Tiltaksplan/idèhefte for kvalitet i språkmiljoet i barnehagane i Volda



Like dokumenter
BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Samansette tekster og Sjanger og stil

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Halvårsplan i norsk, 1. trinn HAUST Nynorsk

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Barnehagedagen Vi kan! Det er sjuande året på rad at denne dagen markerast, i samarbeid med Utdanningsforbundet og Fagforbundet.

Månadsplan for Hare November

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Vi lærer om respekt og likestilling

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Barnehagen som kulturell og språkleg læringsarena

Periode Kompetansemål (K06) Delmål Tema Arbeidsmåtar/ metodar

Øystese barneskule April - 08

ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

SPRÅKGLEDE I KLEM BARNEHAGE

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Tiltaksplan

Årsplan i norsk for 1.årssteg

Lærarar: Elin Fredheim, Merete Moen, Oddbjørg Fretland Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering. Elevbok A s Arbeidsbok A s.

Nynorsk lesefrø. Språkstimulering i barnehagen med vekt på nynorsk litteratur. Liv Kristin Bjørlykke Øvereng Nynorsksenteret

Årsplan. for 3. årstrinn nynorsk

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

Kvalitetskjennetegn for godt språkarbeid i barnehagene

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011.

Sandeid skule SFO Årsplan

Velkomen til Mork barnehage

Halvårsplan, hausten 2011

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Månadsbrev for Rosa september 2014

Skjema for eigenvurdering

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Frå dikt til teikneserie

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Språkstimulering i barnehagane i Seljord Kommune Vi har jo heile dagen

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

I i S s. V v L l. E e A a. Forslag til årsplan for Nye Zeppelin 1A og 1B. Nye Zeppelin 1A Bokstavbok

HANDBOK GRUPPELEIING

Plan for språkarbeidet i Gommerud barnehage

Årsplan i Norsk for 3.klasse

Barneskule elevar 35 lærarar eks leiing (Ca 70 barn i SFO) 50 tilsette i alt Utbygging / renovering

Trollnytt for januar og februar

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

GODE EKSEMPEL FRÅ DISI. Stranda barnehage, juni 2009

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Halvårsplan i norsk, 1. trinn HAUST Nynorsk

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

PROGRESJONSPLAN FOR ROGNE BARNEHAGE

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Stasjonsarbeid Ulike gruppedelingar Samtale Syngje Klippe,lime og teikne Skrive Diktat Avskrift Lese dikt Dramatisere Rim og reglar.

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

- kan lytta aktivt med ulike føremål: oppleving læring. - har delteke i dramatiseringar / skodespel

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Norskfaget ved Sinnes skule - «Ein raud trå» - mål, metode og vurdering for læring

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Samspel og livsmeistring

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Fagplan i norsk 1. trinn

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Transkript:

Tiltaksplan/idèhefte for kvalitet i språkmiljoet i barnehagane i Volda

Innleiing Språk og språkstimulering har vore eit av satsingsområda i Kunnskapsdepartementet sin strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren 2007-2011. Barnehagane i Volda har saman med barnehagane i nettverket på Søre Sunnmøre, Sjust] erna, gjennomført ei satsing på kunnskap om god språkstimulering, både gjennom utviklingsarbeidet Vi kan saman og hausten 2011 med kurs og oppgåver i høve språkstimulering i den mangfoldige og fleirkulturelle barnehagen. Tone Klakegg som er leiar for minoritetspråkleg team i Skien delte raust med oss av sin kunnskap på kursdagen den 28.09.11 og av utarbeida materiell. Barnehageavdelinga ynskjer å lage ein tiltaksplan/idéhefte for kvalitet i barnehagane sitt språkmiljø med bakgrunn i Klakegg sitt materiell. I tillegg bygger planen på tiltak og idèar som barnehagane i Volda har utvikla gjennom fleire år. Vi vonar planen kan ffingere som ei sjekkliste for barnehagane om dei har planlagt godt nok for kvalitet i sin barnehage. Han skal også vere eit bidrag til å nå målet om eit likeverdig og godt språkmiljø for alle barn i kommunen. Planen vil gi barnehagane våre ein felles plattform for språkstimulering. Teorigrunnlaget planen er bygd på finn ein i Rammeplan for bamehagen og temaheftet om språkmiljø og språkstimulering i barnehagen, samt anna teori frå Vibeke Grøver Aukrust sin rapport Tidlig språkstimulering og livslang læring. Vi ynskjer ikkje å ha ein eigen plan for dei minoritetsspråklege barna, men lagar ein plan for kvalitet i språkmiljøet som skal gjelde alle barn i barnehagen. Hovudoverskriftene i planen: 1. Styrke omgrep og ordforråd 2. Styrke forteljarevne og forteljarglede 3. Styrke det språklege medvitet 4 Styrke foreldremedverknad Barnehagane i Volda skal arbeide med strukturert og systematisk språkstimulering. Barna bør delast i grupper kvar dag slik at dei Mr god vaksenkontakt og oppfylging. Barna lærer språk i leik og samspel med andre barn og vaksne. Difor er det viktig med engasjerte vaksne i god relasjon til barn. Å anerkjenne alle barn sitt morsmål er ein grunnleggande føresetnad. Dette gjeld også for teiknspråk eller annan alternativ kommunikasjon for dei som måtte bruke det. Språkstimulering går føre seg i alle situasjonar gjennom barnehagedagen og heime. Eit godt foreldresamarbeid er avgjerande for at den tidlege innsatsen som vert gjort i barnehagen skal lukkast. Volda kommune er ei nynorsk kommune, og bruk av nynorske bøker, songar, nm og regler skal ha ein sentral plass i barnehagane.

