingsarbeidet og den mål- og resultatstyringa som er skissert for Norsk kulturråd på museumsområdet
Musea oppbevarte 27 600 hyllemeter privatarkiv ved utgangen av 2010. Dette var 30 pst. av det som samla var bevart av privatarkiv i Noreg. Undersøkingar indikerer at om lag halvparten av arkivmaterialet i musea er uordna og derfor utilgjengeleg for publikum. For få år sidan var vurderinga til Riksarkivaren at privatarkiva i norske museum, med nokre unntak, gjennomgåande ikkje var tilgjengelege for brukarar.
Arkiv vs. museum Å gi eit arkiv til museum er jamngodt med kassasjon sett i frå eit arkivperspektiv!! Å uttale at eit museum har ein arkivfunskjon er i dei fleste tilfella å gjere dei musea som verkeleg har ein arkivfunskjon STOR urett.
Privatarkiv i musea 30% i musea. Årsak: IKKJE at det er det beste alternativ MEN at det har vore det EINASTE alternativ.
Nokre poeng Heilskapleg og representativ samfunnsdokumentasjon Næringsliv Lag og organsiasjonar (privatpersonar)
RA oppgåve Sikre minimumsrepresentasjon Sikre representativitet i høve næring/geografisk område Sikre dokumentasjon frå avgjerande perioder milepæler
Lokalt ansvar Supplere dette minimumet Bidra med kuriosa
Det best dokumenterte fiskeriet i Norge er Oslofjordfisket