1. Styrke omgrep og ordforråd Barn sitt ordforråd vert fremja når dei vert utsett for eit rikt miljø i høve til å få erfaringar med språk, bruke ord, setningar, forteljingar m.m. Likeins når barn har vaksne som støttar dei i å forstå og sette ord på opplevingar, inntrykk og kjensler. Barna si omgrepsforståing og ordforråd vert styrka når dei vert inviterte til å ta del i samtalar om bøker, tekst og tema som barnet er interessert i. (Vibeke Grøver Aukrust) Erfaring og leik Snaklc med barna om det dei gjer og det dei opplever saman med andre Gjer val av tema som skal gå over tid La barnet få røynsle i temaet ved å ta del i aktivitetar, vere med på turar og vitje ulike stadar Arbeid med desse røynslene gjennom leik og formingsaktivitetar, bruk av samtalar, bilete frå turen, skriv korte setningar frå ulike situasj onar, nytt bøker, tekstskaping, konkreter m.m. Samarbeid med barna om å finne eit leiketema som dei er opptekne av, repeter leiken og utvid han ved å ta inn nye ting kvar dag. Bruk tema som barna kjenner til. Gode modellar er viktig. Dei vaksne må hjelpe barn til å fylgje leikehistoria, utvide leiken og ta inn nye element og materiell. Bruk modellsetningar i leik, det er ein god måte å trene opp enkel setningsoppbygging på. Døine: Kan eg få ein hest? Kan eg få ein fisk? Kan eg få...? Songar, nm og regler La barna lære songar, nm og regler der dei nyttar konkreter, bilete eller rørsle som støtte for å forstå og hugse orda Heng opp songar, nm og regler til dømes i garderoba som ei påminning. La barnet velge song, bruk songkort med bilete eller konkreter og øy enkel setningsoppbygging ved å peike på bilete som støttar setninga: Eg vil synge om flyet

Spel og leik med barna Leik Kims leik med konlcreter (gøym ting under eit teppe, la barna fyrst sjå på tinga, så gøymer du tinga og let barna prøve å hugse kva som ligg under teppet eller ta bort ein ting og spør kva er borte?. Bruk gjerne konkreter frå temaet de jobbar med. Lottospel er ein fin måte å trene turtaking, omgrepsforståing og setningsoppbygging på. Bruk lottospel som støttar omgrepa og orda som finst i temaet ein jobbar med. Bruk modellsetningar ut frå funksjonsnivå. Døme: Eg har fått ein... Leik flaslcetuten peikar på eller trill terning med bilete/symbol og leik for elcsempel med verb: Den som flasketuten peikar på skal hoppe bort til døra Systematiser omgrepsinnlæringa med utgongspunkt i omgrepskategoriar (overomgrep) som mat, frukt, grønsaker, leiker, dyr, menneske, møblar, blomar, køyretøy m.m. La barna lære overomgrep ved rydding/sortering, spel og leik. Leik til dømes ein leik med ulike butikkar og tinn ting som høyrer til i den rette butikken. Kva kan ein kjøpe i ein møbelbutikk?m.m Fyll ei skattekiste med småting. La barnet trekke ein ting og så skildre kva det har i handa. Eg har ein runde, raude leike som eg kan kaste med... Invester i snakkepakken. Eit nyttig hjelpemiddel i språlcstimuleringa. Les for barna kvar dag Legg til rette for ein roleg stad der de har høgtlesing Vel ei bok som de kan nytte over litt tid, alt frå ei enkel biletbok til ei bok med berre tekst. Skriv gjerne opp orda som du trur må forklarast i boka. Finn konkreter/ting og gj er erfaringar for å forstå innhaldet i boka. Hugs at det er viktig barna lærer dei lavfrekvente orda og uttrykka som dei ikkje høyrer så ofte. Oppfordre foreldra til å lese boka heime og samtale med barnet om im±aldet på morsmålet. Les meir komplisert tekst etterkvart. Stopp opp undervegs og snakk om ord og kva orda tyder. Lat barna fortelje og stille spørsmål. Visualiser/teikn det som skal forklarast. Dramatiser innhaldet i boka. Lat barna attfortelje historia dei har høyrt. Bruk biblioteket eller kjøp bøker på barnet sitt morsmål. Gjer avtale med skulen og la elevar lese for barna i barnehagen på deira morsmål. La barna leikelese. Den vaksne les setninga og peikar på orda. Barnet tek opp att setninga. Hugs ikkje ta med fleire ord i setninga enn det barnet klarer å hugse. (Ein hugseregel: 3 år, tre ord i setninga, 4 år, fire ord i setninga..) 2. Styrke forteljarevne Forskning (m.a Wells, 1985) peikar på at det er ein klar samanheng mellom det å ha lytta til historie i førskulealder og seinare leseforståing.

Samtale Skriv ned kva barnet seier i ein samtale med ein vaksen. Dette kan vere alt frå babling til eitt ord setningar. Talc opp att dette med jamne mellomrom og sjå på utviklinga av språket til barnet. (setningsbygging, lengde på setningane, bruk av småord som bind saman setningane m.m.) Bruk handling, konkreter, bilete, symbol, teikn til tale eller teikning for å lette kommunikasjonen med barn som treng støtte i samtalen Inviter til samtale som går over fleire turar, ver nyfilcen og interessert, bruk setningar som opnar for forteljarlyst, la barn få tid til å svare. Bruk samtale medvite i alle situasjonar, i leik og når ein utforskar og studerer på turar m.m. Forteljingar Kopièr bileta i ei biletbok som barna kjenner og heng dei opp på veggen i barna si høgd. Slik kan dei peike og fortelje om det dei ser. La bileta henge ei lengre periode. Fortel ei enlcel forteljing utfrå bilete(sekvenskort) og la barnet repetere. Gjer dette gjerne i ei lita gruppe, slik at barna høyrer historia mange gongar. Bruk forteljinga gjennom heile året, skriv ned kva barnet seier for å dokumentere utvikling. La barna høyre ei fortelj ing som dei sjølve kan lage slutten på. La barna lage si eiga forteljing, skriv den ned og la barna teikne til. Vel eit eventyr som nyttast på ulike måtar. (Fortel, leik, dramatiser, bruk flanellograf m.m.) Mange eventyr er omsett til fleire språk, la barn også få høyre eventyret på morsmålet. Skriv ned alle omgrepa i eventyret som du trur må forldarast, bruk andre bøker, bilete og konkreter for å forldare. Spør andre barn om dei kan forklare ordet omgrepet. La barnet attfortelj e eventyretlfortelj inga. Fortel historie frå til dømes då du var barn eller tinn ein ting i romet som du kan lage ei historie om. Finn ein lokal forfattar som barna kan bli kjend med, til dømes Ivar Aasen eller Maria Parr. Dei kan vere ei inspirasjonskjelde for spesielt dei eldste barnehagebarna. Ved å bruke tekst dei har skrive, kan ein allereie i barnehagen skape interesse for forfattarar, det skrivne ord og det å lage gode historie/songar. 3.Styrke språkleg medvit hos dci eldste barna Språkleg medvit er evna til å kunne handtere talespråket frigjort frå språlcet sin kommunikative funksjon. Forsking viser at dei barna som har leika seg til språkleg medvit, har betre lese- og skrive ferdigheiter (Hagtvet et.alt.) Lytteleikar Mål: Å vekke barnet si auditive merksemd Ligg stilt på eit golv i barnehagen eller på bakken i skogen og lytte etter lydar. Lage ulike lydar bak eit forheng/skjerm og la barna gjette kva dei høyrer, etter kvart kan ein lage fleire lydar etter kvarandre og markere kvar lyd med ein kloss.

Leik gi ein lyd. Stå i ring. Eit barn lagar ein lyd og eit barn med bind for augene som står midt i ringen peikar på kvar lyden kj em frå. Hunden og kjøtbeinet. Barna sit i ein halvsirkel rundt hunden som ikkje har lov å kike. Eit kjøtbein (nøkkelknippe) ligg ved sidan av hunden. Eit barn blir peikt ut til å stele kjøtbeinet så stilt som muleg. Hunden gjettar kven som tok beinet. Barna tek med ein hemmeleg lyd heimafrå og dei andre barna gjettar kva dei har tatt med seg. Kviskreleiken Rim og regler Mål: Oppdage lydstrukturen i ord og bli medviten at språket ikkje berre har innhald og meining, men også form. Lage morosame setningar med nm. Døme Eg veit ein hest som for på fest... Bruk rimlotto Visualiser regler der barna kan vere deltakande og aktive Les reglene sakte, men med god rytme slik at barna rekk å finne rimordet Bruk ellingar når barn skal velgast ut Send eit biletekort heim og la barna saman med foreldra finne ting som rimar og som dei tek med til barnehagen Leik med setningar og ord Mål: Vi leikar med ord og setningar til barna får kjennskap til at språket er laga av setningar med ulik lengd, og at desse setningane er laga av ord som også har ulik lengd. Lag ei setning med same tal ord som det er barn. Døme: Pappa sit på ein hest. Barna står i ei rekke og får så tildelt kvart sitt ord frå setninga. Skrive på eit ark. Leik med rekkefylgja av orda for å sjå korleis setninga endrar seg. Klipp opp ordbilete eller skriv ord på klossar og leik med å lage setningar, tel ord og snaklc om korte og lange setningar. Sei starten på ei setning og lat barna seie resten. Etter at eg har ete Leik med stavingar Mål: Kunnskap om at ord kan delast opp i minder delar, stavingar Bruk ein spegel og lat barnet seie namnet sitt medan det tel kor mange gongar haka går ned, trekk biletekort/ordbilete og hak stavinga i ordet o Trekk ein ting og klapp eller hak ut stavinga i ordet Leik kongen sin etterfylgjar. Barna gjer som kongen (den vaksne). Gå i rekkje og repeter eit ord medan de går i takt. Døme: hopp-e, hopp-e. Sei stopp og finn eit nytt ord Leik med framlyd Mål: Gj ene barna merksame på at framlyd er den første delen i eit ord og la dei finne ut korleis denne lyden høyres ut Gøym barna sitt namn bak eit ark og trekk sakte fram første lyden (bokstaven) slik at han vert synleg for barna. Den valcsne seier den første lyden langt uttrekt: MMMMMani og barna gissar kva for eit namn det er

Leik memory og finn to ord med same framlyd, bruk biletekort eller ordbilete Lag eit tankekart med bokstavlyden i midten og teikn det barna foreslår byrjar på denne lyden medan barna ser på Leik med bokstavlyden/fonem Mål: Barna få medvit om at ein kan skilje ut lydar i orda Lag to- lydarsord med klossar der lydane er skrive på. Sei lydane langsamt og la barna vere med Lat barna sjå i ein spegel og lat dei oppleve korleis munnen ser ut når ein til dømes seier mmmmniø Barna sit i ein ring med hendene på ryggen. Den vaksne legg ein hemmeleg ting frå ein pose i hendene til nokre av barna. Tinga lyderast. Eg har fått ein ååååååååålllll. Skriftspråkstimulering Klipp ut logoar som barna kjenner frå blad og aviser eller reis på logojakt til byen!tettstaden Leikeskriv på morsmål og norsk. Bruk skriftspråket i rolleleiken. Døme: Hjå lækjaren, leikeskriv innlcalling, reseptar, det pasienten seier, lag rekvisittar med ordbilete etc. Leikeles enkle setningar. Den vaksne les setninga og barnet seier det same medan det peikar på orda i setninga. (Hugs at ein gjennomsnittleg 3 åring greier å hugse ca. 3 ord, ein 4 åring ca 4 ord og ein åring ca 5 ord) Bruk tekstskaping, skriv ned det barna fortel og les det høgt medan du peikar på orda. Marker gjenstandar med ordbilete. Synleggjer barna sitt skriflspråk. Spør foreldra om å skrive ned ordbilete på sitt morsmål i heve tema og aktivitetar i barnehagen. Heng desse opp så barna ser dei. Lag enkle ordliste på feire språk.

4. Styrke foreldremedverknad Mål: Eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet er avhengig av eit godt og tillitsifihit samarbeid mellom barnehage og heim. (St.m.nr. 41, s. 40). Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimane ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling (Lov om barnehagar 1, Formål) Snakk med foreldra om kva dei synes er viktig for at barna skal bli gode i språk Fortel foreldra at dei er dei viktigaste for barna sine også når det gjeld å stimulere barnet si språkutvikling Støtt foreldra i å bruke morsmålet saman med barna sine. Fortel at morsmålet er viktig for å styrke identitet, for læring og for å utvikle norsk og seinare fleire språk. Snakk med foreldra om korleis barnet brukar språket sitt heime, norsk eller anna morsmål. Fortel kor viktig det er at ein samtalar med barnet og forklarar kva ord tyder. Fortel kva Rammeplanen seier om språkstimulering og kva innhaldet i tiltaksplanen for språlcstimulering i barnehagane i Volda seier. Fortel foreldra kor viktig det er at dei snakkar med barnet sitt om det dei gjer, ser og opplever og at erfaringar gir grunnlag for å forstå omgrep og lære ord. Fortel kor viktig det er å oppmuntre barn til å snakke og uttrykke seg og at ein ildcje skal rette på førskulebarn sin uttale. Fortel kor viktig det er at foreldra leikar i lag med barna sine. Inviter foreldra til å ta del på språkaktivitetar i barnehagen saman med barna. Oppfordre foreldre til å leike saman med dei eldste førskulebarna med bokstavar og ord, lese logo, teikne, skrible, skrive handleliste m.m. Send eventyr, historie, regler, songar med heim slik at foreldra kan gjere desse aktivitetane saman med barna sine på sitt morsmål. Fortel kor viktig det er at foreldra les eller fortel historie for barna kvar dag. Fortel foreldra kva barna lærer ved å bli lest for: - Nye ord og omgrep - Dei får høyre om andre menneske sine erfaringar og opplevingar - Dei lærer omgrep som liner, bokstavar, først, øvst, nedst, ord og lyd - Dei lærer å lytte - At ein startar øvst på sida og les frå venstre mot høgre (på norsk) - Den som les kan følgje teksta med fingeren. Etter kvart vil barnet fatte interesse for samanhengen mellom teikna og det den vaksne seier

Gå inn på www.fug.no og få idear til å arrangere foreldremøter om dette temaet Bruk Lesesenteret sine filmar på foreldremøte (www.lesesenteret.no) Gå inn på ei av Aasensenteret i Ørsta si heimeside for å finne nynorske bøker, songar, forteljingar, nm og regler m.m: www.tunkatten.no Litteraturliste: Bok i bruk av barnehagen, Lesesenteret Forebygging av lese- og skrivevansker med fokus på språkstiniulening. Trine Aakermann Fortell for små barn, eventyr og fortellinger i barnehagen, Ann Granberg og Åse Gulbrandsen Lek med språket, Bente Eriksen Hagtvet og Herdis palsdottir Lær meg norsk fra skolestart! Språkstimulerng og dokumentasjon i den flerkulturelle barnehagen. Sandvik. Cappelen Akademiske Forlag (wwwlærmegnorslcførskolestart.no) Metodisk opplegg for språklig oppmerksomhet, rannveig Johansson og Aud Ellen Kristiansen, SPT Norsk som andrespråk, barnehager og barnetrinn, Sonja Kipsgaard og Olaf Husby Ordbilder- en snarvei til språk, I Billington, A. Brynhildsen og W.M. Johansen Rammeplan for barnehager (2006) Ringeriksmaterialet (Lyster, Tingleff Dam& sønn) Se mangfold, Marit Gjervan, Camilla Eline Andersen og Målfrid Bleka Snakkepakken, veiledningshefte Språkglede - 8, Klepp kommune Språkglede i barnehagen, Herdis Palsdottir, (Kommuneforlaget) Språksprell, Metodiske språkleker for 4-6 åringer. Elsbak og Valle (Gyldendal) Språkleker (Frost og Lønnegård) Språkstimulering i Skiens flerkulturelle barnehagar. Tone Klakegg Språkstimulering, tale og skrift i førskolealder, Bente Eriksen Hagtvedt Skniflspråkstimulering gjennomlek, Berit Hagtvet Skriftspråkstimulering med flerspråklige barn, Aud Løken og Åse Melkeraaen Språkveilederen, Espenakk m. fl. Bredtvedt kompetansesenter Språkleker, Inger Kristine Løge, Tordis Fosse Lye, Ivan Lygren og Torunn H. Nedrebø Temaheftet om språklig og kulturelt mangfold i barnehagen. Kunnspapsdepartementet Tidlig språkstimulering og livslang læring en kunnskapsoversikt utarbeidet for Utdaanings og forsningsdepartementet, Vibeke Grøver Aukrust Tiltak til TRAS, Tidlig registrering av språkutvikling i daglig samspill, Espenakk m.fl.

TRAS, veiledningshefie. Lesesenteret